søndag 26. januar 2014

Kyrie eleison

4.s. i openberringstida I – 26.01.2014
Arna
Luk.18, 31-43

For meir enn eit ti-år sidan var eg ein vinter vikarprest på Finnmarksvidda, i Kautokeino.
Eg sat ein dag i veka som gjekk og bladde i litt av det eg var oppteken av å forkynne og formidle den gongen – bl.a i ei andakt eg sende til lokalavisa der eg den gongen eigentleg budde, i Sunnfjord. Då ser eg at eg fann trøyst i den blinde tiggaren sitt naudrop – ”Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg”. Det er nettopp dette ropet vi finn att i vårt kyrierop i gudstenesta. Kyrie eleison ropar vi på gresk. Orda er m.a henta frå dette tekstavsnittet vi  har lese på denne søndagen. ”Miskunna deg over meg”
Kyrie eleison, bøneropet frå vår gudsteneste er altså greske ord, og dei betyr dette: Herre, miskunna deg over meg. ”Kyrie eleison”.

Vinteren i Kautokeino fann altså eg trong til å be med desse orda då gradestokken passerte 50 minusgrader - på veg nedover mot rekordkalde -52 grader. Gjennom veke etter veke levde vi i temperaturar på 30 – 40 - 45 minusgrader. Til slutt var det godt å ty til vårt velkjende Kyrierop.  Kanskje ber dei slik, nokre av dei som i januar dette året bur på Finnmarksvidda, for eg har sett det har vore nesten like kaldt i år som den gongen eg var der gjennom ein vinter?
Eg opplevde i alle fall at det var tid for å be om varmare vêr.

Men no: Lat oss helse på den blinde mannen ved Jeriko som ropa til Jesus på denne måten. Kanskje kan han vise oss kva det er vi gjer når også vi ropar om Guds miskunn på denne måten. For vi gjer det som sagt kvar einaste gong vi kjem saman til høgmesse. Men tenkjer vi då over kva dette inneber?
”Miskunna deg over meg!”  Vi ber om Herrens miskunn. Om Guds miskunn. Og det gjer vi med det same vi har sagt fram syndevedkjenninga i lag. Vi fortel altså til Gud, det han allereie veit, at vi er syndarar. Så ber vi han om å vise miskunn mot oss. Det betyr at vi ber Gud om at han ikkje må gje oss som vi fortener for syndene våre. Vi ber han om å vere nådig. Vi ber om å få meir enn vi har gjort oss fortente til.

Til og med for den blinde var miskunn viktigare enn syn. Det første han bad Jesus om var miskunn. Deretter, når Jesus spør han: ”Kva vil du eg skal gjera for deg?” er det at den blinde ber om å få sjå.
Dette bør lære oss noko om kor viktig Herrens miskunn er. For Herrens miskunn er det som er grunnlaget for vår frelse. Vårt rop til Gud: ”Kyrie eleison” er framfor alt eit rop om frelse. Det må kome først. Så kjem helse.
Jesus gjev oss lov å leggje fram alt som er vondt og vanskeleg for han.
Den blinde fekk synet att. Du har kanskje andre ting du vil be Gud om i ditt liv. Han stoggar også framfor deg.
Mannen var blind. Det var veldig mykje han gjekk glipp av  i livet. Mykje meir enn det blinde menneske i dag går glipp av, Ikkje minst gjorde den alvorlege funksjonshemminga at han ikkje kunne arbeide og tene pengar. Han var tvinga til eit liv i tiggaren sin stakkarslege posisjon.

Det er heilt sikkert ille nok å vere blind i våre dagar også. Eller å vere sett utanfor normalt daglegliv av andre grunnar. Men her i vårt land slepp vi å tigge til livets opphald. Eg vågar ikkje å prøve å skildre korleis det var å vere blind på Jesu tid. Heller ikkje korleis det er å vere blind i dag. For eg veit det ikkje. Eg har ikkje opplevd det. Men det er ikkje vanskeleg å begripe å det er naturleg å be om å få synet tilbake når det skjer at ein som har sjanse til å gjere noko slikt, stoggar opp framfor ein.

