3. søndag i
fastetida III. 20.03.2022
Bardu krk
Luk. 22,28-34
Vi gjekk inn i fastetida på oskeonsdag. Fastetida varer fram til og med
påskeaftan. I 40 dagar held kyrkja faste. Kvar dag, bortsett frå søndagane. Ei
slags indre, åndeleg vårreingjering for oss som trur på den kristne bodskapen
om Jesu liding, død og oppstode for vår skuld.
Gjennom denne tida prøver vi å kome tettare inn på forteljingane vi møter i
Bibelen om Jesu veg mot Jerusalem for å kjempe den avgjerande kampen mot all
vondskap; mot alle motstandarar, som vil hindre Guds gode vilje med
menneskeslekta.
Jesu veg mot liding og død er ein veg i
kamp og krig mot freistingar og sterke motstandar.
Dette har kyrkja som tema på ulikt vis alle dei 6 søndagane gjennom denne
perioden i kyrkjeåret.
Slik har det vore så lenge kyrkja har eksistert, og dette, altså kamp og krig
mot freistingar og sterke motstandar, det ser vi kanskje særleg godt akkurat på
denne 3.søndagen i fastetida med dei bibeltekstane vi har lese i lag, og som vi
skal seie meir om no.
Snart skal vi også syngje i lag det som er
ein av dei aller viktigaste salmane i vår salmebok, skriven av han som vi
reknar som vår åndelege kyrkjefar, sjølvaste Martin Luther. «Vår Gud han er så
fast en borg» er den heilt sentrale salmen å syngje gjennom fastetida, og ikkje
minst i dag. Den handlar om kamp:
Om verden full av djevler var
som ville oss oppsluke,
vi frykter ei, vi med oss har
den som Guds sverd kan bruke.
Dette er ei god og presis omsetjing av
Martin Luther sine tyske ord.
Dette er presise ord på det vi må snakke om i dag: «Om verden full av djevler
var»
Ja, korleis var det i verda, om den var
full av djevlar?
Korleis vart det rundt oss om alle bannorda, dei som faktisk er henta frå
Bibelen, og som vi har lese fleire gonger i dag; om desse påkallingane av den
vonde vart høyrt og oppfylte?
Fem gonger har vi ved å lese bibeltekstar i dag høyrt Satans namn nemnd. Ordet
betyr rett og slett motstandar. Det er eit lite vakkert ord som vi skulle halde
oss for gode til å sleppe ut av oss som rein bannskap, i dårleg selskap med det
kanskje enno meir brukte f...-ordet.
Har Satan overtaket rundt oss?
Er verda full av djevlar?
Ja, vi kan verkeleg lure når vi brått har
fått ein krig midt i fleisen.
Så himmelropande unødvendig. Så hjarteskjerande urimeleg. Så djevelsk vond. Og
vi torer å namngje motstandaren, det som på hebraisk altså heiter Satan. Vi må
over på russisk og hengje bjølla på katten. Eller heller bjørnen, den russiske
bjørnen. Namnet er Putin.
Det er kamp mot ein despotisk motstandar.
Eit heilt folk kjempar. Ei heil verd heiar på folket og på leiaren deira. Og,
naturleg nok, vi ynskjer ikkje å dra fleire inn i krigen, vi ser med smerte på
det vonde som skjer, men trur at det rette er å halde avstand.
Midt i dette kjem orda mot oss frå
Bibelens sider: Orda frå Jesu munn: «Jeg ba for deg at din tro ikke måtte svikte»
Det er mange som ber i dag. Som ber i desse dagane. Fastetida skal vere nettopp
det: Ei tid for bøn, ettertanke og refleksjon. Ei tid for å gå tett inn på
Jesus og spørje kva hans vilje med oss er.
Det er ingen tvil om Jesu vilje. Det er fred. Fred på jord. Fred mellom
menneske. Fred i Ukraina.
Kan dette seiast vakrare enn med Jesu
eigne ord i Bergpreika?:
«Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Guds barn» (Matt. 5,9)
Kan det seiast meir håpefullt enn i
profetien om dei siste dagar, der det står slik hjå profeten Jesaja?:
De skal smi sverdene om til plogskjær og spydene til
vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp
til krig. (Jes 2,4)
Då vi gjekk inn i fastetida med
familiegudsteneste her i kyrkja på 1.s. i faste, var det eit barn som las høgt
for oss denne tydelege bibelteksten om kva faste skal vere:
Dette er fasten jeg har valgt: å løse
urettferdige lenker, sprenge båndene i åket, sette undertrykte fri og bryte
hvert åk i stykker, å dele ditt brød med sultne og la hjelpeløse og hjemløse
komme i hus. Du skal se til den nakne og kle ham, Du skal ikke snu ryggen til
dine egne. (Jes 58, 6-7)
I dag møter vi Jesus i hans tette nærvær
med sine læresveinar.
