tag:blogger.com,1999:blog-59421877223743215652024-03-20T20:16:50.141+01:00Når Ordet skapar ordØystein Skauge, pensjonert prest og prost, tidvis vikarprest, legg ut gamle og nye preiker på denne bloggen.Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.comBlogger219125tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-20158753928543344692024-03-20T20:09:00.002+01:002024-03-20T20:16:18.416+01:00"SALVESØNDAG"
Matt 26. 6-33
Brekke kyrkje<o:p></o:p>
året, når vi elles les tekstar frå det vi i kyrkja omtalar som andre
tekstrekkje; dei tekstane er på ein måte ikkje tilpassa tankane våre når vi går
til kyrkje denne dagen. Denne dagen skal vel vere som eit første steg inn i
påskefeiringa i år.<o:p></o:p>
eselryggen? Vi høyrer ingen Hosiannarop. Ingenting om ei stor folkemengd ved
byporten i Jerusalem som ville hylle Jesus når han kom til byen for å feire
påske. For dei fleste av oss er dette det store temaet som har flytta inn i
sinn og tankar på palmesøndag.
Med denne inngangen til påske får vi rett og slett ikkje med oss i år.<o:p></o:p>
overskrifta i Biblane våre over det vi nett har lese.<o:p></o:p>
har skrive til denne teksten. Han set ei overskrift på dagen i dag som eg trur
vi kan ta til oss og grunna nærare over.<o:p></o:p>
vi har lese om, og på det vi no skal sjå nærare på. Salvesøndag!
Og eg tenkjer at dette er ein framifrå inngang til å feira påske også i år.
Vi skal vere med Jesus på hans veg mot påske no.
Men når vi les om denne biten av påskehendingane i Jerusalem i
Matteusevangeliet, så ligg palmeinntoget på eselryggen allereie bak oss. Det
står omtala fem kapittel lenger framme hjå Matteus.<o:p></o:p>
Men så tar han ein avstikkar til Betania. Til den vesle byen der vi har helsa
på Jesus fleire gonger. Der bur bl.a søstrene Marta og Maria, og bror deira,
Lasarus, som Jesus vakte opp frå døden.
I Johannesevangeliet ser det ut som om denne hendinga vi har lese om i dag,
gjekk føre seg heime hjå desse tre søskena.
Men her, i Matteusevangeliet, les vi at Jesus er heime hjå ein anna mann i
Betania, som vi elles kjenner lite til: Simon den spedalske.
Kanskje er Simon ein av dei som vi andre stader i evangelia har lese om, og som
Jesus lækte frå denne vonde sjukdommen?
Litt forvirrande, kanskje, men ikkje avgjerande for oss som høyrer om dette
nett no.<o:p></o:p>
kvinne som vi ikkje får vite namnet på gjennom det Matteus skriv, men som
evangelisten Johannes fortel er Maria, søster til Marta og Lasarus; ho tek ei
krukke med dyr salve, nardussalve, som ho heller over hovudet til Jesus og gnir
den dyre salven inn i hår og hud på Jesus.<o:p></o:p>
Salvesøndag!<o:p></o:p>
salvinga?<o:p></o:p>
alle fall i Betania. Der Lasarus budde. Han som Jesus hadde kalla ut or grava.
Tilbake frå døden. Vi kan la oss forvirre av kronologien i det som skjer, at
dette ikkje er synkronisert i dei fire evangelia. Men lat ikkje det forstyrre
no. <o:p></o:p>
var heime hjå familien Lasarus, eller heime hjå Simon den spedalske, så var dei
samla rundt Jesus. Det hende i Betania.
Der var det fest for han som var sterkare enn døden. Han hadde gjeve livet
tilbake til den døde Lasarus.
I Betania var det fest for han som skunda seg mot sin eigen død inne i
Jerusalem.<o:p></o:p>
livet.
Fest før døden.<o:p></o:p>
det altså like før noko langt større enn underet med Lasarus skulle hende. Like
før Jesus på endå meir overveldande måte skulle overtyde om at han kunne gjere noko
med den vonde makta som døden representerer.
Det var påsketider. Men Jesus var ikkje komen til Jerusalem, for å la seg krona
til hovding eller konge slik mange av jødane trudde om han.
Mange trudde at dette endeleg var Messias, frigjeraren, kongen, som kom.
Han som kunne ordne alle jødefolkets mange problem; han hadde altså til og med
synt at han kunne sigra over døden.
Hossianna-ropa runga kraftigare enn hurra-ropa på slottsplassen i Oslo
17.mai då Jesus kom på eselet, på veg til påske i Jerusalem. Då hylla dei Jesus
som konge.
Hadde dei tankar om å kruna han til Israels konge?<o:p></o:p>
like før, men ikkje like før ei kongekroning. Den krona Jesus skulle få nokre
dagar seinare var ikkje av gull, men derimot av stikkande torner. <o:p></o:p>
like før Jesus skulle overgjevast til liding og til død. Han som hadde vist
sine guddommelege krefter ved å ropa den døde Lasarus ut or grava; han som på
palmesøndag vart hylla som ein konge, han kom eigentleg for å gje seg sjølv
over i hendene på dei som stod han etter livet; dei som hata han.<o:p></o:p>
bordet heime hjå Simon den spedalske, skjer det likevel ei forunderleg
kongehylling. Den namnlause kvinna, som vi trur heiter Maria, ho salvar Jesus.<o:p></o:p>
viktig!<o:p></o:p>
fleire måtar.<o:p></o:p>
betyr det å verte salva, når vi les det i ein bibelsk samanheng?<o:p></o:p>
var det vanleg at kongar vart salva til si gjerning, omtrent som våre kongar
blir krona eller velsigna. Og no vert altså Jesus salva. Vi kan gjerne sjå det
som at han blir salva til å vere konge. Vi veit at då Jesus seinare i påska
vart ført fram før landshovdingen i rettssaka mot han, så spurde landshovdingen
Jesus: «Er du kongen over jødane? Du seier det, svara Jesus» (
Matt.27,11)<o:p></o:p>
var konge. Ikkje ein vanleg jordisk konge, men han var den som var Guds salva.
Han var Messias.
Ordet Messias er hebraisk, og betyr rett og slett «Den som er salva».
Omset vi Messias til gresk, så heiter det Kristus.
Messias eller Kristus – eller Jesus. Han er den som er salva. Han er den dei
skulle vente på, alle dei som venta at Messias skulle kome som utfriaren for
jødefolket.<o:p></o:p>
- Jesus var salva med den dyre salven. Salva for å vere frelsarkongen.<o:p></o:p>
er også noko anna enn salving som ei innviing til eit kongeembete.<o:p></o:p>
også vanleg å salve dei døde, salve lik, når dei skulle gravleggjast.<o:p></o:p>
dette er det Jesus grip tak i, og talar om, når kvinna med den dyre salven vert
kritisert for å sløse med dette dyrebare som heller kunne vore seld for store
summar og pengar gjevne til fattige.<o:p></o:p>
nesten fantastiske ord Jesus brukar for å møte kritikken: «Kvifor plagar de
henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg … Då ho slo denne salven ut over
kroppen min, salva ho meg til gravferda mi.»<o:p></o:p>
– Salvesøndag.
Jesus er salva for å vere konge. Men han er også salva for å døy. Salva til si
gravferd.<o:p></o:p>
påske.<o:p></o:p>
Herre er på veg mot sin egen død. Det er bodskapen til oss på palmesøndag.
Dette samlar vi oss i kyrkjene våre no ved inngangen til påska.
Det skal være påskefest. Fest for livet.
Vi gler oss over at vi veit at Jesus er sterkare enn døden.
Og på palmesøndagen held vi også, utruleg nok, fest før døden.
Vi hyllar og tilber han som no er salva og gjort klar til sin eigen død og si
eiga gravferd.
Friviljug går han døden i møte på palmesøndag.
Han døyr for at vi skal leve. Leve evig.
AMEN<o:p></o:p>
norsk kirkeblad» 1/2021 s. 69ff<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-55087216284697493702024-01-16T14:54:00.002+01:002024-01-16T14:54:49.870+01:00Gratis
3. s. i openberringstida. II. 21.01.2024
Johs. 4,4-26
Gulen kyrkje – Mjømna kyrkje<o:p></o:p>
Det er gratis!
Betre salstrick finst ikkje. I alle fall ikkje om det faktisk er alvorleg
meint. Gratis!<o:p></o:p>
Tenk om straumen vår var
gratis? Eller bensinen. Eller maten. Eller flyreisene.
Vi kan ikkje førestille oss det. I alle fall ikkje midt
i ei dyrtid. Vi kan vanskeleg sjå for oss at eit samfunn kan fungere utan at
saker og ting, varer og tenester, må kjøpast og seljast. Dei kallar det for «markedet»
i massemedia. Det må fungere. Der er ingen ting gratis.<o:p></o:p>
Men altså – i dag kom du til kyrkje, og eg
kan love deg – vi leverer det beste frå oss til deg i dag: Gratis!<o:p></o:p>
Høyrde du orda vi las for litt sidan?: «Kom,
alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp
korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
(Jes. 55,1)<o:p></o:p>
Eller Jesu ord, som vi også las, sagt via
ein engel, og skrive ned i Johs. opb. :
«Kom! Den som trøstar skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som
gåve.»<o:p></o:p>
Det handlar om vatn i dag. Ikkje heilt det
same vatnet som renn i røra til hus og verksemder her i Gulen. Det vi drikk av.
Det vi vaskar oss i. Det som pøsar ned over oss i ein av dei mest nedbørrike
kommunar i landet.<o:p></o:p>
Men det handlar om vatn.<o:p></o:p>
Jesus kallar det levande vatn. Og det er
gratis. Det er ei gåve. Det utrettar uendeleg store ting.<o:p></o:p>
I kyrka vår slår vi vanleg vatn i ei
kanne, tømmer det i døypefonten, les Guds ord over vatnet, før vi auser det
over eit barnehovud. Då er det ikkje vanleg vatn lenger. Då er det levande
vatn. Himmelvatn. Vatn som reinsar. Som gjev nytt liv til eit barn som allereie
fekk livet i gåve gjennom far og mor.
Gjennom dåpsvatnet skjer ein ny fødsel. Ein åndeleg fødsel. Ein underets fødsel
som opnar opp vegen til himmelen. Også dåpen er ei gåve. Heilt gratis.<o:p></o:p>
I Bibelen handlar mykje om vatnet. Vi kan
ikkje ta føre oss alt som kunne vore løfta fram. Men om att og om att kjem vi
til passasjar der vatnet er eit hovudpoeng, gjerne med mykje djupare meining
enn det ein først tenkjer, berre ved å lese orda som er trykt på bibelsidene.<o:p></o:p>
På denne søndagen har vi landa i Johannesevangeliet,
etter å ha vore innom profeten Jesaja og Johannes openberring, slik vi så vidt
har stansa for.<o:p></o:p>
Vi har høyrt om Jesu samtale
med denne kvinna han møtte ved brønnen i byen Sykar.<o:p></o:p>
Brønnen
som vart kalla Jakobsbrønnen. Jakob frå GT. Barnebarnet til Abraham. Son til
Isak. Bror til Esau.
Kvinna ved brønnen løfta fram Jakob då ho tok til å samtale med Jesus der ved
brønnen.<o:p></o:p>
Hugsar
du Jakob fra GT?
Han hadde rota det til i livet sitt. Farens velsigning hadde
han svindla til seg på broren Esau si bekostning. Han flykta frå ein hatefull
bror og frå ei slekt han hadde svikta og lurt. Men han fann seg ein kvilstad
der han sovna med ein stein til hovudpute. Og der fekk han den gode draumen.
Draumen om himmelstigen der Guds englar steig opp og ned og der Gud Fader stod
ved øvste trinn i stigen og talte gode ord til den svikefulle Jakob. Jakob fekk ei himmelopenberring og eit møte
med Gud der han sov i steinrøysa. Midt under si flukt frå den slekta han hadde
gjort urett imot, møtte Gud han med sine veldige lovnader:<o:p></o:p>
"Sjå,
eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette
landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg...."
(1.Mos.28,15)<o:p></o:p>
Utan
at Jakob heilt var klar over kva som hende, kom Gud han i møte med sine nådige
armar. Og heilt ufortent fekk han drikke av ei kjelde av nådevatn. Og det var
først då han hadde drukke at han forstod kor tørst han hadde vore. Difor braut
han også ut i undring då han vakna:<o:p></o:p>
"Sanneleg,
Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!"
(1.Mos.28,16)<o:p></o:p>
Visste
du at det var Herren som var her i kyrkja i dag? Du gjekk til kyrkje i dag utan
nokon spesiell god grunn. Kan hende rett og slett fordi du vanlegvis gjer det
når det er gudsteneste. Eller du kom fordi det var noko som dreiv deg hit; noko
du ikkje heilt veit å setje ord på.  [Eller
du kom til kyrkje i følgje med eit dåpsbarn.]
Men at du skulle møte Herren, var du kan hende ikkje heilt budd på.
Ho var heller ikkje budd på å møta Herren, samaritanarkvinna ved brønnen i
Sykar. Ho med den rotete fortida og sine frynsete utskeiingar med menn. Ho
hadde heilt sikkert eit dårleg rykte på seg blant andre der i Sykar. Difor
gjekk ho til møteplassen, der folk vanlegvis treftest til ein liten triveleg
prat medan dei henta opp vatn, på ei tid av døgnet då der var liten sjanse for
å treffe alle desse med dei skeive blikk og dei underfundige kommentarane.
Ingen av desse var heller ved brønnen. Men der var i staden Jesus.<o:p></o:p>
Og
det viste seg at det denne kvinna hadde lengta etter, og som ho hadde søkt hjå
alle mennene ho hadde vore saman med, det var noko anna enn det vi kallar for
livstørst.
Visst var ho tørst. Visst lengta ho etter liv. Men det var først når
Jesus baud henne drikke av det levande vatnet at det gjekk opp for henne at ho
hadde søkt å sløkkje tørsten sin i fullstendig feilaktige kjelder.<o:p></o:p>
Det
er dette vi skulle få augene våre opp for på denne søndagen, alle vi som
tørstar.
Har vi det slik inne i oss at vi kjenner at det skulle vore godt å møte Gud på
ein slik måte at livet vart rikare, at lengsler vart fylte, så er kjelda vi kan
drikka frå å finne her på denne møtestaden vi har funne fram til i dag; her i
Guds hus.<o:p></o:p>
Då
Jakob vakna etter draumen om himmelstigen, og han hadde konstatert at Gud var
på denne staden, sjølv om han ikkje visste det, så las vi at Jakob gav staden
namnet Betel.
Det tyder Guds hus. No er vi i Guds hus på vår stad. Guds hus i vår bygd.
Betel. Møtestaden. Her er brønnen med det levande vatnet. Kjelda for nåde og
for nytt og friskt liv.<o:p></o:p>
Det
er godt å vera prest i Gulen på ein slik dag, og få lov til å ause opp or denne
kjelda til dykk som er her. Det er godt at eg sjølv får drikke av denne kjelda.<o:p></o:p>
[Og bokstavleg
tala skal vi ausa or nådekjelda i dag. Vi har allereie ausa levande vatn over eit
barnehovud. Vaska barnet med nådevatn og gjort han rein for Guds rike og for
eit liv i tru og teneste for han.]<o:p></o:p>
Bokstavleg
tala skal vi ause or ei anna nådekjelde i dag. Nattverdens vin. Jesu blod.
Utrend til forlating for syndene dine. Og for syndene mine. Vi skal drikke.
Meir enn levande vatn. Vi skal drikke dråpar av blod frå den levande og
oppstadne Jesus Kristus.<o:p></o:p>
Han
som kjenner kvar og ein av oss. Han som kan seie meg alt eg har gjort, slik han
sa det om den samaritanska kvinna; han vil trass i sin kjennskap til det vi
helst ikkje vil skal verte kjend for våre næraste ein gong, møte tørstande
sjeler som lengtar etter liv og nåde og etter vekking og endå meir liv; nettopp
det vi treng i våre uttørka åndelege halsar.<o:p></o:p>
I
dag sit han ved brønnen. Han dreg sitt levande vatn opp or ei botnlaus kjelde.
Ei kjelde som aldri tørkar inn. <o:p></o:p>
Er
du tørst? <o:p></o:p>
Då
er det berre ein ting som hjelper deg.
Drikk av det som vert bydd fram i dag. Det er Jesus sjølv som vartar opp.
Kjelda er full.
Og når vi er tørste, er det fordi vi ikkje har drukke nok.
Versågod! Drikk ut!
Alt er gratis.<o:p></o:p>
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-60760549950564867362023-09-06T12:28:00.001+02:002023-09-08T17:15:09.219+02:00FULLKOMEN ??
15. s. i treeiningstida I. 10.09.23
Brekke bu- og omsorgsenter
Matt. 5, 38-48<o:p></o:p>
Det er store ord vi møter på denne
søndagen.
Jesus brukte store ord då han heldt Bergpreika, som vi nett har lese eit
utsnitt av.<o:p></o:p>
Vi las ord som på den eine sida er flotte
og velformulerte. Ord vi hugsar. Ord som på mange måtar også er som ein definisjon
på det mange vil seie er kyrkja sin grunnlov – ord om det å elske.<o:p></o:p>
Men samstundes er desse orda så store at
vi opplever det komplett uråd å følgje dei opp i praksis. Det er som om vi kan
ta oss sjølve i å tenkje: «Meiner du dette på alvor, Jesus?»
«- eg seier
dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei
som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk. Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen.»<o:p></o:p>
Eller endå sterkare ord som evangelieteksten
i dag vart avslutta med: «Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er
fullkomen.»<o:p></o:p>
Går det verkeleg an å elske fiendar? Eller
å leve og stå fram som fullkomne menneske?<o:p></o:p>
Vi las evangeliet. Matteusevangeliet.
Vi las ord av Jesus frå hans bergpreike.
Og no spør vi: Kva er evangeliet?<o:p></o:p>
Jau. Evangeliet er Guds kjærleik til oss
menneske. Guds kjærleik som er slik at han ofrar seg sjølv for oss. Han gjev
son sin i døden for di og mi synd. Det handlar om ein ufatteleg kjærleik. Han
elskar på ein måte som vi nesten ikkje har ord for å uttrykkje. I vårt språk må
vi ty til ordet ”elske”. Eit ord som ikkje rommar den djupna og den fylden som
ligg i det at Gud elskar oss. Vi tenkjer på noko i retning av å ”føle godt om,
like, vere glad i” når vi høyrer ordet elske. Eller vi brukar ordet i den
erotiske tydinga. Alt dette er for slapt når vi skal snakke om å elske i
bibelsk samanhang. Når det handlar om å elske slik Gud elskar. Gud elskar ved å
gjere. Ved å handle. Han handlar i møte med dei som ikkje fortener. Dei som
kjem til kort. Dei som ikkje er elskverdige. Slike som deg og meg. Han ventar
ikkje å få noko att.<o:p></o:p>
Evangeliet handlar om at Gud elskar. Det
handlar om kjærleik. At vi skal elske slik Gud elskar.<o:p></o:p>
Går det an?<o:p></o:p>
I dag tenkjer eg at vi skal søkje svar på
dette ved å vende oss til GT. Vanlegvis er det omvendt. At vi les ord i GT som
må forståast i lys av NT.<o:p></o:p>
Vi har i dag også lese ord frå den
relativt ukjende profeten i GT som heiter Mika, og vi repeterer litt av det vi
las der:
«- kva krev Herren av deg? Berre at du gjer rett, viser
trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.» (Mika 6,8)<o:p></o:p>
Dei fleste av oss er så
gamle at vi enno har ei storhending for over 30 år sidan i minnet vårt. Då
døydde kong Olav. Eg trur at mange hugsar dette. Vi ser kanskje for oss lysa på
slottsplassen i Oslo? Kanskje hugsar vi den storslegne gravferda frå Oslo domkirke?
Men vi har truleg
gløymt preika som biskop Andreas Aarflot heldt ved denne anledninga.<o:p></o:p>
Biskopen brukte
då den bibelteksten vi har lese frå profeten Mika i dag, som utgangspunkt for
gravferdstalen over kong Olav. Talen
kan framleis lesast i ei bok som Aarflot
La meg sitere litt av biskopens ord; ord som framleis gjev djup meining:<o:p></o:p>
«Med
disse ord kommer Gud oss i møte på nådens regnbuebro. Når mennesket spør hva
det kan bringe med seg fram for Herrens ansikt, svarer Gud ved å peke på det
han selv har bragt med seg inn i vår verden: Rett, kjærlighet og tro. Helt
siden han satte regnbuen i skyen, har han holdt sin pakt med menneskene, en
gjensidig avtale om at rett, kjærlighet og tro skal råde. Gud krever ikke det
umulige av noe menneske … Når vi vil bringe ham våre offer, viser han til hva
han har ofret for oss. Han har gitt oss sin godhet og omsorg, og han spør etter
det samme hos oss. Klarest lyser Guds nåde mot oss i Jesus Kristus.»<o:p></o:p>
No er vi her i Brekke.
Visst nok den våtaste bygda i landet. Men i sommar har vi sett at det ikkje
berre er i Brekke det kan regne. Regnet har flomma og vinden har blese på og
over oss alle. Slik sett er det ikkje gjort skilnad frå Han som styrer med vêr
og vind på nokon av oss som bur på kvar vår side av dei høge fjella i landet
vårt.<o:p></o:p>
På same måten er det med
Guds kjærleik til oss alle. Han elskar oss. Han vil renne over oss sol og regn,
nåde og tilgjeving. Han vil puste på oss med sin Ande, slik han let vinden
blåse. Han vil ikkje plukke ut eit
menneske som ein eller ei som er meir fortent til hans kjærleik og godleik enn
andre.<o:p></o:p>
Slik er Guds nåde mot
oss. Ufortent. Utan grenser.<o:p></o:p>
Slik skal vi vere mot dei
vi ferdast mellom til dagleg ,seier Jesus.
Han seier altså at vi til og med skal vere fullkomne.<o:p></o:p>
Men, som vi alt har vore
inne på: Det er umogleg å leve fullkome.
Men eg vil ikkje trekkje eit komma frå det som Jesus sjølv har sagt. Når det
står at vi skal vere fullkomne, så skal det få lov å stå. Så skal den lista
liggje der som ei utfordring for deg og meg og alle i hans kyrkjelyd å strekkje
seg mot. Og di mindre vi snakkar om å vere fullkomne, for så i staden å gjere det
som er godt og rett mot våre medmenneske, til og med mot våre fiendar, di
nærare kjem vi i praksis det målet som er å vere fullkomen.<o:p></o:p>
Lat meg sitere enno nokre
linjer av det biskop Aarflot sa ved kong Olavs båre: «Hvor kan jeg finne livets mening? Hvordan
er jeg beredt til å møte Gud? Hva
skal jeg ha med når jeg
tre fram for Herren?
Hører du svaret som Gud gir deg i dag? Han venter at du skal gjøre det som er
rett, vise trofast kjærlighet, og vandre ydmykt med din Gud. I det siste,
avgjørende møte med Gud er vi alle like»
<o:p></o:p>
Difor: Di meir nær vi med
våre liv lever i teneste og etterfølging av Han som verkeleg var fullkomen, di
meir vil det strøyme over oss av Guds nådige regn. Di meir vil vi kjenne hans
oppreising og tilgjeving. Di klårare vil evangeliets sol skine for oss, den
sola som er speilbiletet av Gud sjølv som sende Jesus Kristus til soning for
alle våre synder.<o:p></o:p>
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-32297993122639132872023-08-18T11:37:00.001+02:002023-08-18T11:45:52.724+02:00Søk først Guds rike
12. s. i treeiningstida.
20.08.2023
Brekke kyrkje
Matt.6,24-34<o:p></o:p>
No er det sommar. Men la oss ta eit steg
tilbake og tenkje på det som var då det var vinter. Vi ser for oss nokre born som
leikar i snøen. Det var våt og kram snø, og dei laga seg ein snøball som dei
tok til å trilla rundt og rundt på bakken.
Då veit vi alle kva som skjer. Snøballen
veks. Og for borna som leika, hende det som vi ikkje har vanskeleg for å
førestille oss: Den vesle snøballen som dei starta med, vart etter kvart så
stor at dei ikkje greidde å rikke han.
Kan dette enkle biletet gje deg eit
innblikk i korleis det ofte er med dine og mine suter? Med alt det vi går rundt
og gneg på inne i oss. Mykje av det kan vere smått og ubetydeleg, men dersom vi
får tumle rundt med det i våre sinn og i våre tankar lenge nok, så vert det til
noko svært og digert og urikkande.<o:p></o:p>
Slik er det veldig ofte med suter. Med
bekymringar. Dei kan vekse seg så store at vi ikkje hanskast med dei lenger. Då
vert dei til bører som kan bryte oss sund.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>I dag vil Jesus lære oss noko om våre
suter. Om at dei skal vi gløyme og i staden lite på Gud.
Men lett er det neimen ikkje!
Det er ikkje så mange av oss som treng
tenkje på kva vi skal ete eller kva vi skal kle oss med. Det var det Jesus
snakka om i si Bergpreike. Og han snakka med så vakre ord at dei har rissa seg
inn i språket vårt for all framtid:
Matt
6:26-29 <o:p></o:p>
Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje
sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i
himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk
kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er
de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje
og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var
kledd som ei av dei.
Fuglane under himmelen. Liljene på marka. Dei
er så vakre. Dei lever så fritt. Dei er utan vonde minne frå gårsdagen, dei har
det dei treng i dag, og dei tenkjer ikkje på morgondagen.<o:p></o:p>
Men morgondagen tenkjer Gud på!
Slik var det du og eg skulle ha det. Vi
som slepp å uroe oss for mat og klede, men som har skaffa oss så mange andre
suter og sorger i staden for. Vi hugsar kor redde mange var då pandemien tak tak
i oss. Vi høyrer dagleg om krig ikkje så langt unna. Vi synest straum og mat er
altfor dyrt. Og vi tenkjer på avdraga vi skuldar banken for lånet, vi uroar oss
for arbeidet vårt, vi har problem med helsa eller vi er redde for korleis det
skal gå med borna våre der dei ferdast på kveldstid eller nattestid. Sutene
står i kø. Og vi kan ikkje nekte for at i alle fall ein del av oss er veldig
flinke til å gjere som borna som laga snøball: Vi tumlar rundt med dei til dei
veks oss over hovudet; til vi kjem til det stadiet der dei ikkje er til å
rikke. Vi går oss til slutt fast i våre eigne suter og sorger.<o:p></o:p>
Og på legekontora veks køane av menneske
som treng hjelp til å meistre kvardagen; til å leve med angsten for morgondagen.
Jesus seier: Syt ikkje! Ver ikkje urolege
for morgondagen.
Men er det berre å opne munnen på denne
måte med ei formaning til å gløyme alt som er vanskeleg?Sjølvsagt måtte det vere herleg å kunne leggja av all angst og uro for
korleis det skal gå med oss vidare.
Men er det verkeleg mogeleg?<o:p></o:p>
Er ikkje dette berre store ord av Jesus som ikkje passar inn i ein norsk
kvardag, prega av oppjaga stress frå borna som går i barnehagen til overarbeida
helsepersonell som strevar det dei kan for å gje best mogeleg omsut til den
eldste generasjonen på sjukeheimen?
Det er store ord av Jesus!
Samstundes er det ord med eit fabelaktig innhald og med ei veldig
rekkevidde, om vi berre greidde å ta tak i kva det er Jesus vil ha sagt.
Jesu poeng er ikkje at nokon av oss skal la tilfeldige innfall og
utfall styre vår framtid. Jesus vil ikkje at vi skal leve uansvarleg - at vi
skal blåse i skulegang og utdanning eller at vi skal satse på at kjende eller
ukjende skal gje oss pengar eller mat til livets opphald utan at vi sjølve
treng å bry oss med arbeid og innsats. Jesus vil ikkje at eit menneske som vert
ramma av sjukdom, skal vere så utan tankar på framtida at det ikkje oppsøkjer
lege eller hoppar bukk over medisinar.<o:p></o:p>
Ein slik livsstil kallar vi svermeri. Det har ikkje noko med kristendom
å gjere.<o:p> </o:p>
«Blir ikkje to sporvar selde
for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der. Ja,
kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir
verde enn mange sporvar.»
Slik talar Jesus ein annan stad i Matt; i
kap.10,29-31
Ver ikkje redde! seier Jesus.
Syt ikkje for morgondagen! Morgondagen og dei dagane du og eg har fått, dei
kviler Herrens hender. Der kan du og eg søkje ro og kvile.
For Gud bryr seg om oss. Slik han bryr seg om fuglane under himmelen og
om liljene på marka. Ja, han bryr seg langt, langt meir om deg og meg enn han
gjer om resten av skaparverket. Han kler blomster i vakker drakt og flotte
fargar. Han gjev himlens fuglar eit luftig liv i fabelaktig fridom.<o:p></o:p>
Slik, ja endå meir enn det, vil han kle deg med det som er godt og det
som er vakkert. Slik, ja enda meir enn det, vil han gje deg fridom til å leve livet ditt i glad teneste for han som er
Herre over livet ditt, over morgondagen og over
framtida, ja, også over døden når den ein gong kjem.
Men eit vilkår set Jesus for at du og eg skal finne denne store fridom,
denne gode kvile og ei framtid vi kan gå inn i utan sut. Jesus seier:
"Søk
først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver
difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt.”<o:p> </o:p>
Guds rike, og hans rettferd. Dit styrer vi
tankane våre på denne søndagen.<o:p></o:p>
Eigentleg er det vi har tala om i dag, ein
tale om å leve i samsvar med det første av dei ti boda: ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”<o:p></o:p>
Det handlar om å setje Gud først. Om å
søkje Guds rike framfor mitt eige, framfor alt det viktige i mitt liv.
Tekstordet vårt vart innleia med dei kjende orda om at det ikkje går an å tene
både Gud og Mammon. Kan hende har dei aller fleste av våre suter og sorger si
rot i nettopp det at vi alle saman er Mammons tenarar. Vi er så opphengde i pengar
og eigedom og det som tilsynelatande set farge og glans på livet vårt, at det
rett og slett ikkje er plass for Gud der. Vi har ikkje tid til, og rom for,
Guds omsut. Då skal det ikkje mykje til før sutene vert som den vidgjetne
snøballen. Dei veks oss over hovudet og vi maktar ikkje å rikke dei.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Men det første bodet lyder altså: ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”
Det betyr at Gud skal ha førsteplassen.
Det betyr at Mammon og heile hans velde, skal vike for Gud i mitt hjarta og i
mitt sinn. Gud skal vekse, i staden for sutene. Gud skal vere som snøballen.
Han kan vi sleppe til i tankane våre. I bønene våre. I kvardagen vår. Også då
kan det verte som med snøballen. Gud kan vekse seg så stor for oss at han ikkje
er til å rikke.<o:p></o:p>
Men Gud vert ikkje ei bør, slik sutene
vert det. Gud er i staden den som ber!
Gud kan bere deg og meg gjennom kvardagar
der motgang og otte for framtida ikkje får maktstele oss.
For det er ein lovnad knytt til det å
først søkje Gud og hans rike; til å halde det første bodet:
”Søk
først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.”
Det er veldig mange menneske som kan vitne
om dette. Som kan fortelje korleis Gud gjev oss langt meir enn vi forstår å be
om. Nøkkelen ligg i det å leggje seg til kvile i dei hendene som kan bere, i
staden for at vi sjølve freista å bere det som har vakse oss over hovudet. Gud
vil gje oss alt det andre attåt.
I staden for sut og bekymring, vil Gud gje oss det vi treng, ja meir enn
det. Slik han pyntar liljene med form og farge og lukt så dei vert til noko av
det vakraste vi kjenner, slik vil Gud ”pynte” livet ditt med godleik og
velsigning.<o:p></o:p>
Slik Gud mettar himmelens fuglar utan at
dei treng korkje å hauste eller så, slik vil Gud mette deg og ditt liv med
godleik og miskunn.<o:p></o:p>
Ikkje ved å gjere livet ditt til eit
lettvint og sorglaust liv, men ved at du får kjenne at han er ved sida di; at
det er han som ber deg og ditt liv, i staden for at du må bere alt det som kan
tårne seg opp når det skyar over.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-84628862971844916982023-05-25T10:21:00.000+02:002023-05-25T10:21:16.410+02:00Då kom Jesus
Pinsedag I. 2023
Manger kyrkje
Joh 20, 19-23<o:p></o:p>
Det er store ting vi møter i pinsa.
Likevel er desse tinga så vanskelege å forstå. Så vanskelege å sjå. Så uråd å
måle opp. Håplaust, nesten, å ta tak i, halde i handa.<o:p></o:p>
Ingen forstår det opphavlege. Det som var
der då alt starta. Korleis vi vart til. Korleis menneska fekk liv. Vitskapen
fortel om noko langt der i fortida ein stad. «Big Bang» kallast det. Kaos vart
til orden. Liv oppstod. Og utvikla seg.<o:p></o:p>
Men vi som har Bibelen i handa, les også
om ei alternativ forklaring. Ikkje slik at Bibelens forklaring treng å setje
ein strek over vitskapens teoriar. Likevel: Bibelen reknar med Gud. Bibelen
nemner ein skapar, meir enn eit tilfeldig smell i det uendelege verdsrommet.
Eg trur ikkje at 1.Mosebok er ein journal over det som hende i opphavet. Men eg tenkjer at
Bibelens første bok hjelper små menneske til å ane at bak det ufattelege som
var skapt på eit eller anna vis, så er det ein som styrer det heile. Han styrde i opphavet. Han styrer òg i dag.<o:p></o:p>
I dag, på pinsedag har vi lese om det som
ein gong hende: «Då forma Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i
nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.» (1.Mos 2,7) <o:p></o:p>
Guds pust. Guds ande. Livspusten. Den som
skaper.
Om Andens skaparkraft skal vi syngje før vi går frå kvarandre i denne
pinsegudstenesta:
Alt skapes av den Ånd som daler,
alt virkes av den Ånd som taler,
den Ånd som skjenker lys og trøst
(Nos 232, 4)<o:p></o:p>
Ja, det er store ting vi møter i pinsa.
Skaparkrafta som skapte liv og livspust i menneska. Guds pust. Guds ande.
Livspusten.<o:p></o:p>
Vi har så vidt smaka på orda frå skapinga
i opphavet.
Og vi har lese vidare om krafta som skapte den første kyrkja. Som forma dei
første kristne. Som manifesterte seg på læresveinane. Om underet i Jerusalem,
femti dagar etter påske:
«Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte
heile huset dei sat i. … Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til
å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.» (Apgj 2,2+4)<o:p></o:p>
Framfor alt er det denne forteljinga frå
Apgj 2 som er forteljinga om pinsehendingane, og som definerer kva vi feirar i
denne høgtida. Læresveinane vart fylte med Ande frå Gud. Den same ande og
livspust som Gud bles i nasen på det første mennesket. Og dei stod fram, fylte
av Ande og livskraft på pinsedagen. Or munnen til læresveinane flaut ord på
framande språk. Ord som handla om det same, uansett glosar eller grammatikk: «-vi
høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» (Apgj.2,11)<o:p></o:p>
Kjære kyrkjelyd!
Dette er pinse: Det er orda om Guds storverk på vårt eige tungemål. Pinse
handlar om Guds storverk.<o:p></o:p>
Difor er det så flott at vi no har denne
forteljinga frå påska som vår evangelietekst og preiketekst på denne
høgtidsdagen, 1. pinsedag.
Evangelisten Johannes formidlar pinsa som ein del av si påskeforteljing.<o:p></o:p>
Pinseforteljinga i Apostelgjerningane er
skriven av Lukas, han som skreiv evangeliet som ber namnet hans. Lukas skildrar
korleis tusenvis av menneske var vitne til det som hende med læresveinane. Han
skildrar eit forunderleg syn av eldtunger. Han fortel om ein stormande lyd, og
ikkje minst, han skildrar språkunderet – at ulærde menn tala språk dei aldri
hadde lært.<o:p></o:p>
Men evangelistkollegaen Johannes viser oss
at Gud også gjev oss sin heilage ande på ein anna måte. Noko langt meir stillfarande. Meir beskjeden,
så å seie.
Johannes knyter påskeforteljinga og pinseforteljinga saman til ein
einskap.
Men også det Johannes vitnar om frå kvelden den første påskedagen er ein bit av
det som vert omtala som Guds storverk.<o:p></o:p>
Vi er tilbake til det alle største storverk
som Gud gjorde etter at han hadde skapt jorda og det første mennesket.<o:p></o:p>
Johannes tar oss med til dagen då
frelsarverket som var nødvendig for å berge skaparverket frå fortapinga vart
fullført.
Påskedagen, som starta i soloppgangen med kvinner ved den tomme grava som fekk
høyre frå engelen at den krossfeste Jesus hadde stått opp, denne dagen gjekk
mot kveld. Dei hadde samla seg, læresveinane. Dører var forsvarleg låste. Dei
var redde. Dei forstod ikkje det som var fortalt dei. At han dei gravla,
likevel var i live.<o:p></o:p>
«Då kom Jesus»<o:p></o:p>
Igjen seier eg: Kjære kyrkjelyd!
Dette er pinse: Det er orda om Guds storverk på vårt eige tungemål. Pinse
handlar om Guds storverk.
Det største er dette: «Då kom Jesus»<o:p></o:p>
Desse tre orda, fortalde om korleis den
aller første dagen med ein oppstaden Jesus, levande mellom sine eigne, utvikla
seg før det vart natt, er på mange måtar eit fortetta pinseevangelium i
forlenginga av påska. «Då kom Jesus»<o:p></o:p>
Ja - Jesus kom gjennom det som vart
forkynt, også på pinsedag då folkemassane i Jerusalem fekk høyre om Guds
storverk på deira eigne, ulike, tungemål.<o:p></o:p>
Men Johannes knyter påskedagskvelden til
pinse også på ein annan måte. For han fortel kva Jesus gjorde i dette første
møte med sine næraste vener etter at han hadde kome inn til dei, gjennom dei
stengde dørene.<o:p></o:p>
Først helsa han dei med fred. Men så: «Igjen
sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk» Med
desse orda anda han på dei og sa: «Ta i mot den heilage ande! …»<o:p></o:p>
Jesus anda på dei, står det. Han pusta på
dei - slik Herren Gud pusta livsande i nasen til det første menneske. Han gav
dei sin Heilage ande. Det hende påskedag. Om kvelden.<o:p></o:p>
Pinseunderet, femti dagar seinare, i
Jerusalem, framfor tusenvis av utlendingar, var ei synleg manifestering av det
som allereie var ei realitet: Dei tolv var utrusta med liv og kraft og Ande frå
Jesus sjølv.<o:p></o:p>
Allereie påskedagen gav han dei marsjordre:
«Som Far har sendt meg, sender eg dykk»<o:p></o:p>
Også det er pinse. Pinse er å gå ut i den
krafta som kjem frå Anden. Pinse er å ta med seg krafta frå Gud og formidle den
vidare i ord og i gjerningar. Pinse er å tale om dei store gjerningane som Gud
står bak. Om skapinga og livgjevinga.
Om frelse og forsoning ved at vi trur på den krossfeste, men levande, Jesus som
kom frå Gud for å vere nær oss. For å puste på oss. Gje oss livsande og kraft.
For å gje oss fred og frelse.<o:p></o:p>
Det er forunderleg og stort å oppleve det
vi ser og høyrer frå lokalsamfunn her i vårt eige land at nett no før vi feirar
pinse. Ordet om Jesus lyder med slik kraft at folk i store flokkar samlar seg i
små bedehus, i større bedehus. Og flyttar så inn i idrettshallen på Lindesnes som
rommar 1500 menneske, fordi dei vil høyre forkynt ordet om Jesus som ei kraft
til liv og lækjedom.<o:p></o:p>
På pinsedag i Jerusalem tala læresveinane
på latin og arabisk og gresk og andre språk som den gongen var levande i landa
rundt Middelhavet. Dei tala om Guds storverk.
Dei tala om Jesus. Dei tala om han som kom til dei gjennom stengde dører den
første påskedagen, same dagen som han sleit seg laus or grava der han hadde vore i døden.<o:p></o:p>
Mellom påske og pinse i dette året har dei
tala om den same Jesus på vanleg norsk der nede på Sørlandet. Mange har lytta.
Mange har lagt livet sitt i Jesu hender.
Vi må våge å be om det same her på strilelandet. Be om at ordet må lyde kraftig
og sant.
Ordet om den levande Jesus som vil gje oss fred. Som vil utruste med kraft. Som
vil puste på oss med sin heilage ande. Ordet som skal vere til frelse for kvar
og ein av oss.<o:p></o:p>
Tør vi våge oss ut etter pinsegudstenesta
og be Gud om dette? <o:p></o:p>
Då kan kanskje ei overskrift i
lokalavisene denne sommaren verte: «Då kom Jesus!»<o:p></o:p>
AMEN<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-80404369769175114972023-03-02T13:38:00.006+01:002023-03-02T13:40:06.039+01:00Kampen for velsigning
I . 05.03.2023
2.s.i fastetida. I. 5.mars 2023
Fauske kirke [Erdal 2003-Tveit 2005]
Matt. 15, 21-28
Kyrie eleison.
Vi syng det ut på ulike melodiar. Nokre
utan å tenkje over kva det tyder. Andre med djup innleving. Orda er ein del av
vår gudsteneste. Av den faste liturgien som kjem att søndag etter søndag. Orda
er greske. Dei einaste orda vi har på eit anna språk i det vi ber fram for Gud
i gudstenesta. Men vi treng ikkje å uroe oss over at Gud ikkje skjønar gresk.
Når til og med presten har greidd å lære seg litt av dette språket, så kan du vere
trygg på at Gud ikkje treng tolk, korkje for å forstå eit bønerop på norsk
eller på gresk.
For Kyrie eleison er eit bønerop. Det var
nettopp det ho ropa, den kanaaneiske kvinna vi har helsa på gjennom tekstordet
på denne 2.s. i faste.<o:p></o:p>
Kyrie eleison – Herre miskunna deg – tyder
orda.
"Herre, du Davids sønn, miskunn
deg over meg! – slik ropa kvinna frå Kanaan. Kyrie!
Over alt der kristne samlast har vi teke
med oss desse bønneorda inn i våre gudstenester, anten dei går føre seg i
Noreg, i Sverige, i England eller i ei av pavens mange kyrkjer rundt om i
verda.<o:p></o:p>
Vi finn ikkje desse orda så mange stader i
NT. Ein stad er nettopp i vår preiketekst. Her høyrer vi ropet frå den fortvila
kvinna som bad for dotter si som var så ille plaga av ei vond ånd. I Luk.17,13
lyder ropet enno ein gong. Der er det fortvilte spedalske som ber i si naud, og
i Matteus 9 og Matteus 20 møter vi blinde menneske som ber om miskunn og om
nytt syn.
Kyrie eleison – Det er ropet frå dei
fortvila, frå dei hjelpelause, dei som kjenner trykket av sjukdom og vond
lagnad.
Dette ropet får vi lov å ta i vår munn.
Og kanskje kan vi også gle oss over at Gud
har høyrt ropet vårt. I alle fall har han gjort det mange gonger, om ikkje
alltid, for mange av oss kjenner at Gud gav oss miskunn. Gud rekte ut handa.
Gud kom oss til hjelp.
I dag skal ropet repeterast. Vi ropar det
ut her i Fauske kirke ved inngangen til fastetida. Vi ropar det ut med tanke på
dei menneska som vert sett i fokus gjennom fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Dei
som manglar det meste, ikkje minst vatn i kvardagen. Vatn til drikke og til å vaske seg i.
Andre som treng hjelp frå Kirkens Nødhjelp er på flukt frå krigen i Ukraina.
Eller dei frys og sørgjer i ruinane etter jordskjelvet i Tyrkia og Syria.
I kyrkjene våre, og i fasteaksjonen som konfirmantane seinare tek del i, ropar
vi til Gud, høgt i kor: Kyrie Eleison.
Ver med i ropet til Gud, på vegne av alle som lir naud: Kyrie eleison!
Det er fastetid. På 2.s. i faste handlar
det om kamp. Kamp for å verte velsigna av
Gud. Vi har allereie nemnt den kanaaneiske kvinna sin kamp for at Jesus skulle
gripe inn og fri den plaga dotter hennar frå vonde ånder.
Men vi las også
om Jakobs kamp for å verte velsigna av Gud. "Jeg slipper deg ikke uten
at du velsigner meg." Jakob gjekk inn i ein så reell og tett kamp med
Gud for å få Guds velsigning at han rett og slett fekk skade på kroppen. Hofta
hans vart slegen ut or ledd.
Dette var Jakobs utgangspunkt i kampen med
Gud.
Det er eit ord til oss i dag også: Det
nyttar å kjempe med Gud for å oppnå velsigning, det gode i livet.
For velsigninga har fleire sider. Velsigninga
har ei materiell side. Det at Gud gjev oss helse, livsopphald, arbeid, slekt,
eit godt liv; alt dette er uttrykk for velsigning frå Gud. Og alt dette er det
lov å kjempe for. Ja, vi ser ofte korleis det nettopp har kosta kamp, strev og
forsaking å oppleve materiell velsigning. Når ein så oppnår det, er det godt å
kunne takke Gud for slike velsigningar.
Men framfor alt er Guds velsigning ein
åndeleg storleik. Det å oppnå at ein får kvile i Guds nåde, at ein kanskje får
lov å tene han med bøn og arbeid, gjevarteneste og misjonsinnsats gjennom eit
langt liv, og framfor alt at ein til slutt får fred med Gud og kan gå ut or
dette livet med ei levande von om å få møte Gud ansikt til ansikt, det er den
største velsigning vi kan oppnå som menneske her på jorda.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p> "Jeg slipper deg ikke uten at
du velsigner meg."
<o:p> </o:p>Denne søndagen viser oss at vi kan ta tak
i Gud. Jakob gjorde det. Den kanaaneiske kvinna gjorde det. Begge desse to, dei
rett og slett kjempa med Gud for å få hans miskunn. For å oppnå hans velsigning.
<o:p> </o:p>Eg vil i dag leggje vekta på dette at det
nyttar å gå i nærkamp med Gud.
Det nyttar å gå tett inn på Jesus og
leggje fram for han vår eiga naud. Vår uro. Det vi er redde for. Vi får jamvel
rope til han på vegne av andre, slik dagens hovudperson gjorde det. Dotter
hennar var ille plaga av ei vond ånd, kan vi lese.
Kva denne ånda eigentleg er, kunne vi
sjølvsagt bruke tid til å fundere på. Det trur eg er lite fruktbart. Det står
ingen ting om at Jesus dreiv ut den vonde ånda. Men at han gjorde jenta frisk:
"Kvinne, din tro er stor. Det skal
bli som du vil." Og datteren ble frisk i samme stund.”
<o:p> </o:p>Diverre er det slik i mange samanhangar at
det frå talarstolar i kyrkjer og bedehus frå tid til annan vert framstilt som
om livet som kristen er ein samanhangande dans på roser. At det berre er å
falda hendene eller evnt. strekkje dei over hovudet og stemme i eit litt enkelt
lovsongsvers, så fløymer velsigning og bønnesvar ned over ein.
Den som har levd som kristen ei stund veit
at slik er det ikkje alltid.<o:p></o:p>
Det er godt å vere kristen. Det er trygt å
vere kristen.
Men det er ikkje alltid like lett å vere kristen. <o:p></o:p>
Rett og slett fordi vi er menneske som
ikkje forstår Guds tankar. Vi skjønar heller ikkje alltid korleis Jesus kunne
handle slik han faktisk gjorde. <o:p></o:p>
Kvifor var Jesus så uforskamma avvisande
då denne kvinna ropa til han om miskunn for dotter si? Kvifor måtte ho finne
seg i å verte samanlikna med ein hund?<o:p></o:p>
Eg veit ikkje. For heller ikkje eg forstå
alle sider ved Jesus.
Men eg ser at han let seg påverke. Eg ser
at det nyttar å trygle og be. Det nyttar å kjempe.
Kanskje går det slik med oss som med
Jakob? Han kjempa så hardt at han fekk skade på kroppen.
Heller ikkje det forstår eg fullt ut. Men
det lærer meg i alle fall ein ting:<o:p></o:p>
I ein slik kamp viser ikkje Gud seg som
den allmektige og uovervinnelege som vi menneske ikkje har noko å stille opp
mot. Det er ikkje den allmektige skaparen som tek fram kreftene sine i denne
kampen. Det er derimot Gud som gjennom det at vi møter motstand, viser at han
verkeleg er der. Vi har ikkje med luft og tomrom å gjere, men med ein reell og
nærverande Gud som både kan gje oss skade på kroppen, men som i endå større
grad ynskjer å gje oss av si rike velsigning.
”- du har kjempet med Gud og mennesker og vunnet." Det var ordet Jakob fekk høyre etter kampen
mot Gud. Jakob hadde sigra til slutt. Han fekk det han kjempa for. Guds velsigning
Kvinne,
din tro er stor. Det skal bli som du vil." Og datteren ble frisk i samme
stund.”
Det var ordet
kvinna vi samlar oss rundt fekk høyre. Ho fekk det ho kjempa og bad om. Ikkje
berre for sin eigen del. Det viktige var at dottera som kvinna gjekk i forbøn
for, ho fekk helse og lækjedom.
Kyrie eleison!
Herre, miskunne deg!<o:p></o:p>
Eg er sikker på
at dei fleste av oss har våre grunnar til å rope på Gud. Til å kjempe. Vi har
noko vi ber om. Nokon vi ber for. Vi er urolege
og redde for kva terror og krig kan gjere med jorda vår.
Vi ropar til
Gud i dag.
Vi går inn i
kampen. Vi set trua vår på prøve, og vi gjer det i tillit til at han som
skjønar både gresk og norsk vil høyre, og at han i si tid vil svare.
Jeg vil med kvinnen fra Kanaans egne
rope i lengsel og aldri bli still
før du på bønnen til slutning må tegne:
Amen, ja amen, deg skje som du vil!
(NoS 158, v.5)<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>AMEN
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-5242290994149329972022-12-01T17:03:00.000+01:002022-12-01T17:03:47.882+01:00Forventning
2. s. i adventstida. I - 04.12.2022.
Eidsvåg krk
Johs. 14,1-4<o:p></o:p>
Kjære kyrkjefolk.
Heime hjå oss har vi to som lever og bur i lag fleire gonger snakka litt saman
om ein trend som vert meir og meir tydeleg.<o:p></o:p>
Folk som er yngre enn oss, og som år for
år skaper sine eigne tradisjonar i førjulstida, ser ut til å ha dårleg tid fram
mot jul. Det verkar som om dei ikkje kan vente til at det skal stå 23. eller 24.
eller 25. desember på kalenderen. Det er full fres i juleaktivitetane ein
månads tid før. Og så er ein kanskje ferdig med feiringa allereie i romjula.<o:p></o:p>
Dette er relativt nytt, og det verkar å få
ytterlegare fart på seg for kvart år som går.
