søndag 29. mai 2016

Møte i natta


2.s. i treeiningstida III. 29.05.2016
Gjerstad kyrkje
Joh.3,1-13
Fødd på ny!
Ein forunderleg tanke. Men eg vågar meg å tenkje litt på denne tanken akkurat denne søndagen. For nettopp i dag skal eg i fødselsdagsselskap til Sunniva. Yngste barnebarnet mitt. I dag er ho tre år. Eg hugsar godt då eg såg henne for første gong. Første jenta i vår familie på mange tiår. Det var stor stas. Å sjå og å halde den nyfødde i armane. Ei flott oppleving.
I dag fyller ho tre år. Full av fart og liv og ord og spørsmål.
Tanken på at ho skal fødast på ny no, etter tre år, er aldeles meiningslaus.


Kor mykje meir meiningslaus ville det ikkje høyrt ut om ho hadde vore tretti år. Eller seksti?
Når åra går og ein etter kvart vert minst ein halvgamal mann, slik eg er no, eller kanskje ein skal seie at eg er ein gammal bestefar … - då kan då ein fort ynskje: kunne eg enno ein gong vere så uskuldig. Som treåringen.
Eller som den nyfødde? Som dåpsbarnet her i kyrkja i dag?
Kunne eg enno ein gong få kvile så trygt i andre sine vaksne armar og sleppe ansvar, arbeid, ventande oppgåver, stress, uro for både det eine og det andre som vedkjem arbeidsliv eller privatliv.
Kunne eg enno ein gong bli fødd på ny. Verte liten. Som veslejenta som fyller år i dag.
Eg leikar litt med tanken. Men let den fare nokså fort. For det er så umogeleg. Eg er så altfor gamal. Eg er ikkje barn igjen. Eg kan, om eg vil, telje ned til pensjonisttida i staden for å drøyme om vere eit barn.
Fødd på ny. Lite aktuelt, konkluderer eg.
Men stopp litt! Er det aldeles uaktuelt?
Det er då nettopp det Jesus talar om til oss alle i dag. Til meg, ein godt vaksen prest. Til kvar og ein av dykk som vil til gudsteneste her i Gjerstad kyrkje denne siste søndagen i mai. For det var det Jesus sa til Nikodemus, rådsherren. Men orda hans gjeld oss alle den dag i dag.
Kanskje var Nikodemus ein mann på min alder? Han var i alle fall vaksen, og han hadde skaffa seg ein høg posisjon i samfunnet han levde i. Det står at han var farisear og ein av jødane sin rådsherre. I vårt land i dag ville det bety noko av ein mellomting av ein som sit på Stortinget og ein som dømmer i Høgsterett. Ingen småkar altså.

Det er denne mannen som oppsøkjer Jesus. Ikkje i vanleg kontortid. For då kunne han risikere at noko som kjende han ville få auga på at denne viktige personen gjekk til Jesus. Jesus som var så omstridt blant farisearane og rådsherrane til jødane.
Midt på natta snik Nikodemus seg ut. Langs stille vegar og i tronge gater. Rundt hushjørne etter hushjørne kikkar han forsiktig for å forsikre seg at ingen han kjenner skal sjå at han er ute på nattevandring. Og slett ikkje må dei sjå at han bankar på døra i huset der Jesus bur.

Eg ser for meg Jesus som høyrer dørbankinga, som tek lampen med seg i handa, opnar for Nikodemus i den mørke natta, og at dei to set seg ned for å tale saman.
Vi har alt lese frå Bibelen eit lite referat frå det som hende:
Nikodemus kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’
Undra deg ikkje – sa Jesus.
Eg trur at Nikodemus likevel undra seg. For det Jesus seier er ikkje direkte innlysande.
Eg undrar meg sjølv også over desse orda.
Ikkje minst undrar eg meg over slik språkbruk når eg i dag enno ein gong har fått lov å døype eit heilt nyfødd barn. Og når eg også tenkjer på fødselsdagen til småjenta eg skal feire seinare i dag.
Kan eg verkeleg bli fødd på ny? Og kva meining har det at eg skal bli så liten og hjelpelaus og avhengig av vaksne som slike små born som vi har sett midt mellom oss her i kyrkja i dag.
Den nye fødsel som Jesus snakkar om, er ikkje av typen ”mor-føder-barn” fødsel.
Vi kan gløyme den forståinga.
Det handlar om noko som har med mitt åndelege liv å gjere. Det livet eg skal leve i Guds rike, ikkje det familielivet eg lever med foreldre, barn eller barnebarn.
Nøkkelen til å forstå det som eigentleg er uforståeleg i Jesu ord til Nikodemus, er denne setninga frå Jesu munn:
Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.

Ein fødsel av vatn. Ein fødsel av ånd.
Ein fødsel til eit liv i Guds rike.
Ein slik fødsel kan skje med eit menneske som er større enn ein nyfødd baby. Det kan skje med den unge konfirmanten. Fødselen av denne type kan skje for mora som sjølv har fødd eit barn heilt nyleg. Den kan skje med besteforeldre eller oldeforeldre.

Også det nyfødde barnet får ein ny fødsel når foreldra ber det til døypefonten og legg det over i Guds hender. Då vert barnet fødd inn i Guds rike. I dåpen får det Gud som sin Far – han som er Far for alle som høyrer til i Guds rike. Eit rike som omfattar så utruleg mange born. Alle Guds born gjennom alle tider og på alle stader.

Gjennom dåpen skjer eit nytt ubegripeleg under.
Fødselen opplevdes nok slik for den som vart mor og far. Det var eit under, det som hende.
Dåpen er eit nytt under der Gud handlar. Gjennom vatnet som vi ser, og gjennom sin Heilage Ande som vi trur er nærverande på sitt usynlege vis, handlar Gud med den som vert døypt. Der, i dåpen, skjer den nye fødsel. Vi vert fødde av vatn og ande, slik Jesu tala om det til Nikodemus i den mørke natta.
I dåpens bad skjer altså den nye fødsel. Gud opnar alle dører inn til sitt rike gjennom denne åndelege nyfødinga.
Men som det var det for Nikodemus, slik bør det også vera for oss alle i dag: Vi må gå til Jesus for å finne ut om vi likevel er på rett veg. Er vi som ein gong vart døypte, framleis på den rette vegen? Eller har også vi gått ut i ei mørk natt, og i motsetnad til Nikodemus, så har vi kanskje villa oss bort frå vegen til Jesus?
Nikodemus var fariserar og trudde at alt var bra i hans liv. Han levde slik Skrifta gav føresegner om. Likevel levde han på eit bedrag. Du og eg kan også leve på eit bedrag dersom vi trøystar oss til dåp og konfirmasjon, til kyrkjevigsel og til kyrkjegang ein gong i blant.
Det er bibelsk sant at du vart fødd på ny i dåpens bad. Men det store spørsmålet denne søndagen vert om vi kvar for oss verkeleg lever det nye livet vi fekk i dåpen. Eller har vi sovna inn i ein åndeleg søvn slik at vi ein gong går over i åndeleg død?
For dåpens nye liv må levast!
Dåpens nye liv må levast tett inn til Jesus. Han som gav livet for at vi skal få leve. Dåpen det er den nye fødsel i vatn.
Men om du skulle ha eit sovande eller nesten dødt dåpsliv, så finst det likevel håp.
Det handlar på denne søndagen også om å fødast på nytt - ved ånd.
Det betyr at Guds heilage ande, han vi snakka om på pinsedag for to veker sidan, er her på sitt underlege vis. Slik vinden ruskar i trær utan at vi eigentleg kan sjå vinden; slik vinden bles på oss så vi vert kalde eller varme, alt etter kva temperatur vinden har; slik bles anden på oss så vi skal merke at Gud har ein bodskap til oss.
Vinden stryk over kinnet ditt i dag og minner det om at Jesus vil deg noko. Han vil at du skal stå opp og leve det nye livet du fekk i dåpen. Han vil at du skal leve dette livet som ein borgar av Guds rike. Leve nær Gud som er din store skapar og Herre. Leve nær Kristus som vil frelse og berge deg og gje deg evig liv. Leve nær Anden som er din livgjevar og vegvisar her i ditt jordiske liv, og også når det evige ventar bak alt det ukjende når vi ikkje har att fleire levedagar her og no.

AMEN

 

lørdag 21. mai 2016

Omvending og syndsforlating


Treeiningssøndag III, 22.mai 2016.
Arna
Luk 24, 45-48

Jesus opna forstanden deira, står det.
Det er forstanden til læresveinane det er tale om. Situasjonen er avskilsstunda mellom Jesus og læresveinane. Dette hender i samband med Jesu himmelfart. Det var det aller siste som hende før Jesus vart teken opp til himmelen.
Før han vart løfta bort frå dei, opna han forstanden deira. Det gjorde Jesus for at dei skulle skjøne skriftene. Det var viktig at Jesu næraste medarbeidarar forstod samanhengen dei stod i. At dei kunne begripe at denne mannen som no var i ferd med å verte teken bort frå dei for alltid, det var han som det stod om i dei gamle skriftene. I det som vi kjenner som GT i vår Bibel.
Difor seier også Jesus til dei: «Slik står det skrive» - og så viser han til at det allereie i GT er omtala at det var ein som skulle døy og stå opp att etter tre dagar. F.eks les vi om Herren i Hos 6,2: Han gjer oss levande etter to dagar, den tredje dagen reiser han oss opp, så vi kan leva for hans andlet.
Å skjøne skriftene – det er noko som gjennom alle tider har vore aldeles sentralt for den kristne kyrkja. Difor har ein heilt tilbake til dei dei første læresveinane utdanna folk som skulle setje seg inn i skriftene, lære seg Bibelen og vere ansvarlege for å forklare Bibelens innhald til folk flest – til dei som samla seg til gudstenester.
Teologi vart i vår kultur eit av dei første og mest sentrale fag då universiteta tok form tidleg i vår historie. Og kjerna i teologi er studiet av skriftene, av GT og NT.
Men alle kan ikkje verte teologar. Og slett ikkje kan ingen andre enn dei som av Jesus sjølv vart utvalde til å vere hans læresveinar, kome inn i den posisjonen. Verte apostlar.
Men likevel kan vi forstå skriftene. For vi kan ta boka i handa og lese sjølv. Og vi kan lytte til dei som har brukt mykje tid på å lære meir enn det som er ABC. I tillegg er det også slik i vår kyrkje at vi tek på alvor det vi nettopp har feira, nemleg at ti dagar etter Himmelfarten som kom pinse med utdeling av Ande. Ved sin Heilage Ande kan Gud opplyse hjarto våre slik at vi skjønar og forstår Skrifta.
Og framfor alt er det ein ting Anden vil gjere med oss når han får sleppe til og tale til oss. Då vil Anden tale på eit språk som er til å forstå.
Og Anden vil seie til oss alle: Tru på Jesus! Sjå på Jesus! Søk til Jesus!
Anden vil overtyde deg om dette eine: Jesus har det namnet som kallar oss til omvending. Han har det namnet som ber i seg syndsforlating og nytt liv. Han er den det står om i Skrifta – han som levde, døydde og stod opp til nytt liv.
Han eig det evige livet. Det vi får del i ved å verte døypte og ved å tru på orda som vert forkynte om denne Jesus.
Som sine siste ord, sa Jesus til læresveinane: « I hans namn [Messias-namnet] skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette»
Omvending og syndsforlating.
Ikkje akkurat ord som klør i øyra på moderne nordmenn.
Dei fleste av oss har sett seg ut ein veg gjennom livet. Og vi likar forferdeleg dårleg om noko viftar med peikefingeren og vil fortelje oss at dette er vegen du bør bort frå. At du må snu. Vende deg ein annan veg. Elles går du deg bort. På ville vegar.
Fy for skam – til den som seier slikt i dag.
Og syndsforlating? Kven er det som treng det? Lever eg i synd?
Kanskje ser vi for oss ein drapsmann? Eller ein valdtektsmann? Terroristar! Desse kan vi førestille oss som syndarar.
Men oss vanlege, pyntelege kvardagsmenneske?Syndsforlating – kvifor skulle eg trengje det?