Jesus stogga ved den blinde.
Den blinde sitt første rop var – miskunna deg over meg! Kyrie eleison.
Vi treng ikkje vere blinde for å rope slik.
Vi treng ikkje vere sjuke eller funksjonshemma for å rope slik.
Men vi treng likevel å rope slik - alle som ein.

For heile vårt liv ropar mot oss at vi treng Herrens miskunn.
Vi treng Herrens miskunn fordi vi ikkje ser. Vi ser med augo våre. Men vårt indre auga ser ikkje.
Vi ser ikkje kor ille vi har stelt oss når Jesus frå Nasaret kjem forbi oss.

I kyrkja har vi gjennom hundreåra snakka mykje om at vi er syndarar.
Det vedkjenner vi også i alle gudstenester. Og det er slik det er.
Men folk i dag har teke til å riste på hovudet av all denne syndsvedkjenninga.
Vert det for mykje av det? For mykje av anger? Meir enn vi har godt av?
Dette var tema for eit stort oppslag i avisa VL sist torsdag. Vi kunne lese at mange kyrkje- og kristenleiarar i dag heilt medvite unngår å bruke ordet synd i forkynninga.
Det er råd å forstå det. Eg trur at presten Per Arne Dahl rører ved noko viktig når han peikar på at ein i forkynninga gjennom fleire hundreår i alt for stor grad har lagt vekt på enkeltsynder. Og så viser Per Arne Dahl til dette viktige som Jesus seier: Synda er at dei ikkje trur på meg
. Johs. 16,9

Kanskje er det på tide om vi som går ofte til kyrkje tenkte nærare over kvifor vi treng Herrens miskunn.
Er det p.g.a eit for aktivt sexliv? For mange drinkar på byen på fredag eller laurdag? Sit syndene våre i kva vi tenkjer og meiner om dei homofile? Eller er det våre tankar på pengar og rikdom som har ført oss i gjørma? Ja, kanskje det.

Men alt dette vil eg hoppe kjapt forbi på denne søndagen. Og heller fokuser på dette:
Er vi så blinde at vi ikkje ser Jesus?
Er vi så blinde at vi ikkje ser slik at vi trur på han?
Er vi blinde? Åndeleg blinde? Slik at vi er vantru? Synda er at dei ikkje trur på meg seier Jesus.
Om vi ikkje trur, så lever vi i synd. Då må vi våge å rope på Jesus når han nett no stansar opp ved den enkelte av oss. Rope: Kyrie eleison. Herre miskunna deg over meg.

Jesus sa: ”Kva vil du eg skal gjera for deg? «Herre,lat meg få synet att!» svara han.
Vågar vi å be slik? Det kan vere eit dristig prosjekt. Kanskje vil vi sjå ting vi til no har vore blinde for? Kanskje vil vi sjå eigne svik? Eigne synder?  Då treng vi å rope det ut: Kyrie eleison!

For mange vintrar sidan sat eg i Kautokeino og ba om varmare vêr.
Eg skulle aldri vore så konkret i mine bøner!
For tilsynelatande har eg fått svar som langt overgår det eg forstod å be om.
Den gongen, som i dag, skulle mine ord berre ha vore: Kyrie eleison.
For vi treng Herrens miskunn når vintrane vert varmare her på våre breiddegrader og naturen gjev oss midt i ansiktet for vår eigen uforstand. Og for vår synd. Og for vårt forbruk. Og for vårt tankelause jag etter velstand og rikdom.

Sakte, men sikkert, går det opp for oss at det finst verre synder enn det vi gjerne tenkjer på når ordet synd vert nemnt i våre samanhangar. Umoral er ikkje berre det som dreier seg om sex og samliv. Vi kan sjølvsagt kome i uføre også på dette området.
Men våre felles synder som har ført oss inn i ei klimakatastrofe som kan få langt, langt større følgjer for ufatteleg mange menneske.
Kanskje vil våre eigne barneborn få det rimeleg bra her i vårt land, også i den ukjende framtida. Men korleis vil dei stille seg til endelause flokkar av klimaflyktingar og økonomiske flyktingar frå heile verda som vil hit til vår del av verda om 50 – 100 år? Det er eit av mange spørsmål vi kan stille i året 2014.
Kanskje er spørsmålet eit heilt anna om nokre år. Kanskje dukkar det opp nye problem. Nye utfordringar som vi enno ikkje har sett. Fordi vi kanskje er blinde. Eller fordi vi let att augo våre med vilje.