Avisa Vårt Land kommenterte det på leiarplass i veka som gjekk. Der kom det
fram noko om at kyrkja ikkje må avgrense folk si begeistring og iver etter å gå
inn i ei kristen høgtid.
Det er sjølvsagt rett.
Samstundes tenkjer eg at kyrkja så absolutt bør stå fram som ein korreksjon og
ei motvekt til den umåtelege kommersialiseringa og forflatinga av den kristne
høgtida som samtida vår klart og tydeleg er inne i. Når eit seriøst forlag i
landet vårt marknadsfører Charles Dickens «A Christmas Carol» som verdens mest
berømte juleforteljing, har dei gått glipp av noko. Noko som vi faktisk ser på
som utgangspunktet for vår tidsrekning. Vi lever i året 2022 etter Kristi
fødsel! Forlagsfolka har sikkert ein Bibel i sine hyller. Den mest kjend
juleforteljinga finn dei i Lukasevangeliets 2. kapittel, om dei skulle vere i
tvil.<o:p></o:p>
Mange kristne er urolege for tida vi lever
i. Urolege for framtida vi ser kome mot oss. Urolege for kyrkja sin plass i den
framtida. <o:p></o:p>
Men på denne adventssøndagen blir vi som
finn vår plass i ei kyrkje, velsigna med ord frå Bibelen som er av dei dei
aller beste orda frå Jesu eigen munn. Ord til alle som er urolege. Som er
redde. Redde for framtida. Redde for kyrkja. Redde for sekulariseringa. Redde
for verda si framtid. Redde for krig. Redde for klimakollaps. <o:p></o:p>
Ordet frå Jesu eigen munn. Sit deg godt til rette på stolen din no og ta
det inn over deg. Gled deg over det som Jesus seier til oss:
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»<o:p></o:p>
Vi ville så gjerne at alle dykk som tok
tilflukt i dette kyrkjerommet på ein elles så hektisk og travel førjulssøndag nett
no skulle få kjenne litt på det rolege. Det trygge. På dette uforklarlege og
forventningsfulle som knyter seg til det å være nær Gud.
Vi vil så gjerne løfte dette fram til kvar einaste kyrkjegjest i dag. Ung eller
gamal. Det er ord til oss alle. Ingen skal kjenne at dette er mynta på
sidemannen. Dette er til meg. Til deg: Ordet frå Jesu eigen munn: «La ikke hjertet
bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»<o:p></o:p>
Det er veldig mange forventningar til
desse dagane og vekene vi er inne i nett no. Eg er sikker på at noko av det vi
har aller mest forventning til er eit ord på fire bokstavar: FRED!<o:p></o:p>
Vi ser på det som hender i Ukraina. Vi
vert fortvila når vi høyrer om snø og kuldegrader og mangel på straum midt i
bomberegnet. Vi hugsar gamle historiebøker med uskarpe foto frå skyttargraver i
same området for over 100 år sidan. No dukkar tilsvarande bilder opp på våre TV-skjermar.
Vi kjenner på apati og hjelpeløyse. Mange er redde.
Snart er det jul. Då skal vi høyre eit ekko frå englane på Betlehemsmarkene: Dei
som song om fred på jord.<o:p></o:p>
Fred. Fred utan krig, Men også: Guds fred
– den lengtar mange av oss etter.
Guds fred – den forkynner vi til dykk her i kyrkja. Guds fred den ber vi om,
som det siste vi gjer i gudstenesta når presten lyser velsigninga: «Herren
løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!»<o:p></o:p>
Treng vi freden meir i adventstida, enn vi
gjer elles i året?
Kanskje ikkje. Men adventstida er ei veldig kontrastfylt tid. Vi syng
julesongar, litt for tidleg kanskje, i desse dagane. Om fred på jord. Om han
som kom med fred og håp til oss. Vi førestiller oss kanskje litt i overkant
mykje idyll rundt heimekos, brennande lys og juleførebuingar. Idyllen er ikkje
alltid innlysande om vi skal være ærlege. Dei hektiske kvardagane tek snarare
pusten frå oss, enn dei roar pulsen ned. <o:p></o:p>
Vi som steller med kyrkja og alt som skjer
her i tida fram mot 24., 25. og 26. desember, vi har det hektisk vi også. Både
med kyrkjelivet og i privatlivet.
Også for alle oss, er det difor balsam for sjelene våre å puste godt ut, for
deretter å puste inn; puste inn anden som kviler over Jesu ord i dag: «La
ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»<o:p></o:p>
Bibeltekstane som vi har lese denne
søndagen, har i seg ei denne høgst verdifulle vinklinga. Ikkje berre
evangelieordet. Men også det vi høyrde frå den gamle salmen vi har lese i lag.
Det er ord med håp, ikkje minst for dei som lever i krigssona. Det er ord som
er henta frå krigens vokabular:<o:p></o:p>
Men Herrens øye hviler på dem som
frykter ham og venter på hans miskunn,
så han kan fri dem fra døden og holde dem i live gjennom hungersnød.
Vår sjel venter på Herren; han er vår hjelp og vårt skjold.
(Ps. 33. 18-20)<o:p></o:p>
Det er krevjande å forkynne slike ord når
bombene fell.
Er dei trøystefulle, eller er dei ord om at håpløysa berre vil dra ut endå
lenger?
Herren … er vår hjelp og vårt skjold.
Ja, eg trur på det. Men eg forstår godt om dei krigsramma også speidar fortvila
etter dette skjoldet når dei gøymer seg ruinane.<o:p></o:p>
Andre adventssøndagen kallar vi gjerne for
forventningas adventssøndag.
Det kviler mykje forventing over oss i dag. Nokre av oss boblar kanskje over av
dette. Så mykje forventning at vi risikerer å bli skuffa fordi vi ikkje maktar
å oppfylle alt som ligg og blenkjer i denne glansen.<o:p></o:p>
Kanskje er det difor godt om vi vil la oss
justere av bibeltekstane til kva som er realistisk og rett å knyte for forventingar
til. Då er det i alle fall eit bibelvers som har blitt lese som for meg flyttar
fokus til det er trur er det verkeleg sentrale nett no. Det vi las frå GT, frå
Salme 33,22: «La din miskunn være over oss, Herre! Det er deg vi
venter på.»<o:p></o:p>
Midt i vår lengt etter jul, ein lengt som
vert forsterka av handelsstandens utspekulerte knep for å få opp forbruket;
midt i våre rop etter ei rettferdig verd, også for dei fattige mellom oss; midt
i våre bøner om at freden må senke seg, helst før julekvelden skal tone ut i «Deilig
er jorden»; så ligg det forventningsfulle og fredfulle i det å skulle gjere seg
klar til å møte Jesus.<o:p></o:p>
Dert er han vi ventar på. Han som vil ta
angsten og redselen bort frå hjarto våre. Han som kallar oss til tru. Han seier
også i dag:
«- jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere. Og når jeg har gått
og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så
dere skal være der jeg er.  Og dit jeg går, vet dere
veien.»<o:p></o:p>
Høyrer du den undertonen av forventning
som slike ord frå Jesu munn kan skape?
Eg veit ikkje heilt kva for bilete du får for ditt indre auga når du les slikt,
men sjølv ser eg Jesus for meg når han går rundt i det store huset med dei
mange rom der Jesus steller til for kvar og ein av oss. Det som heiter Far hus.
Eg fantaserer forventningsfullt rundt dette omtrent slik når eg innbiller meg
at Jesus seier omtrent dette: <o:p></o:p>
- I eit av romma i min Fars hus skal Øystein
bu! Lenger borte i gangen bur Arthur, Øysteins far. Det er over 40 år sidan
faren flytta inn. Men ein dag skal dei på nytt få tid i lag, far og son. Uendeleg
med tid. Og eg skal lage eit festbord, berre for dei to. Eller kanskje heller –
for heile den store familien deira.
Slik trur eg Jesus tenkjer.<o:p></o:p>
Så trur eg Jesu går inn i nokre andre
korridorar. Der står det enno ledige rom. Han veit kven dei er reserverte for.
Og eg trur at han sender bøner til sin Far om at dei som skal flytte inn der må
finne vegen fram, at dei ikkje skal rote seg bort på vegen gjennom livet slik at romma blir
ståande tomme når den verkeleg store festen i Fars hus ein gong tek til, når
det ikkje lenger er bruk for klokke og kalender; når tida på jorda er brukt opp
og vi går inn i den store eva.<o:p></o:p>
Slik vågar eg å tenkje for meg sjølv. Eg
veit ikkje om eg tenkjer rett, men bileta i mitt indre av huset til Far let seg
ikkje viske bort. Men vi legg slike fantasiar til side.<o:p></o:p>
Uansett er det slik at på denne andre
adventssøndagen, lar Jesus oss få høyre hans eigne håpefulle og trøystefulle
ord. Ord som kallar oss til kvile. Til ro og til tru.
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»<o:p></o:p>
Eg har invitert deg til å finne kvile i
ein hektisk kvardag med aukande julestri, og på ein hektisk søndag i
adventstida. Kvila ligg i desse vakre orda frå Jesu munn om det han nett no er
i ferd må gjere. Han held på å gjere alt klart for å møte oss. Eit møte i Fars
hus.
Eg har eit inderleg ynskje om at du allereie i dag, i dette kyrkjerommet kan få
ei aning av at det er godt å vere i Fars hus. I Guds hus. <o:p></o:p>
Eg inviterer deg til å teste forventninga
di endå eit lite hakk. La deg utfordre til å tru, slik du sikker har gjort det
før. Ta del når vi innbyr til nattverd i dag.
Nettopp då nærmar vi oss alle dette uforklarlege som knyter seg til det å være
nær Gud. Nettopp her, ved nattverdbordet, tek trua over.
Jesus seier at det er ikkje noko å vere uroleg for.
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»<o:p></o:p>
Og om du kjenner på at du allereie kviler fast
i trua på det vi har snakka om i dag, så kan du til slutt i dag, før vi går frå
kyrkja, få leggje hjarta ditt og tilsvaret ditt i det fantastiske håpet som vi
skal syngje om heilt til slutt, det som er sjølve framtidshåpet og målet for
all vår forventning på denne andre søndagen i adventstida: «Ja, engang mine
øyne skal se Kongen i hans prakt; …»<o:p></o:p>
AMEN<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-10444564969423888212022-09-09T16:13:00.002+02:002022-09-09T16:13:53.047+02:00Ankerfeste
14.s. i
treeiningstida. Vingardssøndagen. III. 11.09.2022
Eidsvåg krk
Matt.19,27-30<o:p></o:p>
«Vi er et folk på vandring»
song vi til innleiing i denne gudstenesta.<o:p></o:p>
Vi har eit mål for livet
vårt.
Det vesle dåpsbarnet vi har presentert her i kyrkja i dag kvilte i trygge,
vaksne hender då vi høgtideleg bar han inn i prosesjon.
På denne dagen var målet ein heilag stad her i kyrkjerommet. Det var å lese dei
heilage orda frå Bibelen, og det var å ause det vigsla dåpsvatnet over barnehovudet
slik at fellesskapet med Kristus og med den verdensvide kyrkja vart etablert og
konstituert.<o:p></o:p>
Ei vandring har starta for
den vesle guten vi døypte. Vandring mot eit mål. Vi håpar og trur at målet enno
er langt unna. At mange år skal levast. Eit liv skal formast. Vaksne skal visa
vegen, fram til guten er stor og forstandig nok til sjølv å velje, til sjølv å
tenkje, til sjølv å ta ansvar for sitt eige liv.<o:p></o:p>
For tre dagar sidan ebba
eit langt og forstandig liv ut på eit slott i Skottland. Det mest berømte
menneske på jorda sovna stille inn, i veldig høg alder. Ingen i vårt land kan i
desse dagane unngå å høyre om dronninga, anten vi er rojalistar eller republikanarar.
Vi får tallause påminningar om det eventyrlege livet dronning Elisabeth har
gjennomlevd. Eg skal gå veldig lett forbi det aller meste.
Men ein ting vil eg minne om, og dette vert veldig lett hoppa bukk over når
pressa i desse dagane kan fylle alle plattformar med kongeleg stoff.
Kvar 1.juledag heldt Elisabeth ein kort tale til folket sitt på engelsk
fjernsyn, BBC. Desse talane har ein fantastisk profil. Ingen prest i Church of
England, som ho var overhovud for, kunne vore meir personleg og meir presis i å
forkynne den kristne julebodskapen enn dronninga. Talane kan vi framleis sjå og
lese på nettet.<o:p></o:p>
I 2014 sa ho bl.a.: For
me, the life of Jesus Christ, the Prince of Peace, whose birth we celebrate
today, is an inspiration and an anchor in my life. A role-model of
reconciliation and forgiveness, he stretched out his hands in love, acceptance
and healing.
Heilt personleg seier ho altså om Jesus: «For meg er livet til Jesus Kristus,
Fredsfyrsten, som vi i dag feirar fødselsdagen til, ein inspirasjon og eit
anker i livet mitt. Ein rollemodell for forsoning og tilgjeving. Han retta ut
hendene sine i kjærleik, anerkjenning og med lækjedom.»<o:p></o:p>
Frå Bibelen har vi i dag
lese ord av Paulus. Ord om eit mål han har i sikte ein stad der framme. <o:p></o:p>
Han lengtar etter oppstoda
frå dei døde: «-om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde! Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg
jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer
eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har
kalla oss til i Kristus Jesus.» (Fil. 3,11-14)<o:p></o:p>
Paulus var gripen av Jesus
Kristus. Han såg fram mot målet, oppstoda, det å verte eitt med han.
Dronninga som døydde var også gripen av Jesus Kristus.
Ho har tala krystallklår om det ved mange anledningar, som f.eks då ho sa: «For
meg er livet til Jesus Kristus, Fredsfyrsten, … ein inspirasjon og eit anker i
livet mitt.»<o:p></o:p>
Kjære alle dykk i Eidsvåg
menighet:
Tenk om vi alle hadde eit ankerfeste for livet vårt. Eit anker som knytta oss
fast til Jesus slik at målet var klårt for augo våre heile tida: Å nå fram til
oppstoda og evig liv.<o:p></o:p>
No kunne vi kanskje sagt amen,
og lagt Bibelen til side.
Men då tek vi for lettvint på det vi les i evangeliet til oss på denne dagen.
For noko skal skje på vegen mot målet.
Kva var det vi song?<o:p></o:p>
Vi er et folk på
vandring.
I uro, bekymring og nød,
da søker vi styrke og stillhet,
og samles om vin og brød,<o:p></o:p>
Uro, bekymring og nød.
Målet der framme er stort og lysande og innbydande.
Men vegen dit kan
vere kanta med «uro, bekymring og nød.»
Den døde dronninga fekk smake sitt av alt slikt, midt i det ufattelege
luksuslivet ho levde, kanskje avskjerma frå folket ho på sin måte tente. Men
likevel vitnar ho for oss at ankerfestet hennar i det livet som no er over, var
Jesus Kristus, Fredsfyrsten.<o:p></o:p>
Også
læresveinane til Jesus var urolege. Dei
hadde forlate alt, seier Peter. Så mykje at til og med desse aller næraste
venene til Jesus forventa å få noko att, noko som kunne bøte for det som Jesus
sjølv omtalar som å «forlate hus eller brør eller systrer eller far eller
mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld»<o:p></o:p>
Når eg ser utover denne
forsamlinga som er i Eidsvåg ved inngangen til eit nytt haustsemester, når eg
inkluderer meg sjølv og mine næraste, og spør om dette er ord som passar på oss,
så vert eg forlegen.
«-forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller
åkrar»
Har nokon av oss gjort det for Jesu namn skuld?<o:p></o:p>
Det finst nok menneske som
vi i dag kan peike på at dei har forlate uendeleg mykje. Nettopp dette: «hus
eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar»
Men dei som gjorde det er vel helst flyktningar. Frå Ukraina. Frå Syria.
Frå land i Afrika der det mest kollapsar rundt det som er bygd opp. Det var
krigen som tvinga dei til å forlate. Eller klimaet. Flommane. Tørken. Heten.
Det finst nok også kristne som er på flukt fordi dei trur på Jesus. I Kina, for
eksempel.<o:p></o:p>
Jesus vil at vi skal halde
oppe motet på vandringa gjennom livet. Han lovar ikkje at vi, på vår veg mot
målet vi håpar på for livet vårt, skal sleppe unna det å forlate. Det å
forsake. Det å måtte seie nei til seg sjølv og det ein mest av alt lystar.<o:p></o:p>
Men han fortel at ein gong
skal vi få att i goder, mangedobbelt, for det vi måtte forsake.
Dette mangedoble ligg gøymt i det evige. I håpet i det som gjer at vi kan løfte
hovudet i fortrøystning.<o:p></o:p>
Juledag 1980 sa dronning
Elisabeth til folket sitt i sin tale: «Vi veit at verda aldri kan verte fri for
konflikt og smerte. Men jula viser oss alt som er håpefullt og godt i ei verd i
endring. Den talar om verdiar og kvalitetar som er sanne og varige, og minner
oss om at den verda vi ynskjer å sjå, berre kan kome frå godleiken i hjartet.»<o:p></o:p>
Vi er på veg. Livet er
sjølve vegen.
Det nyfødde livet vert bore dei første stega mot målet. Etter kvart flyttar vi
våre eigne føter. Steg for steg. Kanskje får vi trong til å jage fram, strekkje
hender mot målet, slik Paulus skriv om det.
Men om vi kan lære av dronninga, så skal vi sleppe å stresse. Vi skal kvile i
dette at vi er festa til Kristus; til hans liv og gjerning. Vi fekk ankeret festa til han i dåpen. Han
vil føre oss fram. Kristus vil vere vår inspirasjon og vårt ankerfeste, slik
han var det for henne som gjekk over målstreken for tre dagar sidan.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-39094438481215710222022-09-01T14:29:00.002+02:002022-09-01T14:29:59.286+02:00Ord til Kristi vener
13. s. i treeiningstida. III - 04.09.2022
Eidsvåg krk.
Johs. 15, 13-17<o:p></o:p>
Kjære alle i Eidsvåg kyrkje. Takk for at
de fann vegen hit på ein vakker sommardag.
Det er godt å vere i lag med dykk, sånn på overtid i mi presteteneste. Her
starta eg opp som kyrkjelydsprest for akkurat 40 år sidan i ei splitter ny
kyrkje. Og her skal eg, som no er pensjonist, få halde fram å hjelpe til med å
halde hjul i gang i ein periode på nokre månader, mens vi ventar på nytt
prestemannskap. Dette ser eg fram til. Nokre av dykk er ukjende for meg. Men
framleis er det mange ansikt her som med rette kan seiast å vere gamle
kjende.<o:p></o:p>
Vi møter kvarandre i dag i lyset av dei
orda vi har no har delt gjennom dei tre lesingane frå Bibelen. Spanande ord som
gjev innsikt i det som godt kunne vore pensum i eit kyrkjeleg leiarkurs. Nyttig
tilnærming for alle som kjenner seg engasjert, oppglødd og villig til å dele
ein bit av livet sitt i lag med andre som trur og tilber i den kyrkja vi
tilhøyrer og som vi er døypte inn i.<o:p></o:p>
Vi startar med å minne om det vi las om
Moses. Denne eineståande gudsmannen som hadde fått den store oppgåva å føre
Israelsfolket ut or fangenskap i Egypt og heim til landet som folket skulle
eige og leve i – Israel.<o:p></o:p>
Det vi las frå 2.Mos 18 var ikkje noko
mindre enn den eldste innføring i godt leiarskap som eg kjenner til. Det er som
å vere på eit innføringsseminar for nytilsette i eit stort, moderne firma der
arbeidsfordeling og oppgåveansvar vert delt mellom dei tilsette. Og den som
heldt forelesinga er svigerfaren til Moses, Jetro.
Men det kunne gjerne vore staben i Eidsvåg menighet som snakka saman framfor
eit nytt semester. Arbeidet som Moses var ansvarleg for, var viktig. Også for
ein moderne kyrkjelyd. «Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover» seier
Moses. <o:p></o:p>
Men også det å jobbe med noko viktig i ei
kristen kyrkje, det er ein jobb og eit ansvar som må fordelast på mange.
Svigerfaren sa altså til Moses: « - du skal sjå deg ut dugande menn av heile
folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal
setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti.  …  Slik
skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg. Gjer
du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her
dra heim i fred.»<o:p></o:p>
I dag vil eg nytte anledninga til å rette
ei takk til dei mange her i Eidsvåg som fram gjennom åra har vore slike som har
teke ansvar, som har gått inn og vore medhjelparar, medberarar og medarbeidar
for at ordet om Gud, og frå Gud, skal spreiast, gjerast kjend og etterlevast
lokalt her. Sokneråd. Barnearbeid. Ungdomsarbeid. Kjøkkenteneste. Korarbeid.
Praktiske utfordringar. Medliturgar i gudstenesta. Massevis av oppgåver som har
vorte utførte og løyst.
Takk for det taket du tok. For din velvilje i kjærleik til Gud og til din
neste.<o:p></o:p>
Massevis av oppgåver ligg framleis der
framme og ventar. Difor kan vi aldri slutte med å repetere kallet til
medarbeidarskap i ei kristen forsamling. Nye menneske må få møte kallet. Unge
menneske må få høyre at Jesus gjerne vil ha dei med på laget. Difor lyttar vi alle
nøye til desse utsnitta frå Bibelen som vi har lese saman.
Vi høyrde også eit utdrag frå Apostelgjerningane i dag. Det handla om medarbeidarskap, det òg. Om at dei
første kristne delte på
oppgåver slik at ingen vart oversette, eller sette til sides på ein måte som
kunne skape misunning og splid.
Nokre måtte ta på seg praktiske oppgåver. Elles vart det lett slik at dei som
gjekk for å vere læresveinar ikkje fekk tid til å utføre si hovudoppgåve –
tenesta med bøna og med å forkynna Ordet. Dei kalla difor på hjelp til «tenesta
ved borda» - kjøkkenteneste, rett og slett. Eller kanskje vi i dag skulle kalle
det for diakonalt arbeid?<o:p></o:p>
Uansett – som på Mose tid - det gjekk på
arbeidsfordeling også for dei alle første kristne vi les om i
Apostelgjerningane. Organisering.
Men dette praktiske arbeidet, diakonien, var så sentralt og viktig at dei som
tok på seg å gå inn i det, vart førte fram for apostlane, og der fekk dei
handspålegging, bøn og velsigning til å vere slike medarbeidarar.<o:p></o:p>
No må vi stige over i evangelieteksten.
Der lyttar vi til nokre av dei mest sentrale orda frå Jesu munn som han talar
til sine næraste medarbeidarar, læresveinane.
På denne søndagen talar han til sine næraste. Til dei han omtalar som venene
sine.
Eg ber deg: Lytt til Jesu tiltale. Det er deg han reknar inn blant venene sine.<o:p></o:p>
I dag vil han be deg om å vere med på
laget. «Eg kallar dykk vener» seier han til oss alle.
Høyr orda hans til venene sine: «-eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå
ut og bera frukt, ei frukt som varer.»<o:p></o:p>
Det er første søndagen i
september. Hausten ligg framfor oss. Vi vil så gjerne finne frukt når det er haust. I
frukthagar rundt om på Vestlandet ser det ut til å verte dårleg avling hausten
2022. Fruktdyrkarane i Hardanger seier det kjem av dårleg vèr då biene skulle
på jobb i vårblomstringa.
Men frukta som gror i kyrkjehagen er det enno tid til å berge.
Det vert ein noko spesiell haust akkurat i Eidsvåg fordi prestetenesta ikkje er
fullt oppe og går.
Men vi er fleire enn prestane i Eidsvåg. Difor handlar det om arbeidsfordeling.
Slik var det for Moses og dei han hadde fellesskap med. Slik var det for læresveinar,
og dei aller første kristne som vi les om i Apostelgjerningane.
Arbeidsfordeling mellom Jesu vener på denne staden. Jesu vener i Eidsvåg.<o:p></o:p>
«Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger»
seier Jesus til oss alle. «Eg kallar dykk vener»<o:p></o:p>
No talar eg til Jesu vener i Eidsvåg
menighet.
Hausten er over oss. Er det frukt å hauste inn?
Igjen må vi lytte til korleis Jesu formulerer seg i evangelieteksten i dag.
Enno ein gong ser vi etter kva som står der: «De er venene mine så sant de
gjer det eg byd dykk.»<o:p></o:p>
Det er alltid godt å høyre at Jesus reknar
meg som sin ven.
Men det er samstundes lett å oversjå, eller å gløyme, at han har eit vilkår for
dette venskapet: « - så sant de gjer det eg byd dykk».<o:p></o:p>
Spørsmålet vi sjølvsagt då må stille vert
dette: Kva er det Jesus byd oss å gjere?
Lytt vidare:
« -eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som
varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!»<o:p></o:p>
Det er mi inderlege bøn at frukthausten i
år skal verte betre i kyrkjehagen enn hausten på dei to epletrea som står i
hagen min på hytta. Der kom det rett og slett ingen eple dette året. I fjor bugna
det. Hjorten kunne då meska seg med nedfallet. No kan både dyr og menneske gløyme
å finne frukt å gle seg over i min eplehage.<o:p></o:p>
I kyrkja skal vi ikkje sanke eple. I
kyrkja skal vi sjå etter menneske som elskar kvarandre. Då tenkjer vi sjølvsagt
ikkje på det å elske i erotisk forstand. Gløym alt slikt.
