søndag 30. mars 2014

Guds finger

3.s. i faste. I  - 30.mars 2014
Biskopshavn
Luk. 11,14-28

”Øde vidder.”                          
Eg ser for meg eit lite innbydande landskap.  Ein stad på grensa mellom ørken og sumpland. Ikkje heilt tørt. Men med enkelte blaute pølar med giftig, stinkande veske. Udrikkande og livsfarleg. Flatt og varmt.
I den bibelomsetjinga eg kjenner best, den gamle nynorske, så var uttrykket ”vasslause vidder” brukt. Over slike vasslause og aude vidder flakkar dei vonde åndene som Jesus talar om.
Om det verkeleg finst slike vidder nokon stad, eller om dette er eit fantasibilete, skapt i teikneseriar, det spelar inga rolle. For Jesus brukar bilete på det totalt ugjestmilde. På staden der ingen kan leve. Ikkje ein gong dei ureine åndene. Demonane.
Men vondskapen som er driven ut i dette dødens landskap søkjer seg betre tilhaldsstader. Den vonde ånda hugsar betre tider og seier: "-Jeg vil vende tilbake til huset mitt, som jeg forlot"

Vondskapen har ein bustad. Eit hus. Demoniet er å finna på ei adresse. Dersom då ikkje  nokon tek opp kampen mot "vondskapens åndehær i himmelrommet" (Ef.6,12) og set djevelen på porten.

I dag handlar preiketeksten nettopp om dette. Om at det er mogeleg å kjempe mot det vonde og å vinne over det. Men det handlar om meir. Det dreiar seg òg om å vere åndeleg vaken; om å vere så pass medviten at den vonde ånd som vender attende frå flakking over aude, vasslause vidder aldri kjem til eit tom hus der det berre er å flytte inn i lag med endå verre selskap enn det denne vonde ånd sjølv utgjer.

Vi har kasta dei vonde åndene på dør! Vi vil knapt nok ta ordet i vår munn. Tekstar i Bibelen, som den vi møter på denne 3.søndagen i faste, vil vi helst hoppe bukk over eller ta ein elegant sving utanom. Dette er noko som Jesus var nøydd å ta opp i si samtid, men i dag, to tusen år seinare, veit vi betre enn som så. Demoni dyttar vi kjapt og enkelt over til psykologane og psykiatrane. Slikt teier ein moderne teolog om i eit moderne  norsk samfunn. Vi har vaska ut dette rommet. Lufta og gjort reint.

Men kva har vi fylt opp med i staden? Visst vart det både loftsrydding og utlufting då vi for ca. 30 år sidan hadde demondebatt i vår kyrkje. Dei av oss som hugsar dette, kan nesten enno høyre ulinga av den kyrkjelege storm som rasa. Stormen har lagt seg. Lufta har roa seg. Men står det att eit tomt rom? Feia og pynta?
Og lar vi oss bedra til å tru at ånda frå viddene ikkje flyttar inn att med sitt utriveleg selskap, så snart ho berre får sjansen?

Kan hende skulle vi akkurat i dag, på denne 3.s. i fastetida, filosofere litt over det uttrykket som Jesus brukar. Han snakkar om at den vonde ånda leiter etter ein stad å bu, og at ho kjem tilbake der ho ein gong var. Ho "-finner det feid og pyntet" og flyttar inn.


Når det er feia og pynta, då er det av og til heilt tomt. Eller det kan vera sterilt og nærast livlaust.
Er det slik det er i livet til mange av oss? At det er tomt?

Mange har gjort alt grundig reint; dvs. dei har kasta ut gamaldags moral og tankegods frå fedre og forfedre. Kyrkjegang på søndag, heilaghalding av kviledagen, bordbøn og kveldsbøn forsvann samstundes som ein også kasta på dør tankar om at kortspel og dans var dei største syndene i livet.
Kanskje kasta vi barnet ut med badevatnet?
Kanskje har vi vore så ivrige etter å unngå å verte sett i bås med trongsynte, rettruande at vi har feia ut det meste. Det er feia og pynta opp i livet. Eller det er aldeles sterilt. Ingen får sleppe til for å smitte meg. Difor høyrer eg ikkje ei andakt eller ei preike, like lite som eg høyrer eit manande fordrag av ein politikar som ynskjer at eg skal engasjere meg i samfunnet.

Det er godt for ei husmor og for ein familie om det er reint, feia og pynta i heimen. Men om vi legg same målestokk på livet vårt, då kan det gå reint ille. Vi kan tømme ut og reinske bort så mykje, at det vert ståande att eit tomrom som må fyllast med eit eller anna. Vi kan skape eit åndeleg vakuum rundt oss som rett og slett må fyllast med noko.

Og då kan vi vere trygge på at den vonde sjølv er ute for å fylle opp. Han vil ha hus og heim i ditt og mitt liv. Han flyttar inn på dagen om han får sjansen. Ikkje i form av ei teatralsk demonbesetting. Men på ein raffinert måte, umerkeleg både for oss sjølv og andre.

Det er kamp om mitt og ditt liv. Ikkje lat som om du ikkje merkar det. Den vonde er ute etter å få herredøme over deg eller meg. Og det er kampen om dette herredømet som er det eigentlege sentrum denne kyrkjesøndagen. Kampen mellom Jesus Kristus og Satan sjølv. Vi kan kvia oss for å innrømme det, men det er i flg. Guds ord ikkje noko mindre som står på spel. Og det finst ikkje noko nøytral mellomstilling, slik vi så gjerne ynskjer å tru. Jesu eigne ord frå teksten i dag står der og lyser som ein neonreklame:
"-Den som ikke er med meg, er mot meg. Og den som ikke samler med meg, han sprer!"

Det nøytrale, det tomme, det sterilt reine, er eit bedrag i denne samanhang.
Vi må fylle opp våre tomme rom, slik at ikkje vondskapen og ureinskapen og djevelskapen tek over.



Difor er det i dag ein veldig styrke i å feste seg ved at du og eg får hjelp til å hugse at vi tilhøyrer ein som er sterkare enn Satan. Vi er døypte for å tilhøyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Vi har hans eigedomsmerke, krossteiknet, på oss. Difor skal du vite at du er hans.  Difor gjeld det i denne fastetida: Lat han fylle deg med sin Ande og si kraft. Lat det som er tomt i livet ditt vera ope for Jesus.  Sei nei til freistaren, og ta heller tak i handa til han som er sterkare enn freistaren.

Vi skal snart syngje ein pinsesalme i lag. Og innhaldet i denne salmen gjev djup meining i høve til det vi no snakkar om:

Vår fiende, jag ham langt på flukt
gi fred og troens fagre frukt,
og la oss alle, store, små
i sjeleomsorg hos deg stå!
(Nr 512. v.5)

I denne striden mot fienden har vi altså i dag høyrt om Jesus som tok opp kampen. Det var ein kamp som vart ført på vegne av oss alle. Vi har lese korleis han dreiv ut den vonde ånda frå den stumme mannen. Og i det som hende i den samanhang, skal vi merka oss Jesu retoriske utsegn: "- er det ved Guds finger jeg driver de vonde åndene ut, da har jo Guds rike nådd fram til dere."

Guds finger!
Det er nettopp Guds finger vi skal sjå etter. Den Guds finger som har så stor styrke og kraft at eit lite vink med fingeren er nok til å vippe all vondskap av pinnen. Guds finger peikar ut vegen mot dei aude viddene for dei vonde åndene. Dit skal dei fare. Der skal dei flakke. Der skal dei halde seg utan rast eller ro, og dei skal aldri flytte inn att og slå seg ned i ditt eller mitt liv.

Guds finger  peikar deretter på Jesus Kristus. Med skapande kraft teiknar fingeren opp Jesu frelsarverk for oss. Vi ser hans kamp mot all vondskap og synd. Vi ser kor tung kampen er. Vi ser ein frelsar som lyt tole kross og død og grav. Men Guds finger er der heile tida. Steinen veltar bort frå Jesu grav. Vi ser inn på vitnemålet om han som har sigra over det vonde og over den vonde.

Det er Guds rike vi ser inn i. Guds rike har kome til oss. Guds rike der det gode vann over det vonde. Der all djevelskap har vike plass.


Jesus løftar opp Guds finger mot oss. Meir skal det ikkje til før vondskapen har tapt. Det er denne bodskapen  som skal fylle hjarto våre og sinnet vårt i dag.  For når vi er fylte av glede over Jesu kraft og Jesu siger i våre liv og for våre liv, då er det ikkje att noko feid og pynta tomrom der ubedne gjestar frå vasslause, aude vidder skal flytta inn. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv