torsdag 4. april 2024

Elskar du meg?

2.s.i påsketida. II - 07.april 2024 
Arna kyrkje
Johs. 21, 15-19

Påska var over for læresveinane til Jesus. Dei hadde opplevd utruleg mykje på kort tid. Jesu inntog i Jerusalem på ein eselfole. Det merkelege nattverdsmåltidet. Den dramatiske natta då Jesus vart sviken av ein av sine næraste. Judas som tok sitt eige liv. Så kom Peters fornekting; ei parodisk rettssak og eit mareritt av ei avretting. Gravferda. Og toppen av det heile: Ei tom grav, og Jesus som hadde vist seg levande for læresveinane.

Det kunne gå rundt for nokon kvar etter så overveldande mykje dramatikk på så kort tid. Kva skulle dei eigentleg tru? Var Jesus verkeleg levande, eller var det spøkelse dei opplevde?

 Men etter kvart vart disiplane meir og meir sikre på at Jesus verkeleg levde. For han viste seg for dei fleire gonger etter kvarandre.

I dette kapittelet i Johannesevangeliet, kap. 21, kan vi framfor preiketeksten vi nett las, høyre om korleis Jesus openberra seg for læresveinane ved Tiberiassjøen. Der står det om korleis dei 11 venene til Jesus ville vende tilbake til sine gamle liv; fleire av dei var i utgangspunktet fiskarar. Men ingen av dei fekk ein einaste fisk då dei denne dagen kasta garna. Ikkje før Jesus dukka opp på stranda. Han ba dei om å kaste nota på høgre sida av båten. Då fekk dei fangst. Stor fangst.
Og fangsten vart til eit måltid av brød og fisk der på stranda.

Preiketeksten i dag, handlar om det som deretter hende då dei hadde ete fisken og brødet som vart gjort i stand på stranda ved Tiberiassjøen.
«Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter» 
Det var orda vår tekst vart innleia med.

Men før vi går inn på det som no hender, må vi minnast det som hadde hendt med Peter. Det må vi heile tida ha i tankane i det vi i dag høyrer i dette grensesprengjande møtet mellom Jesus og Peter etter oppstoda.

Kva er det som skjer når den krossfesta og oppstadne Jesus slepp til mellom læresveinane sine?

Jau, då tek Jesus oss først med gjennom svik og nederlag.

Peter vart minna om sitt trefaldige svik då han tre gonger nekta på at han kjende Jesus.
Påminninga hende då Peter steig i land etter å ha gjort som den oppstadne Jesus sa; han hadde kasta nota på høgre sida av båten. Det hende på Jesu ord og befaling at det vart fangst! Stor fangst.

Men i bakgrunnen var det noko som enno ikkje var oppgjort mellom Peter og Jesus.
Når vi hugsar tilbake til det som hende skjærtorsdag kveld, etter nattverdmåltidet, så var Peter  på gardsplassen ved øvsteprestens hus. Der varma han seg ved eit bål. I lyset frå bålet, er det at Peter tre gonger nekta for at han kjenner Jesus. Han nekta heilt til hanen gjel, og Peter forstår for ein svikar han er. Då gret Peter sårt.

No er det nokre dagar seinare. Peter stig i land frå båten, og det første han ser, er eit nytt bål, ein koleld.  Og det er som om vi ser fortvilinga som speglar seg i Peters auge som glødar i glansen frå bålet. Bålet som er symbolet på svik.

No står Peters synd klart og tydeleg for læresveinen.
For sanneleg står ikkje den oppstadne der ved bålet og ber om fisk. Om mat.
Brødet har Jesus med seg. Det blir stelt i stand endå eit måltid ved bålet på stranda.

Peters svik gløder i glørne frå bålet.
Men Jesu tilgjeving vert forkynt, stille gjennom måltidet.
Slik er det å møte den levande Jesus. Sviket og nederlaget vert ikkje gøymd bort.
Det vert ikkje feia under eit teppe. Sviket vert løfta fram og sett inn i lyset. 
Men endå meir vert nåden henta fram. Tilgjevinga og oppreisinga.
Nåden som vert eten som maten i måltidet. Nattverdens måltid. Brødet vert brote.
Ta og et! Til minne om meg, seier Jesus. Så syndene vert tilgjevne!

