mandag 18. mai 2020

Den store reisedagen


Kristi Himmelfartsdag. I. 21.05.20
Mark. 16,19-20
Arna kyrkje
Den store reisedagen.
I årevis har Kristi Himmelfartsdag vore nettopp det for vanlege nordmenn. Dagen fell alltid på ein torsdag. Difor kallar vi han også for Helgetorsdag. Så med fredag som ein potensiell avspaseringsdag for arbeidstakarar, og påfølgjande helg, ser alle at her kan vi få til ei verkeleg oval langhelg. Som skapt for hytteturar, eller familiebesøk til Oslo eller Rogaland eller Trøndelag.

Av den grunn veit vi som byr inn til gudstenester på denne dagen at det ofte kan vere godt under gjennomsnittleg frammøte i kyrkjene våre på Kristi Himmelfartsdag.
Men dette året er det mykje som er veldig annleis. Reiselysten har fått ein knekk hjå mange. Framleis er det rikeleg med folk som knapt vågar å gå på butikken eller setje seg på ein buss. Regjeringa har gjeve nye reiseråd for sommarferien, og i den grad folk vil på tur, ser det ut for at det vil bli lite bruk for pass for dei fleste nordmenn i sommar.

Uansett har vi i alle fall kome oss så pass ut av pandemiens klør, at vi har samla alle dykk som er her i kyrkja nett no til ei av dei første gudstenestene på lenge. Framleis oppfører vi oss ikkje normalt når vi omgår kvarandre. Men vi kan vere i lag på litt spesielle vilkår. Det er vi veldig glade for. Og eg seier til kvar av dykk som fann fram til kyrkjebenken i dag: Takk for at du ikkje reiste bort. Takk for at du valde å ta ut på kyrkjeferd i staden.

Den store reisedagen.
Frå bibeltekstane har vi høyrt om Jesus som fòr på himmelferd.
Det måtte vere litt av reise.
Frå teksten i Apostelgjerningane har vi høyrt at læresveinane hans var vitne til at Jesus vart
«-lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira»

Han reiste til ein stad bakom skyene. Slik står det. Mange har undra seg: Kvar er staden han for til? Kva finst bakom skyene?
I dag veit vi litt meir om himmelrommet og korleis det ser ut over skyene enn dei gjorde i Jesu samtid. Dei fleste av oss har vore der. På ein av våre mange reisedagar. Frå flyet har vi sett oppover og utover og nedover. Skyene under oss. Sola, månen og stjernene rundt oss. Astronautar har vore endå lenger borte enn flya til SAS og Widerøe. Den første russiske astronauten kunne som kjent melde at han ikkje såg nokon Gud der ute i verdensrommet.

All verdens reiseaktivitet bortom skyene vil sjølvsagt aldri finne adressa til Gud.
Men Gud bur ein stad bortanfor det vi kjenner her på jorda. Og ved hans side bur Jesus. For evangeliet i dag kan fortelje oss at Jesus «-vart teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand.»
Dette er nesten ordrett det vi også vedkjenner som vår kristne tru når vi kvar søndag seier fram truvedkjenninga i kyrkja.

I dag skal vi ikkje bruke mykje tid på å snakke om Guds adresse. Vi skal ikkje leite opp himmelgatene på Google Maps. Vi spør ikkje kven som har laga himmelstolane der Gud sit, og der Jesus er ved hans høgre hand.
Dette er ein del av det som uansett ligg utanfor det vi kan forstille oss. Dette handlar om den himmelske æva. Det som var frå opphavet, før verda vart skapt. Det som skal vere inn i ei æve vi ventar å få stige inn i bakom død og grav.

Det næraste eg har funne i Bibelen om kvar Guds bustad er, det er i det vakre ordet i
Jes 57,15: «Så seier han som er høg og opphøgd, han som tronar evig, Den heilage er hans namn: I det høge og heilage bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.»
Det får vere med det: Jesu himmelferd gjekk til det høge og heilage. Til Gud Faders høgre hand. Men samstundes er han her: «-hos den som er knust og nedbøygd i ånda.»
Hans himmelfart var ikkje ei verdensflukt der han let oss vere att som foreldrelause born. (Johs.14,18). Det var heller ei reise rundt til alle som treng hans nærvær nett no. Han bur
«-hos den som er knust og nedbøygd i ånda.»

Han bur hjå dei som er redde på denne dagen. Som ser virus, svevande for augo når ein skal sove. Han er hjå dei som veit at ein av dei ein er glad i, kan bli veldig sjuk og kome til å døy.
Og han er hjå dei som er langt, langt fleire i tal, og som diverre har kome fullstendig i bakleksa dei siste månadene, dei mange som døyr frå oss av heilt andre sjukdommar enn den som fyller avisspalter, TV-skjermar og er på leppene til nesten kvar einaste nordmann.
Det er ikkje større sorg å misse ein pårørande i Covid 19, enn det er når mormor på 90 fell om på badet med broten lårhals, og ikkje overlever sjukehusoperasjonen.

Den store reisedagen.
Unntakstilstanden vi er inne i nett no, vil gå over før eller seinare. Då skal vi ut å reise igjen.
Eg håpar at eg sjølv vil vere frisk og førleg nok til å halde fram med det eg personleg likar veldig godt, Å reise ut, og slik også støtte ein livsviktig turistindustri sør i Europa når alt det vi kjempar mot i dag er over.

Men Kristi Himmelfart er likevel ikkje dagen for å promotere denne type utfart.
Derimot vert vi i evangeliet minna om det som er kyrkja sitt store oppdrag. Det står å lese at dei – altså læresveinane – «-gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.»
Eit storarta ord. Eit underleg ord. Eit løfterikt ord.
Dei gjekk ut og forkynte, står det. Dei la ut på reiser. Slik vi las om det i teksten frå Apostelgjerningane der Jesus forkynte dei det vi kallar «Misjonsbodet»: «De skal få kraft  når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

Visst skal vi reise. Visst skal vi dra ut. Langt av gårde. Når vi har besøkt Arna og Bergen, når vi er trygge for at hovudstaden Oslo er nådd av dei som er vitne om Jesus, så ligg vegen vidare og ventar. Vegen til verdens ende. Til enden av jorda. For å vitne. Vitne om Jesus som ein gong kjem tilbake til oss slik han i si tid fòr i frå oss. Synleg. Nærverande. Han kjem for å opprette det evige rike der vi skal sjå han ved Faderens høgre hand.
Då skal vi få vite adressa, som nett no er eit mysterium.

Mens vi ventar skal vi reise. Vi skal farte avgårde. Først i nærmiljøet. Det som tilsvarar det Samaria var for Jesu nære vener. Men det å fortelje om Jesus skal ikkje vere eit oppdrag som stansar ved ei grense. Jesus nemner «enden av jorda». Og når vi veit det læresveinane ikkje visste, at jorda er rund, då forstår vi at reisa kan bli lang. For oppdraget er stort.
Men vi har godt reisefølgje.
For det står om han som fòr til himmelen, han som vart gøymd bak skya, han var like fullt nærverande også etter Himmelfartsdagen.
«Herren sjølv var hos dei, og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.»

AMEN

Bloggarkiv