I dag har vi sett nok, og veit vi nok, til å stemple mykje av vår måte å leve på som synd. Vi er ikkje lenge heilt blinde. Difor må vi rope høgt: Kyrie eleison.

Vi har lese om eit møte med ein blind mann og Jesus i dag. Eit møte som snudde opp ned på livet hans.
I dag sit vi her i Arna. Vi er med på store og flotte ting i denne gamle kyrkja. Nokre er her med dåpsborn og skal heim til fest og glede i den samanhang.
Men alle er vi i dag i den situasjonen som den binde mannen var i: ”Jesus frå Nasaret kjem forbi”.
Den blinde hadde så pass tru på at Jesus kunne gjere noko for han at han våga å bryte ut i sitt hjartesukk: ”Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg” 

I dag må vi ikkje la Jesus kome i vår veg utan at vi gjer som denne mannen. Gjev uttrykk for trua vår. Kallar på Jesus, slepper han inn i livet. Slik at vi kan sjå. Slik at vi kan verte frelste.
”Jesus sa til han: ”Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg. Straks kunne han sjå, og han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.”

AMEN

søndag 19. januar 2014

Svært godt

3.s. i openberringstida. I. 19.01.2014
Åsane – dåpsgudsteneste
1.Mos 1,26-31

Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt! Og det ble kveld, og det ble morgen, sjette dag.
Eg ser ut over dykk stolte og glade foreldre som ber fram borna dykkar til dåp i dag. Eg anar gleda i augo dykkar. Eg fornemmar kor stolt hjarta dykkar bankar. Eg trur de har den store og gode kjensla for at no er de med på noko stort.
Når eg slepper inn over meg det eg berre kan sjå for mitt indre auga, ser eg ei lita barneseng der guten eller jenta di søv. Og det stig fram eit bilete av far og mor, saman ved senga eller vogga, der de berre er stille og glade og takksame. Slik kan de stå. Når det er kveld. Når det er morgon. Stille i glede.

Slik det var med Gud i opphavet.
Skaparen av det vi ser rundt oss. Skaparen av universet. Lystennaren i opphavet. Den kreative anden som samlar vatnet og formar fjella og landet, og som plantar og fargar og lagar livet. I havet. I lufta. På jorda.
Og som krunar det heile med å skape menneska: Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt! Og det ble kveld, og det ble morgen, sjette dag.
Det var svært god. Guds skaparverk. 

I Skrifta, i det aller første kapitlet i Bibelen, som vi har lese i lag – her får vi skildra Gud omtrent som ein stolt far eller ei lukkeleg mor, som står ved barnesenga og nyt det vesle livet som ein har ansvar for og som ein kan glede seg over.
Også ditt barn er ein del av Guds skaparverk. Difor deler Gud dykkar glede over livet som no er nytt, og som vi ber  fram for han i Guds hus denne søndagen. I dag kviler Guds auga på desse borna. Også i dag vil det vere sant om Gud:
Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt! Og det ble kveld, og det ble morgen, sjette dag.

Vi kan fort gli inn i ein nesten parodisk idyllisering om vi held fram å tale på denne måten.
På den eine sida er ein dag som i dag nettopp dagen for idyll, glede og fest. Det skulle berre mangle.
På den andre sida talar bibelteksten frå Bibelens første blad om meir enn idyll.
Framfor alt talar desse orda til oss om ansvar.
I teologistudiet lærer vi tidleg at desse eldgamle orda vi har lese i lag høyrer heime under ei overskrift som er veldig relevant for menneske som lever anno 2014. Den teologiske overskrifta er lett å forstå: «Kulturoppdraget»
Dette skriftordet er grunnleggjande for både kristen skaparteologi og det kristne menneskesynet.
Av dei viktige tema desse orda gjev grunnlag for, er ei grunnleggjande positiv kristen tilnærming til det fenomenet at menneska sitt arbeid på jorda resulterer i kultur. Det handlar om det som vi med eit litt foreldra begrep kallar for odling. Om dette er det skrive mange bøker i tjukke bind. Om dette er det mogleg å tale i dagevis for ein prest. Eg skal berre tale nokre få minuttar til, men då er det ikkje minst viktig å peike på at vi her får, svart på kvitt - frå skaparens munn - tildelt ansvaret for det Gud skapte til oss og for oss: «Vær fruktbare og bli mange, fyll jorden og legg den under dere! Dere skal råde over fiskene i havet og over fuglene under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorden.» Og Gud sa: «Se, jeg gir dere alle planter som setter frø, alle som finnes på hele jorden, og alle trær som bærer frukt med frø i. Det skal dere ha å spise.


