fredag 17. september 2021

Nain

 

17. s. i treeingstida. II 19.09.2021.
Nedre Bardu kapell. Høsttakefest/«Høstens påskedag»
Luk.17,11-19

Det er flott å sjå alt vi har bore inn i kyrkja av haustgrøda  dag.
Det er godt at vi også i kyrkja kan kome saman å takke for alt dette.

Takke for haustgrøda. Gle oss over naturen og det den gjev oss. Det som vi treng for å berge livet. God og smakfull mat som veks hjå bøndene og i private småhagar.
Og ute i skogen luskar elgen rundt. Eg fekk helse på ein av dei for nokre dagar under ein trimtur i området. Elgjakta står for døra, høyrer eg. Spaning for jegerane. Men også vesentleg matauk i mange familiar. Der eg kjem frå, rett utanfor Bergen, der går hjorten rundt i store flokkar omtrent opp på hustrappene, og der jaktar dei også dag og natt på denne tida av året. Eller vi fiskar i havet og haustar inn derifrå av det vi vert mette av.

Vi takkar for hausten. For maten. For alt det gode og vakre Gud gjev oss.

Men samstundes kan vi ikkje la vere å la tankane våre gå til dei mange, mange rundt om i verda som ikkje har denne overfloda vi kan vise fram i kyrkja vår.
Det vakre vi ser, og det hyggelege vi opplever her i kyrkja nærmast ropar til oss: ”Kva veit de om nauda andre stader i verda? Kva veit du om å stå utsliten og utsvolten i matkø i Sudan eller oversett av alle i slummen i Pakistan?"

Vi veit ikkje så mykje om korleis dei har det i Sudan eller Pakistan eller Syria eller Afghanistan.
Men ein ting veit vi om dei som bur der, ein ting vi alle har felles.
Og no flyttar vi fokuset frå hausttakkefesten til det som er tema i kyrkjene rundt om i heile landet nettopp i dag. Tema på ein dag vi gjerne omtalar for haustens påskedag, fordi vi har fokus på Jesu makt over døden.

Og døden er noko vi som er rike i Norge må slite med, trass i overflod av mat og av naturens gåver. Slik dei fattige må gjere det. Slik det er i dag, og som det var den gong Jesus og hans følgje var på veg inn i den vesle byen Nain.

Då hende det altså at i motsett retning kom eit anna følgje. I byporten møttest dei, Jesus og venene hans, og dei som bar ein ung, død mann på veg til grava like utanfor byporten.

Når eg les denne forteljinga, ser eg for meg fleire ulike scener.
Og no vil eg løfte fram det eg fantaser litt om.
Først om nokre arbeidskarar som har gjort arbeid som viser seg å vere til ingen nytte. Det hender av og til at vi held på i timar med eit eller anna, der vi til sjuande og sist like godt kunne lagt på sofaen med ei bok eller ein bunke aviser. For vår innsats var til ingen nytte. Ingen hadde bruk for det vi gjorde, eller andre hadde gjort det før.

Strevet hadde vore til ingen nytte.

Slik var det for mange i Nain denne dagen. Først var det mannen som grov graver. På Jesus tid kunne dei sjølvsagt ikkje ane at langt framme i tida ein gong, skulle noko vi kallar for gravemaskinar overta dette arbeidet. I hard og steinet jord grov han seg ned med handemakt. Fot for fot. Sveitten rann. Det var tungt, men han grov i jorda samstundes som sorga grov i han. Han spadde unna, som for å hive sorga av seg. For vi har lese at det var ein ungdom som var død. Ein heilt ung mann som heile det vesle samfunnet i Nain kjende. Alle var berørte av dødsfallet. Og alle syntest synd på mora som hadde mista einaste sonen. Det var ikkje så lenge sidan denne kona fylgde mannen til grava. Ho var enkje. Og i dag var det sonen som måtte i grava. Gravaren grov fortare, for han forstod at no var gravfølgjet på veg. Snart var dei ved byporten. Men snart var også han ferdig. Litt av den tørre jorda vart fuktig. Det draup sveitte av mannen som grov. Og det draup nokre tårer også. Men grava måtte opp. For alle skal ha ei grav, før eller seinare!

Men denne gongen grov han til fånyttes!

Det var andre som også gjorde innsats som var til ingen nytte. Gråtekonene i huset til den døde i spissen for sørgjefylgjet på vegen til grava, dei hylte for tidleg.
Det hadde også vore utan meining for folk å finne fram sørgjekleda.
Ei ung enkje, og kanskje vart der også ei endå yngre jente, ein kjærast, som felte tårer som rann for tidleg.
Og det lange gravfølgjet hadde også møtt fram utan grunn.
Men det kunne ingen av dei vita. For underet vi har lese om er ikkje daglegkost, korkje den gongen, eller i våre dagar.

Dødens tragedie hadde verkeleg hendt. Den unge mannen som var framtida og tryggleiken til mora som var enkje; han som sjølv skulle vere ein av dei som bar landsbyens bører, han var lagt på likbåre. Det var dei andre unge mennene i Nain som måtte ta denne børa på skuldrene sine. Dei bar tungt dei òg. Med bøygde hovud gjekk dei. Snart var dei ved byporten!

Då vart dagen som starta med klage, sorg og gråt snudd på hovudet. For før kvelden kom, var gråten vendt til latter, og sorga vendt til glede. Og grava som var ferdig nett før sørgjetoget kom til byporten, den låg tom og ubrukt då kveldsmørket senka seg.

Slik var det ein gong i Nain. Men slik er det ikkje alltid. Ofte har spørsmåla i møte med døden vore gnagande, også i meg som var prest ved avskilsstunda. Eg har spurt Gud om det same mange gonger. Men eg har aldri fått noko fullgodt svar på dei mange "kvifor" som vi ropar ut til Gud. Eg kan difor ikkje forkynne ei løysing på lidinga og sorga sitt store mysterium. Det har mange langt større tenkjarar og teologar enn meg måtta kapitulere for fram gjennom tidene.

Den unge mannen vi har høyrt om i dag,  var ein av tallause menneske som altfor tidleg vart boren til grava. Ved byporten i Nain stod ei attlevande mor som kun hadde denne sonen, og som allereie hadde gjennomlevd sorga ved å verta enkje. Ho var ribba! Og ho gret!

Men ho var omslutta av Jesu omsorg og Jesu kjærleik.

"Da Herren fikk se enken, fikk han inderlig medfølelse med henne og sa: «Gråt ikke!"

Og sanneleg hadde Jesus grunn til å seia til enkja: "Gråt ikkje!" For Jesus kunne nyskapa livet der døden hadde vore på røvarferd. Jesus har makt over døden. Det er hovudpoenget i alt vi samlar oss rundt på denne søndagen

Enkjesonen i Nain fekk nytt liv.
Noko liknande skjer ikkje fleire gonger. Ikkje før på den store oppstandelsesdagen ved slutten av tida. Då skal alle graver opnast og alt liv nyskapast. Og det nyskapte livet skal vera fullkome. Ikkje sjukdom. Ikkje liding. Ikkje ei menneskeslekt som ropar "Kvifor, Gud?" i kor.

Også her mellom oss er vi vel kjende med at nokre menneske av uforståelege grunnar får eit kort liv, medan andre lever til langt inn i alderdommen.

Ein som berre fekk eit kort liv her på jorda var Jesus sjølv. 33 år vart han, før torturistane og bødlane pinte livet av han på ein kross utanfor Jerusalem. Men Jesu korte jordeliv, og hans død på krossen var det som skulle til for å gje ei heil menneskeslekt eit prov på at det Jesus viste av undergjerande krefter ved byporten i Nain, det var ikkje verk av ein mirakuløs trollmann. For Jesu liv og død enda i ei triumferande oppstode påskedag. Jesus har verkeleg makt over døden!

Og med sitt korte liv og med sin kamp mot dødskreftene har Jesus prova sin kjærleik til ei heil menneskeslekt. Jesus brydde seg om fleire enn ei gråtande enkje ved båra til einaste son sin. Jesus hadde tanke for å frelsa ei heil menneskeslekt frå den evige døden. Denne frelsa fullførte han då han påskedagen gjekk lys levande ut or den grava som hadde gøymt den døde lekamen hans i tre dagar.

Det Jesus gjorde den gongen, det var for vår skuld. For syndene til kvar einskild av oss. Like inn i døden og med ei sigerrik oppstode prova Jesus sin kjærleik til oss alle. Dette kan ingen ta frå oss. Ikkje eingong døden.
I tiltru til dette, ser difor vi fram mot den store dagen når Jesu ord "Stå opp!" skal lyda over alle graver. Den dagen skal vi få svar på alt det vi spurde om her.  

AMEN

                                                                                                                                                                     Etter  idè frå Knut Grønvik, Vårt Land 06.10.2000

Bloggarkiv