søndag 27. januar 2013

Økumenisk gudsteneste. Såmannssøndag


Såmannssøndagen III. 27.jan 2013
Økumenisk gudsteneste, Åsane, på Bibeldagen
Matt.13,24-30

Finst det noko som bind kristne med ulike konfesjonelle ståstader betre saman enn Bibelen?
Kristne har god trening i å vere usamde,  å krangle med kvarandre. Splitte seg opp i ulike retningar. Lage eigne forsamlingar når vi rynkar litt på nasa over det dei driv med der ein kanskje har vore medlem i fleire tiår.
Dette kan vi seie mykje om, men eg har aldri høyrt nokon seie at det er godt og rett at det er slik. Heldigvis finst det difor dagar der det er lett, der det er naturleg, og framfor alt rett, å vise verda at dei kristne har noko som bind saman på tvers av kløfter, usemje og ulik tilnærming til trua
vår.
Ingen vil protestere på at Bibelen. Guds ord, det er vårt sentrum. Den vi trur på. Denne boka er rettesnor våre liv og for vår lære. Difor har det etter kvart utvikla seg ein god tradisjon mange stader i landet vårt, at vi på denne søndagen vi har i dag, den som i Den norske kyrkje kallast Såmannssøndagen, og som hjå oss alltid har tekstar som set Guds ord i sentrum; då samlast ein mange stader til felleskristne, økumeniske samlingar. Vi feirar denne dagen som ein felles Bibeldag, gjerne med fokus på eit prosjekt som er fargelagt av Det Norske Bibelselskap.
Slik gjer vi det også her i Åsane i dag. Frå åtte ulike ståstader kjem vi saman i denne kyrkja. Ramma er liturgien vi har i den norske kyrkja, men inne i ramma gjev vi rom for dykk som takka ja til å vere i lag med oss i dag. Det er så godt at de er her, at vi kan vere saman. Saman om Bibelen. Saman om Guds ord.
Vi har til og med fått høyre frå Bibelen på eit språk som er veldig framandt for dei fleste av oss . To av nonnene som bur i det einaste katolske klosteret på våre kantar, Marias Minde i Biskopshavn, har lese på morsmålet sitt, vietnamesisk. Og nettopp Vietnam, saman med nabolandet Kambodsja, er sentrum for Bibelselskapets prosjekt i år, å spreie Bibelen i desse to landa, langt der borte i Asia.

Mesteparten av 1970-åra brukte eg for min del til å utdanne meg til prest, til å studere teologi. Den gongen var det eit temmeleg kaldt klima mellom oss i den norske kyrkja og truande i andre kyrkjesamfunn. Det vart bl.a. frå lærarhald på min teologiske lærestad rett som det er nytta harde ord om dei som ikkje trudde slik Martin Luther lærte oss. Eg tvilar på om det nokon gong vart sagt med reine ord, men på lærestaden, i kyrkjene våre, og på bedehusa rundt om klang det rett som det var ein undertone som bar i seg noko ullent om at dei som ikkje trur som oss, dei er ugras på den kyrkjelege åker.

I samfunnet vårt kjempar politikarar, men også kyrkjeleiarar, mot klimaendringane vi er vitne til. Mot ein varmare klode. Det er både godt og rett. Men takk og lov at klimaet har endra seg, at det er varmare i det økumeniske landskapet no enn det var for 30-40 år sidan.

I dag vil ingen ansvarleg kyrkjeleiar tenkje om annleis truande at dei er ugras.

Og i alle fall vil ingen finne på å nemne noko om å luke dei bort.
I dag er vi i stand til å velsigne arbeidet til kvarandre. Vi kan gå til gudsteneste i ulike samanhangar. Det finst nok dei som vil etterlyse større truskap og ansvar i den kyrkjelyden ein høyrer til i. Det finst nok grunnar til å spørje om såkalla kyrkjeshopping er eit gode. Dette at, særleg unge, fyk, frå den eine forsamling til den neste som ein sommarfugl ein vakker julikveld, utan vilje til å stanse opp, ta ansvar og byggje på sin tomt, innan for sitt gjerde.

