søndag 26. mai 2013

"De er vitne om dette.”


Treeiningssøndag. III – 26.05.2013
Arna
Luk.24,45-48


I fjor haust fekk eg sjansen til å stå framfor denne haugen eller steinknausen.Eg var ikkje åleine. Haugevis med turistar var rundt meg.

Dei fleste ville opp på verdensberømte Akropolis og sjå dei gamle greske tempelruinane og samstundes nyte utsikta over den gamle verdsbyen Aten.
Men like utanfor sperringane som losar turistar inn på Akropolisområdet, ligg Areopagos. Det er denne steinhaugen. Der finn vi i dag ei stor bronseplate der ein av tekstane vi i dag har lese frå Bibelen er rissa inn. Det er apostelen Paulus sin berømte Areopagostale.

I fjor haust var altså alle prostane i Bjørgvin og Møre bispedøme der. I lag med våre to biskopar. For prestar og teologar er dette ein pilegrimsstad. Areopagos i Aten.

I denne byen, Aten, verdensbyen nesten på linje med Roma, gjekk altså den første kristne misjonæren, Paulus rundt. Framleis kan vi sjå templa han såg. Gudebileta grekarane tilbad. Landskapet med slakke åssider og blømande tre. Og utsyn over ein by som i dag er stor og moderne og hovudstad i eit land som nett no kjempar i økonomisk motvind. Men det er likevel det same Aten som Paulus reiste til på si andre misjonsreise, den vi kan lese om i Apostelgjerningane kap.15-18.

Kvifor drog Paulus til Aten?
Kvifor risikerte han fengsel og tortur når han slik steig fram og heldt store offentlege talar? Kvifor la han ut på fleire dramatiske reiser, også ei reise til Roma, ei sjøreise som nesten kosta han livet?

Svaret: Han hadde møtt Jesus!
Han hadde opplevd kallet frå Jesus til å tene han, til å vitne om han, så sterkt at han aldri meir hadde noko anna val enn å bruke all tid og kraft og intellektuell kapasitet på å breie ut bodskapen om Jesus Kristus.

På denne søndagen har vi også høyrt lese ei anna veldig sterk kallsforteljing frå GT. (Jes.6,1-8)
I den står profeten Jesaja i sentrum. Eit voldsomt drama i Jerusalems tempel vert rulla opp gjennom Jesaias si kallsforteljing. Jesaia opplevde Gud sjølv som openberra seg på ei høg trune mens englar og røyk og rop fylde templet. Kallet frå Gud til Jesaia var dette: ”Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?” Svaret frå Jesaia - som med dette svaret steig inn i si profetgjerning – var kort og enkelt: ”Send meg!”

Jesaia vart profet. Paulus vart misjonær. Begge opplevde sterke og dramatiske kallsopplevingar. Jesaia sitt kall har vi lese om i dag. Og vi hugsar korleis Paulus, som tidlegare bar namnet Saul, og var ein ivrig forfølgjar av dei kristne, vart møtt av eit himmelsk syn utanfor Damaskus i Syria. Der fekk han sitt kall til ei eineståande pionerteneste som misjonær.

Kva er dette?
Det er resultatet av dagens evangelietekst. Det som hende den gongen Jesus tok farvel med læresvenane sine. Han hadde samla dei rundt seg i Jerusalem. Han tala til dei om det som nett hadde hendt – si eiga liding og død, og det at han no stod lys levande mellom dei like etter påske. Det var neppe lett for desse mennene. Dramaet i påska var nær i tid. Det å skulle forhalde seg til ein dei var glad i, som døydde gjennom ei regelrett avretting, men som så vart levande, og som attpå til gjekk ut og inn av ein tilstand som veksla mellom å vere synleg og usynleg, eller å vere ein dei kjende og andre gonger, som på vegen til Emmaus, ein mann dei ikkje kjende att – dette var ubegripelege påkjenningar og utfordringar til deira forstand, rett og slett. Kanskje tenkte dei med seg sjølve: Har eg gått frå vettet?

Men i dag les vi om Jesus: ”Han opna forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene”

Det var nok nødvendig. Å opne forstanden til læresveinane, rett og slett, så dei ikkje skulle misse forstanden.

Jesus tok seg av dei. Han opna forstanden, kan vi lese. Han forklara dei det som stod skrive om han i Skriftene, i GT. Ord om at Messas skulle lida og stå opp frå dei døde tredje dagen. Det var nettopp det han hadde vore gjennom og som læresveinane hadde vore vitne om.