Vi snakkar om å elske slik gode og nære vener elskar kvarandre. Slik foreldre elskar
borna sine. Slik born elskar sine gode foreldre. Slik gode kristne skal elske
andre som trur og tilber den same Gud.<o:p></o:p>
Den som elskar slik, tar gjerne eit tak i det
som er heimen for alle truande. Guds kyrkje på jord.
Det er slett inga fullkomen kyrkje. Det har det aldri vore. Heilt tilbake til
dei aller første kristne, dei vi m.a. les om i Apostelgjerningane, så dukkar
det opp konfliktar, feil og manglar. Splid og direkte fiendskap. Kristi kyrkje
på jord er ikkje fullkomen.<o:p></o:p>
Men vi trur på han som er fullkomen, og
som gjer oss fullkomne for sitt rike, ved å gje oss frukta av sitt eige
fullkomne liv. Vi trur på Jesus Kristus som reinsar oss i dåpen. Han vaskar oss
på nytt med sitt dyre blod som han gjev oss gjennom nattverden. Han nærer oss
ved Ordet som lyder i gudstenesta, eller når vi opnar Bibelen vår. Vi trur og
tilber han som kallar oss vener.
Kjæraste Kristi vener i Eidsvåg menighet. Jesus
har møtt deg i dag. Han kallar deg ven, og no seier han: « -eg har valt ut
dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far
gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De
skal elska kvarandre!»
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-21516752657338879322022-07-21T15:49:00.000+02:002022-07-21T15:49:47.527+02:00Jesus ser
7. s. i treeiningstida III. 24.07.2022
Salhus kyrkje
Mark 5, 25-34<o:p></o:p>
I dag er ikkje poenget at denne mannlege
presten skal fordjupe seg i kvinnesjukdomar. Det veit eg veldig lite om. Men vi
les alle om kvinna som hadde hatt blødningar i 12 år. Det er forferdeleg lenge.
Det går an å male ut korleis dette må ha vore for henne. Det går an å fantasere
om tankane hennar. Om fortvilinga hennar. Om korleis andre såg på henne, i den
grad dei visste kva som eigentleg var plaga hennar. Det er kanskje grunn til å
tvile på at det var så veldig mange. For når eg, som mann i vår tid, veit så
pass lite om kvinnelege blødningar, så er det ingen grunn til å tru at mennene
i krinsen rundt Jesus hadde meir enn ein svak aning om kva dette dreia seg om.<o:p></o:p>
Men at kvinna var ei som hadde problem,
også utover det reint medisinske, det treng vi ikkje tvile på. Likevel får vi
eit glimt av ei dame som hadde ressursar som synest å vere noko i overkant av
det vi må tru var vanleg. For vi høyrer om mange legebesøk. Truleg gjennom ei
lang rekkje år. Legebesøk som hadde kosta, både pengar og frimot. Og ikkje
minst liding. Det hadde kosta så mykje at ho no hadde brukt opp alt ho eigde,
utan å få hjelp.<o:p></o:p>
Så kjem Jesus inn på arenaen hennar.
Jesus er eigentleg ute i heilt anna ærend. For ein mann med høg posisjon i
lokalsamfunnet hadde, om ikkje kasta seg over Jesus, så i alle fall kasta seg
ned framfor han.
Det var synagogeforstandaren Jairus. Dotter hans, som var fødd same året som
kvinna sine blødningar starta, altså var jenta 12 år; denne unge jenta var sjuk,
og heldt på å døy. Jairus var difor enno meir desperat enn den blødande kvinna.
Jesus slo følgje med Jairus og var på veg til heimen hans i lag med ei stor folkemengd
som ville sjå kva Jesus kunne utrette.<o:p></o:p>
Midt mellom alle folka på veg til den dødssjuke
12-åringen, går altså kvinna vi har fokus på nett no.
Det står å lese om henne i vår tekst for denne søndagen: «Ho hadde fått
høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og tenkte: Om eg så berre
får ta i kleda hans, bli eg frisk. Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende
det på seg at ho var lækt og kvitt plaga»<o:p></o:p>
Underet hende. Krafta gjekk ut frå Jesus.
Han merka det. «Kven var det som rørte ved kleda mine?» spør han.
Ubegripeleg og uforståeleg for oss som høyrer og les.<o:p></o:p>
Eit regelrett mirakel utan at Jesus såg ut
til å vite kva som hende. Men noko skjedde.
Det einaste teksten opnar opp for er at dette har med tru å gjere.
Kvinna si tru på Jesus. Jesus sa til henne som ikkje blødde lenger etter 12 år
med store plager: «Trua di har frelst deg, dotter.»<o:p></o:p>
Jesus gjorde ikkje kvinna frisk fordi ho
bad han om noko. Men fordi ho trengde seg fram og rørte ved han. Tok på kappa
hans. Bakanfrå. Utan augekontakt. Utan rop og skrik. Ikkje ei einaste lita
forsiktig bøn eingong.
Men ho trudde.<o:p></o:p>
Og Jesus var der. Han
merka krafta som gjekk ut frå han. Den lækjande krafta.
Først då er det at kontakten mellom Jesus og kvinna oppstår: «Jesus såg seg
om etter den som hadde gjort det.»<o:p></o:p>
No er vi ved det eine av to brennpunkt i
tekstordet vi samlar oss rundt.<o:p></o:p>
Jesus såg!
Jesus såg kvinna som kraup inn på han bakanfrå i ei tettpakka folkemengd.<o:p></o:p>
Eg har lyst til å gjere dette til eit
hovudpoeng for oss alle denne søndagen.
Jesus ser oss.
Nokre av dykk føl kanskje med på dei daglege bibellesingane som er sette opp av
Bibelselskapet. I avisa Vårt Land er det kvar dag skrive nokre korte tankar
over desse utvalde tekstane som gjerne peikar fram mot det som skal vere preiketekst
på søndagen som etter kvart nærmar seg.
Sist torsdag høyrde vi frå 1. Mos 16 om Hagar. Trælkvinna som fødde ein son til
Abram fordi Sara, den gamle kona hans, enno ikkje hadde vorte mor, endå Gud hadde
lova at det skulle skje. Sara nærma seg no 90 år.
Hagar fekk vite at ho, som hadde vore så audmjuka gjennom livet som barnlaus
trælkvinne, ho var no med barn.
Den 86 år gamle Abram var barnefaren, og barnet ho venta skulle få namnet Ismael.
Då kan vi også lese at Hagar sjølv sette sitt namn på Gud som ho forstod hadde styrt
hendingane slik at sonen Ismael snart skulle bli fødd: «Då sette ho dette
namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg. For ho
sa: Har eg her verkeleg sett han som ser meg?» (1.Mos. 16,13)<o:p></o:p>
Ein Gud som ser.
Gud ser Hagar. Vi veit også at Gud til slutt såg 90
år gamle Sara. Sara som lo i si vantru då ho fekk vite at ho skulle bli mor, 90
år gammal.
Og Gud såg Abram. Han lo ikkje. Han trudde. Ei tru som vi andre stader i NT kan
lese hadde enorme konsekvensar for den kristne teologien. Vi kan ikkje gå i
djupna rundt dette nett no, men eg minner om Rom 4,3: «For kva seier
Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor reknar Gud han som rettferdig.»
Jesus såg. Han såg den blødande kvinna som hadde rørt ved han i tru.<o:p></o:p>
Og no er det tid for å leggje til: Jesus
som såg – han ser enno. Jesus ser i dag.<o:p></o:p>
Jesus ser alle slike som kvinna vi møtte i
den store flokken av folk som var på jakt etter sensasjon. Dei ville sjå om
dotter til Jairus kunne bli frisk.
Det hende. 12-åringen reiste seg på Jesu ord: «Talita
kumi! – Det tyder: Vesle jente, eg seier deg, stå opp!» (Mark. 5,41)<o:p></o:p>
Men viktigare nett no, er at
Jesus ser vanlege menneske her i Salhus, i Åsane eller i Bergen, som er
oversett av samfunnet rundt oss. Menneske som har det vondt. Som
blør. Ikkje fordi dei er plaga av ein kvinnesjukdom, kanskje, men dei blør av
usynlege sår som andre har påført dei. Både kvinner og menn. Folk i samfunnet
sin periferi som strevar med livet sitt av så mange grunnar. Som ikkje vert
forstått. Som møter motgang og motstand
eller fiendskap og hat. Jesus ser.<o:p></o:p>
Og han ser på alle med det
som kanskje er den største mangelvare:
Han ser med respekt.<o:p></o:p>
Tygg litt på dette ordet
respekt. Det er samansett av to deler: Re
= på nytt. Om att.
Spekt kjem av spectare = å sjå. Respekt er å sjå på
nytt.<o:p></o:p>
Sjå på nytt. Jesus ser oss på nytt. Han
ser vår tru. Ei tru som kanskje ikkje er så stor at vi vågar å rope på han. Eller
å be til han. Men han ser når vi vågar oss nær han. Inn i kyrkja. Lyttande.
Kanskje vågar vi oss fram til nattverdbordet. Skjelvande på kne strekkjer vi ut
handa og tek i mot. I tru og med respekt, også for oss sjølve.<o:p></o:p>
Vågar vi, vi som kanskje kjenner oss litt
ovanpå her i kyrkja, fordi vi har gått her så ofte, vågar vi så sjå på nytt på
våre eigne liv. Sjå på oss sjølve om vi skulle vere ute av kurs på ein eller
anna måte.<o:p></o:p>
Ein studiekamerat, kjenning og kollega som
eg gjekk lag med på MF gjennom meir enn 7 år, har skrive fleire svært
oppbyggelege bøker. Han heiter Kjell Nyhus, og er mest kjend som fengselsprest.
Ei bok frå fengselsmiljøet heiter «Hvis jeg har en sjel.» Ein stad i den boka
finn eg ei talande setning til meg, som gjer at eg treng å sjå mitt liv på
nytt. Kjell seier: «Meg er det ingen som bedømmer, jeg er
min egen dommer, og den dommeren kan bestikkes.»<o:p></o:p>
Ein slik tanke hjelper meg
til å revurdere tankane om mitt liv. Om det ingen andre enn eg kjenner til av
det som bur inne i meg.
Alt dette som Jesus ser.
Eg ber stilt inne i meg: Kjære Jesus – Sjå på meg ein
gong til på nytt. Sjå på meg med dine kjærlege augo, som ein sann dommar som
ikkje kan bestikkas, men som kan frikjenne, fordi du sjølv tok min dom på deg.<o:p></o:p>
Dette er mi tru. Trua – som er det andre brennpunktet
i tekstordet i dag. Den frelsande trua. Tru på han som ser. Han som kjenner.
Han som lækjer. Han som frelser. Han som kan gje oss alle av sin fred. Eg
kviler i orda Jesus sa til den blødande kvinna som vart frisk att: «Trua di
har frelst deg, dotter. Gå i fred.»
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-47681172477843162122022-05-24T08:07:00.000+02:002022-05-24T08:07:00.940+02:00Gravferd ved Kristi Himmelfart
Gravferd
Ef.1, 18-20 (Kr.Himmelfart III)<o:p></o:p>
Må
han (Gud) gi dere lys til hjertets øyne, så dere får innsikt i det håp han har
kalt dere til, hvor rik og herlig hans arv er for de hellige, og hvor
overveldende hans kraft er hos oss som tror. Med denne veldige makt og styrke
reiste han Kristus opp fra de døde og satte ham ved sin høyre hånd i himmelen,<o:p></o:p>
Tida mellom påske og pinse er ei underleg
tid i kyrkja. Påsketida kallar vi henne. <o:p></o:p>
Påska sitt fabelaktige perspektiv må forkynnast
i desse vekene.
Krafta frå Jesu oppstode er så enorm at den må vi få del i til fulle. Vi vert
aldri ferdige med kva det fekk å seie for oss menneske at Jesus faktisk stod
opp att frå dei døde. At han vann over døden.
For ein prest som veke etter veke står ved ein gravkant og kastar dei tre
første spadane med jord som skal fylle att grava, ville det vere meiningslaust
om det ikkje var sant det som då vert sagt: ”- Av jorda skal du atter stå
opp”.
I kraft av Jesu oppstode trur vi at dei døde ein gong skal stå opp.
Det vil eg leggje inn over alle dykk som sørgjer her ved denne kista i dag. Eit
liv er over. Det skal de minnast. De skal takke for alt det gode ho/han var for
dykk mens ho/han levde. Men når døden har vore her, må vi halde fast ved håpet
om at han som vann over døden, han lever i dag. Og han skal ein gong kome
tilbake frå der han no er, ved Gud Faders høgre hand. Det er når han kjem at
krafta hans skal openberrast. Det er då dei døde skal stå opp. Det vert like
stort som det var i opphavet, den gongen då Gud skapte. Større enn det går an å
forestille seg, og langt ut over det det finst ord til å skildre.<o:p></o:p>
I dag bur den kristne kyrkja seg til Kristi
Himmelfart. Då skal vi høyre om korleis det gjekk til då Jesus fór opp til
himmelen. Men vi skal også lese frå Ef. 1.
Inn i den teksten vil vi stige i dag. Her ved denne kista. Like før
Kristi Himmelfart.<o:p></o:p>
Det er Paulus som skriv orda vi stoggar
for som eit andaktsord i dag. Paulus ber – han ber om ei Ånd som gjer at dei
truande må lære Gud å kjenne.<o:p></o:p>
Og så brukar han eit fabelaktig bilde:
”Må han gi dere lys til hjertes øyne, så
dere får innsikt i det håp han har kalt dere til..”<o:p></o:p>
”Lys
til hjertes øyne”
Eg håpar at vi som sit i lag her i dag må få lys
inn over oss. Lys frå Guds ord som kan skine inn over hjarto våre så vi ser. Så
vi trur. Så samanhangar kan opne seg for oss.<o:p></o:p>
Det handlar om å få innsikt i det håp han
har kalla oss til.<o:p></o:p>
Då må vi sjå på det som hende Kristi
himmelfart. For det er ein dag med håp i seg. Det var dagen då Jesus skildest
frå læresveinane sine. Det var siste gongen han var her på jorda. Men det var
den levande og oppstadne som var der. Det var han som hadde sigra over døden.
Det var han som hadde vist sine guddommelege skaparkrefter. Det var han som då
han forlét sine næraste sende englar frå himmelen som forkynte at ein gong skal
han kome tilbake på same måten som han der og då vart teken opp til himmelen.<o:p></o:p>
Det var for å sjå dette at vi i dag skulle
ha ”lys til hjertets øyne”.<o:p></o:p>
Sjå den krafta som er frå Gud. Den som i
påska vekte Jesus opp frå dei døde, men som er tenkt for oss alle. Den same
guddommelege kraft som vakte Jesus til live etter at han hadde vore i døden og
i grava, den same kraft var det som tok Jesus opp til himmelen og gav han sete
der ved Gud Faders høgre hand. Med denne
veldige makt og styrke reiste han Kristus opp fra de døde og satte ham ved sin
høyre hånd i himmelen, over alle makter og åndskrefter, … Slik les vi også i dette andaktsordet.<o:p></o:p>
Denne guddommelege skaparkraft er ei
levande og utøvande kraft den dag i dag.
Slik har kyrkja trudd og vona gjennom hundreåra som til saman har vorte til to
tusenår no. Jesus sit ikkje der ved Guds side ein stad ute i verdensrommet som
ein død skulptur på sokkel. Jesus sit ikkje der som ein passiv gamal gubbe
heller, med kveldsavisa i fanget og gløttar ned på menneska han ein gong
forlét.<o:p></o:p>
Jesus er i dag ved Faderens hand, levande
oppteken med det siste han gjorde før han fór opp til himmelen. Han velsigna
læresveinane.
Les vi i Lukasevangeliet om himmelfarten så står det slik:
”Så førte
han dem ut mot Betania, og han løftet hendene og velsignet dem. Og mens
han velsignet dem, skiltes han fra dem og ble tatt opp til himmelen” (Luk. 24,50-51)<o:p></o:p>
Jesus tok farvel med
velsigning. Jesus er hjå Gud no, fram til han skal kome tilbake slik engelen
forkynte i samband med himmelfarten. Frå Gud Faders hand sender han framleis si
velsigning over si kyrkje. Ei kyrkje som enno ventar på at han skal kome att.<o:p></o:p>
Lytt
enno ein gong til det Paulus ber om i Efesarbrevet: Må han gi dere lys til hjertets øyne, så dere får innsikt i det håp han
har kalt dere til, …<o:p></o:p>
Innsikt i vårt håp…
Det var det vi skulle ha no når påsketida går mot slutten. No når Kristi
Himmelfart skulle vere noko langt meir for hans kyrkje enn ein ekstra raud dag
i mai. Innsikt i vårt håp – det er innsikt i at vi har del i Jesus veldige
kraft som han viste då han stod opp frå dei døde og då han fór opp til himmelen.
Trass i at døden er verkeleg. Trass i at døden har teke frå dykk som sørgjer
eit menneske de var glade i, så vil vi halde fast ved dette: Det ventar
ein herleg arv på hans kyrkje, på alle som trur. Det er ein arv vi gjerne vil
ha vår del i. Den arven er din og min når vi trur og når vi håpar. <o:p></o:p>
Vi tek farvel i dag.
Farvel i håp om å få del i den arven som ventar bak døden. Ein arv alle som tru
skal få dele i lag. Dele saman når vi møtest att der Jesus i dag er, og der han
har vore frå Kristi Himmelfartsdag – ved Faderens høgre hand.<o:p></o:p>
Amen<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-47711993504982648922022-05-15T19:03:00.000+02:002022-05-15T19:03:26.761+02:00Takk
17.mai 2022. III
Luk 17,11-19
Bardu krk<o:p></o:p>
Før eg reiste til Indre Troms som
pensjonert hjelpeprest for snart eit år sidan, jobba eg som prost i Bergen. Eg
hugsar tilbake frå eit rundt konferansebord der vi skulle starte eit av dei
mange kyrkjelege komitémøta som ein prost må vere med på. Møteleiaren tok
ordet, men det vart liksom ikkje ein skikkeleg start, for ein eller anna sa
noko slik at alle rundt bordet skrattlo. Det var vanskeleg å kome til ro, men
møteleiaren måtte kome i gang, og det var naturleg at han sa: Vi må starte med
å be. Fromme som vi var roa vi oss ned, og ho som bad gjorde det omtrent slik:
Kjære Gud, takk for at vi får lov å le!<o:p></o:p>
Kjære Gud, takk!
Det er overskrifta på denne preika på denne nasjonaldagen. Kjære Gud, takk!
Kjære Gud, takk for at vi får lov å le! Takk
for alle smil og all glede vi ser rundt oss. Takk for alle gamle som hentar
fram blådress eller bunad og går på trøytte bein og med stive ryggar gjennom
ein lang festdag. Takk for borna som kjem mot oss i
finstasen. For tutande trompetar av plast og for blå ballongar. For musikkorps
som spelar nasjonale festmelodiar med blåfrosne fingrar på ein dag der vi så
gjerne hadde sett at vinteren kunne vike for vår og sommar, slik eg skal reise
til seinare i dag når eg set meg på flyet til Bergen for å vere nokre dagar
heime
Det er til og med slik at vi vaksne kan gle oss over barnegråt på denne dagen,
for mange born gret litt innimellom fordi dei opplever at dei går glipp av ein
liten bit av det dei anar er veldig stort og flott. Dei gret fordi ein ballong
sprekk eller fordi isen hamnar på fortauet eller på det nystrøkne
bunadsforklede.
Dei er leie seg når gleda over denne dagen vert skjemd av eit eller anna skår.<o:p></o:p>
Sjølvsagt er det ikkje kjekt at eit barn
er lei seg. Men det kan likevel vere eit uttrykk for at dagen i dag er stor. Dagen
i dag er ein glededag. Då er det ikkje alltid så langt frå latter til tåre for
den som er liten.<o:p></o:p>
Dagen er ein dag vil i lag takkar for.
Kjære Gud, takk!
I tre år har vi feira 17.mai i skuggen av ein pandemi som vert bleikare og
bleikare utover denne våren. Det gler vi oss stort over. Samstundes er det ei
mørk sky som heng over oss når vi innser at det vi snakka om i år etter år på
tidlegare nasjonaldagar, dette at det var så lenge sida sist krig, det er ikkje
sant nettopp i år.
Vårt naboland krigar. Vi sørgjer over det. Og vi ser med skrekk på bileta frå
Ukraina som kjenner på krigsmakta frå storebror i aust.<o:p></o:p>
Likevel: I dag takkar vi for vår fridom.
For vårt land. Og for at vi kan samle oss i barnetog og folketog og russetog
med flaggborg og musikkorps og bunader. <o:p></o:p>
Bjørkelauv må eg heim til vest for å få
med meg. Eg synest det høyrer med, men etter min 11. nasjonaldag nord for
polarsirkelen har også eg lært meg at landet vårt er langt, og at våren ikkje
ser lik ut i sør og i nord.
Landet vårt er langt. Men landet vårt er eitt.
Om sola strålar på Karl Johan, og der det går nesten like mange born i
barnetoget som det bur menneske i Finnmark, så høyrer vi likevel saman som land
og som nasjon. Nasjonaldagen er det vi eig i lag som nordmenn.
Vi har ei grunnlov som vart signert på denne datoen for lenge, lenge sidan. Vi
har eit Storting og ei regjering som vi sjølve har valt. Nokre jublar for Jens.
Andre saknar Erna. Men vi er likevel eitt på 17. mai. Dagen der vi må seie: Kjære Gud, takk!<o:p></o:p>
Kva skal vi takke for?
Sjølvsagt for landet vårt, for fridom, for demokratiet. For alle 17. mai-orda.
Men som nasjon har vi uendeleg mykje meir å takke for også. Ikkje minst fordi
vi er så rike. Vi auser pengar opp frå havet. Ute ved kysten ligg gedigne, dyre
båtar ved kaiane. Mange av dei er eit bindeledd til plattformene lenger utanfor
kysten. Vi ser ein og annan glinsande fiskebåt med eit styrehus så fullt av
instrument og dyr teknikk at ein skulle tru båten skulle til månen. Men det er
pengemaskiner som symboliserer vår nærleik til havet og dei ufattelege
rikdommane vi som folk skal takke Gud for.<o:p></o:p>
Her inn mot svenskegrensa, langt mot nord,
har landet vårt plassert store delar av forsvaret vårt. Dette kjenner de som
bur fast på denne staden mykje betre til enn eg. Mange takkar Gud for at desse
installasjonane skal gjere landet vårt trygt i urolege tider.<o:p></o:p>
Vi kan også igjen takke for at dei aller
fleste av oss kan setje oss på eit fly med kurs for varme strender eller gamal
kultur ute i det store Europa.
Pandemien ordna seg med vaksiner og samhald.
Vi har pengar mellom hendene, dei fleste av oss. Difor dreg mange til det
mystiske landet som ikkje står i eit Atlas, men som vi kallar Syden. Der brukar
vi rikdomen vår. Den vi skal takke Gud for.
Det er ikkje rart om folk i Syden lurer på nordmennene.
- Kvar får dei pengane frå? Kanskje skulle vi reise dit, vi som ikkje har
arbeid? Vi som er fattige. Vi som strevar så forferdeleg med å få endane til å
møtast. <o:p></o:p>
Men stadig dukkar det krigar over land vi
gjerne reiser til. Vi høyrer om opptøyar. Flyktningar. Svolt. Det er kvardag i mange
land. I mange av desse landa går det etter kvart rykte om ein stad langt i
nord. Der det er kaldt om vinteren og vått om sommaren, men der folk har det
godt. Der dei er rike. Nokre tek sjansen og dreg av garde. Dei finn vegen mot
nord. Norwegen, heiter landet vårt på tysk. Norway på engelsk.<o:p></o:p>
Dei får lite takk, dei som kjem slik til
oss, og vil leve i lag med oss.
Vi forventar at folk der sør ein stad skal takke oss for at vi brukar pengar på
strender og hotell og museum og vinterferie i Alpestroka.
Vi synes det er greitt om dei rike frå Paris eller London eller New York drar
til Bergen for å reise med Hurtigruta mot nord. På fisketorget kjøper dei
rikaste ei krabbeklo til 1800 kr. Som dei kosar seg med.
Tyskarane er folkerike. I hopetal dei legg ut mot Norwegen for å feriere med
fiske og bubilar. Det er det pengar i for nordmenn.<o:p></o:p>
Mange av oss er rike nordmenn. Men ikkje
rikare enn at vi også har dei fattige mellom oss. Dei som kanskje ikkje har ein
stad å bu. Dei som kanskje luktar eller går aldeles ustelte rundt mellom
moteløver. Mens eg sat her på Setermoen for eit par veker sidan, fekk eg høyre
om at min by, Bergen, har ein solid norsk rekord i tal på heimlause. Nesten
tusen menneske som ikkje har nokon stad å bu. Dei får ikkje dusje eller vaske
seg eller gå på do. Bort med dei. Dei er ekle. Påtrengjande. Nokre av dei til
og med kriminelle.<o:p></o:p>
Eg lurar på om dei takkar Gud i dag?<o:p></o:p>
Vi las forteljinga frå Bibelen om Jesus og
dei ti spedalske. Dei var i naud. Det
stod slik: ”De ble stående langt unna og
ropte: Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss! Han så dem og sa: Gå og vis dere
for prestene! Og mens de var på vig dit, ble de rene”<o:p></o:p>
Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss! Slik
ropa dei spedalske.
Pandemien plagar oss lite no. Difor tippar eg at snart kjem tiggarane frå Syden
tilbake til deg og meg i nord.
Vi ser dei kanskje på eit gatehjørne i næraste by, men ser dei likevel ikkje.
Jesus såg dei som ropa på han.
Men vi går forbi. Med stive, kalde blikk og ei hand som lukkar seg ekstra godt
om lommeboka. Vi vil ikkje ein gong gje dei ein sjanse til å verte reine. Mange
vil kaste dei ut av landet vårt.
Vil flyktningane, dei lutfattige, dei arbeidslause, dei som serverer drinkane
på bassengkanten i Syden til late og rike nordmenn, vil dei takke Gud for
nordmenn, for det norske, eller for at dei gjekk nordvegen?<o:p></o:p>
Eg sa tidlegare om born som gret på
17.mai: ”Dei er leie seg når gleda over denne dagen vert skjemd av eit eller
anna skår.”
Det er lov for eit barn å gråte over ein is som hamna på fortauet.
Men er det lov for ein rik nordmann å vere sur og grinete over det vi opplever
som skår i vår private velstandslukke, slik til dagleg, når det vert 18.mai
eller 18.juni eller ein annan dato, der vi ser at verda har sett oss og kjem
for å oppleve landet vårt, nasjonen Norge?<o:p></o:p>
Inga 17.maipreike løyser alle dei
innfløkte problema eg her pirkar bort i. Eg er ikkje naiv og trur at nordmenns
forhold til innvandrarar med eit glatt smil skal bli idyllisk over natta. Det
er ikkje berre vårt land som slit med å finne ein veg vidare med alt dette.
Men i dag er det 17.mai. I dag har Jesus stogga opp framfor deg som valde å
starte feiringa av dagen i kyrkja. Han lærer oss noko om å takke.
«Kjære Gud, takk for at vi får lov å le!
Takk også for at vi kan gle oss over fridom fred. Hjelp oss til å hjelpe.
Hjelp oss til å glede dei som gret over krig, over fattigdom og fordi dei manglar
det som er sjølvsagt for dei fleste nordmenn.»<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-10781817412579254212022-05-06T15:11:00.001+02:002022-05-06T15:15:57.007+02:00Fars hus
4. s. i påsketida III. 08.05.2022
Øvre Bardu kapell
Johs. 14, 1-11<o:p></o:p>
«La ikke hjertet bli grepet av angst.»
Orda kjem frå Jesus. Jesus talar til sine nære vener. Dei er i lag, og Jesus
veit at for han sjølv går det mot drama i form av liding og død og oppstode.
Jesus veit at tida hans på jorda snart er forbi. Etter påske skal han på ei
reise bortanfor vår tid. Utanfor våre rom. Inn eit guddommeleg tilvære som han
kjende før han kom til jorda som eit lite barn den første jula.<o:p></o:p>
«Jeg går og vil gjøre i stand et sted
for dere» seier han. Dei tolv skjøna ikkje kva han
tala om. Det hadde neppe du og eg gjort heller, om vi ikkje var kjende med
fasiten.<o:p></o:p>
Han startar denne samtalen med sine tolv
nære ved inngangen til det som etter kvart skulle bli ytterst tunge og
vanskelege dagar.
Og som vanleg har Jesus akkurat dei rette orda. Ord vi skal lytte til midt i
det mange av oss opplever som tunge og vanskelege dagar.<o:p></o:p>
«La ikke hjertet bli grepet av
angst.»<o:p></o:p>
Her har vi i eit par år, i litt vekslande
grad, gøymt oss bak blå ansiktsmasker, vi har vaska oss i sprit, og vi har
snike oss som innbrotstjuvar rundt hyllene i butikken for ikkje å kome for nær
naboen, eller endå verre, bli pusta på av ein ukjend. Vi kom stort sett
heilskinna gjennom pandemien, men det har vore tungt. Mange har vore redde.
Mange har vore så redde at redselen i seg sjølv vart verre enn sjukdommen som
har sveipt seg rundt heile jordkloden, og som framleis trugar millionar av
menneske som aldri fekk verken den første eller den andre eller den tredje
veksinesprøyta.<o:p></o:p>
«La ikke hjertet bli grepet av
angst.»<o:p></o:p>
Kjære Jesus, ber vi i dag. Hjelp oss mot
angst og redsle!
For du har sett oss her i Bardu når pandemien såg ut til å brenne ut den verste
krafta si. Då vart bygdene våre fylte av tusenvis av soldatar. Langs vegane
rulla stridsvogner og kanonar. Vi høyrde skotsalvane frå maskingeværa. Vi såg
kamphelikoptera over hovuda våre. Alt medan TV-skjermen og Internett fløymde
over av oppdateringar frå den nyaste krigen som naboen vår i nord gjekk i gang
med. Mange vart redde.
Mange tenkte: -Kan dette som vi har sett ved stovedørene våre bli til meir ein
ei diger militærøving ved neste krossveg?<o:p></o:p>
I dag er det 8.mai. Fredsdagen frå 1945. I
dag ber vi om at freden må senke seg der krigen rasar. I dag ber vi om at
freden aldri skal vike frå landet vårt. I dag ber vi om at leiarane i verda
skal hugse Jesu ord ved ein annan anledning, orda han sa i Bergpreika: «Salige
er de som skaper fred, for de skal kalles Gud barn.»<o:p></o:p>
Vi vil ut av angst og redsel, og inn i det
trygge, gode og varme rommet.
«I min Fars hus er det mange rom» seier Jesus.
Fars hus. Vi må snakke om Fars hus i dag.
Dei aller fleste vil heldigvis kunne tenkje på barndomsheimen sin som ein slik
stad, som eit varmt og godt og trygt rom i lag med far og mor og søsken.
Men diverre er det også nokre som tenkjer tilbake på Fars hus med tankar som
liknar på mareritt. For der var kanskje nettopp der det forferdelege skjedde med
den unge jenta. Eller det var der mor drakk. Det var der borna vart oversette
og neglisjerte slik at alt var vondt. Det finst slikt, også.<o:p></o:p>
Slik er det ikkje i det Jesus omtalar som
Fars hus. For det er huset til hans himmelske Far. Det er det guddommelege
paradiset, bortanfor det mislukka og skakke som vi må innrømme finst, også
mellom oss. Til og med finst det mørke rom i det vi kallar for Guds hus her på
våre stader, i våre kyrkjer i landet vi bur i.
Det er skam og synd. Til å gråte over.<o:p></o:p>
Men i dag lyttar vi til Jesu ord om Fars
hus. Det gode huset. Det varme huset. Det lyse huset, utan mørke og bortgøymde
kjellarrom. Huset med dei mange rom<o:p></o:p>
I dag ber vi, som kanskje er redde, eller
som har opplevd noko vondt:
Kjære Jesus. Vis meg vegen til Fars hus!
Gje meg nøklane til rommet du har gjort i stand for meg. Og kanskje legg vi
til: Lat det rommet vere tett ved sida av rommet til dei eg er så glad i her på
jorda. Og eg håpar vi ikkje treng å be:
- Lat det vere mange krokar og omvegar til dei som gjorde vondt mot meg i dette
livet.<o:p></o:p>
Jesus er ikkje lenger mellom oss her på
jorda. Etter påska vende han tilbake dit han kom frå, han fôr opp til himmelen,
seier vi i vår truvedkjenning. Og vi minnes den hendinga på Kristi
Himmelfartsdag, 40 dagar etter påske. Dagen er like rundt hjørnet no.
Der, hjå sin Himmelske Far, har Jesus det travelt. Langt travlare enn ein
middels norsk kommunedirektør som skal ordne med kommunale bustader til
flyktningar som er på veg hit frå krigen ute i Europa.<o:p></o:p>
«-jeg går og vil gjøre i stand et
sted for dere»<o:p></o:p>
No er han i gang. Han snekrar på eit rom
til meg. Og eit til deg.
Eit møblert, varmt og lyst og godt rom. Ein betre stad å vere enn sjølv i den
mest varme og omsorgsfulle heim i denne bygda, eller nokon annan stad i Norge, i
Sverige, eller i den vide verda.<o:p></o:p>
Ein dag er alt klart med dette rommet som
han heldt på å gjere i stand. Då hentar han oss. Vi vil nok gjerne at det ikkje
skal skje før vi kjenner på at tida vår her på jorda har vore lang nok.
Samstundes veit vi at lengda på vår levetid er utanfor vår kontroll. Men uansett,
om livet vert kort eller langt, har vi lov å tru på han som talar til oss i
dag. Vi har lov å håpe på at det han seier er sant.<o:p></o:p>
Og vi har lov å kvile i hans
lovnader:
«La ikke hjertet bli grepet av angst.»
«I min Fars hus er det mange rom»
«-jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere»<o:p></o:p>
Eg håpar at du vil gje deg i
veg dit, til Fars hus. At du vil leite etter vegen dit. Men kanskje er du
usikker på adressa der Fars hus ventar med dei mange romma? Slik var det for
læresveinane til Jesus. Slik var det for Tomas som hadde spørsmålet på tunga: «Herre,
vi vet ikke hvor du går. Hvordan kan vi da vite veien?»<o:p></o:p>
Svaret som Jesus gjev er eit
klassisk, eit fantastisk og eit lysande svar som står til alle tider for alle
som vi rekne seg som kristne: «Jeg er vegen, sannheten og livet. Ingen
kommer til Far uten ved meg.»
Eit klassisk, fantastisk og lysande svar
sa eg nettopp. Men også eit eksklusivt, og, vil mange seie: eit ekskluderande
svar.
Vegen til Fars hus finn vi ikkje ved å stige opp på den høgaste og vakraste
fjelltoppen i Troms. Vegen finn vi ikkje ved å grave oss ned i filosofi og
religiøs grubling. Som prest kan ikkje eg klappe i hendene når eg høyrer det
som mange seier: Eg har mi tru, eg har min veg, eg har sett eit lys som ingen
andre har sett.<o:p></o:p>
Som prest kan eg ikkje på konfronterande vis motseie dei mange
opplevingar som slike menneske kanskje har hatt. Eg vil lytte.
Men eg kan heller ikkje oversjå orda frå han som vår kyrkje byggjer heile sin
eksistens på. Det er på Jesus Kristus. Det
er han, og ingen andre, som er vår frelsesveg. Det er han som kan ta oss med
til Fars hus, huset med dei mange rom. Til
Fars hus finst det eit tydeleg veg. Og ingen omvegar.
I dag vil eg slå dette vegskiltet kraftig ned i bakken her i Øvre Bardu. Det
skiltet som peikar mot Fars hus ein stad i det evige. På pilen står Jesu ord som skal vise oss vegen heilt
fram: «Jeg er vegen, sannheten og livet. Ingen kommer til Far uten ved meg.»
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-83214427197821901902022-04-13T12:18:00.000+02:002022-04-13T12:18:11.549+02:00Første strek under svaret
Langfredag. 15.04.2022. IV
Rødalen, Bardu (friluftsgudst.)
Johs. 18,1 – 19,42<o:p></o:p>
Det er påske.
Det er fritid for dei fleste av oss.
Men nokre er igjen i bygda for å ta seg av det mest nødvendige. Bønder har
alltid dyr å ta seg av. Nokre har omsorg for dei gamle på Barduheimen. Andre vaktar
ro og orden og beredskap, eller går i uniform i forsvaret sine store anlegg her
i traktene. Bensinstasjonane er opne, og slik også med nokre serveringsstader.
Heller ikkje kyrkja har stengt i påska. Og det skulle berre mangle!
Var det nokon som skulle stå på, nesten døgnet rundt, i desse dagane, så var
det oss som har løn for å fortelje om desse hendingane. Påskeforteljingane. For å forkynne til så mange som råd om Jesu liding,
død og oppstode.<o:p></o:p>
På langfredag gler vi oss over å sjå alle
dykk med påskefritid som har funne vegen hit til fjellet og snøen og løypene
for å sitje ned og lytte til forteljinga om langfredagsdramaet.<o:p></o:p>
Det er påske. Og i påska dette året skjer
det verdshistorie nesten utanfor stovedørene våre. Krigen, med all si gru,
rullar på TV-skjermar og på mobiltelefonar, slik at vi er oppdaterte nesten frå
minutt til minutt.
Dagsrevyreporterane åtvarar mot sterke bilete. Bileta er sterke. Dei er vonde.
Dei gjer noko med oss alle. Sympati med dei lidande utløyser hjelparglede.
Og raseri over meiningslaus rasering og død utløyser antipati, og i verste fall
hat, mot eit nabofolk som landet vårt aldri har vore i krig mot.
Måtte krigens brutalitet og meiningsløyse ta ein ende. Og måtte det finnast lækjedom
for fiendskap som spirer betre enn på mange, mange tiår her i vår del av verda.<o:p></o:p>
Det er påske.
Vi har lese den lange lidingsforteljinga på langfredag. Det vi har lese,
handlar ikkje om krig. Derimot om det som har vore kjent for menneskeslekta
tilbake til opphavet.
Ei forteljing om svik.
Ei forteljing om korrupte og ansvarslause styresmakter.
Og framfor alt – forteljinga om brutalitet, råskap og vald.
Dette er også krigens ingrediensar. Dei mørkaste sidene av menneska.<o:p></o:p>
Langfredagen er historia om menneskeslekta
si styggaste bakside.
Og er vi ærlege, gjev dette også innsyn i det negative potensialet som vi alle
er smitta av. Men vi har lov å håpe og tru at vi aldri skal dukke inn i bekmørket
som bur ein stad i det indre av oss.
Det beste vi kan gjere for å hindre det, er å sleppe lyset til. Påskelyset.<o:p></o:p>
Kvifor vart det langfredag?<o:p></o:p>
Det finst eit svar med to strekar under.
Langfredag er Guds paradoksale kjærleik til det ypparste av skaparverket hans –
menneskeslekta.
Den første av dei to strekane er alt som hende denne dagen, langfredagen.
Den andre streken under svaret på kvifor dette hende, er opprullinga av påska
som endar sjølve påskedagen. Det skal vi kome tilbake til komande søndag, påskedag.<o:p></o:p>
På langfredag høyrer vi om at Guds
kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus, Guds eigen son, går inn i
offerrolla og sonar straff for menneska sine svik.
I det vi har lese om i dagens lange evangelietekst er dine og mine svik og nederlag
representerte ved Peter. Peter patetiske tredoble nekting for at han var ein av
Jesu aller næraste. Hanegalet som var punktum for det Jesus allereie hadde profetert
– «Hanen skal ikke gale før du har fornektet meg tre ganger.» (Johs 13,38)<o:p></o:p>
Guds kjærleik til menneska viser seg ved
at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all synd og misbruk som gøymer seg
bak korrupsjon, snusk, bedrageri, løgn, ansvarsfråskriving og misbruk av
personleg og offentleg makt og styrke.
Den latterlege dommen som Pilatus får seg til å ileggje Jesus, er det nesten
utrulege uttrykket for embetsmannens og det offentlege sitt svik mot det dei
visste var sant og rett.
Heiarop på «krossfest, krossfest» er eit vidare uttrykk for den personlege forføringa
som er utan ryggrad. Dette vi kan kjenne igjen i oss sjølve når vi stig over
grenser vi veldig godt veit om. Men vi lar oss rive med på så mange område av livet
til å tøye strikken utover det vi eigentleg veit er godt og rett.<o:p></o:p>
Guds kjærleik til menneska viser seg ikkje
minst ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for maktmisbruk, vald,
brutalitet og rein vondskap som uttrykkjer seg i sjølve krossfestinga.
I dei andre evangelia som skildrar krossfestinga høyrer vi at Jesus til og med
ber for bødlane sine midt under dette forferdelege som skjer med han:
«Jesus sa: Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør» (Luk, 23,34)
Vondskapen i verda, vondskapen som bur i oss menneske synes å vera botnlaus.
Det vi ser i dagens krig, og det verda har sett fram gjennom hundreåra, på vårt
kontinent, og som har vore mindre synleg, men kanskje minst like ille, f.eks i
ein del krigar i Afrika, det er ikkje verdig det ypparste av Guds skaparverk.
Menneskeverdet er uendeleg, men det er krenka av oss sjølve.
Det er som soning for alt dette at Jesus hang på
krossen og døydde langfredag.
«Det er fullbrakt! Så bøyde Jesus hodet og utåndet»
Vi har sett den første streken under svaret på kvifor det vart langfredag. Det var
for at Guds kjærleik til menneska skulle vise seg ved at Jesus går inn i offerrolla
og sonar for all vår synd.<o:p></o:p>
Den andre streken under dette svaret vert
sett påskedag. Då viser Jesus si makt og sin siger over alt det vonde, og over
døden. «Det er fullbrakt!»<o:p></o:p>
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-35244694896580064102022-04-12T18:09:00.004+02:002022-04-12T18:10:50.655+02:00Vatn og blod
Skjærtorsdag, 14.april 2022. III
Øvre
Bardu kapell
Johs.
13,1-15
Ved det vi har lese om i dag, ser vi at
det tek til å snøre seg saman om Jesus. Vi anar konturane av det som skal skje:
”De holdt måltid. Djevelen
hadde alt gitt Judas, sønn av Simon Iskariot den tanken i hjertet at han skulle
forråde ham.”
Ved dette måltidet gjer Jesus enno ein
gong det totalt uventa.<o:p></o:p>
Han sit der og et i lag med læresveinane
sine. Judas tumlar med sine vonde mordplanar i sitt hovud. Kva dei andre
tenkjer på og snakkar om, veit vi ikkje. Truleg var det heilt daglegdagse ting.<o:p></o:p>
Men brått dyttar Jesus sin mat til
sides. Han reiser seg frå bordet og legg kappa av seg. Før dei andre får summa
seg, er han i gang med dette arbeidet som elles var reservert for trælar og
trælkvinner. Han vaska føtene til dei andre. Læresveinane sine føter.<o:p></o:p>
Sand og skit. Sveitte og vond lukt.
Jesus tok seg av deira velvære. Det som husverten eigentleg skulle ha sytt for.
Det han skulle sett slavane og tenarane og dei som var lågast på rangstigen til
å utføre.<o:p></o:p>
No var det Jesus som låg der på kne
framfor dei han var læremeister og Herre for. Han hadde gjort tilsvarande ting før. Og enno ein
gong opplevde forundra læresveinar korleis Jesus snudde opp-ned på alt som
syntes rett og rimeleg.
Det er skjærtorsdag. Vi tenkjer på denne
dagen som nattverddagen. Nattverden som vert gjeven til forlating for syndene
dine og mine, i flg. Jesu eigne ord.
Men på denne dagen les vi om at Jesus
gjer meir enn å innstifte det heilage
sakramentet. Det ser ut for at Jesus også reinsar læresveinane for det som dagleglivet
påfører dei av smuss og skitt.
Det er ikkje klukkinga frå ei vinflaske
vi høyrer. Derimot sildringa av rennande vatn. Kan hende burde vi i dag sjå på
dette vatnet i Jesus vaskefat som eit bilete på det vatnet som ein gong sildra
og rann over ditt og mitt hovud. Ein gong vart du og eg døypte. Og vi hugsar
andre ord frå evangelisten Johs. – m.a. det han refererer frå samtalen mellom
Jesus og Nikodemus, der Jesus seier: ”Den som ikke blir født av vann og Ånd,
kan ikke komme inn i Guds rike” (Johs. 3,5)<o:p></o:p>
Dåpen er både eit bad til atterføding –
vi vert fødde på nytt, som vi seier det i vår dåpsliturgi, - men dåpen er også
eit bad som gjev reinsing frå synd.
Men dåpens reinsande kraft kviler på
Jesu fullførte frelsarverk der han ein gong for alle bar fram det
reinsingsoffer for synda som Loven kravde.
Fotvaskinga peikar fram mot dåpen.
Men fotvaskinga syner også til den
tenargjerning Jesus gjorde for oss. Sjølve arbeidet; det å vaske føtene til
gjestane i huset, det var simplaste slavearbeid.
Ved å gjere dette viste Jesus at han var
oppfyllinga av dei gamle profetiane vi kjenner frå GT. I Jes. 53 les vi om
Herrens lidande tenar; om han som ”ble såret for våre lovbrudd og knust for
våre synder. Straffen lå
på ham så vi fikk fred …” (Jes.
53.4-5)
Denne lidande Herrens tenar som Jesaja
spådde om mange hundre år i førevegen, det var Jesus. Og ved sin død på krossen
gjekk han inn i den oppgåva og den rolla profetane hadde gjeve han, og som Gud
hadde utvald han til.
Han som var Herre og Meister, han la seg
på kne og tolte det nedverdigande slavearbeidet. Vaskevatnet, vondlukta,
skiten, hånande ord og vantru blikk . Jesus brydde seg ikkje i det heile. For
han var ein tenar. Ein lidande tenar som skulle døy. Som skulle gje seg sjølv.
Sin kropp og sitt blod.
Med sildrande vatn mellom fingrane
reinsa han dei skitne og syndige læresveinane. Slik gav han ei aning om det han
etter si oppstode skulle innstifte – dåpen som skulle gje del i hans død og
hans oppstode.
Samstundes var fotvaskinga eit heilt
konkret forbilde for læresveinane. Slik han gjorde mot dei, slik skulle dei
gjere mot kvarandre. Slik han var ein tenar for dei, slik skulle dei med sine
liv vere tenarar for kvarandre. Slik Jesus gav seg sjølv gjennom teneste –
gjennom diakoni – slik skal kristne gje sine liv i teneste for sine
medmenneske.
”Forstår dere hva
jeg har gjort for dere? Dere kaller meg mester og herre, og dere gjør det med
rette, for jeg er det. Når jeg som er herren og mesteren, har vasket deres føtter,
da skylder også dere å vaske hverandres føtter.”
Det er skjærtorsdag. Dagen for påskemåltid og nattverd. Men også ein
dag der vi høyrer sildringa av rennande vatn. Dåpsvatnet minner det oss om. Men
vi har skitna oss til sidan dåpens bad. Difor treng vi framleis å reinse oss.
Og då er det ei lukke at vi tvers gjennom påska sitt veldige drama framleis
høyrer korleis det piplar og renn i reinsande vatn. I evangelisten Johannes si
skildring av langfredagen, kan vi lese at då Jesus var død på krossen, stakk
dei eit spyd i sida hans, og ut or såret rann det blod og vatn. (Johs.19,34)<o:p></o:p>
Blod og vatn.
Nattverd og dåp.
Vi augnar dei verkeleg djupe samanhangar i den
bodskapen som møter oss i påsketekstane. Både vatnet og blodet reinsar. Her er
vi ved den verkelege kjerna i vår kristne tru. Dette som er så ufatteleg og
ubegripeleg for vår tanke, men som det likevel går an å halde fast med si tru. <o:p></o:p>
Jesus vil gjere oss reine. Ikkje berre overflatisk.
Ikkje berre ein kattevask av støvete ørkenbein. Difor har fotvaskinga eit
langt, langt djupare innhald. Fotvaskinga fortel oss noko om korleis Jesus med
det rennande vatnet, med livsens vatn, kan gjere eit menneske "ren og
rettferdig, himmelen verdig".
Og så er det også slik at vi nettopp på dagen i dag,
skjærtorsdag, vert minna om eit anna middel som Jesus også brukar for å reinse
det som er tilsmussa og skittent. Hans eige blod. Det blodet som også rann frå
såret i sida hans. Det blodet vi får del i gjennom nattverdens vin. Vi får
ikkje del i det fordi dette er innlysande og logisk. Tvert om. For vår tanke er
dette fullkome ufatteleg. <o:p></o:p>
Men Guds ord slår også fast at på same måten som vatnet - dåpsvatnet -
gjer den døypte reinsa og rein, slik reinsar også nattverden, Jesu blod, den
som har fått sitt dåpsliv tilsmussa av eit levd liv.
"-blodet fra Jesus, hans Sønn, renser oss
for all synd", heiter det i 1.Johs.1,7.
Påskebodskapen handlar om at Jesus gjev seg sjølv for oss. Det er Gud
på kne for våre føter med vaskefatet mellom hendene. Han vil vaske oss. Gjere
oss reine. Han byr oss meir enn såpe og vatn og litt parfymert deodorant for å
fiffe opp ein noko medtatt fasade. I staden for godlukt og sminke byr han oss
sin lekam og sitt blod. Vår Herre og Meister gjev seg sjølv for oss. Med vatn
og blod frå sin eigen kropp.
Det er påske. Det dryp og renn rundt oss. Vatnet sildrar i veggrøfter
og bekkar. Elvane rundt om i landet vårt går etter kvart store og flomsterke.
På same måte som vatnet i naturen talar til oss om fornyande krefter når våren
kjem, slik vert vi i dag minna om dei nyskapande og reinsande kreftene den
kristne kan hente i det vatn og det blod som renn og sildrar for vår skuld.<o:p></o:p>
"Klippe, du som brast for meg,
la meg skjule meg i deg!
La det vann og blod som går
fra din sides åpne sår,
rense meg i nådens pakt
fra
all syndens skyld og makt."  NoS. nr.341, v.1
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-37184053384426509612022-04-09T13:50:00.005+02:002022-04-09T13:57:31.058+02:00Gravferd. Påskeveka (Tekst frå Palmesøndag III)
Johs. 12,1-2: Seks dager før
påske kom Jesus til Betania der Lasarus bodde, han som Jesus hadde vekket opp
fra de døde. Der ble det holdt et festmåltid for ham.
Marta vartet opp, og Lasarus var blant dem som lå til bords sammen med ham.
Vi
er samla i sorg nett no. Sorg over han som ikkje lenger er mellom oss. Som er
død og ligg i denne kista.
Men midt i sorga dykkar, vågar eg å ta dykk med på ein fest. Den store
jubelfesten i Betania som vi høyrde om i kyrkjene vår for eit par dagar sidan, då
vi gjekk inn i påska dette året. Det var palmesøndag.
Då høyrde vi om "Takk-og-lov"-fest. Det var gjestebod av det store slaget.
Jubel. Glede. Fullt hus av slekt og vener. Med ei strålande opplagt vertinne i
spissen for heile arrangementet. Heidersgjesten på festen var Jesus. Han som
fleire gonger før hadde vore på besøk hjå Marta og søstera Maria.
Og jamen hadde dei grunn til å feste. Ikkje berre fordi Jesus var der som
heidersgjest, men også fordi Lasarus var der. Bror til Marta og Maria, han som
Jesus hadde vakt opp frå dei døde.
Det var i sanning ei skikkeleg "takk-og-lov-fest". For her sat
undergjeraren og livgjevaren til bords og åt saman med han som hadde lagt som
lik i fire dagar i grava. Jesus og Lasarus var på fest i lag. Det var takkefest
for livet. Lasarus som hadde vore død, var levande og eit naturleg midtpunkt
for glade søstrer og for undrande vener og slektningar.
Men
eit endå meir naturleg midtpunkt var Jesus. Han som hadde vakt Lasarus opp att
frå døden. Betania var i festrus. Her var det god mat og godt drikke. Og
sannleg vart ikkje feststemninga også krydra med ei gjennomtrengjande godlukt
som liksom understreka at dette var noko heilt utanom alt som elles var vanleg.
For ved festbordet dukkar Maria opp att ved Jesu føter.
No,
ved festen for den levande Lasarus, tok Maria fram ei krukke med salve - dyr
nardussalve, verd nesten ei heil årsløn for ein vanleg arbeidar. Maria sette
seg ved Jesu føter enno ein gong. Ho salva føtene til Jesus. Og den gode lukta
frå salven breidde seg i heile huset. Sanneleg - her var det fest i glede for
livet - livet som Lasarus hadde fått attende.
Eller
var det livet som stod i sentrum der i Betania?
For
vertskapet var det nok livet - glede over at Lasarus var mellom dei att, og takksemd
til Jesus som hadde vist seg sterkare enn døden.
Men jammen tek ikkje Jesus til å tala om døden på denne gledesfesten for livet.
For når han får kritikk frå den svikfulle Judas, som også var med på festen,
for at Jesus verkeleg lar Maria få sløsa bort så mykje pengar til dyr salve,
berre for å salve Jesu føter, når pengane som det kosta å kjøpa salven heller
kunne vore gjevne til dei fattige; så er Jesus kontant med si irettesetjing av
han som skulle verte svikaren, samstundes som han tek Maria i forsvar:
"La henne være! Hun har gjemt salven til den dag jeg skal
begraves. De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke
alltid."
Den dag jeg skal begraves … Gravferdsdagen!
Var
det ikkje nettopp i glede over ein oppattlivna Lasarus dei var samla?
Og så tek Jesus til å tale om sin eigen gravferdsdag. Snakk om kalddusj!
Midt
i festen for livet, ser vi at Jesus er på veg til sin eigen død. For dette
skjer på palmesøndag. Ved inngangen til påske. Midt i gleda over at Lasarus sat
lys levande i det velluktande rommet, gjer Jesus det klårt at for hans eigen
del, nærmar død og grav seg. Han som er Herre over døden, vert salva til si
eiga gravferd på ein fest for at livet hadde sigra.
Livets
Herre er på veg til sin eigen død! <o:p></o:p>
Og
for oss som sit her i kapellet med ei kiste midt mellom oss, er ingenting viktigare
enn å få høyre om dette. At Jesus ville døy, for så å vise enno ein gong, si
makt over døden.<o:p></o:p>
Først
gav han liv til Lasarus som dei no festa for. Men snart skulle han sjølv rive
seg laus or grava sitt kalde grep og stå opp. Det er det vi skal høyre om
påskedagen.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Jesus
siger over døden i påska.
Det er ditt og mitt håp når vi møter døden.
Når
dagen kjem at det er eg som ligg i ei kiste. Eller når det vert din tur.
Jesus er Herre over livet! Også i møte med døden. Han har prova det ved å
vekkje Lasarus opp att frå dei døde. Men han som er sterkare enn døden, skal
sjølv døy. Difor var det ikkje berre takkefest for at Lasarus vart levande att.
Festen gjekk over i ei hylling av Jesus som skal døy. Det er både fest for
livet og fest før døden; på same tid.
Vi
er i gravferd no. Vi festar ikkje. Vi sørgjer. Vi takkar for livet som var.
Men vi ventar også på ei oppstode, om enn ikkje slik Lasarus stod opp.
Vi ventar på ei oppstode på den siste dagen i denne tida.
Då skal Jesu makt over døden vise seg ved alle graver.
Då håpar vi på den store oppstoda. Då skal også vi  stå opp.
Då skal festen bli stor og evig.
Det er vårt håp på denne gravferdsdagen, der vi takkar for livet som vi no tek
farvel med.
<o:p> </o:p> AMEN
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-85999584740695882852022-03-18T21:02:00.001+01:002022-03-18T21:02:56.559+01:00Motstandaren
<o:p></o:p>
3. søndag i
fastetida III. 20.03.2022
Bardu krk
Luk. 22,28-34<o:p></o:p>
Vi gjekk inn i fastetida på oskeonsdag. Fastetida varer fram til og med
påskeaftan. I 40 dagar held kyrkja faste. Kvar dag, bortsett frå søndagane. Ei
slags indre, åndeleg vårreingjering for oss som trur på den kristne bodskapen
om Jesu liding, død og oppstode for vår skuld.
Gjennom denne tida prøver vi å kome tettare inn på forteljingane vi møter i
Bibelen om Jesu veg mot Jerusalem for å kjempe den avgjerande kampen mot all
vondskap; mot alle motstandarar, som vil hindre Guds gode vilje med
menneskeslekta.<o:p></o:p>
Jesu veg mot liding og død er ein veg i
kamp og krig mot freistingar og sterke motstandar.
Dette har kyrkja som tema på ulikt vis alle dei 6 søndagane gjennom denne
perioden i kyrkjeåret.
Slik har det vore så lenge kyrkja har eksistert, og dette, altså kamp og krig
mot freistingar og sterke motstandar, det ser vi kanskje særleg godt akkurat på
denne 3.søndagen i fastetida med dei bibeltekstane vi har lese i lag, og som vi
skal seie meir om no.<o:p></o:p>
Snart skal vi også syngje i lag det som er
ein av dei aller viktigaste salmane i vår salmebok, skriven av han som vi
reknar som vår åndelege kyrkjefar, sjølvaste Martin Luther. «Vår Gud han er så
fast en borg» er den heilt sentrale salmen å syngje gjennom fastetida, og ikkje
minst i dag. Den handlar om kamp:<o:p></o:p>
Om verden full av djevler var
som ville oss oppsluke,
vi frykter ei, vi med oss har
den som Guds sverd kan bruke.<o:p></o:p>
Dette er ei god og presis omsetjing av
Martin Luther sine tyske ord.
Dette er presise ord på det vi må snakke om i dag: «Om verden full av djevler
var»<o:p></o:p>
Ja, korleis var det i verda, om den var
full av djevlar?
Korleis vart det rundt oss om alle bannorda, dei som faktisk er henta frå
Bibelen, og som vi har lese fleire gonger i dag; om desse påkallingane av den
vonde vart høyrt og oppfylte?
Fem gonger har vi ved å lese bibeltekstar i dag høyrt Satans namn nemnd. Ordet
betyr rett og slett motstandar. Det er eit lite vakkert ord som vi skulle halde
oss for gode til å sleppe ut av oss som rein bannskap, i dårleg selskap med det
kanskje enno meir brukte f...-ordet.<o:p></o:p>
Har Satan overtaket rundt oss?
Er verda full av djevlar?<o:p></o:p>
Ja, vi kan verkeleg lure når vi brått har
fått ein krig midt i fleisen.
Så himmelropande unødvendig. Så hjarteskjerande urimeleg. Så djevelsk vond. Og
vi torer å namngje motstandaren, det som på hebraisk altså heiter Satan. Vi må
over på russisk og hengje bjølla på katten. Eller heller bjørnen, den russiske
bjørnen. Namnet er Putin.<o:p></o:p>
Det er kamp mot ein despotisk motstandar.
Eit heilt folk kjempar. Ei heil verd heiar på folket og på leiaren deira. Og,
naturleg nok, vi ynskjer ikkje å dra fleire inn i krigen, vi ser med smerte på
det vonde som skjer, men trur at det rette er å halde avstand.<o:p></o:p>
Midt i dette kjem orda mot oss frå
Bibelens sider: Orda frå Jesu munn: «Jeg ba for deg at din tro ikke måtte svikte»
Det er mange som ber i dag. Som ber i desse dagane. Fastetida skal vere nettopp
det: Ei tid for bøn, ettertanke og refleksjon. Ei tid for å gå tett inn på
Jesus og spørje kva hans vilje med oss er.
Det er ingen tvil om Jesu vilje. Det er fred. Fred på jord. Fred mellom
menneske. Fred i Ukraina.
Kan dette seiast vakrare enn med Jesu
eigne ord i Bergpreika?:
«Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Guds barn» (Matt. 5,9)<o:p></o:p>
Kan det seiast meir håpefullt enn i
profetien om dei siste dagar, der det står slik hjå profeten Jesaja?:
De skal smi sverdene om til plogskjær og spydene til
vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp
til krig. (Jes 2,4)<o:p></o:p>
Då vi gjekk inn i fastetida med
familiegudsteneste her i kyrkja på 1.s. i faste, var det eit barn som las høgt
for oss denne tydelege bibelteksten om kva faste skal vere:<o:p></o:p>
Dette er fasten jeg har valgt: å løse
urettferdige lenker, sprenge båndene i åket, sette undertrykte fri og bryte
hvert åk i stykker, å dele ditt brød med sultne og la hjelpeløse og hjemløse
komme i hus. Du skal se til den nakne og kle ham, Du skal ikke snu ryggen til
dine egne. (Jes 58, 6-7)<o:p></o:p>
I dag møter vi Jesus i hans tette nærvær
med sine læresveinar.
Det vi har høyrt om, hender i forlenginga av det aller siste måltidet som dei
alle tok del i på skjærtorsdag. Nattverden var nettopp innstifta, men enno var
det det att mykje av denne kvelden og denne natta. <o:p></o:p>
Dei sit framleis rundt bordet, og samtalen
mellom Jesus og dei tolv heldt fram, og Jesus seier «Det er dere som har blitt
hos meg i prøvelsene mine. Og nå overdrar jeg riket til dere.»<o:p></o:p>
Det at Jesus overdrar riket til venene
sine, bety at han legg innover dei at no skal dei breie vidare ut bodskapen om
Guds rike, og korleis det skal vere der.
Jesus starta heile si offentlege verksemd tre år tidlegare ved å halde si
første store, offentlege tale i syngagoga i Nasaret der han hadde vakse opp. I
den talen får vi første proklameringa av kva Gud hadde sett han til, kva Jesus
var innvigd til å gjere her på jorda. Og orda hans er som eit ekko av
profetorda om kva faste skal innebere. Men det er samstundes eit riss av
korleis det skal vere i Guds rike, det riket Jesus overdreg til venene sine,
til læresveinane.
Jesus brukte desse orda i si første offentlege tale som vi er kjenner frå NT:
Herrens Ånd er over meg, for han har salvet meg å forkynne et godt budskap
for fattige.
Han har sendt meg for å rope ut at fanger skal få frihet
og blinde få synet igjen, for å sette undertrykte fri
og rope ut et nådens år fra Herren. (Luk. 4,18-19)<o:p></o:p>
Det er fastetid i vår kyrkje. I kyrkjer
over heile verda.
Fastetid er kamptid.
Men i kyrkja kjemper vi ikkje med sverd eller våpen. Ikkje med bomber eller
droner eller hangarskip.
Vi brukar i staden ordet, og gjer som
Jesus - rope ut at fanger skal få frihet
og blinde få synet igjen, for å sette undertrykte fri.<o:p></o:p>
Vi fokuserer på ei fastetid i samsvar med
profetorda om korleis fastetida skal vere: å løse urettferdige lenker, sprenge
båndene i åket, sette undertrykte fri og bryte hvert åk i stykker, å dele ditt
brød med sultne og la hjelpeløse og hjemløse komme i hus. Du skal se til den
nakne og kle ham, Du skal ikke snu ryggen til dine egne.<o:p></o:p>
Vi kan ikkje ignorere det vi opplever nett
no. Vi kan ikkje oversjå krigsherjingane.
Men som kyrkje er våre kampvåpen av ein annan sort enn stridsvognene og
kanonane som rullar på E6, ti meter frå kyrkjedørene våre her på Setermoen,
gjennom den gigantiske militærøvinga Cold Response vi er midt oppe i. Det ser
ut for at også stridsvognene, diverre, trengst i møte med motstandaren som vi
ikkje vil sjå innafor våre grenser. Ein motstandar med eit ansikt og med eit
namn.
Men motstandaren er ikkje folket og enkeltpersonane vi kjenner på den andre
sida av grensa. Dei som kanskje er førte vill av meiningslaus propaganda.<o:p></o:p>
«Salige er de som skaper fred, for de skal
kalles Guds barn» sa Jesus.
Det er ord med gullskrift. <o:p></o:p>
Poeten Helge Torvund har skrive eit lite
dikt som er til ettertanke når vi veit at det regnar krig over Europa sitt
kornkammer, Ukraina:
«Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber
og enda opp
med å tenkja på korn.
Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden
og som kan
gje oss brød.»<o:p></o:p>
Det er fastetid. Når fasten er over skal
vi ete som aldri før.
Men i fastetida kan vi også ete. Ete brød. Nattverdbrødet. Laga av mjøl, som er
laga av korn. Det som veks så stille. Det som veks i Ukraina – meir korn der
enn dei fleste andre stader.
Korn som er det motsette av bomber!<o:p></o:p>
Og så ein gong – når Guds rike renn i all
sin strålande glans, er det vårt håp at vi ikkje skal kjempe lenger.
Då er vår motstandar, han som kallast Satan, gått på sitt siste og endeleg
nederlag.
I lag med apostlane skal vi få oppleve det som står i vår tekst i dag, der
Jesus lovar: «-dere skal spise og drikke ved mitt bord i mitt rike».<o:p></o:p>
Då har også profetordet om dei siste
dagane gått i oppfylling: De skal smi sverdene om til plogskjær og
spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke
lenger læres opp til krig.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
AMEN<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
<o:p> </o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-46794260527207916702022-02-16T18:36:00.000+01:002022-02-16T18:36:45.400+01:00Etter motbakken
Gravferd. Kristi forklåringsdag.
Luk. 9, 28-36
I fotspora til døden føl
sorga. Sorga er er alltid tung å bera. <o:p></o:p>
I sorga ropar vi på Gud. Men
Gud er ikkje alltid like lett å få auga på. Gud kan opplevast langt unna.
Gud synest innimellom å ha attlatne augo og øyro. Han trekkjer seg unna. Vi ser
lite til han. Slik kjennest det i alle høve av mange.
Men kanskje var det godt om vi, når vi opplever slike tider, spurde oss sjølve:
Er det eg som gøymer meg for Gud, eller er det Gud som gøymer seg for meg?<o:p></o:p>
Men så kan det òg
vere slik at Gud kan nytte ein anledning lik den som i dag samlar oss, ei
gravferd, til å syne for oss kven han eigentleg er. Og det han vil vise oss,
det kan gjere at sorga og det tunge vert til å leve med. For Gud vil vise oss
at han er der når det er tungt.
Slik er det i det
vi høyrer om på Kristi forklåringsdag, ein søndag vi no står framfor. På søndag skal vi få høyre om
fjellturen med Jesus og hans tre mest betrudde læresveinar. Ein fjelltur med
sveitte og kanskje også gnagsår. Ein tur der turgåarane vart trøytte. Så
trøytte at dei i flg. Lukasevang. rett og slett sovna der oppe på toppen.
Fjellturen var sjølvsagt ein tur i motbakkar med strev og med tunge og seige
parti som måtte forserast for å nå heilt opp.
Slik det også er i vårt daglege liv. Av og til buttar det imot.
F.eks. når dødens bratte bakke tårnar seg opp framfor oss.<o:p></o:p>
Det står ikkje
noko om korleis Jesus hadde det på fjellturen med Peter, Jakob og Johannes. Men
han var sikkert trøytt, han som dei andre.
Der, høgt til
fjells, fekk Jesus eit høve til å gje læresveinane ein liten glimt av kven han eigentleg
var. Han som alle oppfatta som snekkarsonen frå Nasaret, var noko heilt anna. <o:p></o:p>
Peter, Jakob og
Johannes hadde eit fabelaktig syn der på fjellet. Dei såg at den sveitte og
trøytte Jesus brått endra seg langt meir radikalt enn om det hadde stått eit
moderne dusjkabinett klar til å vaske bort alle spor av sveitte og slit frå
fjellturen.<o:p></o:p>
"Mens han ba fikk
ansiktet hans et annet utseende, og klærne ble blendende hvite" (Luk.9,29)<o:p></o:p>
Eller som det står om same hendinga
i Matteusevangeliet: «Ansiktet hans skinte som solen, og klærne ble hvite
som lyset.» (Matt.17,2)
Vi kan i dag seie at dette
bokstavleg tala måtte vere oppfyllinga av bøna om velsigning som vart beden i
synegogegudstenesta den gongen, og som om litt skal avslutte denne seremonien vi
no er med på; den Aronittiske velsigninga:<o:p></o:p>
Herren velsigne
deg og vare deg! Herren la sitt
andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren løfte sitt
åsyn på deg og gjeve deg fred! (4,Mos.6,24-26)
Eit
skinande andlet. Eit åsyn som var oppløfta og opphøgd. Det guddommelege var
nærværande. Læresveinane var ikkje berre høgt til fjells. Dei var nesten i
himmelen. Dei fekk sjå ein liten glimt av det guddommelege. Men den vesle glimten
var meir enn nok til å spikre fast eit inntrykk av noko utfatteleg vakkert,
noko som var med på å gjere trua deira tryggare,og vitnemålet om Jesus endå
meir overtydande, når dei seinare skulle fortelje verda om kven Jesus eigentleg
var.
For ein fjelltur
Peter og dei to brørne Jakob og Johannes hadde! Jesus med
guddomeleg velde. Til og med Moses og Elia fekk dei sjå. Og som om dette
ikkje var nok. Gud tala direkte til dei. Guds stemme frå det høge. Guds
vitnemål om han som stod framfor dei og glitra i sin guddomelege velde:
"Dette er min Sønn, den
utvalgte. Hør ham!"
Visst kan det
vere tungt og slitsamt å gå i motbakkar. Men utsynet som møter oss på toppen
gjer oftast til at vi gløymer strev og slit for å koma oss opp.Til og med dødens
motbakke kan vere til å halde ut når vi veit at på toppen vil Jesus openberre
seg for oss. Vi får sjå han slik han verkeleg er.
Augo våre speidar
etter det guddommelege. Vi vil så gjerne sjå eit vakkert syn som kan styrkje
trua vår. Finst det eit fjell vi kan stige opp på og koma nærare Gud? Der vi
ser Jesus tydelegare? Som gjennom himmelstrålar. Guddommeleg velde. Kvar finn
vi det i vår eiga tid?
Eg trur at det
beste vi kan gjere er å lytte til dei som verkeleg har sett.
Jesus tok dei til sides, dei tre, for at berre dei skulle få dette synet.
Dei skulle få noko dei kunne bere fram vitnemål om. Vitnemål til styrke for
trua. Både deira eiga tru, og trua til dei som seinare les om det som hende.
Jesus har aldri
lova deg og meg ei openberring av det guddommelege. Men han har lova å vere nær
oss. Nær i kvardagen vår. Nær oss når vi strevar i motbakke. Nær når døden vert
ein røyndom som kjem tett inn på oss. Nær når vi græt i sorg over våre kjære.
Og så har han lova å velsigne oss. Måtte du som kjenner på sorga og saknet i
dag få oppleve at Gud høyrer bøna som ligg i velsigninga presten ber ned over
kyrkjelyden på kvar gudsteneste, og etter kvar gravferd:<o:p></o:p>
Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred! (4,Mos.6,24-26)
<o:p> </o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-34557529012737901542022-02-04T20:02:00.002+01:002022-02-04T20:02:37.664+01:00Bålet
Samefolkets dag. III. 06.02.2022
Bardu kirke
Johs. 21, 9-13<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
Det er sikkert mange som lurar på kvifor det i kvar gudsteneste
i kyrkjene våre her i Bardu, og elles også i heile bispedømmet vårt no, lyder
korte liturgiske ledd på samisk språk. Ikkje berre i dag, på samefolkets dag,
men på alle søndagar.
Den 10. januar i år fekk alle kyrkjelydar her i bispedømmet eit brev frå
biskopen vår om bruk av samisk og kvensk i kyrkjene i Nord-Hålogaland. Der
skriv han bl.a., etter å ha gått gjennom grunngjeving for desse orda: <o:p></o:p>
Biskopen vil derfor pålegge alle
menigheter i Nord-Hålogaland om å ta inn samiske liturgiske ledd i sin lokale
grunnordning. Et minimum må være å inkludere nådehilsen og velsignelsen.<o:p></o:p>
Det er altså ein av grunnane
til at samisk lyder her i Bardu, uttalt av ein søring som forsiktig prøver seg
med noko som er endå meir framandt for han, enn det er for dykk som trass alt
har ei lita gruppe av dette folket, buande mitt mellom dykk.<o:p></o:p>
Eit pålegg frå biskopen er
naturlegvis god nok grunn til å bruke språket. Men ein betre grunn finn vi i
den fasinerande bibelteksten vi nettopp har lese, pinseteksten frå Apgj.2 om då
apostlane talte på så mange ulike språk som dei i utgangspunktet slett ikkje
kunne tale.
I denne bibelforteljinga handlar det om noko som ikkje er mindre enn eit
guddommeleg under. Slik vi også har lese om to andre guddommelege under i
bibeltekstane i dag. Her om språkunderet på pinsedag.
Og det store poenget med språkunderet står tydeleg på trykk i vår Bibel. Alle
desse folkeslaga som høyrde apostlane tale til dei på framande språk, kunne til
slutt stemme i: «- vi hører dem tale om Guds storverk på våre egne
tungemål.»<o:p></o:p>
Det at alle skal få møte
bibeltekstar, kyrkja sin liturgi, salmar, og aller helst forkynning, på
hjartespråket sitt, det er noko Den norske kyrkja vil prioritere svært høgt i
alle samanhangar. Og det er veldig godt, ikkje minst for alle som snakkar eit
mindretalsspråk. Det veit eg, som er nynorsktalande, noko om også. Eg hugsar
godt i fjor haust då kyrkjetilsette frå heile bispedømet her i nord var samla
til gudsteneste i Tromsø domkirke der m.a. vår preses Olav Fykse Tveit tok del.
For meg var det rørande å kjenne på inkluderinga då velsigninga til slutt lydde
i den store kyrkja – på kvensk, samisk, og så også på nynorsk, frå preses sin
munn!<o:p></o:p>
«- vi
hører dem tale om Guds storverk på våre egne tungemål.»<o:p></o:p>
Om Guds storverk!
Det skal det handle om på denne dagen også. Det skal vi tale om. På norsk, ja
til og med slik eg må gjere det, på nynorsk, som vi alle forstår, heldigvis.<o:p></o:p>
Og då set
vi oss ned ved bålet. Då stirer vi inn i elden, blafrande og varm, slik det kan
vere på vidda for folket som i dag feirar dagen sin, men slik det også er for
ein kvar av oss som likar varmen og gløden i bålet, anten det er på hytta no om
vinteren, eller ein sommarkveld ved eit fiskevatn.<o:p></o:p>
vi ser på denne søndagen er av ein litterær karakter. Av ein bibelsk karakter.
Vi møter fiskarane som hadde gått frå alt dei hadde for å slå seg i følgje med
Jesus. Hus og heim og familie. Alt låg bak dei gjennom tre år i følgje med
denne merkelege mannen som gjor under og teikn, og som heldt så mange store
talar. Men så enda det heile med katastrofe. Med at han dei trudde på, han som
var helten og venen deira, han vart fanga, dømd, krossfesta og lagt i grav.
Det gjekk nokre dagar etter påske, og rykta om at Jesus hadde stått opp att or
grava høyrdes no mellom folk. Nokre påstod at han som var krossfesta framleis
levde, men det er veldig tydeleg at noko slik var vanskeleg å tru på.<o:p></o:p>
står det at læresveinane, dei gamle fiskarane, rett og slett ville ta opp igjen
sitt gamle fiskaryrke.<o:p></o:p>
No var
det tilbake til kvardagen. Fiskebåtane venta.
Men
fiskarane på veg tilbake til sitt gamle liv i båtane fekk snart oppleve at den
levande Jesus enno ein gong kunne endre tilværet deira.
Det gamle livet synte seg å vere tomt og verdlaust.
Garna vart kasta. I utgangspunktet var det profesjonelle yrkesfiskarar som
gjekk i båtane for å ta opp att sin gamle leveveg. Men det gamle livet var
innhaldslaust. Garna var tomme. ”-den natten fikk de ingenting”<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Slik
er det også for oss som tenkjer at vi kan leve utan Jesus. Det kan vere eit
tomt og innhaldslaust liv. Som læresveinane sine garn.
Men
heldigvis har vi ein levande Jesus. Ein levande Jesus som på uforklarleg vis
fylte garna til læresveinane med så mykje fisk at garna heldt på å revne.