Dette kan nok vere eit problem.
Men det er ikkje fordi dei unge sommarfuglane er ugras vi peikar på det. Men fordi vi, kvar i våre samanhangar, treng slike som arbeider på åkeren, steller og puslar med det som skal spire og gro, slik at det kan verte ein god haust også innfor mitt gjerde.

I Guds rike er det mange plantar. Korn av ulikt slag. Frukt av ulik fasong, farge og smak. Vi treng det alt i hop. Det må gjerne dyrkast fram og stellast med på ulike teigar.

Men på denne søndagen er det glade evangeliet til kvar og ein av oss som står i dette såmanns- og dyrkingsarbeidet: -Vi skal sleppe å bry oss om kva som er god grøde og kva som ikkje er brukbart, men berre ugras.
Den dommen høyrer ikkje deg eller meg til. Den høyrer heime hjå Gud, og takk og lov for det.

Jesus lærer oss i dag: «- når dere luker bort ugresset, kunne dere samtidig komme til å rykke opp hveten. La dem vokse der sammen til høsten kommer»

Høyrer du evangeliet i desse orda?Den glade bodskapen?
Vi skal sleppe å vurdere kva som er grøde og kva som er ugras. Begge delar finst. Også ugras. Det som ein gong ikkje vil kome gjennom dommen. Men eg skal sleppe å døme. Du treng heller ikje bry deg med det.
Det er ein ting det handlar om. Det handlar om det som til slutt skal sankast inn i Guds store låve. «Hveten skal dere samle i låven min!»

Kjære medkristne. Vi veit noko om at skal det verte god grøde i Guds rike, må vi drive såmannsarbeid. Det er å så ut Gud ord. Det er å spreie Biblar.
Mellom våre eigne.
Og der det er lite av denne ufatteleg viktige boka for alle som trur. I Vietnam og i Kambodsja er situasjonen at dei ropar på Guds ord. Dei ber om fleire Biblar. Det er eit stort såmannsarbeid som må gjerast for at det skal verte haust der.
Vi samlar oss her i vår kyrkje på denne søndagen for å gje ein neve såkorn til denne åkeren nettopp i dag.

Kvar for oss har vi også større og mindre teigar der vi har sådd - her i Åsane.
Vårt ynskje og vår bøn for alt dette er at Gud må sende gode innhaustingstider over denne bydelen i Bergen. At Ordet kan spire og gro. På dei gamle gardane som enno finst i utkanten av blokkene som skyt opp. At det kan sankast frukt frå høghus eller villaområder. At Guds ord kan nå innafor glasvegger og fine fasadar på kjøpesentra og gigantiske møbelbutikkar. At arbeidaren som byggjer ny veg for å spare oss for køar og motorvegkaos kan vere våre gode forbilde: Dei står på i kulde og regn og borar og skyt for å gje oss noko nytt og nyttig.

Det nye og nyttige for oss som trur på Gud og les Bibelen vår i fellesskap, er frukt og grøde som skal haustast. Då kan vi ikkje vere smålege mot kvarandre.
Vi går saman ut for å fullføre Jesu ord: «-hveten skal dere samle i låven min!»

AMEN

søndag 20. januar 2013

"Ka' sa eg?"


3.s. i openberringstida III – 20.01.2013
Biskopshavn
Johs. 1, 15-18

Eit litt sjølvgodt uttrykk kjenner vi alle: «Ka’ sa eg?»
Om det er eit typisk bergensuttrykk er eg usikker på, men i mine øyrer er dette eit av dei uttrykka som kling særdeles godt på ekte bergensk.
Det er rundt 30 år sidan no. Eg var for første gong på prestane si generalforsamling i vår fagforeining, PF. Vi var samla her i byen, og festkvelden var lagt til sjølvaste Håkonshallen. Hovudtalar til dei mange prestane var den legendariske kyrkjejournalisten i BT, Rolf Tofte. Og hans tema var nettopp dette: «Ka’ sa eg?» Han heldt eit glitrande, tankevekkjande og humoristisk innlegg, der han ikkje minst minna oss prestane som stadig steig opp og ned av preikestolar om av og til å stogge opp og tenkje etter: «Ka’ sa eg?» «Ka’ sa eg?» - eigentleg?

I dette uttrykket ligg det vanlegvis ein litt meir hoverande undertone. Vi vender oss til andre som vi har diskutert med før. Vår advarsel om at det ville gå heilt gale om ikkje akkurat mine ord, mine tankar og mine åtvaringar vart lytta til; den advarselen viste seg å slå til. Det gjekk skeis fordi ingen ville lytta til det eg sa. Då kan det gjere godt å bryte ut i triumf: «Ka’ sa eg?»

Døyparen Johannes hoverer ikkje.
Døyparen Johannes vitnar derimot.

Johannes vitnar om han som kjem mot oss gjennom juledagens mektige evangelietekst. Johannes vitnar om han som er personifiseringa av Ordet. Johannes vitnar om at Ordet kom til oss og vart menneske, eit menneske som kledde seg i kjøt og fekk bustad mellom oss andre menneske. Johannes har sett. Han har sett hans herlegdom; som det står: «- vi så hans herlighet, en herlighet som den enbårne Sønn har fra sin Far, full av nåde og sannhet.»

Om Johannes står det i kap.1,6-8: «Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes. Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham. Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.»
Johannes vitnar om det han har sett og bryt ut: «Det var om ham jeg sa: Han som kommer etter meg, er kommet før meg, for han var til før meg.»

«Ka’ sa eg?» Rolf Tofte formana prestane i landet vårt til å stanse opp og tenkje gjennom det av og til.
«Ka’ sa eg?»
På preikestolen? I samtalen? Den gongen det baud seg ein sjanse til å peike ut over meg sjølv? Ikkje for å hovere, men for å vitne.

Johannes vitnar i alle fall. Han tek tak i det han ein gong har sagt, og han stadfestar: «Det var om ham jeg sa: Han som kommer etter meg, er kommet før meg, for han var til før meg.»

Jesus kom etter Johannes. Bokstavleg tala. Jesus og Johannes, dei to slektningane, sønene til Maria og Elisabeth. Johannes kom først, fødd eit halvt år før Jesus. Johannes var på plass i øydemarka som den siste store profeten med røter også i den gamle pakt allereie før Jesus stod fram, vaksen og klar for sitt eigentlege oppdrag.

I øydemarka tala Johannes om han som skulle koma. Johannes forkynte omvending. Johannes tala om himmelriket som var nær. Johannes døypte med sin omvendingsdåp.

Jesus kom etter Johannes. Likevel var han før han. Johannes rydda vegen for han som skulle kome etter han: «- han som kommer etter meg, er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å ta av ham sandalene. Han skal døpe dere med Den hellige ånd og ild» Matt.3.11

Jesus skulle gå forbi Johannes. Jesus var ikkje berre i ein anna klasse eller ein anna dimensjon. Jesus var av Gud. Jesus var Gud. Han kom frå Gud, mens Johannes, stor som han var, den største av dei som er fødde av kvinner iflg Jesus sine ord, så var Johannes likevel ikkje anna enn eit menneske.

 Døyparen Johannes veit kva han har sagt. Han stadfestar sitt vitnemål og talar heile tida slik at Jesus kjem i sentrum, han som gjev av si overflod til oss - «nåde over nåde» Johannes vitnar om Jesus som kjem med nåde og med sanning.

Men samstundes som Johannes på denne måten, med det han seier, med det han tek opp att av det han har sagt før, maktar å setje Jesus i fokus, så seier også døyparen viktige ord om kven Gud er.
Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.