Dere skal råde over … seier Gud. Og så ramsar han opp for oss det naturen er, og det naturen kan gje. Fyll jorda, seier Gud.
Det er Guds oppdrag, kulturoppdrag, til heile menneskeslekta som vert rulla opp for oss.


Året er 2014. I dette året ber vi nye liv inn i Guds hus. Desse nye menneska skal vekse opp i ei ukjend framtid. Vil fisken i havet vere like sunn og etande i morgon som i dag? Vil fuglane ha skogar å byggje reir i om 50 år? Vil det kry av dyr på jorda når vi skriv 2114? Vil isen fylle havet over Nordpolen, eller vil havet fylle landa som i dag berre så vidt løfter seg over bølgjene?

Vi er av Gud sette til å råde over. Råde over det som veks og lever og utgjer natur og kultur rundt oss. Men Gud gav oss ikkje lov til å forbruke. Til å bruke opp. Til å øydeleggje. 

Knapt nokon gong sidan skapinga har desse orda frå Bibelen hatt slik relevans og vore så viktige å tenkje gjennom og å ha som overskrift for politikk og samfunn, så vel som for kyrkje og tru, som orda har i dag.


I opphavet såg Gud på skaparverket sitt. Han såg noko som var svært godt. Like godt som borna vi har som midtpunkt på denne dåpsgudstenesta.

Når desse borna kjem i vaksen alder og skal ta kulturoppdraget vidare, vert det deira tur til å fylle jorda med nye slekter. Men vil dei kunne stå ved barnebarnet ditt si vogge og vere trygge for framtida som då skal opne seg?
I dag legg vi desse borna i Guds gode hender i tru og med håp om at han ser på dei  med glede i dag. Vi ber om at dei må få dele trua på Gud som skapar og på son hans, Jesus Kristus, som frelsar, slik at Guds glede vil vere like stor når livet deira ein gong kjem til enden av vegen.


I dag legg vi våre eigne vaksne liv inn under Guds nåde og Guds Ande, og ber om at han må lyse opp vegen vår vidare slik at vi med truskap kan råde over skaparverket utan å forbruke det på ein måte som tek håpet i framtida frå våre born og barneborn. AMEN

søndag 12. januar 2014

Jesu dåp

2.s i openberringstida. I ~ 12.01.2014
Biskopshavn
Matt.3,13-17

Kjenner du på at du av og til er langt nede? At du deppar litt. Det gjekk skeis på jobben. Sjefen er vanskeleg. Kollegaen er lat. Læraren er teit. Kanskje har du ungdommar i familien som set grå hår i hovudet på deg? Eller du er konfirmant og har dei vanskelegaste foreldre av alle i din venneflokk. 

Av og til er det slik for dei fleste av oss at vi kjenner oss nokså på bånn. Vi trur til og med at livet aldri kan verte verre enn på ein slik overskya dag. Lenger ned går det ikkje an å kome.

Som regel gjer det det. Som regel er det nokon som har det verre enn du har det. Og då tenkjer eg ikkje på dei som svelt i Afrika, dei som dopar seg i prostitusjonsstrøket i Bangkok eller dei som må livnære seg av småkriminalitet i bakgatene på Londons austkant. Alle desse har det mykje, mykje verre enn nokon av oss. Om det skal vi kanskje snakke ein anna gong.

Men eg vil aller først rette lyset mot ei gruppe menneske som har det vanskeleg. Dei kristne i det heilage landet. I Israel. I Palestina. I områda i Jordan som omfattar landområdet der Jesus i si tid gjekk omkring. Å leve som kristen her er eit liv i motvind. Styresmakter og lokalbefolkning av anna tru har gjort at talet på kristne har stupt i området dei siste åra. Dei er drivne ut og på flukt. Og dei som er tilbake strevar med mykje motstand.