Det vi har høyrt om, hender i forlenginga av det aller siste måltidet som dei
alle tok del i på skjærtorsdag. Nattverden var nettopp innstifta, men enno var
det det att mykje av denne kvelden og denne natta.
Dei sit framleis rundt bordet, og samtalen
mellom Jesus og dei tolv heldt fram, og Jesus seier «Det er dere som har blitt
hos meg i prøvelsene mine. Og nå overdrar jeg riket til dere.»
Det at Jesus overdrar riket til venene
sine, bety at han legg innover dei at no skal dei breie vidare ut bodskapen om
Guds rike, og korleis det skal vere der.
Jesus starta heile si offentlege verksemd tre år tidlegare ved å halde si
første store, offentlege tale i syngagoga i Nasaret der han hadde vakse opp. I
den talen får vi første proklameringa av kva Gud hadde sett han til, kva Jesus
var innvigd til å gjere her på jorda. Og orda hans er som eit ekko av
profetorda om kva faste skal innebere. Men det er samstundes eit riss av
korleis det skal vere i Guds rike, det riket Jesus overdreg til venene sine,
til læresveinane.
Jesus brukte desse orda i si første offentlege tale som vi er kjenner frå NT:
Herrens Ånd er over meg, for han har salvet meg å forkynne et godt budskap
for fattige.
Han har sendt meg for å rope ut at fanger skal få frihet
og blinde få synet igjen, for å sette undertrykte fri
og rope ut et nådens år fra Herren. (Luk. 4,18-19)
Det er fastetid i vår kyrkje. I kyrkjer
over heile verda.
Fastetid er kamptid.
Men i kyrkja kjemper vi ikkje med sverd eller våpen. Ikkje med bomber eller
droner eller hangarskip.
Vi brukar i staden ordet, og gjer som
Jesus - rope ut at fanger skal få frihet
og blinde få synet igjen, for å sette undertrykte fri.
Vi fokuserer på ei fastetid i samsvar med
profetorda om korleis fastetida skal vere: å løse urettferdige lenker, sprenge
båndene i åket, sette undertrykte fri og bryte hvert åk i stykker, å dele ditt
brød med sultne og la hjelpeløse og hjemløse komme i hus. Du skal se til den
nakne og kle ham, Du skal ikke snu ryggen til dine egne.
Vi kan ikkje ignorere det vi opplever nett
no. Vi kan ikkje oversjå krigsherjingane.
Men som kyrkje er våre kampvåpen av ein annan sort enn stridsvognene og
kanonane som rullar på E6, ti meter frå kyrkjedørene våre her på Setermoen,
gjennom den gigantiske militærøvinga Cold Response vi er midt oppe i. Det ser
ut for at også stridsvognene, diverre, trengst i møte med motstandaren som vi
ikkje vil sjå innafor våre grenser. Ein motstandar med eit ansikt og med eit
namn.
Men motstandaren er ikkje folket og enkeltpersonane vi kjenner på den andre
sida av grensa. Dei som kanskje er førte vill av meiningslaus propaganda.
«Salige er de som skaper fred, for de skal
kalles Guds barn» sa Jesus.
Det er ord med gullskrift.
Poeten Helge Torvund har skrive eit lite
dikt som er til ettertanke når vi veit at det regnar krig over Europa sitt
kornkammer, Ukraina:
«Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber
og enda opp
med å tenkja på korn.
Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden
og som kan
gje oss brød.»
Det er fastetid. Når fasten er over skal
vi ete som aldri før.
Men i fastetida kan vi også ete. Ete brød. Nattverdbrødet. Laga av mjøl, som er
laga av korn. Det som veks så stille. Det som veks i Ukraina – meir korn der
enn dei fleste andre stader.
Korn som er det motsette av bomber!
Og så ein gong – når Guds rike renn i all
sin strålande glans, er det vårt håp at vi ikkje skal kjempe lenger.
Då er vår motstandar, han som kallast Satan, gått på sitt siste og endeleg
nederlag.
I lag med apostlane skal vi få oppleve det som står i vår tekst i dag, der
Jesus lovar: «-dere skal spise og drikke ved mitt bord i mitt rike».
Då har også profetordet om dei siste
dagane gått i oppfylling: De skal smi sverdene om til plogskjær og
spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke
lenger læres opp til krig.
AMEN