mandag 9. mars 2020

Guds finger II



3. s. i fastetida I  - 15.mars 2020
Salhus
(Lett omarbeida preike frå 2014)
Luk. 11,14-28

Øde vidder, eller [som det eigentleg står på gresk - άνύδρων - ] det som er uttrykt i den nynorske bibelomsetjinga: Tørre vidder, og endå betre, slik det stod i den nynorske omsetjinga fram til 2011-utgåva av vår Bibel kom: Vasslause vidder.
Der kan den ureine ånda hamna, les vi.
Eg synest uttrykket «vasslause vidder» kling veldig flott.
Eg vil bruke det fleire gonger i denne preika.

Når eg høyrer desse to orda: «vasslause vidder», ser eg for meg eit lite innbydande landskap.  Ein stad på grensa mellom ørken og sumpland. Ikkje heilt tørt. Men med enkelte blaute pølar med giftig, stinkande veske. Udrikkande og livsfarleg. Flatt og varmt. Over slike vasslause vidder flakkar dei vonde åndene som Jesus talar om.

Om det verkeleg finst slike vasslause vidder nokon stad, eller om dette er eit fantasibilete, skapt i teikneseriar, det spelar inga rolle. For Jesus brukar eit bilete på det totalt ugjestmilde. På staden der ingen kan leve. Ikkje ein gong dei ureine åndene. Demonane.
Men vondskapen som er driven ut i dette dødens landskap søkjer seg betre tilhaldsstader. Den vonde ånda hugsar betre tider og seier: «Eg vil fara attende til huset mitt som flytte i frå.»

Vondskapen har ein bustad. Eit hus. Demoniet er å finne på ei adresse. Dersom då ikkje nokon tek opp kampen mot "vondskapens åndehær i himmelrommet" (Ef.6,12) og set djevelen på porten.

I dag handlar preiketeksten nettopp om dette. Om at det er mogeleg å kjempe mot det vonde og å vinne over det. Men det handlar om meir. Det dreiar seg òg om å vere åndeleg vaken; om å vere så pass medviten at vi syter for at den vonde ånda som vender attende frå flakking over vasslause vidder, aldri vil finne eit tom hus der det berre er å flytte inn i lag med endå verre selskap enn det denne vonde ånda sjølv utgjer.

Vi har kasta dei vonde åndene på dør! Vi vil knapt nok ta ordet «vond ånd» i vår munn. Tekstar i Bibelen, som den vi møter på denne 3.søndagen i faste, vil vi helst hoppe bukk over, eller ta ein elegant sving utanom.
Dette er noko som Jesus var nøydd å ta opp i si samtid, men i dag, to tusen år seinare, veit vi betre enn som så. Demoni dyttar vi kjapt og enkelt over til psykologane og psykiatrane. Slikt teier ein moderne teolog om i eit moderne norsk samfunn.
Vi har vaska ut dette rommet. Lufta og gjort reint.

Men kva har vi fylt opp med i staden?
Står det berre att eit tomt rom? ”Feia og pynta”.
Lar vi oss bedra til å tru at ånda frå dei vasslause viddene ikkje flyttar inn att med sitt utrivelege selskap, så snart ho berre får sjansen?

Kanskje skulle vi akkurat i dag, på denne 3.s. i faste, filosofere litt over det uttrykket som Jesus brukar. Han snakkar om at den vonde ånda leitar etter ein stad å bu, og at ho kjem tilbake der ho ein gong var. Ho "-finn det feia og pynta" og flyttar inn.

Når det er feia og pynta, då er det av og til heilt tomt.
Eller det kan vera sterilt og nærast livlaust.
Er det slik det er i livet til mange av oss? At det er tomt?

Mange har gjort alt grundig reint; dvs. dei har kasta ut gamaldags moral og tankegods frå fedre og forfedre. Kyrkjegang på søndag, heilaghalding av kviledagen, bordbøn og kveldsbøn forsvann samstundes som ein også kasta på dør tankar om at kortspel og dans var dei største syndene i livet.

Kanskje kasta vi barnet ut med badevatnet?
Kanskje har vi vore så ivrige etter å unngå å verte sett i bås med trongsynte, rettruande at vi har feia ut det meste. Det er feia og pynta i livet. Eller det er aldeles sterilt. Ingen får sleppe til for å smitta meg.
Vi får av og til inntrykk av at å påverke borna og dei unge med kristen forkynning er omtrent like skummelt som viruset så mange er livredde for akkurat no. Difor høyrer ein ikkje ei andakt eller ei preike, like lite som ein høyrer eit manande foredrag av ein politikar som ynskjer at eg skal engasjere meg i samfunnet.

