torsdag 29. mars 2018

Guds kyrkje syng kring vide jord


Påskedag II. 1.april 2018
Åsane kyrkje
Matt. 28. 1-10

Guds kyrkje syng kring vide jord: Sjå siger vann vår konge stor.
Denne tanken er overveldande. På denne dagen – påskedagen - syng dei i kyrkjer over alt i verda. Salmar og songar fulle av jubel over det vi snart skal lese om frå Matteusevangeliet: Jesu siger over døden. Dei syng om den tomme grava som var det første teiknet til Jesu nære vener om underet som hadde skjedd: «livsens helt, som ris or grav»
To av oss her i Åsane kyrkjelyd reiste over den vide jord for to veker sidan. I ei sprudlande gudsteneneste i ein millionby langt nord i Kina kunne vi lytte til eit språk vi ikkje forstod eit ord av.
Men vi høyrde songgleda til koret. Vi var vitne til jubelen til dei 1200 som var benka i den store kyrkja. Litt lite folk den dagen, sa dei, og skulda på pøsregnet. Men likevel reiste folk i opp til tre timar for å slutte seg til ei gudsteneste som starta kl.0830 om morgonen.
Det var søndag i Kina. Herrens dag, der også.  På den første dag i veka tok dei ut mot kyrkja vi ser bilete av på baksida av programarket du har fått utdelt. Slik også vi gjer det her i Åsane kvar søndag, feira dei Jesu oppstode.
Men sant å seie – vi kan misunne dei trykket i salmesongen, gleda over å vere i lag, og iveren etter å delta i kyrkjelydsarbeidet.
Nett no er klokka litt over 1800 der, langt i aust. Det er ein søndag. Påskesøndagen. Snart samlast dei på nytt til kveldsgudsteneste. Både der og i mange andre kyrkjer i dette veldige landet.
På strekkja mellom Kina og Åsane ligg Russland. Klokka er litt nærmare vår tid der. I dette landet dominerer den ortodokse kyrkja. Dei ligg ei veke etter oss, og feirar ikkje påskedagen før om sju dagar. Dei av dykk som abonnerer på Vårt Land kan lese der korleis den imponerande feiringa går føre seg etter ortodoks praksis. Men alt under overskrifta som lyste mot oss på framsida av VL onsdag i påskeveka: «Feirer seieren – ikke døden»
Nett no handlar det om dette bokstavleg tala grensesprengjande: Guds kyrkje syng kring vide jord: Sjå siger vann vår konge stor.

Om dette syng vi også når vi no reiser oss og stemmer i vårt høgtidsvers på nr. 193:

Tekstlesing: Matt.28.1-10

Eg er langt frå nokon meisterfotograf. Ikkje har eg profesjonelt fotoutstyr heller. Men av og til slumpar det til at det kjem veldig bra bilete ut or mobiltelefonen også. Eit av dei knipsa eg nokre hundre meter heimanfrå. Eit foto av Knarvik kyrkje dagen etter ho vart vigsla, 1.s. i advent i 2014. Det er som alle veit, nokså mørkt på den tida av året, men nokre strålar frå sola kan ein få med seg om ein er heldig.
Eg såg at dette var ein slik dag då eg rusla opp på ein liten knaus rett utanfor kyrkja og knipsa eit foto nett på den tida at dagen bryt fram.
Det biletet ligg no som skrivebordsbakgrunn på min PC. Det eg likar best, er at her ser ein verkeleg den stolte og prisbelønna arkitekturen på denne kyrkja som stig mot himmelen og vinterlyset og liksom ropar mot meg:
Guds kyrkje syng kring vide jord: Sjå siger vann vår konge stor.
Aldri kan vi verte nok minna om at det er dette det handlar om for alle som trur eller som er på leiting etter noko å tru på. Det handlar om Jesu siger.
Kyrkja vert så alt for ofte kopla opp mot død og tårer.Det er veldig godt at kyrkja er der med trøyst og omsorg og varme når døden har vore på ferde. Det er aldeles rett at kyrkja sine truande skal vere medmenneske som kan tørke tårer og vise omsorg gjennom motgang og tunge tider.
Men kyrkja er meir enn eit bindeledd inn mot dødsriter og kister med vakre blomar.Kyrkja representerer livet. Kyrkja skal forkynne Kristus som den oppstadne.Difor er det også godt at fleire og fleire kyrkjer, som både her i Åsane, og i Knarvik, der eg bur, vert frikopla frå gravplassen og ligg der som eit monument over det aller viktigaste kyrkja har å seie til folk: Kristus lever! Til og med arkitektane kan vitne om dette når dei skaper slike bygg som dette vi no er i, eller som kyrkja eg ser frå stovevindauga heime i Knarvik.
Kristus lever, og vil vere mellom dei levande.Han vil vere midt på bydelstorget. Den levande er der folket i Åsane er. Han stig ned på Horisont. Han ruslar rundt i Gullgruven. Han kviler seg i ein utstillingssofa på IKEA. Han er på Senteret. Storsenteret.Han vil gjerne flytte inn hjå dei som bur i blokk eller rekkjehus eller einebustader over alt i vår bydel.
For Jesus har eit ynskje – at vi skal sjå han, og oppleve han som sigerherre over døden og alle vonde krefter som herjar med verda og med menneskeslekta – og ikkje minst trugar ditt og mitt liv.
Påskedagen er Herrens dag. Underet hende. Uforståeleg. Ulogisk. Men med ettertrykkeleg himmelsk stempel på det heile. Grava var tom. Jesus lever. Og kvinnene er forsongarar i eit verdsomspennande jublekor på Herrens dag.
Engelen fortalde det til kvinnene: "Han er ikkje her; han er stått opp som han sa. Kom og sjå staden der han låg!»
Og engelen hadde meir på hjarta. Det er nesten som om han innvier kvinnene ved grava til ei evangelistgjerning når han pålegg dei dette: «Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: -Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. ­ No har eg sagt det til dykk."
Den oppstadne hadde allereie forlate gravstaden. Han høyrde heime i livet. Det var tilbake til livet at kvinnene skunda seg. Bort frå grava og tilbake til livet, sprekkeferdige med påskedagens nyhende, snubla dei seg ut i verda for å fortelje om ei tom grav der døden hadde lidd eit endeleg nederlag. Redselen deira, forvirringa og sorga, veik etter kvart plass for ei fast tru på at han som hadde lagt i grava, verkeleg levde. Ei tru som også du og eg kan gripe tak i. Vi lyttar til engelens vitnemål, til det kvinnene forkynner, og vi les vidare i evangeliet enn det påskedagens preiketekst omfattar, og vi ser at den oppstadne Jesus verkeleg møtte dei og helsa dei.
Dette er det som kveikjer trua vår. Dette er det som gjev oss håp om at døden verkeleg er overvunnen. Til og med der krigen har herja. Der lidinga har overgått forstanden. Der sjukdomen trugar. Livet er sterkare enn døden alle desse stadene.
Slik livet skal vise seg sterkare enn døden, også ved gravene i Åsane når den siste, store dagen kjem. Dagen vi ventar på. Oppstandelsesdagen for alle som kviler i gravene i påvente av at Jesus ein gong skal kome tilbake og tømme alle graver for død, og fylle dei med liv. Evig liv.
I trua på at hans siger over døden skal gje oss alle siger over døden på den yttarste dagen, gjev vi oss i veg med kvinnene. Frå påskehelg og inn i kvardagen med eit nytt ankerfeste for vår tru:Jesus lever! Døden er overvunnen!
Eg har diverre aldri vore i Russland. Det næraste er ein del overflygingar på veg til og frå Kina. Når eg flyr slik, er eg fasinert over å kunne følgje med på kartet på skjermane i flyet. Det er mange byar å fly over når ein flyr tvers over dette digre landet. Ein av dei eg berre kjenner frå eit slikt flykart er, Novgorod, den gamle russiske hovudstaden ein stad mellom St.Petersburg og Moskva.
Vårt Lands journalist, Erling Rimehaug, tok oss med til bl.a denne byen i onsdagsavisa føre påske. Han fortel frå eit nonnekloster like utanfor byen: «På påskedag kan alle ringe med kirkeklokkene. Og det gjør de med stor fryd, både barn og gamle. Noen drar i snorene til de små klokkene, andre tråkker på pedalene til de store.Utover landskapet klinger klokkene hele dagen, og de får svar fra de digre klokkene i katedralen inne i byen. Hele dagen jubler klokkene at døden er overvunnet, og Kristus har seiret, ikke bare over døden, men over synden og alle dødskreftene som har grepet om oss.»
Det er dette som er påske: Klangen frå kyrkjeklokker, kyrkjeorgel, trompetar, songsolistar, kor, og frå songen i kyrkjebenkane – alt sameina i ein jubel over Jesu siger -ikke bare over døden, men over synden og alle dødskreftene som har grepet om oss.
I sanning: I dag gjer det godt å stemme i: Guds kyrkje syng kring vide jord: Sjå siger vann vår konge stor.