Vi har nettopp hatt pinse. Då handla det, som eg alt har nemnd, om Anden.
Det kan vere litt risikabelt å sleppe Anden tett inn på livet sitt. For Jesus sa ein gong kva som var Andens oppgåve, Talsmannens oppgåve: «- når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er.» (Johs 16,8)
Gå i rette med verda.
Vise verda kva synd er.
Det er noko av det Andens oppgåve er.
Anden skal hjelpe oss til å forstå skriftene. Der står det noko om vegen vi må gå. Og der står det noko om at det finst vegar som ikkje fører til målet. Syndefulle vegar. Vegar der vi ikkje gjer det som er Guds vilje for våre liv.
Jesus seier ein stad i Skrifta, i Johs 14,6: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.
Når vi høyrer det ordet frå Jesu munn, så trur eg dei fleste av oss forstår det.
Og eg trur også at dersom vi i hjarta vårt verkeleg ynskjer å nå heim til Far, Vår Far i himmelen, som vi ber til, så må vi finne denne vegen som heiter Jesus Kristus. Han som er vegen, sanninga og livet.
Då må det også seiast tydeleg frå om at den som veit med seg sjølv at ein gjennom livet tok andre vegval slik at ein har villa seg bort frå denne vegen som fører til evig liv, så trengst det omvending. Ein må snu. Gå tilbake.
Og kanskje sanna ei og anna synd, slik at ein med glede og takk kan gripe syndsforlatinga som Jesus talar om i dagens evangelium.
Vi lever i 2016. Orda om omvending og syndsforlating er ikkje dei vi skriv på veggen for å oppnå popularitet. Men for kyrkja kjem ein ikkje utanom Jesu siste ord til oss før han fòr opp til himmelen. Omvendinga skal forkynnast, og på same måte må vi i like sterk grad løfte fram det andre Jesus legg inn over læresveinane: Syndsforlating.

Kvart einaste menneske i Arna, i Bergen, i Norge, og elles i verda, treng å omvende seg frå alt som kallar og lokkar og dreg i retning bort frå det som er midtpunktet for vår tru: Han som har syndsforlating å gje.
Og syndsforlating leitar vi ikkje etter på høgfjellet, i skjergarden på båttur, eller på trivelege hytteturar. Syndsforlating vert formidla gjennom Ord og sakrament – dvs. der Guds folk samlast i Jesu namn, og det er framfor alt i den kristne kyrkja.
Det er dette kyrkja vitnar om. Om han som leid på krossen, døydde og stod opp. Han som heiter Jesus. Han som har eit namn som skal forkynnast saman med orda om omvending og syndsforlating.

Det er den kristne sitt kall. Det var læresveinane sitt kall.

Det var også dette Paulus drog ut for å forkynne i heile Middelshavsområdet. Minst tre lange reiser av denne store misjonæren kjenner vi til.
På ei av reisene kom han til Aten. Det var det vi høyrde lese om i ein av dei lange tekstane vi las tidleg i gudstenesta.
Han kom til Areopagoshøgda. Og her forkynte han til atenarar som hadde så mange gudar, så mange altar og så mange tempel, at dei til og med reiste altar for ein ukjend Gud.
”Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk” sa Paulus i Aten – og så løfta han Jesus opp for augo deira. Han forkynte den krossfeste og oppstadne Kristus. Han som gav læresveinar den gongen, og til alle tider, ordren om å forkynne til alle folkeslag.
På Areopagos lydde orda om Jesus til verdensborgarane i Aten. Talen til Paulus er eit fantastisk døme på forkynning inn i ei vantruande og vanskeleg samtid. Slik sett er dette ein tale som sjølvsagt alltid vil vere pensum for prestar og forkynnarar. For teologar som skal kunne forstå skriftene.
Men i dag er vi ikkje i Jerusalem i lag med Jesus. Vi veit at mange år har gått etter at Paulus drog frå Aten. I dag er vi ikkje i Jerusalem, Aten eller Roma. Vi er i Arna.
Men orda frå Jesus er like aktuelle. Orda som kallar på oss. Som vil at vi skal vere vitne. Her hjå oss. Og til alle folkeslag: ” ” – i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.”

AMEN