fredag 9. september 2022

Ankerfeste

 

14.s. i treeiningstida. Vingardssøndagen. III. 11.09.2022
Eidsvåg krk
Matt.19,27-30

«Vi er et folk på vandring» song vi til innleiing i denne gudstenesta.

Vi har eit mål for livet vårt.
Det vesle dåpsbarnet vi har presentert her i kyrkja i dag kvilte i trygge, vaksne hender då vi høgtideleg bar han inn i prosesjon.
På denne dagen var målet ein heilag stad her i kyrkjerommet. Det var å lese dei heilage orda frå Bibelen, og det var å ause det vigsla dåpsvatnet over barnehovudet slik at fellesskapet med Kristus og med den verdensvide kyrkja vart etablert og konstituert.

Ei vandring har starta for den vesle guten vi døypte. Vandring mot eit mål. Vi håpar og trur at målet enno er langt unna. At mange år skal levast. Eit liv skal formast. Vaksne skal visa vegen, fram til guten er stor og forstandig nok til sjølv å velje, til sjølv å tenkje, til sjølv å ta ansvar for sitt eige liv.

For tre dagar sidan ebba eit langt og forstandig liv ut på eit slott i Skottland. Det mest berømte menneske på jorda sovna stille inn, i veldig høg alder. Ingen i vårt land kan i desse dagane unngå å høyre om dronninga, anten vi er rojalistar eller republikanarar.
Vi får tallause påminningar om det eventyrlege livet dronning Elisabeth har gjennomlevd. Eg skal gå veldig lett forbi det aller meste.
Men ein ting vil eg minne om, og dette vert veldig lett hoppa bukk over når pressa i desse dagane kan fylle alle plattformar med kongeleg stoff.
Kvar 1.juledag heldt Elisabeth ein kort tale til folket sitt på engelsk fjernsyn, BBC. Desse talane har ein fantastisk profil. Ingen prest i Church of England, som ho var overhovud for, kunne vore meir personleg og meir presis i å forkynne den kristne julebodskapen enn dronninga. Talane kan vi framleis sjå og lese på nettet.

I 2014 sa ho bl.a.: For me, the life of Jesus Christ, the Prince of Peace, whose birth we celebrate today, is an inspiration and an anchor in my life. A role-model of reconciliation and forgiveness, he stretched out his hands in love, acceptance and healing.
Heilt personleg seier ho altså om Jesus: «For meg er livet til Jesus Kristus, Fredsfyrsten, som vi i dag feirar fødselsdagen til, ein inspirasjon og eit anker i livet mitt. Ein rollemodell for forsoning og tilgjeving. Han retta ut hendene sine i kjærleik, anerkjenning og med lækjedom.»

Frå Bibelen har vi i dag lese ord av Paulus. Ord om eit mål han har i sikte ein stad der framme.

Han lengtar etter oppstoda frå dei døde: «-om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde! Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.» (Fil. 3,11-14)

Paulus var gripen av Jesus Kristus. Han såg fram mot målet, oppstoda, det å verte eitt med han.
Dronninga som døydde var også gripen av Jesus Kristus.
Ho har tala krystallklår om det ved mange anledningar, som f.eks då ho sa: «For meg er livet til Jesus Kristus, Fredsfyrsten, … ein inspirasjon og eit anker i livet mitt.»

Kjære alle dykk i Eidsvåg menighet:
Tenk om vi alle hadde eit ankerfeste for livet vårt. Eit anker som knytta oss fast til Jesus slik at målet var klårt for augo våre heile tida: Å nå fram til oppstoda og evig liv.

No kunne vi kanskje sagt amen, og lagt Bibelen til side.
Men då tek vi for lettvint på det vi les i evangeliet til oss på denne dagen.
For noko skal skje på vegen mot målet.

Kva var det vi song?

Vi er et folk på vandring.
I uro, bekymring og nød,
da søker vi styrke og stillhet,
og samles om vin og brød,

Uro, bekymring og nød.
Målet der framme er stort og lysande og innbydande.
Men vegen dit kan vere kanta med «uro, bekymring og nød.»
Den døde dronninga fekk smake sitt av alt slikt, midt i det ufattelege luksuslivet ho levde, kanskje avskjerma frå folket ho på sin måte tente. Men likevel vitnar ho for oss at ankerfestet hennar i det livet som no er over, var Jesus Kristus, Fredsfyrsten.

Også læresveinane til Jesus var urolege. Dei hadde forlate alt, seier Peter. Så mykje at til og med desse aller næraste venene til Jesus forventa å få noko att, noko som kunne bøte for det som Jesus sjølv omtalar som å «forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld»

Når eg ser utover denne forsamlinga som er i Eidsvåg ved inngangen til eit nytt haustsemester, når eg inkluderer meg sjølv og mine næraste, og spør om dette er ord som passar på oss, så vert eg forlegen.
«-forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar»
Har nokon av oss gjort det for Jesu namn skuld?

Det finst nok menneske som vi i dag kan peike på at dei har forlate uendeleg mykje. Nettopp dette: «hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar»
Men dei som gjorde det er vel helst flyktningar. Frå Ukraina. Frå Syria. Frå land i Afrika der det mest kollapsar rundt det som er bygd opp. Det var krigen som tvinga dei til å forlate. Eller klimaet. Flommane. Tørken. Heten.
Det finst nok også kristne som er på flukt fordi dei trur på Jesus. I Kina, for eksempel.

Jesus vil at vi skal halde oppe motet på vandringa gjennom livet. Han lovar ikkje at vi, på vår veg mot målet vi håpar på for livet vårt, skal sleppe unna det å forlate. Det å forsake. Det å måtte seie nei til seg sjølv og det ein mest av alt lystar.

Men han fortel at ein gong skal vi få att i goder, mangedobbelt, for det vi måtte forsake.
Dette mangedoble ligg gøymt i det evige. I håpet i det som gjer at vi kan løfte hovudet i fortrøystning.

Juledag 1980 sa dronning Elisabeth til folket sitt i sin tale: «Vi veit at verda aldri kan verte fri for konflikt og smerte. Men jula viser oss alt som er håpefullt og godt i ei verd i endring. Den talar om verdiar og kvalitetar som er sanne og varige, og minner oss om at den verda vi ynskjer å sjå, berre kan kome frå godleiken i hjartet.»

Vi er på veg. Livet er sjølve vegen.
Det nyfødde livet vert bore dei første stega mot målet. Etter kvart flyttar vi våre eigne føter. Steg for steg. Kanskje får vi trong til å jage fram, strekkje hender mot målet, slik Paulus skriv om det.
Men om vi kan lære av dronninga, så skal vi sleppe å stresse. Vi skal kvile i dette at vi er festa til Kristus; til hans liv og gjerning.  Vi fekk ankeret festa til han i dåpen. Han vil føre oss fram. Kristus vil vere vår inspirasjon og vårt ankerfeste, slik han var det for henne som gjekk over målstreken for tre dagar sidan.

 

AMEN

torsdag 1. september 2022

Ord til Kristi vener

 

13. s. i treeiningstida. III - 04.09.2022
Eidsvåg krk.
Johs. 15, 13-17

Kjære alle i Eidsvåg kyrkje. Takk for at de fann vegen hit på ein vakker sommardag.
Det er godt å vere i lag med dykk, sånn på overtid i mi presteteneste. Her starta eg opp som kyrkjelydsprest for akkurat 40 år sidan i ei splitter ny kyrkje. Og her skal eg, som no er pensjonist, få halde fram å hjelpe til med å halde hjul i gang i ein periode på nokre månader, mens vi ventar på nytt prestemannskap. Dette ser eg fram til. Nokre av dykk er ukjende for meg. Men framleis er det mange ansikt her som med rette kan seiast å vere gamle kjende.