Difor vart det eit måltid der på stranda. Eit tilgjevingsmåltid, slik vi snart no skal samle oss om nattverden her i denne gudstenesta.

Og kva et slikt tilgjevingsmåltid kan føre til, det ser vi når vi les vidare om det som hende med Peter etter måltidet. Då tar Jesus Peter til side og stiller han dette inngåande spørsmålet:

«Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre, svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!»

Peter har allereie blitt minna sitt eige svik. I lyset frå bålet på stranda vart han klar over kva han hadde gjort. Peter har allereie teke mot Jesu tilgjeving. Gjennom måltidet dei nettopp hadde ete. Men endå står det noko igjen mellom Peter og Jesus.

Elskar du meg, Peter?
Eit nærgåande og intenst spørsmål.

Ikkje berre ein gong vert Peter spurd. Men tre gonger må han svare Jesus på dette:

«Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?»
«Simon, son til Johanneselskar du meg?»
«Simon, son til Johannes har du meg kjær?»

Slik Peter hadde fornekta Jesus tre gonger i lyset frå bålet om kvelden skjærtorsdag, slik må han no, ved bålet på stranda ved Tiberiassjøen, tre gonger slå fast sin nærast hjelpelause kjærleik til sin Herre og meister.

Sviket han hadde gjort, stod nok heilt klårt for Peter.
Men Jesus hadde møtt han med tilgjeving og ved å innlemme han i fellesskapet gjennom måltidet på stranda.
Så kjem den store prøven. Mange omtalar det som Peters konfirmasjon.
Læresveinen si stadfesting på at han elska og at han trudde.

Kvifor? Er det for å audmjuka Peter at Jesus spør på denne måten?
Nei, det er for å gjere det tindrande klårt at Jesus har bruk for Peter i si teneste.

Jesus treng den svikefulle Peter til veldige oppgåver i si kyrkje
«Fø lamma mine!»
«Gjet sauene mine!»
«Fø sauene mine!»

Slik blir Peters konfirmasjon også til Peters ordinasjon. Han vert sett til hyrde for den flokken som trur på Jesus. Det er derfor ikkje utan grunn at den katolske kyrkja reknar Peter som den første pave, den første biskop.

Men kva med deg og meg?
Jau, også for oss skal det lyde eit spørsmål som vi skal svare på i vårt indre.
Jesus spør: Elskar du meg?

Eg håpar at du kan svare med dei same orda som kom frå Peters munn:
"Herre, du veit alt; du veit at eg har deg kjær!"

Då skal du også vite: Jesus har bruk for deg i si kyrkje.
Kanskje har du også svikta Jesus? Ikkje akkurat slik Peter gjorde, men på eit vis du sjølv kjenner som ein smerte inne i deg.
Likevel: Han tek deg inn att i sitt fellesskap. Du er her i kyrkja. I samfunnet av tilgjevne syndarar og svikarar. Du får del i tilgjevinga. Du får del i måltidet. Og du får del i oppreisninga ved at du vert kalla til å være tenar for Herren Jesus Kristus i det livet du lever her på jorda.

Denne søndagen rett etter påske går altså kallet ut til oss alle om å være Kristi etterfølgjarar, slike som lyttar til røysta frå hyrdingen; til Jesu røyst; slike som følgjer han dit han går, og som let seg vakte av han som ofrar livet for oss alle. 

Elskar du meg? Slik lyder spørsmålet frå han som elska. Slik spør han som elska slik at han gjekk gjennom ei påske der han vart sviken og forrådt, uskuldig dømd, torturert, drepen og gravlagd. Men han stod også opp att.
Og som ein levande Herre som har sigra over døden, møter han oss i dag. Slik han møtte Peter. Den svikefulle og angrande. Han møter oss med kjærleik, og med oppgåver og med tenester som han treng oss til.
Og så spør han oss om vi elskar ham. Slik at vi følgjer han. Følger han som sauer føl i lag med ein trufast og god gjetar. 

Med påskebodskapen om den levande og oppstadne som framleis kling i øyro og dirrar i hjarto våre, vil vi i dag gå ut frå Arna kyrkje med dette svaret på våre lepper:  Herre. Du veit alt. Du veit at eg har deg kjær.    AMEN

 


Bloggarkiv