fredag 15. juni 2018

Eg vil følgje Jesus




4. søndag i treeiningstida II ~ 17.juni 2018.  Ytre Arna.  Matt. 16,24-27

Vil du vere i lag med Jesus?
Heilt sidan du gjekk på søndagsskulen har du fått dette spørsmålet. Mange av dykk har gått mykje til kyrkje og på bedehuset fram gjennom åra. Gong på gong kom dette spørsmålet, eller eit liknande, frå han som stod på talarstolen. Kan hende var du på leir den gongen du var ung. Då lærde du barnesongen med refrenget: ”Ja, nå vet jeg hva jeg vil: Jeg vil følge Jesus. Ingen ting å lure på. Jeg har alt bestemt meg nå, jeg vil følge Jesus”

Eg håpar at du som har kome til gudsteneste i dag har tanken på at du vil følgje Jesus i hovudet ditt, og at trongen til å vere i Jesu følgje bur i hjarta ditt.
Ja, eg ikkje berre håpar det. Eg trur at slik er det verkeleg for mange av dykk. Du ber på eit inderleg ynskje om å følgje Jesus i kvardagen.

”Ja, nå vet jeg hva jeg vil: Jeg vil følge Jesus. Ingen ting å lure på. Jeg har alt bestemt meg nå, jeg vil følge Jesus”


La denne enkle barnesongen syngje i ditt indre. For det kan vere godt med eit slikt ankerfeste når vi no skal reise oss og lytte til preiketeksten i dag; ein tekst med verkelege utfordringar til alle som vil vere i Jesu følgje:

Tekstlesing

Matt 16:24 Jesus sa til læresveinane: "Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg…
Dette er ikkje akkurat søndagsskulepensum.

Den gongen då vi var små, var det ikkje så vanskeleg å følgje Jesus. Men vi vart ikkje så store før det tok til å gå opp for oss at å følgje tett inn på denne karen, det innebar meir enn å syngje dei gamle barnesongane.
Sanninga i Jesu ord om at det å følgje Jesus også inneber å seie nei til seg sjølv, kom snart for dagen. Dette er aldri lett. Å seie nei til seg sjølv. For ingen står oss nærare enn oss sjølve.
I første omgang utfordrar dette ordet egoismen i oss. Og den sit djupt og fast. Kor ofte maktar vi å seie nei til oss sjølve?
Betre vert det ikkje når Jesus held fram med å tale om å ta opp krossen sin for å følgje han. Med ein gong vert det heile dramatisk vanskeleg. Ta opp krossen sin! Kva meinast med det?

Seie nei til seg sjølv – ta opp krossen – følgje Jesus.

Dei heng saman desse tre ledda. Og det viktigaste er å følgje Jesus. Heldigvis er det mange her i kyrkja som har lytta til det same kallet som Jesu læresveinar fekk som det aller første kall frå Meisterens munn. ”Kom, følg meg” (Matt.4,19) sa han.

Det kan kome til å koste. Kanskje har du opplevd prisen allereie? Det gjorde vondt den gongen kameratar vende deg ryggen med eit overberande eller kanskje forakteleg smil fordi du valde Jesus i staden for ein utsvevande fylletur. Du fekk stikkande kommentarar då du som kalla deg kristen ikkje heilt makta å leve opp til forventningane som folk flest har til kristenfolket. Det gjorde dobbelt vondt. Du var skuffa over deg sjølv aller mest, og så desse giftpilane av vonde ord attpå.

Jesu kross skal berast. Børa er ikkje lett. Men samanlikna med det dei opplever, dei som vert martyrar for si tru, så er slike kvardagsopplevingar frå vanleg, vestlandsk bygdeliv berre som ei flis i fingeren å rekne.

”Følg meg”, sa Jesus. Også menneske som lever i land med brutale, undertrykkjande stryresett har teke mot den utfordringa. Menneske som den dag i dag må tåle at livet deira kjem i fare fordi dei trur.