AMEN






fredag 23. mars 2018

FEST - for livet. Før døden


Palmesøndag – II.  25.03.2018
Salhus kirke
Matt. 26, 6-13
 
Hosianna! Syng for Jesus!
Vi har blanda songstemmene våre med folkemengda i Jerusalem som kom for å hylle mannen på eselet palmesøndag.
Vi gjorde det mens vi gjekk inn i denne gudstensesta der det er fest. Fest og glede over to born som vi no har bore fram for Jesus og lagt over i hans hender.

Det var også fest i Betania. Fest heime i huset til ein dei kallar for Simon den spedalske. Truleg er dette akkurat same fest som Johannesevangeliet også fortel om. Festen dei heldt for å glede seg over at Jesus var i lag med dei. Jesus som like før hadde vakt Lasarus opp att frå døden og ropa han ut frå grava han låg i. Stor jubelfest. "Takk-og- lov"-fest. Det var gjestebod av det store slaget. Jubel. Glede. Fullt hus av slekt og vener.
 
Eit naturleg midtpunkt var Jesus. Han som altså hadde vakt Lasarus opp att frå døden.
Betania var i festrus. Her var det god mat og godt drikke. Og sannleg vart ikkje feststemninga også krydra med ei gjennomtrengjande godlukt som liksom understreka at dette var noko heilt utanom alt som elles var vanleg. For ved festbordet dukkar ei kvinne opp. Ho er ikkje namngjeven i det vi har lese frå Matteusevangeliet i dag. Men evangelisten Johannes identifiserer henne som Maria. Det kan vere Maria, søster til Marta og Lasarus. Men det er nok helst den myteomspunne Maria Magdalena.
 
No, ved festen for den levande Lasarus, tok altså Maria fram ei krukke med salve - dyr nardussalve. Ho salva hovudet til Jesus mens han låg til bords, står det.
Det er som vi kan kjenne den gode lukta av salven som breidde seg i heile huset. Sanneleg - her var det fest i glede for livet - livet som Lasarus hadde fått attende.
 
Eller var det livet som stod i sentrum der i Betania?

For vertskapet var det nok livet - glede over at Lasarus var mellom dei att, og takksemd til Jesus som hadde vist seg sterkare enn døden.
 
Men sanneleg tek ikkje Jesus til å tale om døden på denne gledesfesten for livet. For når han får kritikk frå læresveinane for at han verkeleg lar denne kvinna få sløse bort så mykje pengar til dyr salve, for å salve hovudet til Jesus, når pengane som det kosta å kjøpe salven heller kunne vore gjevne til dei fattige; så er Jesus kontant med si irettesetjing, samstundes som han tek Maria i forsvar:
 
"Hvorfor plager dere henne? Hun har gjort en god gjerning mot meg. De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke alltid. Da hun helte denne salven ut over kroppen min salvet hun meg til min gravferd."
 
Ho salva han til … Gravferdsdagen!
Var det ikkje nettopp i glede over ein oppattlivna Lasarus dei var samla?
Og så tek Jesus til å tala om sin eigen gravferdsdag.
Snakk om kalddusj!
 
Vegen er ikkje lang frå feststemning til skuggar av trugande død. Og midt oppe i dette lar altså Jesus seg salve. Han tek i mot takk og hylling for sin siger over døden. Han let seg tilbe på ein måte som kan hende syntes ekstragavant og råflott.
Midt i festen for livet, ser vi at Jesus er på veg til sin eigen død. Midt i gleda over at Lasarus truleg sat lys levande i det velluktande rommet, gjer Jesus det klårt at for hans eigen del nærmar død og grav seg.
Han som er Herre over døden vert salva til si eiga gravferd på ein fest for at livet hadde sigra.
Dette er paradokset på palmesøndag.
 
Her ligg det noko i lufta!
Det er som om det luktar påske av den velluktande salven.
 
For allereie dagen etter festen i Betania veit vi at Jesus var veg inn til påskehøgtid i Jerusalem. Då er det at vi høyrer om hyllingsrop, om jubel og tilbeding.
Med palmegreiner og Hosiannarop  vart Jesus møtt på vegen frå festen i Betania til påskehøgtid i Jerusalem.
 