Det er godt for alle som har eit hus å bu i om det er reint, feia, pynta og fjelga i heimen. Men om vi legg same målestokk på livet vårt, då kan det gå reint ille.
Vi kan tømme ut og reinske bort så mykje, at det vert ståande att eit tomrom som må fyllast med eit eller anna. Vi kan skapa eit åndeleg vakuum rundt oss som rett og slett må fyllast med noko.
Influensarar er det ein del unge menneske som kallar seg. Dei poppar opp der unge menneske i dag søkjer informasjon og inspirasjon. Dei har makt. Dei påverkar. Dei fyller tomrom. Eg påstår slett ikkje at dei er vonde, desse unge influensarane. Eg trur ikkje det er vonde ånder som driv dei, Men det er verkeleg mykje tomgods dei presenterer som viktig.
Tenk om det kunne dukke opp kristne influensarar som fekk millonar av Likes ved å skrive om Kristus i staden for om kosmetikk?

Uansett skal vi tenkje over at den vonde sjølv er ute for å fylle opp. Han vil ha hus og heim i ditt og mitt liv. Han flyttar inn på dagen om han får sjansen. Ikkje i form av ei teatralsk demonbesetting. Men på ein raffinert måte, umerkeleg både for oss sjølve og for andre.

Det er kamp om mitt og ditt liv. Ikkje lat som om du ikkje merkar det. Det var ikkje utan grunn at Jesus sjølv i Herren bøn lær oss å be med desse orda: «Lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde»
Slik skal vi be fordi den vonde er ute etter å få herredøme over deg og meg.
Det er kampen om dette herredømet som er det eigentlege sentrum denne kyrkjesøndagen. Kampen mellom Jesus Kristus og Satan sjølv.
Vi kan kvie oss for å innrømme det, men det er i flg. Guds ord ikkje noko mindre som står på spel.
Og det finst ikkje noko nøytral mellomstilling, slik vi så gjerne ynskjer å tru.
Jesu eigne ord frå teksten i dag står der og lyser som ein neonreklame:
"- Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier."

Det nøytrale, det tomme, det sterilt reine, er eit bedrag i denne samanhang.
Vi må fylle opp våre tomme rom, slik at ikkje vondskapen og ureinskapen og djevelskapen flyttar inn der tomrommet står og ventar på å bli fylt opp.

Difor er det i dag ein veldig styrke i å feste seg ved at du og eg får hjelp til å hugse at vi tilhøyrer ein som er sterkare enn Satan. Vi er døypte for å tilhøyre den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Vi har hans eigedomsmerke, krossteiknet, på oss. Difor skal du vite at du er hans.  Difor gjeld det i denne fastetida: Lat han fylle deg med sin Ande og si kraft. Lat det som er tomt i livet ditt vere ope for Jesus.  Sei nei til freistaren, og ta heller tak i handa til han som er sterkare enn freistaren.

Vi song nokre vers av ein pinsesalme like før denne preika i dag. Innhaldet i denne salmen gjev djup meining i høve til det vi no snakkar om:

Vår fiende, jag ham langt på flukt,
gi fred og troens fagre frukt,
og la oss alle, store, små,
i sjeleomsorg hos deg stå! 
(NoS 512. v.5)

I vår kamp mot fienden, den vonde, og mot dei vonde åndsmaktene som kjempar om herredømet i våre liv, møter vi i dag altså Jesus som tok opp kampen. Det var ein kamp som vart ført på vegne av oss alle. Vi har lese korleis han dreiv ut den vonde ånda frå den mållause mannen. Og i det som hende i den samanhang, skal vi merke oss Jesu retoriske utsegn:  ”Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja då har Guds rike nådd fram til dykk."

Guds finger!
Det er nettopp Guds finger vi skal sjå etter. Den Guds finger som har så stor styrke og kraft at eit lite vink med fingeren er nok til å vippe all vondskap av pinnen.
Guds finger peikar ut vegen mot dei vasslause viddene for dei vonde åndene. Dit skal dei fare. Der skal dei flakke. Der skal dei halda seg utan rast eller ro, og dei skal aldri flytte inn att og slå seg ned i ditt eller mitt liv.

Guds finger peikar deretter på Jesus Kristus. Med skapande kraft teiknar fingeren opp Jesu frelsarverk for oss. Vi ser hans kamp mot all vondskap og synd. Vi ser kor tung kampen er. Vi ser ein frelsar som lyt tole kross og død og grav. Men Guds finger er der heile tida. Hans finger veltar bort steinen ved inngangen til Jesu grav. Vi ser inn på vitnemålet om han som har sigra over det vonde og over den vonde.

Det er Guds rike vi ser inn i. Guds rike har kome til oss. Guds rike der det gode vann over det vonde. Der all djevelskap har vike plass.

Jesus løftar opp Guds finger mot oss. Meir skal det ikkje til før vondskapen har tapt. Det er denne bodskapen  som skal fylle hjarto våre og sinnet vårt i dag.  For når vi er fylte av glede over Jesu kraft og Jesu siger i våre liv og for våre liv; når han flyttar inn i våre liv og i våre hjarto, då er det ikkje att noko feia, pynta og fjelga tomrom der ubedne gjestar frå aude, vasslause vidder skal flytta inn.

 AMEN

Bloggarkiv