fredag 20. september 2019

Store ord


15. s. i treenigstida. III. 22.09.2019
Johs 15, 9-12
Eidsvåg kirke
Det handlar om dei store orda i dag. Dei som er i overkant å bruke, slik til dagleg. Orda som vi hentar fram ved særlege anledningar. Orda som nokre veldig sjeldan brukar. Orda som andre tek oftare sin munn, men kanskje ikkje heilt ser rekkevidda av.
 
Og mest tankevekkjande: Orda som aldri blir ytra til ein del menneske. Ofte er det nettopp desse menneska som aller mest skulle høyre dei. Men fråværet av dei største orda, gjer skade på menneskesjeler.

Knapt nokon har sagt slike ord på ein så vakker måte som apostelen Paulus.
Dei orda vi har lese i dag. Dei same orda som ofte vert lesne i bryllaup. Av og til også i gravferder. Kjærleikens høgsong kallar vi ofte det vi las frå 1.Kor 13.
Desse orda pyntar gjerne vakre gåvebøker. Dei blir rissa inn i berg og trestammar. Dei kan verte fletta inn i som ein bit av eit kunstmotiv.
Eller dei blir devaluerte til eit kort ord på engelsk, som glir lettare inn og ut av munn og øyrer når vi er i fanget til populærmusikarane.

Vi har ikkje så mange ord på norsk som kan brukast. Ikkje ein gong det ordrike engelske språket har mange variantar eller nyansar.

Annleis er det når vi opnar Bibelen.
Kanskje er nettopp ordet kjærleik det aller største ordet i språket vårt?
Det er ordet som vi skal setje lyskastaren på i dag.
Kanskje er dette ordet det største i Bibelen?
Men då må vi vere klar over at Bibelen er omsett frå gresk, og der finn vi fleire ulike ord som på norsk alltid vert skrive på denne måten: Kjærleik.

Mange mellom oss tenkjer erotikk når dei høyrer ordet kjærleik. Mange tenkjer sex når det vert snakk om å elske. Det er full dekning, språkleg sett, for å tenkje slike tankar.
Men det går an å ha fleire tankar i hovudet på ein gong.
Ordet erotikk kjem frå det greske ordet eros, som vi rett og slett ikkje finn i Bibelen.
På engelsk er ordet «love» både substantiv og verb. «Love» betyr kjærleik. Og det betyr å elske.

På norsk kjenner vi ordet om å elske i fleire ulike tydingar.
Kjærastar sa ein gong for første gong til kvarandre: «Eg elskar deg».
Det var store ord den gongen.
Ektefolk har sagt det mange gonger til kvarandre. Det er alltid stort og viktig å seie det, og å meine det. I dette ligg sjølvsagt erotikken mellom ektefolk. Men det ligg så mykje meir også. I dette verbet, å elske, ligg kjærleiken gøymt.

På gresk er det òg eit anna ord som og vanlegvis berre har ei dekkjande omsetjing. Det er ordet filadelfia. Det betyr kjærleik mellom vener. Venskap. Ha kjær.
Ordet er brukt fem gonger i NT. Ordet betyr søskenkjærleik. Det er det same som å elska sine brør eller søstre. Familien sin. Venene.
Betania er namnet på ein liten by utanfor Jerusalem. Det var heimstaden til dei tre søskena Marta, Maria og Lasarus. Det var staden der Jesus vanka for å omgåast venene sine. Omgangsvenene.
Der, i Betania, pleia Jesus søskenkjærleiken, filadelfia, til sine vener. Der viste Jesus at han var glad i venene sine. Vi hugsar då Lasarus var sjuk og låg for døden. Då les vi i Johs. 11: «Søstrene sende då bod etter Jesus og sa: -Herre, han som du er så glad i, er sjuk.»

Han som du er så glad i!
Jesus var glad i Lasarus. Dei var vener. Gode vener. Dei hadde kjærleik til kvarandre. Filadelfia, heiter slik kjærleik på gresk.
Om dette skriv Paulus i Rom 12.10: Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!

Dei store orda i dag er altså ordet kjærleik. Det er ordet elske.

