Pinsedag I. 2023
Manger kyrkje
Joh 20, 19-23
Det er store ting vi møter i pinsa.
Likevel er desse tinga så vanskelege å forstå. Så vanskelege å sjå. Så uråd å
måle opp. Håplaust, nesten, å ta tak i, halde i handa.
Ingen forstår det opphavlege. Det som var
der då alt starta. Korleis vi vart til. Korleis menneska fekk liv. Vitskapen
fortel om noko langt der i fortida ein stad. «Big Bang» kallast det. Kaos vart
til orden. Liv oppstod. Og utvikla seg.
Men vi som har Bibelen i handa, les også
om ei alternativ forklaring. Ikkje slik at Bibelens forklaring treng å setje
ein strek over vitskapens teoriar. Likevel: Bibelen reknar med Gud. Bibelen
nemner ein skapar, meir enn eit tilfeldig smell i det uendelege verdsrommet.
Eg trur ikkje at 1.Mosebok er ein journal over det som hende i opphavet. Men eg tenkjer at
Bibelens første bok hjelper små menneske til å ane at bak det ufattelege som
var skapt på eit eller anna vis, så er det ein som styrer det heile. Han styrde i opphavet. Han styrer òg i dag.
I dag, på pinsedag har vi lese om det som
ein gong hende: «Då forma Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i
nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.» (1.Mos 2,7)
Guds pust. Guds ande. Livspusten. Den som
skaper.
Om Andens skaparkraft skal vi syngje før vi går frå kvarandre i denne
pinsegudstenesta:
Alt skapes av den Ånd som daler,
alt virkes av den Ånd som taler,
den Ånd som skjenker lys og trøst
(Nos 232, 4)
Ja, det er store ting vi møter i pinsa.
Skaparkrafta som skapte liv og livspust i menneska. Guds pust. Guds ande.
Livspusten.
Vi har så vidt smaka på orda frå skapinga
i opphavet.
Og vi har lese vidare om krafta som skapte den første kyrkja. Som forma dei
første kristne. Som manifesterte seg på læresveinane. Om underet i Jerusalem,
femti dagar etter påske:
«Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte
heile huset dei sat i. … Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til
å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.» (Apgj 2,2+4)
Framfor alt er det denne forteljinga frå
Apgj 2 som er forteljinga om pinsehendingane, og som definerer kva vi feirar i
denne høgtida. Læresveinane vart fylte med Ande frå Gud. Den same ande og
livspust som Gud bles i nasen på det første mennesket. Og dei stod fram, fylte
av Ande og livskraft på pinsedagen. Or munnen til læresveinane flaut ord på
framande språk. Ord som handla om det same, uansett glosar eller grammatikk: «-vi
høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» (Apgj.2,11)
Kjære kyrkjelyd!
Dette er pinse: Det er orda om Guds storverk på vårt eige tungemål. Pinse
handlar om Guds storverk.
Difor er det så flott at vi no har denne
forteljinga frå påska som vår evangelietekst og preiketekst på denne
høgtidsdagen, 1. pinsedag.
Evangelisten Johannes formidlar pinsa som ein del av si påskeforteljing.
Pinseforteljinga i Apostelgjerningane er
skriven av Lukas, han som skreiv evangeliet som ber namnet hans. Lukas skildrar
korleis tusenvis av menneske var vitne til det som hende med læresveinane. Han
skildrar eit forunderleg syn av eldtunger. Han fortel om ein stormande lyd, og
ikkje minst, han skildrar språkunderet – at ulærde menn tala språk dei aldri
hadde lært.
Men evangelistkollegaen Johannes viser oss
at Gud også gjev oss sin heilage ande på ein anna måte. Noko langt meir stillfarande. Meir beskjeden,
så å seie.
Johannes knyter påskeforteljinga og pinseforteljinga saman til ein
einskap.
Men også det Johannes vitnar om frå kvelden den første påskedagen er ein bit av
det som vert omtala som Guds storverk.
Vi er tilbake til det alle største storverk
som Gud gjorde etter at han hadde skapt jorda og det første mennesket.
