lørdag 23. august 2014

Tru mot trugsel

Appell: Solidaritetsaksjon for forfølgde i Irak, Syria og Kurdistan
Torgalmenningen, Bergen 23.08.2014

I den kyrkja eg representerer trur vi.
Vi trur på ein kjærleg Gud. Vi trur på vår Herre og meister sin bodskap om å vise nestekjærleik; på han som sa: «Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born»
Vi trur på evig liv.
Men vi trur også på eit verdig liv her og no.
Difor kan vi ikkje sjå på det uverdige.

Med vår tru vil vi møte dei som trugar oss, og dei som trugar liv, fridom og menneskeverd i Midtausten.
Men hjartelause fanatikarar som påstår at dei også trur, dei trur vi slett ikkje på.
Dei som vil truge sine mørke og einsretta tankar på andre, dei som vil tvinge til konvertering og fornekting av kristen tru eller det som bli oppfatta som avvikande tolkingar av islamsk lære, dei skræmer ei heil verd i desse dagar.

Vi kan ikkje lenger tole å sjå TV-bileta av vald. Vi har sett at kristne, kurdarar, moderate sunnimuslimar, sjiamuslimar, og den vesle minoritetsgruppa av jesidiar vert møtte med sverd. Med avretting, halshogging eller deportasjon. Overgriparane er dei fanatiske IS-tilhengjarane. Dei har stått fram frå djupet av eit despoti med grotesk vald.

Som truande, vel vi enno å tru på våre eigne styresmakter. Vi vel å tru at dei vil vise hjartelag og opne pengesekken slik at vi her hjå oss kan opne grenser og ta mot eit anstendig tal fortvila og fordrivne flyktningar.
Vi har enno ei strime av tru på at pengar frå ein aller annan stad djupt i den olja pengebingen vår kan hentast fram til hjelp for dei lidande i områda der flyktningar samlast i eit ufatteleg omfang. 

Slik må vi alle stå saman mot dei som terroriserer og skapar vondskap.
Som kyrkje rettar vi i denne stunda hender mot søstre og brør som ikkje deler vår tru, men som ber til Allah.

Her i Bergen i dag står vi samla fram og tar avstand frå overgrepa vi ser. Det gjev forventing om at kan vi leve side om side med ulik tru. At vi kan leve i fred med kvarandre.
Men vi kan ikkje leve i fred med dei som terroriserer, mishandlar og vil tvinge oss eller andre til å forlate vår tru. Trua lar seg ikkje true. Difor ropar vi i Den norske kyrkja til Gud i bøn for våre kristne medtruande som enno held ut i desse områda der dei kristne har sine aller eldste røter.

Ei grense er no passert for det vi kan tole.
Våre grenser må difor opnast for dei som er jaga frå heim, land og folk.

Det vil kyrkja løfte fram. I tru ber vi i dag om at våre styresmakter må bevise at landet vårt, Norge, er eit av dei beste land i verda å bu i. Her kan vi ta mot fleire av dei verst forfølgde.
Som kristne, som kyrkje  og som nasjon er tida komen for oss til å handle i møte med dei som gjennom trugslar og vald vert fordrivne og tvinga til å gje opp trua, forlate landet sitt, og som får smake terroren på kroppen.


Tru kan flytte fjell. Tru skal vinne på Sinjarfjellet!

søndag 3. august 2014

Tre bryllup og ei gravferd

Framfor 8.s. i treeiningstida hadde eg gravferd på fredagen og tre vigsler på lørdagen.
Eg valde same andaktsord både for gravferda og vigslene med utgangspunkt i eit av versa i preiketeksten for søndag. Då vart det slik
:



Gravferd

For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera. (Matt.6,21)

Døden fekk hjarta til å stogge.
Det er dødens natur.
Hjarta ditt bankar. Då er det liv. Hjartet stoggar. Då er det død.
Dette veit vi godt. Difor lyttar vi også godt etter når vi høyrer signal frå hjartet vårt om at noko er i vegen der inne der det normalt berre skal tikke og gå utan at vi elles reflekterer over det.
Hjarta er sentrum for livet.

Men hjarta vert også ofte omtala som sentrum for tankar og kjensler. Hjarta vert eit symbol for heile personlegdomen vår.
I hjarta bur det kjærleik, seier vi. Hjarta er fylt av hat, kan det også seiast når noko har skore seg i forholdet til medmenneska.