Vi møter kvarandre i dag i lyset av dei orda vi har no har delt gjennom dei tre lesingane frå Bibelen. Spanande ord som gjev innsikt i det som godt kunne vore pensum i eit kyrkjeleg leiarkurs. Nyttig tilnærming for alle som kjenner seg engasjert, oppglødd og villig til å dele ein bit av livet sitt i lag med andre som trur og tilber i den kyrkja vi tilhøyrer og som vi er døypte inn i.

Vi startar med å minne om det vi las om Moses. Denne eineståande gudsmannen som hadde fått den store oppgåva å føre Israelsfolket ut or fangenskap i Egypt og heim til landet som folket skulle eige og leve i – Israel.

Det vi las frå 2.Mos 18 var ikkje noko mindre enn den eldste innføring i godt leiarskap som eg kjenner til. Det er som å vere på eit innføringsseminar for nytilsette i eit stort, moderne firma der arbeidsfordeling og oppgåveansvar vert delt mellom dei tilsette. Og den som heldt forelesinga er svigerfaren til Moses, Jetro.
Men det kunne gjerne vore staben i Eidsvåg menighet som snakka saman framfor eit nytt semester. Arbeidet som Moses var ansvarleg for, var viktig. Også for ein moderne kyrkjelyd. «Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover» seier Moses.

Men også det å jobbe med noko viktig i ei kristen kyrkje, det er ein jobb og eit ansvar som må fordelast på mange. Svigerfaren sa altså til Moses: « - du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti.    Slik skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg. Gjer du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her dra heim i fred.»

I dag vil eg nytte anledninga til å rette ei takk til dei mange her i Eidsvåg som fram gjennom åra har vore slike som har teke ansvar, som har gått inn og vore medhjelparar, medberarar og medarbeidar for at ordet om Gud, og frå Gud, skal spreiast, gjerast kjend og etterlevast lokalt her. Sokneråd. Barnearbeid. Ungdomsarbeid. Kjøkkenteneste. Korarbeid. Praktiske utfordringar. Medliturgar i gudstenesta. Massevis av oppgåver som har vorte utførte og løyst.
Takk for det taket du tok. For din velvilje i kjærleik til Gud og til din neste.

Massevis av oppgåver ligg framleis der framme og ventar. Difor kan vi aldri slutte med å repetere kallet til medarbeidarskap i ei kristen forsamling. Nye menneske må få møte kallet. Unge menneske må få høyre at Jesus gjerne vil ha dei med på laget. Difor lyttar vi alle nøye til desse utsnitta frå Bibelen som vi har lese saman.

Vi høyrde også eit utdrag frå Apostelgjerningane i dag. Det  handla om medarbeidarskap, det òg. Om at dei første kristne
delte på oppgåver slik at ingen vart oversette, eller sette til sides på ein måte som kunne skape misunning og splid.
Nokre måtte ta på seg praktiske oppgåver. Elles vart det lett slik at dei som gjekk for å vere læresveinar ikkje fekk tid til å utføre si hovudoppgåve – tenesta med bøna og med å forkynna Ordet. Dei kalla difor på hjelp til «tenesta ved borda» - kjøkkenteneste, rett og slett. Eller kanskje vi i dag skulle kalle det for diakonalt arbeid?

Uansett – som på Mose tid - det gjekk på arbeidsfordeling også for dei alle første kristne vi les om i Apostelgjerningane. Organisering.
Men dette praktiske arbeidet, diakonien, var så sentralt og viktig at dei som tok på seg å gå inn i det, vart førte fram for apostlane, og der fekk dei handspålegging, bøn og velsigning til å vere slike medarbeidarar.

No må vi stige over i evangelieteksten.
Der lyttar vi til nokre av dei mest sentrale orda frå Jesu munn som han talar til sine næraste medarbeidarar, læresveinane.
På denne søndagen talar han til sine næraste. Til dei han omtalar som venene sine.
Eg ber deg: Lytt til Jesu tiltale. Det er deg han reknar inn blant venene sine.