Nettopp difor er det godt å kunne melde om ei gladhending i området. For ei veke sidan vart det vigsla ei heilt ny evangelisk-luthersk kyrkje i Jordan. Det skjedde med velvilje frå kongen i Jordan, og med sterk norsk medverknad. Biskopen i Borg deltok i vigslinga, og heile altarutsmykkinga i den nye kyrkja er laga av den norske kunstnaren Håkon Gullvåg.

Og staden der denne kyrkja er plassert er spesiell. Det er lagd til den plassen der mange meiner at Jesus vart døypt av døyparen Johannes, slik vi nett har lese om det. Og difor er hovudmotivet i Håkon Gullvågs altartavle nettopp Jesu dåp i elva Jordan.
Kyrkjevigslinga og kyrkjesenteret i Jordan er eit lyspunkt for alle kristne i området. Kongedømmet Jordan befester på denne måten sin posisjon som eit av dei landa i Midtøsten som er mest opne og som viser størst toleranse mot dei kristne minoritetsgruppene i området.


Men i dag handlar det om oss som er her i Biskopshavn. Og i dag vil vi slå følgje med ein som er på veg nedover. Nedover - så djupt det går an å kome. På veg nedover for å gjere seg eitt med menneska som alt er der. I djupet.

Jesu fødeby, der vi har halde oss dei siste vekene medan vi har feira jul, Betlehem, ligg 800 meter over havet. Nokre mil unna, 400 meter under havets overflate, renn Jordan-elva ut i Daudehavet. Då Jesus som vaksen skulle ta fatt på sitt oppdrag her i verda, drog han ikkje tilbake til fødebyen. I staden oppsøkte han Jordan-dalen. Der er det aller lågaste punktet på jorda si overflate. 400 meter under havet.
Og ikkje nok med det. Ved Jordan-elva stilte Jesus seg opp i ein lang kø av vanlege menneske, som om han var ein av dei. Der venta han pent på at det skulle vert hans tur til å bli døypt i elva. Døypt av slektningen sin Johannes. Jesus vart døypt som ein annan syndar.
Då var Jesus verkeleg langt nede. Heilt på bånn. Jesus vart døypt på det lågaste punktet på jorda. For å vise at han inkluderer absolutt alle.  Same kven du er og kvar du bur, har Jesus plassert seg lågare ned. Same kor djupt du kjenner på at livet har drege deg ned, er Jesus lågt nok nede til å løfte deg opp og dra deg med seg  opp mot Gud. Frå det lågaste punktet går det oppover.
Lat oss prøve å vere med ein tur til dette lågaste punktet på jordoverflata. Der elva Jordan renn ut i Daudehavet. Lat oss prøve å gjenoppleve Jesu dåp i Jordan. Ein som kan hjelpe oss til det, er den gamle italienske målaren Pietro Perugino.



Han levde på 1500-talet og har måla fleire flotte måleri som du i dag kan sjå i det sixtinske kapellet i Vatikanet. Han har altså måla dette som har motiv av Jesu dåp.


På biletet står Jesus midt i elva som renn nesten som ein liten bekk. Jesus ser forsvarslaus ut der han står. Overgjeven til det som skjer. Avkledd og åleine - sjølv om det er mange tilskodarar til dåpen. Kappa hans vert teken vare på av englar. No har han teke det avgjerande steget ned i elva, ut i vatnet, inn i livets straum. På maleriet er det berre Jesus som har stige ut i vatnet. Til og med døyparen Johannes står på ei helle ute i vatnet. Berre eit par av tærne hans er uti vatnet. Og tilskodarane rundt? Nokre av dei synest uinteresserte i det som skjer. Dei vender seg bort og pratar om andre ting. Som t.d. ein kardinal i flotte presteklede. Han diskuterer med sine tilhengjarar. Likevel er det nokre som synest vera klare til å følgja etter Jesus. Dei er i ferd med å kle av seg for kanskje å stiga ut i vatnet. Vi ser dei på biletet, der dei vert overvaka av Gud sjølv og hans englar.

