onsdag 6. september 2023

FULLKOMEN ??

15. s. i treeiningstida I. 10.09.23
Brekke bu- og omsorgsenter
Matt. 5, 38-48

Det er store ord vi møter på denne søndagen.
Jesus brukte store ord då han heldt Bergpreika, som vi nett har lese eit utsnitt av.

Vi las ord som på den eine sida er flotte og velformulerte. Ord vi hugsar. Ord som på mange måtar også er som ein definisjon på det mange vil seie er kyrkja sin grunnlov – ord om det å elske.

Men samstundes er desse orda så store at vi opplever det komplett uråd å følgje dei opp i praksis. Det er som om vi kan ta oss sjølve i å tenkje: «Meiner du dette på alvor, Jesus?»
«- eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.
 Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen.»

Eller endå sterkare ord som evangelieteksten i dag vart avslutta med: «Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.»

Går det verkeleg an å elske fiendar? Eller å leve og stå fram som fullkomne menneske?

Vi las evangeliet. Matteusevangeliet.
Vi las ord av Jesus frå hans bergpreike.
Og no spør vi: Kva er evangeliet?

Jau. Evangeliet er Guds kjærleik til oss menneske. Guds kjærleik som er slik at han ofrar seg sjølv for oss. Han gjev son sin i døden for di og mi synd. Det handlar om ein ufatteleg kjærleik. Han elskar på ein måte som vi nesten ikkje har ord for å uttrykkje. I vårt språk må vi ty til ordet ”elske”. Eit ord som ikkje rommar den djupna og den fylden som ligg i det at Gud elskar oss. Vi tenkjer på noko i retning av å ”føle godt om, like, vere glad i” når vi høyrer ordet elske. Eller vi brukar ordet i den erotiske tydinga. Alt dette er for slapt når vi skal snakke om å elske i bibelsk samanhang. Når det handlar om å elske slik Gud elskar. Gud elskar ved å gjere. Ved å handle. Han handlar i møte med dei som ikkje fortener. Dei som kjem til kort. Dei som ikkje er elskverdige. Slike som deg og meg. Han ventar ikkje å få noko att.

Evangeliet handlar om at Gud elskar. Det handlar om kjærleik. At vi skal elske slik Gud elskar.

Går det an?

I dag tenkjer eg at vi skal søkje svar på dette ved å vende oss til GT. Vanlegvis er det omvendt. At vi les ord i GT som må forståast i lys av NT.

Vi har i dag også lese ord frå den relativt ukjende profeten i GT som heiter Mika, og vi repeterer litt av det vi las der:
«- kva krev Herren av deg? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.» (Mika 6,8)

Dei fleste av oss er så gamle at vi enno har ei storhending for over 30 år sidan i minnet vårt. Då døydde kong Olav. Eg trur at mange hugsar dette. Vi ser kanskje for oss lysa på slottsplassen i Oslo? Kanskje hugsar vi den storslegne gravferda frå Oslo domkirke?
Men vi har truleg gløymt preika som biskop Andreas Aarflot heldt ved denne anledninga.

Biskopen brukte då den bibelteksten vi har lese frå profeten Mika i dag, som utgangspunkt for gravferdstalen over kong Olav. Talen kan framleis lesast  i ei bok som Aarflot har gjeve ut med preiker ved store anledningar i landet vårt.[1]
La meg sitere litt av biskopens ord; ord som framleis gjev djup meining:

«Med disse ord kommer Gud oss i møte på nådens regnbuebro. Når mennesket spør hva det kan bringe med seg fram for Herrens ansikt, svarer Gud ved å peke på det han selv har bragt med seg inn i vår verden: Rett, kjærlighet og tro. Helt siden han satte regnbuen i skyen, har han holdt sin pakt med menneskene, en gjensidig avtale om at rett, kjærlighet og tro skal råde. Gud krever ikke det umulige av noe menneske … Når vi vil bringe ham våre offer, viser han til hva han har ofret for oss. Han har gitt oss sin godhet og omsorg, og han spør etter det samme hos oss. Klarest lyser Guds nåde mot oss i Jesus Kristus.»

No er vi her i Brekke. Visst nok den våtaste bygda i landet. Men i sommar har vi sett at det ikkje berre er i Brekke det kan regne. Regnet har flomma og vinden har blese på og over oss alle. Slik sett er det ikkje gjort skilnad frå Han som styrer med vêr og vind på nokon av oss som bur på kvar vår side av dei høge fjella i landet vårt.

På same måten er det med Guds kjærleik til oss alle. Han elskar oss. Han vil renne over oss sol og regn, nåde og tilgjeving. Han vil puste på oss med sin Ande, slik han let vinden blåse.  Han vil ikkje plukke ut eit menneske som ein eller ei som er meir fortent til hans kjærleik og godleik enn andre.

Slik er Guds nåde mot oss. Ufortent. Utan grenser.

Slik skal vi vere mot dei vi ferdast mellom til dagleg ,seier Jesus.
Han seier altså at vi til og med skal vere fullkomne.

Men, som vi alt har vore inne på: Det er umogleg å leve fullkome.
Men eg vil ikkje trekkje eit komma frå det som Jesus sjølv har sagt. Når det står at vi skal vere fullkomne, så skal det få lov å stå. Så skal den lista liggje der som ei utfordring for deg og meg og alle i hans kyrkjelyd å strekkje seg mot. Og di mindre vi snakkar om å vere fullkomne, for så i staden å gjere det som er godt og rett mot våre medmenneske, til og med mot våre fiendar, di nærare kjem vi i praksis det målet som er å vere fullkomen.

Lat meg sitere enno nokre linjer av det biskop Aarflot sa ved kong Olavs båre: «Hvor kan jeg finne livets mening? Hvordan er jeg beredt til å møte Gud? Hva skal jeg ha med når jeg tre fram for Herren?
Hører du svaret som Gud gir deg i dag? Han venter at du skal gjøre det som er rett, vise trofast kjærlighet, og vandre ydmykt med din Gud. I det siste, avgjørende møte med Gud er vi alle like»

Difor: Di meir nær vi med våre liv lever i teneste og etterfølging av Han som verkeleg var fullkomen, di meir vil det strøyme over oss av Guds nådige regn. Di meir vil vi kjenne hans oppreising og tilgjeving. Di klårare vil evangeliets sol skine for oss, den sola som er speilbiletet av Gud sjølv som sende Jesus Kristus til soning for alle våre synder.

AMEN





[1] Andreas Aarflot: En tro som bærer. s. 66


Bloggarkiv