Hjartesorg kan ein tale om når forelskinga ikkje er gjensidig.

- Det var som om hjarta mitt vart knust, kan eit menneske i sorg tale om mens tårene renn ved eit dødsleie.


I vår kyrkje går vi no mot ei helg der hjarto våre skal setjast i fokus. Difor har eg valt eit kort andaktsord som er ein liten setning, henta ut frå komande søndags preiketekst:
For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Hadde vi lese alt som vi skal ta opp komande søndag, ville vi forstått at dette handlar om kor lett det er for oss menneske å la oss leie og forføre av jordisk rikdom, pengar og velstand, og slik gløyme det himmelske – gløyme Gud.

No vart det altså slik at vi framfor denne søndagen møtte døden. Døden gjesta dykkar familie.

Eit hjarta har slutta å slå. Men samstundes lever vi andre vidare. Utan han/ho som døden tok frå dykk. Men med alle minne. Med all vemod. Med takk. Med tårer.
Ingen ting av alt dette som no kjem fram for dykk skal de sleppe. For alt slikt er ein del av det å sørgje. Ein del av det å ta farvel.


Gjev plass for dette som de kanskje vil uttrykkje ved å seia dette bur i hjarto dykkar no, sjølv om det faktisk er i hjernen at slike tankar og kjensler eigentleg sit.
Gjev rom for sorga. For vemodet. For takk og for tårer. Det er difor vi er her no.

Men så skal livet gå vidare etter dette. Gradvis skal vi kjenne at den døde kjem meir på avstand. Framfor oss reiser seg eit liv utan han/ho vi tar farvel med.

Hjarta ditt skal finne ein ny rytme. Litt annleis.
Livet ditt skal få ein ny farge. Kanskje ikkje så veldig forandra.
Men ein del av det som var viktig og stort for deg, er ikkje meir.

Korleis skal framtida di formast vidare?
Du skal sjølv fylle den. Du skal ta med deg dei finaste minna du har om han/ho som er borte, og så skal du leve. La hjarta ditt banke og slå. Livet kjem framleis mot deg.

Kan livet bli rikt og fint igjen etter eit dødsfall?Om det ikkje var råd, var det vanskeleg å vere menneske. For alle døyr, før eller sidan. Og var det ikkje råd å kome gjennom sorga, ville vi alle gått rundt med brostne hjarto kvar dag, for vi har alle våre som ikkje lenger er mellom oss.

Difor skal hjarta ditt på nytt banke på ein god måte. Slik at du kan leve. Slik at du kan oppleve livet som rikt. Ja, som ein skatt.

Men så var det altså at Jesus i dag tek eit lite tak i deg om minner deg om desse orda:
For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Når vi forstår at dette er ord som kjem frå Jesu munn, ord henta frå hans berømte Bergpreike, som må vi lytte ekstra godt etter og spørje: Kva betyr dette, Jesus? Kva er det du vil seie oss?


Jesus vil med desse orda om skatten og hjarta vårt seie noko om at den store skatten, den finn vi ikkje her mellom oss. Den er ikkje jordisk gull og glitter, pengar og velstand. Den er ikkje ein gong familie og vener.

Den store skatten for deg om meg ligg og venta på oss i himmelen. Hjå Gud.Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Når døden har stogga hjarta vårt, då må hjarta finne sin stad i livets skattkiste. Den er hjå Gud. Dit kan Jesus bere deg, gjennom døden.
Jesus var sjølv i døden og vann over alle dei mektige dødskreftene. Han stod opp att or grava og lever i dag for å vere i stand til å ta oss alle til himmelen. Der skatten er.
Dit hjarta mitt lengtar. Dit eg vonar eg skal flytte når hjarta i kroppen ikkje vil slå meir.

Må vi alle be Jesus ta hand om hjarta vårt. La han vere skatten i livet, skatten i døden og vår skatt i himmelen. AMEN

Vigsel

For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

«Skatten min»
Eg veit ikkje om det er eit uttrykk som de som i dag er hovudpersonar vil finne naturleg å bruke når de vil seie noko fint til kvarandre eller om kvarandre.
Men eg veit at dette er ord som ofte blir bruk av to som er glade i kvarandre. Som elskar kvarandre. De må gjerne ta orda i munnen i løpet av denne dagen, og slik gje uttrykk for gleda over å verte ektefolk ved å kalle den andre for «skatten min».

Dette er dagen for å la hjarte tale. La Jesu ord gå i oppfylling nå han uttrykkjer det slik:
- det hjartet er fullt av, det seier munnen. (Matt 12,34)

Dette er dagen for å la hjarte banke. Heftig og kraftig i takk og i glede over det som skjer når eit samliv på denne måten får velsigninga ved Herrens altar – i Guds hus.
Dette er dagen for å la hjarte banke og munnen tale.

La det kome fram at i hjarta ditt bur det ein skatt. Den skatten er din ektefelle. Den skatten må vaktast og vernast og passast på. Dette er livets store rikdom.

Vi er i kyrkja nett no. Det er laurdag. I morgon er det søndag, og då er det også mange som vil ta ut på kyrkjeveg. Over heile landet er det slik denne helga at vi i vår kyrkje går mot ein kyrkjesøndag der hjarto våre skal setjast i fokus.
Difor har eg valt eit kort andaktsord som er ein liten setning, henta ut frå morgondagens preiketekst:
For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Hadde vi lese alt som vi skal ta opp i morgon, ville vi forstått at dette handlar om kor lett det er for oss menneske å la oss leie og forføre av jordisk rikdom, pengar og velstand, og slik gløyme det himmelske – gløyme Gud.

No vart det altså slik at de framfor denne søndagen har vore opptekne med dette som nett no er så veldig viktig for dykk to. Bryllaupet. Stadfestinga av kjærleiken dykkar til kvarandre. Porten til ei felles framtid for å byggje vidare på heimen og å grunnfeste familielivet som sjølve pilaren i framtida dykkar.

I dag opnar det seg opp, alt dette som lenge har budd i hjarto dykkar. Dagen er her. Stunda er her. Eg trur de opplever at dette er ein skatt til å gle seg over som tek opp all plass i hjarto dykkar nett no. Slik skal det vere på bryllaupsdagen.

Men så skal livet gå vidare etter dette. Gradvis skal vi kjenne at kvardagane kjem tilbake. Festen tek slutt. Men du har skatten din der heile tida. Ektefellen din. Den skal ingen få ta frå deg.
Framfor dykk reiser det seg eit nytt liv med band som bind dykk saman i ei felles framtid.
Vi veit ikkje korleis dei dagane skal verte, men vi håpar og ber om mange og gode dagar i lag for dykk to.

Når så kvardagen kjem, skal hjarta ditt skal finne ein ny rytme. Litt annleis.
Livet ditt skal få ein ny farge. Kanskje ikkje så veldig forandra. Men forpliktinga ved det å leve som ektefolk, gjer noko med dykk som endrar framtida.

Korleis skal framtida dykkar formast vidare?
De skal sjølv fylle den. De skal ta med dykk alt det livet fram til no har gjeve dykk, men de skal få oppleve at livet opnar seg for dykk på ein ny måte.
Difor skal også hjarta ditt banke vidare på ein god måte. Banke for den andre.
Slik kan du oppleve livet som rikt. Ja, som ein skatt.

Men så var det altså at Jesus i dag tek eit lite tak i deg om minner deg om desse orda:
For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Når vi forstår at dette er ord som kjem frå Jesu munn, ord henta frå hans berømte Bergpreike, som må vi lytte ekstra godt etter og spørje: Kva betyr dette, Jesus? Kva er det du vil seie oss?

Jesus vil med desse orda om skatten og hjarta vårt seie noko om at den aller største skatten, større enn den du i dag vil kalle for «skatten min» den finn vi ikkje her mellom oss. Den er ikkje jordisk gull og glitter, pengar og velstand. Den er ikkje familie og vener.
Ikkje ein gong ektefellen som du går ut or kyrkja i lag med i dag.

Den store skatten for deg og meg og oss alle ligg og ventar på oss i himmelen. Hjå Gud.

Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Dette er samanhangen som orda om skatten og hjarta ditt står i.
Det er om dette vi skal tale meir om i kyrkjene våre i morgon.

«Skatten min» Ta med deg den nye skatten du får her i kyrkja i dag.
Men gløym ikkje skatten i himmelen.
Av alle stader er det der hjarto dykkar må finne eit felles feste.

Gratulerer med dagen, og lukke til som ektefolk som kvar for dykk skal vere skatten til den andre. AMEN.

Bloggarkiv