Eg ser på biletet. Eit bilete som har vore til tankevekkjar for tallause menneske som gjennom hundreåra har vore innom det sixtinske kapell i Vatikanet der dette er eit av veggmaleria. Og det er som eg høyer døyparens røst frå steinhella i elva der han står og er klar til å døypa Jesus. Sjå! - lyder det. Sjå Jesus. Guds lam. Han ber verdsens synd.
Eg ser og eg lyttar. Utan ord er biletet. På veggen i Vatikanet er det sikkert både vakrare og meir imponerande enn det vi kan gje att her. Men biletet talar.
Så legg eg merke til ein av mennene på biletet. Han sit heilt ved kanten av elva. Han heldt på å leggja kleda av seg for sjølv å fylgja etter Jesus ut i vatnet.
Eg spør meg: Kan denne mannen vera meg? Eller er det ein av dykk som sit der?

Er det ikkje tid for å leggje av seg og fylgja Jesus? Jesus vart døypt. Han let seg døype for å døy for verdens synd. Ved sin dåp helga han alt dåpsvatn. Han reinsa dåpsvatnet i staden for å skitne det til. Då Jesus vart døypt reinsa han og helga han det vatnet som vi i dag døyper våre born med. Det vatnet som du er døypt i. Kanskje var det her i Biskopshavn det hende?
Også eg vart døypt. Med heilagt vatn. Eg vart døypt til Jesu død. Det store bytet skjedde. Han vart døypt til å dø. Og ved hans død som eg fekk del i gjennom min dåp, fekk eg livet. Evig liv.

Sjå - lyder det. Og eg ser enno ein gong på mannen som er iferd med å stiga ut i vatnet. Han vil vera Jesu etterfølgjar. Ser eg meg sjølv i rolla som Jesu etterfølgjar?
Og kva med deg? Du som er med på denne gudstenesta? Kanskje er du ein av konfirmantane dette året? Er det også tid for deg til å stiga ut i vatnet for å fylgja Jesus? Tett. Tettare enn du har gjort til no? Også du er døypt med heilage dråpar. Også du har fått del i samfunnet med Jesus Kristus gjennom dåpen.
Men står du trygt på land og pratar uinteressert med andre om vêr og vind i staden for å leggja av deg alt det trygge og fine du har pakka livet ditt inn i? Eller gremmar du deg over at eit eller anna er kjipt akkurat i dag? At du har ein grå dag. At du kjenner deg nede eller utanfor.
I staden for å stire oss blinde på dette, får vi i dag eit kall til å fylgje Jesus, han som vier sitt liv til å leve og døy for verdsens synd, til å døy for at du skal få leve. Leve evig. Det handlar om at denne dagen her i kyrkja kunne verte ein opptur for deg og meg for oss alle når vi får ei aning av kva Jesus gjorde i sin dåp, og kva som hende i min dåp.

For Jesu eigen del begynte oppturen straks han steig opp av vatnet. Då opna himmelen seg over ham, Guds Ande kom til syne som ei due, og Guds eiga stemme ropa ut: ”Dette er min Sønn, den elskede, i ham har eg min glede.”
For vår del begynte ein liknande opptur då vi blir døypte. Den gongen lydde det rett nok ikkje noka himmelsk røyst, berre prestens vanlege stemme. Men det presten seier når vatnet er ausa over vårt hovud i samband med dåpen, er himmelsk nok: ”Den allmektige Gud har nå gitt deg sin Hellige Ånd og gjort deg til sitt barn, og tatt deg inn i sin troende menighet”

Ikkje ulikt det Gud ropa ut om Jesus, altså. Han er Guds Son og vi får vere hans døtre og søner. Og det er jo sjølve løyndomen. Jesus delte lagnad med oss, for at vi skulle få dele med ham. Han vart døypt. Og sidan drepen. Men han stod også opp frå dåpsvatnet og grava. No sit han ved Faderens høgre hand. Han har gått i førevegen for oss. Her nedanfrå. Og oppover.
Om du skulle kjenne deg langt nede i dag, så vit at når du finn saman med Jesus på den aller lågaste staden, då går det berre ein veg. Oppover. Velkomen til å gå oppover med i livet som ligg framfor deg!

AMEN


Bloggarkiv