I dag vil han be deg om å vere med på laget. «Eg kallar dykk vener» seier han til oss alle.
Høyr orda hans til venene sine: «-eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer.»

Det er første søndagen i september. Hausten ligg framfor oss. Vi vil så gjerne finne frukt når det er haust. I frukthagar rundt om på Vestlandet ser det ut til å verte dårleg avling hausten 2022. Fruktdyrkarane i Hardanger seier det kjem av dårleg vèr då biene skulle på jobb i vårblomstringa.
Men frukta som gror i kyrkjehagen er det enno tid til å berge.
Det vert ein noko spesiell haust akkurat i Eidsvåg fordi prestetenesta ikkje er fullt oppe og går.
Men vi er fleire enn prestane i Eidsvåg. Difor handlar det om arbeidsfordeling. Slik var det for Moses og dei han hadde fellesskap med. Slik var det for læresveinar, og dei aller første kristne som vi les om i Apostelgjerningane.  
Arbeidsfordeling mellom Jesu vener på denne staden. Jesu vener i Eidsvåg.

«Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger» seier Jesus til oss alle. «Eg kallar dykk vener»

No talar eg til Jesu vener i Eidsvåg menighet.
Hausten er over oss. Er det frukt å hauste inn?
Igjen må vi lytte til korleis Jesu formulerer seg i evangelieteksten i dag. Enno ein gong ser vi etter kva som står der: «De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk.
»

Det er alltid godt å høyre at Jesus reknar meg som sin ven.
Men det er samstundes lett å oversjå, eller å gløyme, at han har eit vilkår for dette venskapet: « - så sant de gjer det eg byd dykk».

Spørsmålet vi sjølvsagt då må stille vert dette: Kva er det Jesus byd oss å gjere?
Lytt vidare:
« -eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. 
Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!»

Det er mi inderlege bøn at frukthausten i år skal verte betre i kyrkjehagen enn hausten på dei to epletrea som står i hagen min på hytta. Der kom det rett og slett ingen eple dette året. I fjor bugna det. Hjorten kunne då meska seg med nedfallet. No kan både dyr og menneske gløyme å finne frukt å gle seg over i min eplehage.

I kyrkja skal vi ikkje sanke eple. I kyrkja skal vi sjå etter menneske som elskar kvarandre. Då tenkjer vi sjølvsagt ikkje på det å elske i erotisk forstand. Gløym alt slikt.
Vi snakkar om å elske slik gode og nære vener elskar kvarandre. Slik foreldre elskar borna sine. Slik born elskar sine gode foreldre. Slik gode kristne skal elske andre som trur og tilber den same Gud.

Den som elskar slik, tar gjerne eit tak i det som er heimen for alle truande. Guds kyrkje på jord.
Det er slett inga fullkomen kyrkje. Det har det aldri vore. Heilt tilbake til dei aller første kristne, dei vi m.a. les om i Apostelgjerningane, så dukkar det opp konfliktar, feil og manglar. Splid og direkte fiendskap. Kristi kyrkje på jord er ikkje fullkomen.

Men vi trur på han som er fullkomen, og som gjer oss fullkomne for sitt rike, ved å gje oss frukta av sitt eige fullkomne liv. Vi trur på Jesus Kristus som reinsar oss i dåpen. Han vaskar oss på nytt med sitt dyre blod som han gjev oss gjennom nattverden. Han nærer oss ved Ordet som lyder i gudstenesta, eller når vi opnar Bibelen vår. Vi trur og tilber han som kallar oss vener.

Kjæraste Kristi vener i Eidsvåg menighet. Jesus har møtt deg i dag. Han kallar deg ven, og no seier han: « -eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!»
                                                                                                                         AMEN


Bloggarkiv