Johannes tar oss med til dagen då
frelsarverket som var nødvendig for å berge skaparverket frå fortapinga vart
fullført.
Påskedagen, som starta i soloppgangen med kvinner ved den tomme grava som fekk
høyre frå engelen at den krossfeste Jesus hadde stått opp, denne dagen gjekk
mot kveld. Dei hadde samla seg, læresveinane. Dører var forsvarleg låste. Dei
var redde. Dei forstod ikkje det som var fortalt dei. At han dei gravla,
likevel var i live.
«Då kom Jesus»
Igjen seier eg: Kjære kyrkjelyd!
Dette er pinse: Det er orda om Guds storverk på vårt eige tungemål. Pinse
handlar om Guds storverk.
Det største er dette: «Då kom Jesus»
Desse tre orda, fortalde om korleis den
aller første dagen med ein oppstaden Jesus, levande mellom sine eigne, utvikla
seg før det vart natt, er på mange måtar eit fortetta pinseevangelium i
forlenginga av påska. «Då kom Jesus»
Ja - Jesus kom gjennom det som vart
forkynt, også på pinsedag då folkemassane i Jerusalem fekk høyre om Guds
storverk på deira eigne, ulike, tungemål.
Men Johannes knyter påskedagskvelden til
pinse også på ein annan måte. For han fortel kva Jesus gjorde i dette første
møte med sine næraste vener etter at han hadde kome inn til dei, gjennom dei
stengde dørene.
Først helsa han dei med fred. Men så: «Igjen
sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk» Med
desse orda anda han på dei og sa: «Ta i mot den heilage ande! …»
Jesus anda på dei, står det. Han pusta på
dei - slik Herren Gud pusta livsande i nasen til det første menneske. Han gav
dei sin Heilage ande. Det hende påskedag. Om kvelden.
Pinseunderet, femti dagar seinare, i
Jerusalem, framfor tusenvis av utlendingar, var ei synleg manifestering av det
som allereie var ei realitet: Dei tolv var utrusta med liv og kraft og Ande frå
Jesus sjølv.
Allereie påskedagen gav han dei marsjordre:
«Som Far har sendt meg, sender eg dykk»
Også det er pinse. Pinse er å gå ut i den
krafta som kjem frå Anden. Pinse er å ta med seg krafta frå Gud og formidle den
vidare i ord og i gjerningar. Pinse er å tale om dei store gjerningane som Gud
står bak. Om skapinga og livgjevinga.
Om frelse og forsoning ved at vi trur på den krossfeste, men levande, Jesus som
kom frå Gud for å vere nær oss. For å puste på oss. Gje oss livsande og kraft.
For å gje oss fred og frelse.
Det er forunderleg og stort å oppleve det
vi ser og høyrer frå lokalsamfunn her i vårt eige land at nett no før vi feirar
pinse. Ordet om Jesus lyder med slik kraft at folk i store flokkar samlar seg i
små bedehus, i større bedehus. Og flyttar så inn i idrettshallen på Lindesnes som
rommar 1500 menneske, fordi dei vil høyre forkynt ordet om Jesus som ei kraft
til liv og lækjedom.
På pinsedag i Jerusalem tala læresveinane
på latin og arabisk og gresk og andre språk som den gongen var levande i landa
rundt Middelhavet. Dei tala om Guds storverk.
Dei tala om Jesus. Dei tala om han som kom til dei gjennom stengde dører den
første påskedagen, same dagen som han sleit seg laus or grava der han hadde vore i døden.
Mellom påske og pinse i dette året har dei
tala om den same Jesus på vanleg norsk der nede på Sørlandet. Mange har lytta.
Mange har lagt livet sitt i Jesu hender.
Vi må våge å be om det same her på strilelandet. Be om at ordet må lyde kraftig
og sant.
Ordet om den levande Jesus som vil gje oss fred. Som vil utruste med kraft. Som
vil puste på oss med sin heilage ande. Ordet som skal vere til frelse for kvar
og ein av oss.
Tør vi våge oss ut etter pinsegudstenesta
og be Gud om dette?
Då kan kanskje ei overskrift i
lokalavisene denne sommaren verte: «Då kom Jesus!»
AMEN