Sjøen
var ikkje død. Like lite som Jesus var død.<o:p></o:p>
Heldigvis har vi hatt påske. Om ikkje så lenge skal vi enno ein gong feire påske i kyrkjene våre. For
Jesus har stått opp att, og Jesus lever! Han vil fylle ditt og mitt liv med det
vi treng for å leve godt, slik han fylte læresveinane sine garn med fisk.
Slik eit nyfødd liv, som dette dåpsbarnet vi har mellom oss i Bardu kyrkje i
dag, fyller ein familie med nytt og rikare innhald, med nye kvalitetar, med nye
ting å tenkje på og ta ansvar for, slik fyller Jesu liv etter påske heile hans
kyrkje med nytt innhald, med lys, med framtid, med håp.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>I dag
vil vi la den krossfesta og oppstadne sleppa til mellom oss. La han få puste litt
bålvarme på oss, midt i vinteren. For då opplever vi at det livnar til også i
våre liv, slik som læresveinane fekk oppleve det på ei strand ved Tiberiassjøen.
Kanskje
er ikkje alt som Jesus vil vise oss like behageleg. Det kan vere at det må til
snø- og issmelting i våre liv òg. Slik vi håpar at all snøen vi har fått å
hanskast med denne vinteren til slutt må vike for vår og grotid. <o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Vi
hugsar kanskje korleis kulda tok tak i Peter seint om kvelden skjærtorsdag. Det
var så kaldt at han fraus og måtte inn til eit bål for å varme seg. Der, i
skinet frå bålet vart han attkjend av fleire av dei som var Jesu fiendar og som
nett då var ute etter å ta Jesus til fange for å få han dømd. Dei spurde om
ikkje også Peter var ein av Jesu læresveinar. Men han nekta. Tre gonger nekta
han. Heilt til hanen gol. Peter sitt fundamentale svik mot Jesus.
Møtet
med Jesus her på stranda nokre dagar seinare, vart for Peter eit minne om dette
sviket mot Jesus. For det første han ser når han stig i land frå båten etter
denne merkelege fiskefangsten, det er eit lysande bål.
I
lyset frå bålet står hans nederlag og hans synd klårt for han. Han har ikkje
gløymt då han ved eit anna bål svor på at han ikkje kjende Jesus.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Men i
lyset frå bålet denne kvelden ser han også Jesus, han som dei hadde lagt i grav
og som dei trudde var død.
Men Jesus er ikkje død. Jesus lever. Ein levande Jesus står der og ber om fisk.
Om mat. Og brød har Jesus med seg. Han steller i stand eit måltid.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Peters
svik gløder i glørne frå bålet. Men det er som om følgjene frå sviket smeltar
bort som snø for vårsola. For Jesus er der også. Det han har å by Peter er
viktigare enn fisk og brød. Gjennom dette måltidet forkynner Jesus på sin
stillfarande måte at han har tilgjeving å by fram.
Slik er det å møte den levande Jesus. Han feier ikkje våre svik og nederlag
under teppet. Han tek dei fram og lyser
dei opp. Men så hentar han nåden fram. Tilgjevinga og oppreisinga. Nåden som
kan etast som eit måltid. Brødet som vert brote. Ta og et! Til minne om meg,
seier Jesus. Til forlating for syndene.<o:p></o:p>
Nåden
er ikkje å gøyma og å gløyma. Nåden er å vedkjenne og å vedkjenne. Først
vedkjenne synda og nederlaget. Så vedkjenne trua.<o:p></o:p>
Læresveinane
møtte ein levande Jesus, like etter påske. Han var ikkje død. Han levde. Og dei
trudde! ”De visste at det var Herren”<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Vi
stirer inn i bålet i dag. Der kan vi ane Jesu nærvær. Der kan vi ane hans
storverk, hans død, men også hans oppstode. Han lever. Han lever i dag. Han vil
gje oss sin nåde og sin fred. Om dette vil storverket vil vi forkynne til alle
folkeslag, og på alle språk: For nordmenn, samar eller svenskar, eller kvar dei
måtte høyre heime på jorda.
Jesus lever, og vil fylle alle folk med glede og med håp for dette
livet, og for det evige.<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Amen
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-30051108455268401822022-01-21T18:46:00.002+01:002022-01-21T18:46:53.810+01:00Oppreist
4. s. i openberringstida. III. 23.01.22
Bardu
Luk. 13, 10-17<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
I evangelia møter vi mange menneske som
var nedbøygde av mange grunnar, Som gjekk rundt i livet og bar på noko tungt,
noko som gjorde ryggen krum, nakken bøygd og knea skjelvande.<o:p></o:p>
Det kunne vere ein lam som måtte ha hjelp
for å finne seg ein stad i vegkanten eller på torget for å møte rike menneske
med sitt bedande og tiggande blikk.<o:p></o:p>
Eller vi høyrer om dei med verkbrotne og
nedbrotne lemmer. Kanskje var det leprabasillen som hadde sendt dei ut i grenselandet
mellom øydemark og sivilisasjon der familien bar mat ut til dei ureine som var
smitteberande med ein langt verre sjukdom enn dagens covid.
Urein, urein, ropa dei om seg sjølve for å halde avstand, langt over meteren.
Sjukdommen og skamma var forferdeleg. Slik var det i Israel på Jesu tid, og
slik var det her hjå oss like fram til vår eiga tid.
Den aller siste spedalske i vårt land budde i min heimkommune. Han døydde i 1957 i Bergen, og i NRK sine gamle arkiv
går det enno an å høyre intervju med denne mannen.<o:p></o:p>
Tenk også på dei mange andre skamfulle,
med blikket i bakken, som vart hersa med av mektige og store, av dei som var rike og som sat med makta til å dømme,
og i verste fall til å mishandle. Vi ser for eksempel for oss forteljinga om kvinna
som dei skriftlærde mennene ville kjeppjage og steine fordi ho var teken på
fersken mens ho gjorde ekteskapsbrot. Heilt fram til dei la saka hennar fram
for Jesus og alt snudde seg. Det kan vi lese om i Johs. 8<o:p></o:p>
Og eg trur at den krumbøygde kvinna som
stig mot oss i denne forteljinga vi har lese i dag, også var av dei skamfulle.
For aksepten for den slags funksjonshemming i Jesus samtid var neppe særleg
stor.
I 18 lange år har ho gått der med sin krokete rygg og stira ned for seg.
Ho var sikkert sett utanfor det meste av det sosiale livet som dei fleste andre
tok del i. Truleg var ho aldri ein kandidat til å få seg ein mann og stifte
familie. Det står ikkje noko om det, men det er lett å forstille seg at ho var
ei av dei som sat med tiggarskåla på byens torg.
Når det på toppen av dette også står at diagnosen og årsaka til den bøygde
ryggen hennar er sett i samanheng med det som kallast ei sjukdomsånd, og at
Jesus sjølv seier at denne Abrahams dotter, altså ein kvinne med djupe røter i
det jødiske folket, rett og slett var bunden av Satan gjennom desse 18 vonde
åra, så hjelper ikkje det mot skamkjensle.<o:p></o:p>
Desse forunderlege diagnosane kunne vi
sjølvsagt brukt tid til å dukke ned i.
Ville Jesus, om han gjekk rundt mellom oss og kunne vise til moderne medisin og
flotte sjukehus, brukt slike ord og uttrykk? Det tvilar eg på.
Eg vil ikkje seie meir om desse uttrykka, anna enn at vi må sjå dei i lys av
det som gav meining for folk som høyrde på Jesus, som møtte han, og som var
begeistra for det han gjorde, eller som tvert i mot heller såg på han som ein
trøblete oppviglar i det religiøse miljøet rundt synagoga.<o:p></o:p>
Denne kvinna møtte Jesus, og ho fekk
endeleg rette ryggen. Ho fekk løfte ansiktet og møte andre sine ansikt. Det var
eit betre og hyggelegare syn enn å stire ned for seg og berre sjå sine eigne,
eller naboens, sandalar som var sveipte rundt støvete tær.<o:p></o:p>
Denne kvinna møtte Jesus.
Slik også vi i dag kan få møte Jesus.<o:p></o:p>
Jesus gjore to viktige ting.<o:p></o:p>
Først dette at han gjorde noko med hennar
naud. Med den krokete ryggen hennar. Han la hendene på henne, og ho kunne rette
seg opp. Ho kunne lovprise Gud. Ho kunne sjå rundt seg. Ho kunne sjå menneske
og natur, dyr og hus, frå det perspektivet ho var skapt til, ikkje slik
sjukdomen hadde tvinga henne til å sjå tilværet sitt. Ho hadde sett det låge,
det det støvete, det som alle gjekk og trakka på og i. No kunne ho sjå familien
som smilte til henne, ho kunne gle seg over borna som leika, og over å setje seg
til bords og nyte eit godt måltid utan å vere til bry og sjenanse for menneska
som var hennar nære.<o:p></o:p>
Jesus gjorde to viktige ting, sa eg.<o:p></o:p>
Det andre han gjorde var å ta eit oppgjer
med dei villfarne religiøse leiarane som hadde stivna til. Også dei var krumbøygde
og skakke. Men det var i deira oppfatning av kva som var Guds vilje for
menneska som levde saman på denne staden der Jesus no gjekk rundt mellom dei.<o:p></o:p>
Forstandaren i synagoga fekk passet sitt
påskrive at Jesus. Det er nesten som vi ser han for oss der han prøver seg med
å kome drassande med det som var velkjende påbod og forbod som var knytte til
sabbatsfeiringa. Arbeid var slett ikkje lov på den jødiske kviledagen. - Kva
som helst, sa han – men styr unna lækjedom på denne eine dagen i veka.<o:p></o:p>
Hyklarar! Jesus var skarp. Han var
tydeleg. Og truleg vart han populær med ein slik reaksjon. Populær mellom
vanlege folk, men på ingen måte i augo til synagogeforstandaren.<o:p></o:p>
Det er nesten som vi den dag i dag høyrer
ekkoet, snerten, av dei sylkvasse irettesetjingane frå Jesus: «Hyklarar! … Løyser
ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet sitt frå båsen på sabbaten og leier
dei ut så dei få drikke ?»<o:p></o:p>
Kva er det som skjer?
Det er at Jesus ser at dei guddommelege reglane om korleis vi skal leve saman,
dei vert plukka ut or sin samanhang, og nye, menneskeskapte lovar og reglar
oppstår slik at vi står att under eit trykk av forventningar og eit finurleg
forventningspress som fort får oss til å bøye nakken og krøkje ryggen og stå igjen
som vanskapte kristne, utan glede, og i verste fall med skade på helsa vår. <o:p></o:p>
I møte med denne evangelieforteljinga vert
eg ekstra glad og oppbygga.
For her får vi malt opp for augo vår to velsigna gode sider ved Jesus.<o:p></o:p>
Det eine er altså at vi har sett korleis
han tek eit oppgjer med det som av og til kan synast som ein ibuande trong for
religiøse, eller skulle vi i vår norske samanhang seie, kyrkjelege eller
kristne, leiarar til å herse med menneska som desse leiarane heller skulle hjelpe
til gode liv, og til innsikt i Guds gode vilje. Hyklarstempelet frå Jesu munn må
mane kvar og ein av oss som er i ein slik posisjon til å granske Jesu ord endå
djupare, og endå meir nøye slik at vi kan sleppe eit rettferdig hyklarstempel.<o:p></o:p>
Men det andre vi har sett på, og som er
det største i dagens evangelium, det er likevel å få høyre om at det går an å
få rette ryggen for kvar einaste som av ein eller annan grunn kjenner seg
krumbøygd, som stirer i bakken og ikkje mot sola.<o:p></o:p>
Ein som har sagt nokre flotte visdomsord
om dette er teologiprofessoren Notto R. Thelle i ei bok som heiter «Ditt ansikt
«Det
er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et
stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen,
strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.
Vi er ikke kalt til å kues med bøyde nakker og blikket vendt mot jorden. Da blir
vi i stagnasjonen og veksten stopper opp. Vi er heller ikke skapt til å gå på
tærne og strekke oss etter det som er over vår fulle lengde. Da ender vi i
overanstrengelsen.
… Den virkelige utfordringen er å bli et menneske som lever i sin fulle høyde.»
<o:p></o:p>
Vi kan gjerne bøye oss for
Guds storverk som han viser oss når vi får sjå kven Jesus er og kva Jesus
gjorde og kva Jesus sa. Men vi skal ikkje gå inn i det sjukelege, det
krumbøygde, det underkua.
Det står i det vi las frå evangeliet i dag at folket som opplevde desse
hendingane med Jesus i sentrum, dei «gledde seg over alt det underfulle han gjorde»<o:p></o:p>
Det skal også vi får gjere på
denne søndagen, og vi gler oss i lyset frå evangelieordet, men gjerne også av
dei kloke orda til teologiprofessoren: «Det
er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et
stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen,
strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.»<o:p></o:p>
AMEN<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-90497865640860305582022-01-13T13:55:00.003+01:002022-01-14T10:50:39.344+01:00Namnet
3. s. i openberringstida III. 16.01.2022
Nedre Bardu kapell
Johs. 1, 15-18<o:p></o:p>
Når vi skal bli kjent med kvarandre, så er
det alltid grunnleggjande at vi fortel kva vi heiter. At vi presenterer oss. Og
då er det slik at nokre av oss er veldig treige til å hugse namn. Det er litt
pinleg å seie det, men eg er ein slik som treng lang tid på å lære meg namn på
nye kjenningar. Andre synest å vere reine ekspertar på å lære namn, og å
plassere desse rett i årevis seinare, kanskje berre etter eit flyktig møte.
I kyrkjene våre har vi no etter jul gått
inn i den delen av det kyrkjelege året som vi kallar openberringstida. Då er
det noko vi skulle bli betre kjende med, noko som skulle openberrast for oss.
Det er vel ikkje spesielt overraskande at det i kyrkja handlar om å gjere oss betre
kjende med kven Jesus er, kvar han kjem frå, og kva som er hans viktigaste oppgåve.
I dag får vi gjennom det vi les frå
Bibelen lære noko både om kven Jesus er, og om kven Gud er. Vidare om den tette
samanhengen, eller skal vi heller seie: Om den merkelege einskapen det er
mellom Jesus og hans himmelske far, Gud sjølv.<o:p></o:p>
Vi høyrer først i dag frå eit lite avsnitt
frå 2.Mos i GT. Forteljinga om då Moses fekk vite kva Guds namn eigentleg er.
Det er ein underleg, men viktig samtale vi høyrde eit referat frå.
Det er Gud som presenterer seg sjølv for
oss, så og seie!
Da sa Moses til Gud: "Sett at
jeg går til israelittene og sier til dem: Deres fedres Gud har sendt meg til
dere, og de så spør meg: «Hva er hans navn? Hva skal jeg da svare dem?" Gud
svarte Moses: "Jeg er den jeg er». Og han sa: «Slik skal du svare
israelittene: Jeg er har sendt meg til dere." (2.Mos.3,13-14)<o:p></o:p>
Gud, han som har det merkelege namnet ”Jeg
er” eller ”Eg er” som det er naturleg for meg å seie, han møtte Moses.
Han kalla Moses til leiar og førar for Israelsfolket. Og Gud gav seg til kjenne
for Moses ved å presentere seg, ved å openberre namnet sitt. Gud heiter rett og
slett ”Eg er”.
Kanskje visste du ikkje det før du kom til
kyrkja i dag? Kva Guds namn er. Vi kallar han gjerne for Gud. For Far. For
Jahve. For Herren. Gud har mange namn. Men når han presenterer seg for Moses
kallar han seg altså for ”Eg er”.
Vi kunne brukt mykje tid på å forklare
djupna i dette namnet. Det har vi ikkje tid til no. Men om du ikkje har lært
noko anna i dag, så har du i alle fall lært kva Gud eigentleg heiter. Eg er
heiter han.
Og ved å ta på seg eit slikt namn, fortel
det noko grunnleggjande om Guds eksistens, om hans posisjon i tilværet.
Dette betyr at Gud har ein eksistens som går tvers gjennom, og utanpå det vi er
i stand til å førestille oss. Eit menneske, du eller eg, har ei tilmålt levetid
der vi er – der vi finst til. I snitt lever dei fleste nordmenn nokre og 80 år
her på jorda. Nokre mykje kortare, Og ein del til dei vert litt over 100 år.<o:p></o:p>
Men når Gud seier at han er, så betyr det
at han også var – før tida tok til, og så var han der vidare gjennom alle tider.
Når ein gong alle jordiske klokker og kalendrar ikkje har meir tid å måle her
på jorda, då skal Gud framleis vere. Inn i det evige som ikkje har ein ende.
Gud er. Alltid og i all æve.
Gjennom alle tider har folk vore på leit etter
Gud. Mange leitar også i dag. Dei søkjer Gud og det guddommeleg på mange
underlege stader. I stjerneteikn og meditasjon; i framande religionar eller i
naturopplevingar. Den religiøse lengten er kanskje større i vår tid enn det vi
har sett nokon gong. Sjølv om mange rett og slett er sjenerte over å vise at
Gud er i tankane deira. Sjølv om mange har tungt for å finne vegen til ei
kyrkje og slik gje uttrykk for at Gud kan bety noko i livet deira.
Men å finne Gud på ein fjelltopp, i ei
stjernetåke eller ved å lage seg det mange omtalar som «min gud», eller ved å
prøve å snekre seg ein eller anna form for privat religion, det er truleg vanskeleg,
og neppe realistisk.
I vår kyrkje trur vi på, og er overtydde om, at det berre er ein som har vist
oss kven Gud er. Det er han som kom frå Gud, han som Gud kallar for son sin, og
som vi også har lese om i dag, gjennom orda som er refererte frå munnen til
døyparen Johannes:
«Ingen har
noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har
vist oss hvem han er.»
Her siktar evangelisten Johannes, som har
skrive desse orda, til Jesus.
Ingen har sett Gud.
Men mange har sett, eller såg, Jesus. Og det dei såg og høyrde av Jesus, det
vart skrive ned slik at vitnemåla om denne eineståande mannen kan vi ta fram og
lese i vår Bibel den dag i dag. I historia vår finst det ikkje ein einaste person
som er så mykje omtala, og som har fått så sterke vitnemål om seg som
snekkarsonen Jesus Kristus frå Nasaret.
I dag får vi høyra at Jesus er den som har
gjort Gud kjend: «Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud,
og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.»
«Den einborne» står det. Kva betyr det? Det betyr den einaste; det einaste
barnet, den einaste sonen. Guds einaste son. Det er han som vart fødd av Maria
i jula, og som heiter Jesus.
Guds son, Jesus, han har eit nesten uforståeleg
tett forhold til sin Far, til Gud. Det står her at han er i Fars favn; på nynorsk
står det i Fars fang.<o:p></o:p>
I Johs. 10,30 uttrykkjer Jesus dette tette
forholdet endå sterkare. Her seier han det rett ut: «Eg og Far er eitt»
Altså: Ved at vi ser på Jesus, ved at vi les og lærer, lyttar og tilber, kjem
vi så tett inn på Jesus at vi får ei aning og ei formeining om kven han var.
Kven han er. Kven Jesus er.
Men då forstår vi også ein liten bit av kven Gud er. Korleis Gud er. Korleis
han er, han som kallar seg sjølv for «Eg er»
Guds namn, Eg er, høyrest veldig merkeleg
for oss som er vane med at vi alle har normale fornamn, slik kvar og ein av oss
fekk tildelt då vi var nyfødde. Men når vi ser på Guds namn og på Jesu namn, så er det ein ting til vi må merke
oss som angår Jesus.
Det at han og Gud, han og Far, som han
seier at han er eitt med, har eit så tett forhold, avspelar seg i at Jesus
mange stader når han talar om seg sjølv også stig inn i rolla til han som
heiter Eg er.
For når vi tenkjer etter, hugsar vi
korleis Jesus omtalar seg sjølv. Har seier f.eks:
Eg er  - den gode hyrding; - vegen
sanninga og livet; - lyset i verda; - livsens brød; - døra; -oppstoda og livet;
-det sanne vintreet.<o:p></o:p>
Alle desse presentasjonane av seg sjølv der
han brukar denne formelen, eg er, om seg sjølv, viser at Jesus også
identifiserer seg med måten Gud presenterte seg for Moses på då Gud fortalde kva
hans namn er – han heiter Eg er.
I det
nye testamentet viser Gud seg som Gud i og gjennom Jesus, som er Gud. Menneska
har fått eit nytt gudsnamn – Jesus. <o:p></o:p>
Når vi
vil ha kontakt med Gud kan vi be i Jesu namn. Då ber vi også til Gud. For Jesus
namn er Guds namn på jorda.<o:p></o:p>
Når vi
vil ha kontakt med Gud og ber til han, snakkar med han, då går vi til Jesus. Han
kan vi kome fram for, og han har uendeleg rike gåver å gje til dei som vil være
nær med han, verte kjend med han som presenterer seg for oss, og  som vil la oss forstå kva som ligg gøymt bak
namnet hans.
Vi går
vidare inn i det nye året, og ynskjer å lære Gud og Jesus betre å kjenne. Vi
vil be om at Gud vil gje oss av alle sine rike gåver gjennom Jesus.
Det største av alt er omtalt i tekstordet til oss i dag:
Nåden og sanninga som kom ved Jesus Kristus.
Dette vert også kalla for nåde over nåde.
Måtte kjennskapen til Jesus vekse og modnast slik at vi kan halde fast på hans
overflod som vi alle har fått av.
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-59152827267782009332022-01-10T13:12:00.003+01:002022-01-10T13:13:53.356+01:00Sjå!
2. s. i openberringstida. III. 09.01.2022
Bardu krk
Johs 1, 29-34<o:p></o:p>
Vi kallar det for openberringstida, desse vekene i året som kyrkja no har gått
inn i. Når noko skal openberrast, så er det noko som vi får lov å sjå. Sjå inn
i. Noko som kanskje har vore gøymt for oss. Eller usynleg. Eller uforståeleg.
Kanskje kan vi tale om noko mystisk som ikkje lenger skal vere så mystisk.<o:p></o:p>
Vi helsar på Johannes i dag. Døyparen Johannes. Slektningen til Jesus. Son til Elisabet
og Sakarja. Vi kan lesa at engelen som kom til Maria og fortalde at ho skulle
bli mor til Jesus, denne engelen omtalar Elisabet som slektningen til Maria. Desse
to slektningane, - kanskje var dei søskenbarn? – gjekk altså gravide
samstundes. Johannes vart fødd eit halvt år før Jesus. <o:p></o:p>
I dag møter vi Johannes som vaksen mann,
og han hjelper oss til å sjå det som skal openberrast for oss, nemleg kven
Jesus var, og kven Jesus er.<o:p></o:p>
Vi skal sjå.<o:p></o:p>
Johannes ser også. Først ser han Jesus som
kjem gåande mot seg.
Det som er i ferd med å hende, er at Jesus er på veg ut i øydemarka for å la
seg døype av slektningen sin. Det er dette Johannes ser, og han anar straks at
no skal no veldig stort skje.
Noko mykje større enn det som har pågått ei stund ved at Johannes sjølv har
døypt menneske som kom til han. Denne dåpen som Johannes utførte, var noko
heilt anna enn det vi er med på i kyrkjene vår når småborn vert døypte med ein
kristen dåp i Jesu namn. Johannes sin dåp var ei symbolhandling der folk som
hadde eit litt rufsete liv kunne stige ut i elva Jordan og på den måten vise at
no ville dei starte eit nytt og betre liv. Vende seg bort frå det som av mange
vart opplevd som vondt og vanskeleg. Kanskje ville vi i dag omtale det som eit
syndig liv.<o:p></o:p>
Den kristne dåpen som skjer i kyrkjer verda
over, er ein dåp der vi trur at den som vert døypt vert gjort til eit barn av
Gud. Den døypte blir eitt med Kristus og får del i hans frelsarverk. Det gjev mellom anna full soning av alle
synder. Det er ein dåp der vi vert sameina med Kristus i hans død og oppstode,
og slik får vi ein open veg til frelse og evig liv.<o:p></o:p>
Johannes døyparen ser altså at Jesus er på
veg til han for å verte døypt med denne omvendingsdåpen. Han reagerer. I
Matteusevangeliet kan vi lese at Johannes til og med vil hindre Jesus i å bli
døypt med Johannes sin dåp. «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg»
står det at Johannes seier til Jesus. (Matt.3,14)<o:p></o:p>
Altså: Johannes har sett at Jesus kjem til
seg for å blande seg med syndarane som stod i kø for å starte ei nytt og betre
liv ved å stige ut til ein dåp i Jordanelva.
Då ropar han ut til alle dei andre som er i lag med han, samstundes som han
peikar på Jesus:
«Sjå Guds lam, som ber bort synda i verda»<o:p></o:p>
Dette er den første openberringa vi skal
stogge for på denne søndagen: Jesus er Guds lam.
Men det er veldig lett å forstå om nokon av dykk som lyttar no, straks
innvender: Det var ikkje mykje til openberring!
Guds lam – det høyrest meir ut som eit mystisk kodespråk. Kva betyr det?<o:p></o:p>
Kanskje skal vi prøve å ta ein omveg
tilbake til GT for å forstå betre.
Vi har i dag også lese eit avsnitt frå den gamle profeten Jesaja som levde
600-700 år før Jesus. Her ligg noko av bakgrunnen for at Johannes brukte
uttrykket Guds lam om Jesus. Vi
repeterer: (Jes.53,6-7)<o:p></o:p>
Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin eigen veg, men skulda vi alle hadde, lét Herren ramma han. Han vart mishandla, han vart plaga, og han opna ikkje munnen, lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen.