Men no kom utfordringa til dei tolv: Å breie ut bodskapen om denne Jesus. Vere vitne om dette som hadde hendt med Jesus. Jesu eige ord til læresvenane lydde slik: ” – i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.”
For læresveinane var det ei oppgåve utan sidestykke. Forkynne om Jesus til alle folkeslag.
Forkynne omvending – syndsforlating. Gammaldagse ord? Var det slik dei tala om på bedehusa for 50-60-70 år sidan? Eller den gongen Hans Nielsen Hauge grunnla småindustri der han gjekk til fots rundt om i landet vårt, men samstundes etterlet seg åndelege brør som så i si tid samla folk med åndeleg kraft som har sett tydelege spor etter han heilt fram til våre dagar. Hans Nielsen Hauge hugsar vi som nordmannen som fekk den store kallsopplevinga ute på ein åker i Østfold i 1796. Vekkingane i hans fotefar gjekk over heile landet, og han er ein av våre landsmenn som har sett djupast fotefar etter seg. Den gongen han forkynte, så gjekk desse orda att: Omvending og syndsforlating.

Men går det an å tale meiningsfullt om slike ord i dag? I ei tid der folk vel sine eigne vegar, der ingen spør etter normer, berre etter kva som passer for meg og mitt liv nett no.

Omvending. Det betyr som kjent ein ny kurs. Det betyr å snu ryggen andre vegen, men framleis gå vidare utan å stogge opp.

Omvending. Det kan bety å vende seg bort frå vegen der familie og vener vil ha deg med. Det kan verte aktuelt å vende seg bort frå fleirtalets sug når deira vegar fører bort frå den kursen som vart peika ut av Jesus den gongen han vart skild frå læresveinane sine, ved Betania, like utanfor Jerusalem. Det var denne hendinga vi har lese om i dag.

På same måten som omvendinga skal forkynnast, må vi i like sterk grad løfte fram det andre Jesus legg inn over læresveinane: Syndsforlating. Kvart einaste menneske i Arna, i Bergen, i Norge og elles i verda treng å omvende seg frå alt som kallar og lokkar og dreg i retning bort frå det som er midtpunktet for vår tru: Han som har syndsforlating å gje.

Og syndsforlating leitar vi ikkje etter på høgfjellet, i skjergarden på båttur, eller på trivelege hytteturar. Syndsforlating vert formidla gjennom Ord og sakrament – dvs. der Guds folk samlast i Jesu namn, og det er framfor alt i den kristne kyrkja.

Det er dette kyrkja vitnar om. Om han som leid på krossen døydde og stod opp. Han som heiter Jesus. Han som har eit namn som skal forkynnast saman med orda om omvending og syndsforlating.

Det er den kristne sitt kall. Det var læresveinane sitt kall. Det var dette Paulus drog ut for å forkynne i heile Middelshavsområdet. Minst tre lange reise av denne store misjonæren kjenner vi til. På ei av reisene kom han altså til Aten. Til Areopagoshøgda. Og her forkynte han til atenarar som hadde så mange gudar, så mange altar og så mange tempel at dei til og med reiste altar for ein ukjend Gud. ”Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk” sa Paulus i Aten – og så løfta han Jesus opp for augo deira. Han forkynte den krossfeste og oppstadne Kristus. Han som gav læresveinar den gongen og til alle tider ordren om å forkynne for alle folkeslag. 

På Areopagos lydde orda om Jesus til verdensborgarane i Aten. Talen til Paulus er eit fantastisk døme på forkynning inn i ei vantruande og vanskeleg samtid. Slik sett er dette ein tale som sjølvsagt alltid vil vere pensum for prestar og forkynnarar. Og difor var det stort å stå på den staden og oppleve Areopagos for mindre enn eit år sidan.

Men i dag er vi ikkje i Jerusalem i lag med Jesus. Vi veit at mange år har gått etter at Paulus drog frå Aten, men at dei ruglete steinane står der som monument over ei storhending.
I dag er vi ikkje i Jerusalem, Aten eller Roma. Vi er i Arna.

Men orda frå Jesus er like aktuelle. Orda som kallar på oss. Som vil at vi skal vere vitne. Her hjå oss. Og til alle folkeslag: ” ” – i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.”

AMEN









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv