fredag 25. november 2016

Kongen


1. s. i adventtida. I. ~ 27.11.2016 - Hosanger - Matt.21,1-9

Har du tenkt på at dyra spelar ei viktig rolle i den tida vi no går inn i? Julekvelden nærmar seg. Då skal vi møtast att til krybbe, oksar  og sauer og gjætarar. Men enno er det ei tid til vi kjem så langt. Først ventar adventtida på oss. Førebuingstida. Mykje skal skje i desse mørke dagane og kveldane som ligg der og skal fyllast med innhald. No står vi på startstreken til ei tid full av forventning. Slik vi har gjort deet her i kyrkja i dag, skal vi halde fram med å tenne lys som skal skine for oss. Med eit sterkare og sterkare lys etter kvart som høgtida kjem nærare og nærare.
Og midt i dette møter vi altså dyra.

I dag er det to av dei. Eit esel og ein eselfole.

Eg ser dei for meg der dei står i Jerusalem. Bundne fast. Uvitande om den rolla dei snart skal spele. Uvitande om at dei skal gjere teneste i eit veldig drama der hovudpersonen ikkje er nokon annan enn sjølvaste Kongen. Kongen over kongane.
Eselet, dette fredens dyr, skapt til å bere tunge bører og til å utføre hardt arbeid i teneste for den mannen som eig det.
  Børa det no skal bere er den mest spesielle noko esel nokon gong har hatt på ryggen. For snart stig Jesus opp på eselryggen. No startar ei hyllingsferd inn i Israels hovudstad som for all tid har skrive seg inn i historiebøkene. Det er kongen som kjem. Kongen som ikkje er som alle andre kongar. Kongen over eit rike som ikkje er som vanlege, jordiske kongedøme. Kongen som ikkje sit på ein praktfull stridshest eller i ein gedigen karjol. Kongen som rir på eselet.
Skal tru om eit esel kan tenkje?
Det er vel eigentleg høgst tvilsamt. Men diktaren Andrè Bjerke har forestilt seg at eselet har tankar som liknar våre mennesketankar. Han seier det slik i diktet ”Eselet”:

Så rart å se en vennlig menneskehop!
Hva er det for et syn som tryllebandt dem?
De hilser meg med hosiannarop.
Og jeg som ellers er et skjellsord blant dem!

De slår meg ikke. Veien er med ett
så god å gå på. Sval er middagsskyggen.
Jeg bærer på en bør som gjør meg lett.
Hva er det for en fugl jeg har på ryggen?

Det er ingen fugl som sit på eselryggen Det er kongen. Han som heiter Kristus.
Han er ikkje ein i ei historisk rekkje av kongar. Lik dei vi måtte pugge namna på då vi gjekk på skule. Her er det ikkje ein av dansk-norske Kristian’ar eller
  Fredrik’arar. Han er den levande Kristus som rir inn i Jerusalem på eselryggen for å døy.

Og han er også ein levande konge i dag. Han er kongen i Guds rike.
Han som ein gong kom til oss, sit i dag ved Faderens høgre hand der han kom frå.
 
Ein gong kjem han tilbake til jorda for å døme levande og døde. Om det skal vi tale meir seinare i adventtida.
Men i dag handlar det om han som kjem. Han som kjem for å vise oss at her er hans rike. Her er Guds rike. Midt mellom oss. I hans kyrkje på jord. Her vil han råde. Her vil han vere. Her vil han vere konge på ein heilt annan måte enn kongane som bur i slott i europeiske hovudstader.
Han som ein gong kom med Guds rike til jorda vår, han har tala dette om riket:

Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.» Luk 17:20-21

Ein annan gong sa han:

«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.» Mark 10:14

Eller som han uttrykte det i Bergpreika
Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar. Luk 6:20
Vi kunne teke fram ei heil rekkje med ord av Jesus som handlar om Gud rike. Dette er rett og slett eit av dei viktigaste uttrykk i heile NT som ein teolog kan gje seg i kast med å granske. Vi har ikkje tid til å gå inn på alt som kan seiast, men berre desse tre orda vi har lese fortel oss noko om at Guds rike er noko heilt anna enn kongeriket Noreg. Difor er Kristus som konge noko anna enn Olav og Harald eller broderfolkets Carl Gustav. At han er ein annleis konge forstår vi når han talar om det som er hans rike. Det som ikkje er av denne verda. Det som kallast Guds rike.
I det skinande blanke, nye kyrkjeåret som startar 1.s. i adv., er utfordringa til alle oss som samlar oss rundt bodskapen om kongen som kjem til oss på eselryggen: Korleis tek vi mot han i hjarto våre? Korleis ser det ut der inne; der Guds rike er å finne?

Er Jesus Kristus kongen i livet ditt, eller er du din eigen småkonge? Kven styrer livet ditt?
Han ser så ubegripeleg enkel ut der han kjem mot oss på ryggen av eit enkelt esel som kjem diltande med ein fole bunden ved si side. Rett nok høyrer vi fagning og høge Hosiannarop i bakgrunnen, men biletet på netthinna vår av denne enkle mannen let seg ikkje viske ut.

Er han verkeleg konge? Er han kongen over kongane? Kjem han med Guds rike til oss? Er han min konge?

Kyrkjeåret tek til med ei utfordring til trua vår.
Det er ikkje utan vidare innlysande at denne enkle mannen er den som regjerer over jordiske kongar. At det er han som ein gong kom frå Guds sjølv, og at han i det vi i dag har lese om kjem til Jerusalem for å lide og døy for verda sine synder.

Å forstå at dette er min konge, det maktar eg ikkje. Men eg er takksam for at trua mi har gripe tak i det, slik at eg med mitt hjarta kan hylle han som konge i mitt liv no når eg saman med heile den kristne kyrkja i dag stig inn i det nye kyrkjeåret.

På denne dagen pirkar vi bort i deg òg. Kva er di tru? Kven er det du hyllar og tilber? Kven er Herre i livet ditt? Kven bøyer du deg for?
Dette skal du tenkje på når vi no ikkje berre stig inn i eit nytt kyrkjeår, men også samstundes vert freista til å kaste oss inn i dansen og hyllinga av den ufattelege forbruksfesten vi har gjort den kristne jula om til. Kanskje let vi oss lokke til ytterlegare ei omdreiing av forbruket vårt på ein nett tilbakelagd såkalla «Svart fredag»?

Våre Hosiannarop har lett for å stilne. Våre tankar har lett for å flytte seg frå Kristus og kyrkja til kroner og kjøpesenter. Vi blandar oss i ringen rundt gullkalven og overser eselet med den enkle kongen på ryggen.

I dag skulle vi lytte til kongen vår. Lære litt av det han har sagt oss. Og ta det med oss vidare inn i ei adventtid der kongen over kongane lett vert plassert langt borte i utkanten av ein materiell runddans som er komen ut av alle proporsjonar.
Og kva har kongen sagt oss?
Jau, noko om at hans rike ikkje er av denne verda, og at dei som Guds rike fram for alt er etla for det er t.d. borna, slik vi nemnde det, og slik vi har sett dei i denne gudstenesta:

«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.» Eller det andre ordet av Jesus som vi også har lese: Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar.
Borna og dei fattige. Det er dei som Jesus teiknar opp som våre førebilete i det riket der han er konge.

Vågar vi å ta dette inn over oss på 1.s.i advent?
Vågar vi å ta dette med oss vidare inn i adventhøgtida og juleførebuingane?
Då kan det verte kongeleg feiring når fødselen hans skal høgtidast om fire veker. Då kan det verte glede og Hosiannarop frå hjarto våre. Då forstår vi litt meir av det trua vår kviler på: At Jesus på eselryggen er kongen over kongane. Han er Kristus, kongen i mitt liv, og vi kan helse han:

Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!

AMEN