Den 22.mai i år kunne vi lese ein stor reportasje i Vårt Land frå Irak.
Der er dei kristne nærast utrydda mange stader.
I eit av dei eldste kloster i verda, Mar Mattai-klosteret, budde det ein gong 7000 menneske. No bur det sju. Denne staden ligg like ved Ninive, byen som Gud sparde på Jona si tid. Men i 2014 vart mange av desse martyrar under IS-styret. Byen vart ikkje spart lenger.
For 15 år sidan var det 1,6 millionar kristne i Irak. I dag er det ein stad mellom 150.000 og 250.000.

Ein av dei sju som bur i klosteret i dag er munken Yousiff.
Munken Yousiff sin profeti no i år vert kviskra fram til journalisten frå VL:
« - Om fem år er det ingen kristne igjen i dette landet.»
(https://www.vl.no/kultur/i-himmelen-og-helvete-1.1147066)

Kyrkjelyden i Ytre Arna har kristne brør og søstre over heile verda.
Enno er det att nokre få i Irak.
Den krossen du og eg må bere for å vere i Jesu følgje er lett som ei fjør samanlikna med den som kviler på skuldrene til dei som møter vald og tortur når dei tek opp krossen sin for å gå i lag med han dei trur på.

Å følgje Jesus er ikkje noko vi kan tvingast til. Vi vert kalla til det. Det er friviljug. Til og med vi som vart borne til Jesus som hjelpelause småborn og fekk teikna krossteiknet over oss fordi foreldra våre ville det slik, vi kan når vi vert vaksne, seie nei til den krossen vi er merka med. Så ligg vegane der og ventar på oss. Livsvegane. Vegar som er kanta med innbydande freistingar. Livet som lokkar med rikdom og glede, fridom og livsutfalding. Men slike vegar går mange gonger utanom Jesus.

Kallet til etterfølging er likevel krystallklårt frå Jesus. Krossmerket fekk du i dåpen. Det let seg ikkje viske bort. Du høyrer han til. Han vil så gjerne at du skal følgje han vidare gjennom livet. Ikkje fordi det er lettaste vegen. Tvert om. Det er ein veg der du må bere krossen din sjølv.
Men det som synest å vere ein snarveg langs ein opplyst og innbydande hovudveg, den vegen kan ende så forferdeleg galt når du ein gong er ved vegs ende.

Matt 16:25-26 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 

Visst går det an å vinne heile verda. Eller i alle fall ein dryg bit av verda. Meir enn det vi treng til. Velfødde, rike nordmenn, alle vi som er her i kyrkja i dag; vi er gode døme på det.

Vil du vere i lag med Jesus?
Det var mitt innleiande spørsmål då eg steig opp på preikestolen i dag. Berre det faktum at du sit i kyrkjebenken på denne sommarsøndagen seier noko om at det vil du gjerne.

Vil du seie nei til deg sjølv, ta opp krossen din og følgje han? Eg trur det er ditt ynskje det også.

Ein gong vart du i dåpen merka med krossteiknet. Dette var teiknet på kven du høyrer til. Krossen er også det merket som du går under når du vil følgje Jesus i livet i lag med ei andre kristne i din kyrkjelyd.
Det er den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus som kallar deg til å gå vidare i lag med han på denne søndagen.

Kan hende vil det for deg på denne sommarsøndagen vere eit heilt spesielt kall å reise seg i dag, og for første gong i livet, eller for første gong på lenge, lenge, å våge seg fram til Herrens bord, til nattverdmåltidet. Der møter han deg i dag. Han som gjennom Ordet kallar på deg no. Han som i brødet og vinen kjem deg så nær at du får ete og drikke han, slik han sjølv bad oss å gjere.
Å gå til nattverd kan vere din måte å svare på utfordringa. Med Guds hjelp vil du prøve å bere krossen, og du vil heretter følgje Jesus dit han vil ha deg.

Gjer som vi gjorde det på søndagsskulen eller på barneleir: La barnesongen vi ein gong lærte, vise vegen vidare inn i sann og glad kristusetterfølging:
”Ja, nå vet jeg hva jeg vil: Jeg vil følge Jesus. Ingen ting å lure på. Jeg har alt bestemt meg nå, jeg vil følge Jesus”

AMEN


Bloggarkiv