Heile teksten vår er eigentleg eit einaste ropande vitnemål til oss som lever i dag: Livets Herre er på veg til sin eigen død! Han veit om ein nær tilstundande gravferdsdag. Han er på veg dit. Og på denne vegen lar han seg salve, innvie, før han tek mot vår tilbeding og vår hylling. 

På sin veg mot død og liding let han seg salve av overdådig dyr nardussalve. Han lar seg takke og tilbe. Seinare sit han på eselryggen og lar folket hylle seg som ein konge.
For han er då Herre over livet!
Han har prova det ved å vekkje Lasarus opp att frå dei døde. Men han som er sterkare enn døden, skal sjølv døy.
Her er det ikkje berre takkefest for at Lasarus vart levande att. Her går festen over i ei hylling av han som skal døy. Det er både fest for livet og fest før døden; på same tid.
 
Slik er det også i vår kyrkje på palmesøndag. Det er fest for livet.
Vi held fest for nyfødde born som gjennom dåpen vert knytta fast til Jesus.
Samstundes gler vi oss over at vi veit at Jesus er sterkare enn døden. Han beviste det med Lasarus. Og snart skal han sjølv i nærkamp med døden. Men den kampen skal han også vinne. Vi prisar og hyller Jesus for hans livgjevande krefter. I dag skal vi med takk og glede vere med å tilbe Jesus gjennom salmar og bøner for hans makt over døden.
Og paradoksalt nok skal vi samstundes hylle og tilbe han for at han sjølv er viljug å døy.
Det er også fest før døden.
 
Når vi stemmer i våre Hosianna, så er det ei lovprising av han som både gjev liv, samstundes som han sjølv er viljug til å døy.
Som Maria var overdådig i si salving av Jesu føter, vil vi i dag vera sløsande med vår lovsong og vår takk. Vi har ikkje salve av det dyre og velluktande slaget mellom hendene. Men våre bøner og vår lovsong skal fylla oss på denne palmesøndagen.
 
Det er noko i lufta. Det luktar påske.  Og påske handlar om død. Ein død som Jesus med opne augo og eit hjarta som bankar i otte og redsel rir friviljug i møte. Men påske er i endå høgare grad livet. Han som skal døy; han som alt er salva til si eiga gravfred, han har prova at døden er for svak for han. Ingen har meir makt enn mannen som palmesøndag set seg på eselet. Sjølv om han må døy, så er det livets triumfator som rir inn mot påske i Jerusalem.
 
Kan det tenkjast nokon som er meir verdig Hosiannarop, tilbeding og lovprising enn han som var på fest for livet, og før døden?
Denne palmesøndagen var det eit mål for oss alle om vi kunne gå ut att or kyrkja, og inn i påskeveka og påskefeiringa med eit brennande ynskje: Også vi vil hylla livets triumfator på hans veg mot døden. For den døden han skal lide, er ein død i staden for deg og meg. Det er ein soningsdød for syndene mine som ventar eselryttaren inne i påskebyen Jerusalem. Det er likeeins dine synder som utgjer vekta eselet må bera denne forunderlege dagen.
 
Jesus skal lide og døy - men han skal også leve!
Påska er så proppfull av paradoks at det er vanskeleg å setja ord på dei. Kanhende er det ikkje dei mange orda som gjev uttrykk for det vi skal vera saman om i den veka vi no går inn i. Kanhende er det handling etter førebilete frå evangeliets eige vitnemål vi heller skulle leggje vekt på. Handling, meir enn mange ord. Og handling i denne samanhang, er det same som tilbeding.
 
Maria sløsa med dyr salve. Jesus sjølv sa det var til hans eiga gravferd.
Kva er det du og eg kjem til å sløse med i påska?
Er det vår tid i lag med Herren Jesus?
Eller er det viktigare for oss å bruke tid ved solgudens føter i påska?
Ropar vi etter fritid, ferie og kriminalgåter i påskehelga, eller ropar vi Hosianna i Guds hus på dei ulike helgedagane?
 
Det er påske. Det ligg noko i lufta. Og det vi skulle kjenne på som ein djup vellukt i lufta over alle våre byar og bygder og kyrkjelydar denne påskehelga, det var suget frå eit kyrkjefolk som skunda seg til kyrkje for å takke, tilbe og hylle med Hosianna-rop, han som er Herre over livet; han som skundar seg mot si eiga liding og død, men som skal leve slik at vi i all æve skal eige Livet.
 
                                                     AMEN !

Bloggarkiv