Desse orda skulle vi hatt god tid til å
forklare, men vi må nøye oss med ein kortversjon. Profeten skriv her om ein som
vert omtala som Herrens tenar. Denne tenaren har i ettertida vorte sette på som
ein profeti om Jesus. Jesaja viser oss at her handlar det om eit menneske som
tek på seg skuld og straff for det som andre har gjort feil. For synda deira.
Denne tenaren, Jesus altså, gjekk inn og tok straff for det som andre var skuld
i. Og så står det også: «-lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen.»<o:p></o:p>
Døyparen Johannes ropar ut til alle som
kan høyre han: Sjå! Der er Jesus. Der er Guds lam. Han er det som ber bort
synda i verda.<o:p></o:p>
Angår så dette oss som nett har starta på
eit nytt år, vi er i 2022?
Vi er moderne menneske. Er slike gåtefulle ord noko å bry seg om i vår tid?
Sauer og lam, gamle profetar og mystiske menneske som snakkar om å omvende seg.
Kan dette betyr noko, for f.eks ein konfirmant? I ein konfirmantfamilie?
Er dette aktuelt for eit folk som kjempar for å bli kvitt koronapesten snarast
råd er?<o:p></o:p>
Av og til kunne det vere godt om vi som
enkeltmenneske våga å stige litt til sides og dra bort alt vi har pakka oss inn
i av kamuflasje eller sminke eller godluktande deodorantar som skal gøyme bort
det ved oss sjølve vi ikkje heilt vil vedkjenne oss. Vi treng ikkje gjere det
for å blottstille oss for slekt og vener. Men for å være ærlege med oss sjølve,
og med Gud.<o:p></o:p>
I ei slikt lys kan det vere at vi anar at
det finst noko som skulle vore borte. Ute av livet mitt. Ordet synd er faktisk
råd å bruke.<o:p></o:p>
Det er dette Jesus vil gjere noko med.
Difor er det at vi på denne søndagen kunne få ei god openberring. At vi kan sjå
at Jesus vil bere bort, ta i frå meg, følgjene og konsekvensane av det som
ikkje vart slik det skulle ha vore i livet.
Det at eg har gått på nederlag i forhold til det eg veit er rett å gjere.
Nokre få eksempel: Å vere ærleg. Kutte ut baktaling av andre. Vise omtanke med
menneske som har det vanskelegare enn eg. Verne om natur og miljø. Ditt bidrag
til det indre livet i ein familie må tole lyset utanfrå.
Det er veldig mykje vi med takk og tilbeding kan leggje av oss dersom vi får
sjå at dette ligg på Jesus. Guds lam som ber bort synda i verda.<o:p></o:p>
Vi er i openberringstida.<o:p></o:p>
Vi skal sjå og oppleve kven Jesus er. Kven
han kjem frå. Kvar han vil ta oss med. Han kom frå himmelen, frå Gud.
I dag møter vi han og døyparen Johannes ved Jordanelva. Der ved Jordan får
Jesus familiebesøk ved sin dåp. Slik det er vanleg i våre dagar at ein familie
samlar seg når eit lite menneske vert døypt, slik hende det ved Jesu dåp. Då
var den heilage treeinige Gud til stades i alle tre personar.
Jesus var der. Gud Fader var der. Røysta hans lydde frå himmelen som var open.
Og Den heilage ande var der i dua som dala ned over Jesus.<o:p></o:p>
Kjære truande kyrkjelyd.
Dette er eit mysterium. Ingen kan
forklare. Ingen kan begripe.
Vi kan berre gripe. Gripe i tru etter orda frå den
opne himmelen. Halde fast i dei.
Her i Jordan, på den aller lågaste staden på jordkloden, så langt ned som det
var råd å stige for ein menneske, steig mennesket Jesus ned for å gjere seg til
ein av oss. Til ein syndar utan synd. Ein som gjekk inn i rekkja av andre
syndarar som let seg døype til omvending når Johannes ropte på dei og kalla dei
for ormeyngel.
Slik viste Jesus at han var som ein av oss, endå han var frå Gud. Heimen hans
var hjå Far i den opne himmelen. Gud stadfesta det med ei røyst som klang over
elvevatnet: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede»<o:p></o:p>
Og Johannes såg endå ei avgjerande viktig
side ved Jesus som vi skal halde fast ved på denne dagen: «- eg har sett det,
og eg har vitna: Han er Guds Son»<o:p></o:p>
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-4522993130121259002021-12-29T10:43:00.003+01:002021-12-29T10:43:51.081+01:00FRED
Gravferd
Luk.2,29-39
FRED<o:p></o:p>
Døden kom. <o:p></o:p>
Eit liv er ført til ende. Det står att å
bere kroppen dei siste stega, ut or kyrkja, på vegen mot grava. Vi er samla her
i kyrkja for å vere i lag til eit siste, verdig farvel. I dødens fotefar tek minna over. Dei skal
leve.
Men livet gøymer vi i jorda og venter på
den store oppstodedagen som vår Herre Jesus har lova alle som trur på han som
vart krossfest, som døydde og som stod opp att or grava. Nettopp fordi Jesus
stod opp att or den grava dei la han i, er det at vi på ein gravferdsdag kan
eige vona om at døden er overvunnen.
Jesus tala om dette før han døydde, og det
han den gongen sa, det tek vi med oss når vi vert konfronterte med døden, slik
vi vert det i dag: «Eg
er oppstoda og livet, den som trur på meg, skal leve om han så døyr. Og kvar den som
lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy.» (Johs. 11,
25-26)
Døden kom. Men døden kom med fred.
Det vil eg setje fokus på ved denne kista. At døden kan vere fredfull.
Det skulle vise seg at det ho/han trudde på heldt, også då døden opna døra og
steig inn i rommet og tok henne/han med seg. Det var ikkje kamp for å klamre
seg til livet. Det var lyset som slokna fordi kvelden kom. Fordi det venta ei
natt etter livets lyse dag. Då er det godt å kvile. Kvile i fred. Kvile med
fred.
Ordet fred er eit forunderleg ord. Ikkje
minst i møte med døden.
Då går gjerne dette ynsket att: «Kvil i fred» Eller det vert
sagt: «Ho/han sova fredfullt inn»
Det betyr ikkje at livet før døden var prega av ufred. Slett ikkje. Men gjennom
livet er det lagt eit grunnlag for at freden skal vere følgjesveinen inn i det
ukjende. Det som er bak døden.
No ved juletider vert vi minna om det. Ein
av tekstane vi stoggar for når jula er i ferd med å ebbe ut, handlar om Josef
og Maria som tek med seg den vesle Jesus til templet for å bere han fram og la
han bli helga der. I templet i Jerusalem møter dei gamle Simeon. Mannen som har
fått vite at han ikkje skal døy før han hadde fått sjå den Herren hadde salva,
altså Messias.
Det er nesten som forteljinga om Simeon og
Jesusbarnet i templet kan konkurrere med skildringane frå fødselsnatta i
Betlehem om kva som er dei vakraste orda.
Ser du for deg den gamle mannen som varsamt løfter barnet Jesus or armane til
Maria? Ser du han når han held barnet mot himmelen, strekkjer armar mot Gud og
har augo som skin i puraste glede over dette synet:
«Herre,
no lèt du tenaren din fare herifrå i fred, slik som du har lova, for augo mine
har sett di frelse…» (Luk 2,29-30)
Etter at vi snart er
ferdige med seremonien her i kyrkja, skal vi samle oss ved grava. Der senkar vi
kista i jorda, syng salme, ber ei bøn og kastar dei tre første spadane med jord
på kista, så vert gravferda avslutta med dei eldgamle orda som vi kjenner så
godt. Velsigningsorda. Vi les velsigninga, samstundes som vi teiknar
krossteiknet over grava, over kista og over oss som er samla i sorg ved
gravkanten.<o:p></o:p>
Du har høyrt det før. Mange gonger. Men
har du tenkt over kor djupt meiningsfullt dette er?<o:p></o:p>
Ei gravferd vert avslutta med velsigninga
og med krossteiknet.<o:p></o:p>
Vi avsluttar ei livsferd med ynskje om at
Gud skal velsigne oss som lever vidare. Samstundes ber vi med oss ynske om at
Guds gode ansikt no lyser over han/ho vi tek farvel med. Og vi vonar at vi som
ei følgje av det som hende på krossen der Jesus døydde for våre synder skal
hans åsyn lyse på resten av vår livsveg slik at vi alle finn vegen heim til det
evige livet når det ein gong vert vår tur til å døy.
Vi lyser velsigninga til slutt, ved grava:
«Herren velsigne deg og vare deg! Herren
la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren løfte sitt andlet mot
deg og gje deg fred! (4.Mos 6,24-26)
Den aronittiske velsigninga, som vi kallar
desse orda, er ord som er som skapte nettopp for ei slik stund. Det er ord som
kan gje oss det dei handlar om, nemleg fred.
Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred!
Eg trur at vi
allereie kjenner litt av denne freden her ved denne kista. For vi veit at det
livet som ligg gøymt under kistelokk og blomsterdekorasjon, det er eit langt og
strevsamt liv som vart levd for at de som sørgjer skulle få det best mogeleg. Eg var saman med familien før gravferda og de fortalde meg om noko
av alt det de hadde hatt saman fram gjennom åra. No var det tid for å få kvile
frå alt dette. <o:p></o:p>
Til slutt kom døden og
tok han/henne med inn til den store kvile. Ein fredfull død. Og vi kjenner at
det kviler fred også over denne stunda.
Og fred er det vi ber om når vi, slik vi alltid gjer det i gravferder,
avsluttar seremonien med å be om Herrens velsigning.
Herren skal bevare
deg. Herren skal gje deg fred. Men framfor alt: Herren skal vere nådig mot deg!
Meir enn alt anna
treng vi alle Herrens nåde fordi vi med våre liv ikkje maktar å leve slik vi
til ei kvar til skulle. Alle strevar vi med synda som
bur i oss. Alle ber på skuld og skam over tankar, ord og gjerningar som vi veit
ikkje held mål i Guds augo. Men krossteiknet vi får sjå samstundes som vi til
slutt, ute ved gravkanten, ber om Herrens nådige velsigning, det minner oss om
grunnlaget for at vi har lov å rekne med at vi skal få det vi ber om:
Velsigning, vern, nåde og fred.
Fred – fordi augo våre har sett Herrens
frelse, slik Simeon sa det der han stod med Jesusbarnet i hendene. Julegåva.
Gåva med fred – slik englane song: «Ære
være Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» (Luk
2,14)
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-7985433182625538602021-11-25T16:48:00.002+01:002021-11-25T17:01:27.043+01:00Hosianna
1. s. i adventstida. III. 28.11.2021.
Salangsdalen kapell. 50-årsjubileum
Matt. 21, 1-17 (Forteljingstekst/evanglietekst)<o:p></o:p>
I 50 år, sidan 1971, har bygdefolket her i
Salangsdalen toga inn i kyrkjehuset på denne staden. Eit enkelt, lite og
praktisk kapell, til glede og til velsigning for alle dykk som bur i denne
bygda. Gudstenester og oppbyggelege samlingar. Dåp, vigsel og gravferd. Minnesamvær
og konfirmasjonsfestar. Alt slikt som eit kyrkjehus skal vere ramma for.<o:p></o:p>
Ein gong opplevde de det vonde at kapellet
brann ned, men i 1982 stod bygget fram, nyreist frå oske og ruinar. <o:p></o:p>
Og i dag, på den første dagen i eit nytt
kyrkjeår samlar vi oss til jubileumsglede i frost og snø, og litt dagslys før
polarnatta snart skal opne seg for nordlys og stjerneskin over denne staden.
I skogane rundt oss ruslar det kanskje ein og anna bjørn som ikkje har forstått
at det er lurast for han å gøyme seg inne i Sverige ein stad. Og heilt sikkert
går det rundt mange eksemplar av skogens konge som har overlevd jakttida så
langt.
Uansett vakker vinternatur, skog eller dyr, så det er vi, menneska på denne
staden, kyrkjelyden i Salangsdalen, som no skal helse på den kongen som vil
møte oss til enno eit nytt nådens år.
Ikkje berre i eit jubileumsår som vi stig ut or, men i eit nytt, nådens
kyrkjeår som vi i lag går inn i.<o:p></o:p>
Borna i bygda har vore samla sidan
frukosttider i dag og førebudd pynting av juletre, dei har øvd på songar, og
dei har sett farge på salmesongen ved å hjelpe oss alle med å gjere som dei
gjorde i Jerusalem den gongen Jesus kom ridande på eselet.
Vi ropte og song det ut i glede: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i
Herrens namn. Hosianna i det høgste!»<o:p></o:p>
Det er så flott at vi har borna mellom oss
i dag. Unge menneske. Slike som slett ikkje hugsar det som hende for 50 år
sidan då kapellet var bygd. Eller for snart 40 år sidan då det reiste seg etter
ein brann. Historie kan vere nyttig. Men det er framtida vi skal oppleve. Borna
er notida. Borna er framtida.<o:p></o:p>
I lag med borna skal vi gjere som dei
gjorde i Jerusalem for lenge sidan, og som vi alt har gjort her i kapellet i
dag: Rope til Jesus enn ein gong: Hosianna!
Veit du kva det ordet betyr?
Hosianna betyr «Kom med hjelp!» eller: «Gje frelse!»<o:p></o:p>
Tenk om dette vart eit rop vi kvar for oss
la hjarta vårt i når vi får høyre at no kjem Jesus til oss.
Enno ein gong er det det som skal stå i sentrum når vi i vekene framover
førebur jula og høgtid.
Jesus kom til oss ein gong. Den aller første jula kom han til jorda. Eit lite
barn, fødd av ei ung mor.
Eit barn som Maria fødde til jubel frå englar, sende frå himmelen. For barnet
hennar var meir enn vanlege guteborn. Han var også Guds son.<o:p></o:p>
Jesus kom til oss på denne jorda. Jesus
kom til dei som levde i Israel i hans samtid. Han var gutt, han vart mann, og
han stod etter kvart fram mellom sine eigne og gjorde det klart at han kom frå
Gud.<o:p></o:p>
Han kom til sine eigne, og etter kvart som
tida gjekk og Jesus vart meir og meir kjent, forstod mange at Jesus ikkje var
som andre menn. Han heldt store talar som gjorde inntrykk på tilhøyrarane. Han
møtte menneske med varme og omsorg. Til og med gjorde han store under og teikn
som førte med seg at folk flokka seg rundt han. Rett før hendinga med inntoget
i Jerusalem, kan vi lese at Jesus hadde gjeve synet tilbake til to blinde menn.
Difor stimla folk saman då han ein dag kom til Jerusalem og passerte gjennom
byporten. Han sat på ein eselfole og reid inn i byen til stor jubel frå både
born og vaksne.<o:p></o:p>
Og så var det sjølve jubelropet då! Eller
var det eit jubelrop?
«Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det
høgste!»
Folkemengda ropa. Samstundes som dei vifta
med palmegreiner som dei strødde langs vegen. Framfor eselfolen som kom med
Jesus på ryggen, breidde dei ut kappene sine på vegen.<o:p></o:p>
Det var jubel og fest for Jesus som kom.
Men det var også alvor og forventning i ropa deira: Hosianna! - «Kom med
hjelp!» eller: «Gje frelse!»
Det er advent. Det
er forventning. Det nærmar seg jul. Då er det fest og feiring. For Jesus som
kom. Som vart fødd. Det er det årlege jubileet
for Guds son som vart menneske.<o:p></o:p>
Jesus kom til Jerusalem.
I dag kjem han til oss i Salangsdalen. For å vere med på vår fest og feiring i
dette huset som vi har vigsla til hans ære.
Han kjem slik at vi kan hylle han og helse han og ta mot han med glede og med
opne armar.
Men i våre rop kan vi legge inn at vi treng han i våre liv. For at han skal kunne
hjelpe oss med det som er vanskeleg for den enkelte av oss. «Kom med hjelp!»
Bruk dei orda med stort frimot, du som treng Jesus i din kvardag. Vi høyrde at
han lækte blinde rett før han rei inn i Jerusalem. Og i tekstordet til oss i
dag står det å lese at Jesus kom med hjelp også denne dagen. Vi kan lese at då
han var på tempelplassen, så kom det nokre blinde og lamme til han, og han
lækte dei.<o:p></o:p>
Difor: Ver frimodig til å be om hjelp for
dine sjukdomar. For dine sorger. For det du er redd for å møte på din veg
gjennom livet.
Jesus kjem framleis til oss for å vere nær oss. For å gje oss hjelp.
Han vil være nær borna i mellom oss. Dei vaksne. Dei gamle.
Det er advent, og vi vil med våre Hosiannaropta ta i mot han som kjem til oss : «Gje
frelse!»
Vi vil legge oss og våre liv i Jesu hender og tru at gjennom det skal vi får
glede oss over hans frelse. Over at vi
skal kunne håpe på det evige livet, det evige som startar her og no, mens vi
lever kvardagane våre på vår eigen plass. I
heimen vår. På skulen. På arbeidsstaden. Mellom naboar i bygda. I kyrkjelyden.
Jesu frelse og berging startar her og no.
Og skal bli fullkomen når det evige opnar seg framfor oss, bak slutten av
jordelivet.<o:p></o:p>
Jesus kom til oss på denne
jorda den første jula.
Jesus kom seinare til sine samtidige medmenneske på ein eselfole.<o:p></o:p>
Jesus kjem til oss i dag og
vil være nær oss i dette kapellet som vi i glede jubilerer for.
Jesus skal ein gong kome tilbake og hente oss inn i
sitt evige rike.
Og heile tida vil vi med forventing rope til han:
Hosianna! Kom Jesus! Hjelp oss, berg oss. Frels oss.<o:p></o:p>
Gratulerer med jubileet for Salangsdalen
kapell.
På jubileumsdagen går vi med glede inn i eit nytt kyrkjeår.
Vi går ut her i frå med forventning til jula som kjem mot oss.
Vi ventar på Jesus, og ropar våre Hosianna til kongen vår.<o:p></o:p>
God adventstid!<o:p></o:p>
AMEN
<o:p> </o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5942187722374321565.post-73774061429629102282021-11-03T19:33:00.002+01:002021-11-04T13:41:07.770+01:00"Hjemme i himlen"
Allehelgensdag
II. 07.11.21
Bardu kirke
Matt. 5, 13-16<o:p></o:p>
I kveld skal vi syngje ein salme av
Leonard Gudmundsen. Han var frå Harstad, og har skrive ein drøss med songar, og
nokre av dei har han også sett melodi til. Etter at vi om litt har lese namna
på, og tent lys til minne om, dei som døydde her i Bardu sokn i perioden frå
Allehelgensdag i fjor til i dag, skal vi syngje salmen «Hjemme i himlen» av
Leonard.<o:p></o:p>
Eg fekk møte han ein del gonger. For i
mine første år som prest var han og eg
tilsette i same organisasjon, Det norske lutherske Indremisjonsselskap, det som
i dag heiter Normisjon. Difor vart eg litt kjend med han som kollega før han
døydde altfor ung, berre 65 år gammal. Han var ein av dei aller mest folkekjære
og etterspurde predikantar for Indremisjonen for 40-50 år sidan.<o:p></o:p>
Få salmar eller songar summerer så godt
opp essensen og poenget med denne dagen i kyrkjeåret, Allehelgensdag, som
salmen «Hjemme i himlen». Ikkje fordi det er så imponerande stor poesi. Men
fordi det er så enkle og folkelege ord som er kledd i ein like enkel og velklingande,
folkeleg melodi som til saman kan opne hjarte og auge for det vi vil løfte fram
som det store håpet vi vil setje lyskastaren på nett no:
Hjemme i himlen skal ingen mer gråte.
Herren skal selv tørke tårene av.
Hjemme i himlen skal ingen mer sørge.
Ingen skal dø eller legges i grav.
Hjemme i himlen!
Eg veit i praksis ingen ting om dei menneska vi tenkjer på og minnes på denne
gudstenesta. Dei aller fleste av dei var døde før eg
kom til bygda her for litt over to månader sidan. Difor er det heller ikkje så
veldig mange av dykk pårørande eg har fått møte, men nokre er det trass alt.
Men nett no spelar det ikkje så stor rolle.
For det er ikkje mi oppgåve som prest å vite så mykje om liv som er levd til
endes.
Det er heller mi oppgåve å seie noko til alle oss som enno lever som kan gje
oss eit håp på ein slik dag.
Eit himmelhåp. Eit frelseshåp. Ei forløysing av ein lengt mot det ukjende i det
evige. <o:p></o:p>
Leonard Gudmundsen syng om ein himmelsk
jubel der framme. Jubel for frelste som er berga i hamn, som han uttrykkjer
det.
Er det slik at kvart einaste døde menneske når fram dit? Til himmelen. Er det
slik at vi kan vere sikre på at våre kjære faktisk er der no? Og at vi kan vere
like sikre på at vi sjølve kjem dit på oppstodedagen? Dagen som vi ventar på når
det siste kalenderbladet vert snudd i denne tida.<o:p></o:p>
Det finst heilt sikkert mange prestar og
teologar som utan vidare vil svare ja på det.
Alle kjem til himmelen til slutt hevdar dei.
Andre er like tydelege på at slik kan det på ingen måte vere.
Sjølv må eg innrømme at eg synes svaret på dette er vanskeleg å vere sikker på.
For ved å lese i Bibelen er det mogeleg å finne ord og utsegn som peikar i både
den eine og den andre retninga.<o:p></o:p>
Men det eg er sikker på, det er at Bibelen
fortel oss at der framme ein stad kan vi tru og håpe på at det finst ein plass
i Guds nærleik der mange, mange som trudde her i dette livet skal vere i lag.
Korleis det evige livet vil utfalde seg i detalj gjev Bibelen berre små,
forunderlege blikk inn i som ikkje avslører meir enn det vi kan eige som eit
håp, og som Leonard Gudmundsen har sett desse enkle orda på:
Hjemme i himlen er
smertene borte.
Ingen skal lide og pines som her.
Hjemme i himlen skal ingen mer klage.
Fullkommen glede skal fylle oss der.<o:p></o:p>
På denne dagen er det likevel noko viktigare
å seie til kvarandre enn at salmeboka vår har med ein flott salme på denne
dagen, skriven av ein diktar, komponist, songar og predikant her frå dette
fylket.<o:p></o:p>
På denne dagen les vi også ord frå Jesu
eigen munn, henta frå sjølvaste Bergpreika.
Det handlar om korleis dei som trur på Jesus skal leve. Korleis dei skal vere
førebilete for andre. Korleis dei kan vere med å vise vegen for alle som
tenkjer seg heim til himmelen for å møte Jesus.<o:p></o:p>
Då talar Jesus om å vere lys og salt i den
verda vi lever i.<o:p></o:p>
Menneske som er lysande føredøme.
Menneske som ber i seg krafta som ligg i saltet. Krafta til å bevare friskt det
som elles vil rotne. Krafta til å setje smak på det smaklause. Krydder i livet.<o:p></o:p>
Slike eigenskapar skal dei som trur på
Jesus bere med seg.
Ja, det er som om Jesus rett og slett konstaterer at dei som høyrer han til
allereie har desse eigenskapane:<o:p></o:p>
Dere er
jorden salt!
Dere er verdens lys!<o:p></o:p>
Tenk litt på det, du som trur. Kanskje
trur du ganske lite, men likevel – nok til at du kjem innom kyrkja av og til.
Nok til at du er medlem. Tru nok til å døype borna dine. Og kanskje også til at
du eig håpet som gjer at du kan gle deg over songen til Leonard Gudmundsen?
«Hjemme i himelen» - er det ditt håp, at dei orda er sanne for deg?
Lat ingen røve frå deg håpet som ligg i songen.
Lat ingen krasje krafta i Jesu
ord, sagt til dei som vil høyre han til: «Dere er jorden salt! Dere er
verdens lys!»<o:p></o:p>
Dette er ord med håp
i seg. Håp om at vi er sette inn i ein samanhang der vi skal få leve liv som er
slik at folk opplever oss som gode medmenneske. Som gode foreldre. Som gode
søner og døtre. Som naboar, samfunnsborgarar og kyrkjemedlemmer.<o:p></o:p>
Om vi vågar å opne
oss for dette, er vi på vegen. På rett veg. Vegen mot
himmelen.
Då kan vi kanskje også sjå for oss at ordet helgen ikkje er eit meiningslaust
ord om våre kjære som vi i dag saknar. Helgenar, ikkje fordi dei var perfekte.
Men med alle sine feil og manglar, levde dei kanskje slik at nokon fekk eit
glimt av lyset, himmellyset, gjennom livet deira.<o:p></o:p>
Lys og salt. Det er orda Jesus set i fokus
på denne søndagen.
Lyset kunne vi sagt veldig mykje om. Lat meg berre minne om noko heilt enkelt: Når vi tenner lys heime i stova vår, så er det
eit teikn på at vi er der inne. Vi er heime. Vi kan treffast der.<o:p></o:p>
I dag tenner vi mange lys her i
kyrkjerommet.
Vi er heime no. Vi treffest her.
Men dei første lysa vi tende her i kyrkja i dag, var altarlysa.
Ved altaret bur Gud. Der møter vi han. Der møter han oss.
Gud er her, med sitt nærvær, med sitt lys. Vi går han i møte, og ber med oss
håpet om ein gong å stige inn i det store lyset. Hjå Gud. Hjemme i himlen!
AMEN<o:p></o:p>
Øystein Skaugehttp://www.blogger.com/profile/02539121016148582868noreply@blogger.com0