På denne 3.søndagen i openberringstida er det som om døyparen vil dra litt av forhenget som skil det jordiske frå det himmelske til side. Han vil vise oss kven han er, han som kom og som Johannes hadde tala om. Johannes vil også vise oss kven han er, han som Jesus kom frå. For Jesus kom frå Gud, og ingen anna enn Jesus har sett Gud Fader og kan lære oss kven Gud er.

Ein som kan fortelje oss kor grunnleggjande dette eigentleg er, er paven i Roma, Benedikt XVI, eller som han før var kjend som, teologen Joseph Ratzinger. Paven har dei siste åra gjev ut to bøker, begge med tittelen «Jesus fra Nasaret». To viktige fyrlys, grundige, og på mange måtar banebrytanede, for alle som vil trengje inn i den bibelske læra om kven Jesus er.

I innleiinga til den første av bøkene stoggar paven nettopp for dette bibelverset: Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.

Paven skriv: «Det er her vi må begynne hvis vi virkelig vil forstå Jesu skikkelse slik vi møter den i NT. Alt som blir formidlet av Jesu ord, gjerninger, lidelser, herlighet, har sin forankring her. Hvis vi utelater dette kjernepunktet, ignorerer vi den egentlige Jesus-skikkelsen. Da blir den motsetningsfylt og i siste instans ubegripelig.»

Og paven held fram: «Jesu lære stammer ikke fra noen slags menneskelig visdom. Den stammer fra hans umiddelbare berøring med Faderen, fra dialogen ansikt til ansikt – fra en som hviler ved Faderens bryst. De er ord fra en sønn.»

Johannes vitnar om Jesus.
Jesus vitnar om Gud.
Johannes såg Jesus og sa også om han: «Se, Guds lam som bærer bort verdens synd»
Jesus som kjem frå Faderens fang. Som har sett Gud, ansikt til ansikt, som den einaste. Han som er full av nåde og sanning, han viser oss også kven Gud er.

Han viser oss kven han er, den Gud som vi i dag møtte gjennom tekstlesinga frå GT der han presenterte seg med det fantastiske namnet «Jeg er» eller «Eg er» som dei fleste av oss ville uttrykkje det.

Han som er, Gud som finst, eksisterer, og er til, gjennom alle tider, frå æve og til æve, som vi seier det i kyrkja; det er denne guddommelege som sender Jesus, og Jesus er den einaste som har sett Gud. Jesus kom for å vise oss dette. For å vise oss Gud Fader, skaparen, den allmektige, han som elskar verda slik at han sender sin einborne son til verda. Jesus kom for å gje oss alt dette. Det som Johannes omtalar som nåden og sanninga.

Han peikar på Jesus. Jesus peikar på Faderen som er. Som er, tvers gjennom alt som hender. Han er, verkeleg og reelt - Skapar, Herre og Allmektig, her hjå oss, og der gislar og terrorramma nordmenn og utlendingar ropar etter meining midt i vondskapen. Det vonde kjem ikkje frå Gud. For han kjem til oss med nåde og sanning.
Han heiter «Eg er» og han er der og skal vere der gjennom drama, død og skrekkopplevingar.

«Ka’ sa eg?»
Når eg no snart stig ned frå preikestolen vil det vere få av dykk som lyttar som vil vere i stand til å hugse kva presten sa.
Langt vitigare er at du hugsar kva Johannes sa. Kva han sa om Jesus.
Johannes sa om Jesus at han kom til oss med nåde.
Nåde over nåde. Han sa noko om at Jesus er full av nåde og sanning.

Johannes vitna om Jesus og lærte oss at Jesus viser oss kven Gud er.
Det er ord frå ein son.

Nåde – sanning – Jesus er frå Gud. Gud som er. Nå alt anna ramlar sundt rundt oss.

Vi stoggar der. Det var det eg sa.

Amen

Bloggarkiv