Men når Jesus i dagens evangelium talar om å elske, og når han talar om kjærleik då brukar han eit heilt anna ord.
Han seier: «Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!»
Vi må lære eit gresk ord til i dag: Agape. Det er Bibelens viktigaste ord for kjærleik. Det har også ei verbform på gresk: agapaå. Det omset vi på norsk med å elske.

Det store ordet i dag er agape. Kjærleik. Å elske.
Og for verkeleg å forstå djupna i ordet, må vi ha klårt for oss: Denne kjærleiken som Jesus talar om her; det å elske slik Jesus ber oss om å gjere; det er å elske med ein kjærleik som Guds sjølv viser mot oss menneske.

Ingen stader i Bibelen er dette uttrykt sterkare enn i det ordet som vi gjerne kallar for den vesle Bibel: Johs. 3,16: For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Slik er Guds kjærleik. Slik er Agape. Slik skal vi elske, seier Jesus. Slik Gud elska. Slik han elska verda. Med den grenselause kjærleiken som gjorde at han gav Sonen for vår skuld. For våre synder.

Vi har lese frå 1.Kor 13 i dag.
Der stod desse orda: «Kjærleiken tek aldri slutt»
Kanskje sit det ein eller fleire i kyrkjebenken og tenkjer med sorg på det som gjorde at eit ekteskap gjekk i oppløysing? Nettopp fordi de opplevde at kjærleiken av ein eller annan grunn tok slutt.
Det er heldigvis sjeldnare at kjærleiken mellom foreldre og born tek slutt. Men det kan skjære seg alvorleg også i slike forhold. Berre spør prestar som har møtt hundrevis etter hundrevis av familiar i sørgesamtalar. Der får dei innsyn i veldig mykje kjærleik. Mellom ektefellar. Mellom foreldre og born. Mellom søsken. Men diverre ser dei òg inn det som kunne gå sund. Falle frå kvarandre.

«Kjærleiken tek aldri slutt»
Den kjærleiken som aldri kan ta slutt, det er Guds kjærleik til oss menneske.
«Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.» Slik står det i Rom. 5,8
Gud sluttar ikkje å elske fordi om noko går sundt for oss menneske. Slik eit ekteskap kan falle frå kvarandre. Slik nære familieforhold kan rakne. Slik vår kjærleik kan falle bort om prøvingane vert store nok.

Alt dette som Bibelen kallar for synd, og som til dagleg skaper så mykje krøll for oss menneske; det er Gud med sine kjærlege augo i stand til å sjå forbi. Han ser i staden for på Jesus, og det han gjorde: «Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.»
Er det verkeleg mogeleg for vanlege menneske å vise så grenselaus kjærleik mot kvarandre, som den kjærleiken Jesus formanar oss til å vise i dag?
Han seier: « -dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.»
Går det an å elske slik?
Eg trur at om vi spør nybakte foreldre som ber barnet sitt til dåpen, så vi dei svare: Ja!
Det vi kan vere vitne til når eit nyfødd liv vert lagt i fanget til mor eller far, det er kanskje det næraste vi kjem av å få eit glimt av det guddommelege. Eit glimt av Agape. Kjærleiken som går utanpå det meste av alt anna som er stort og godt og vakkert.
Heldigvis er det mykje som er stort og godt og vakkert. Gled deg når du møter kjærleik frå menneske. Gled deg over venskap og søskenkjærleik, det vi kalla for filadelfia.
Vis slik kjærleik mot dine medmenneske. Kanskje aller mest mot dei som går gjennom livet som menneskelege kasteballar. Som får livet sitt mørklagd fordi ingen nokon gong tek dei inn til seg og seier: «Eg er glad i deg».

Og når du ikkje får det til, når bokstavane i dette vakre ordet kjærleik vert så store og kvasse at du rett og slett ikkje maktar å svelgje dei, når det å elske berre er ein draum på ein stad der hat og uvenskap i staden får plass til å slå rot, så skal du vite: Guds kjærleik tek ikkje slutt!
Han ser deg slik som du er. Han elskar deg slik som du er.
No seier Jesus til deg:
«Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen»
AMEN


Bloggarkiv