lørdag 13. juni 2015

Følg meg

3.s. i treeiningstida. II. 14.06.2015
Hamre kyrkje
Joh.1, 35-51

"Kvar kjenner du meg ifrå?" spurde Natanael. Jesus svara: "Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg."

Kvar kjenner du meg i frå?
Kanhenda har du også opplevd å verta stogga på vegen av ein eller annan som snakkar til deg. Vedkomande veit kven du er, men du kan ikkje fatte at de to har snakkast før.
Kvar kjenner du meg i frå?

Det er alltid både overraskande å verte utsett for slik, samstundes som ein har ei kjensle som er blanda av glede over å vere kjent av andre. Men det er litt ekkelt og flaut ikkje å vite kven den andre er som snakkar til.

Natanael hadde hatt eit eller anna å gjere under fikentreet. Kanhenda hadde han berre hatt seg ein liten siesta under dei store greinene. Men Filip hadde kome bort til han og fortalt om ein merkeleg mann frå Nasaret. Jesus. Natanael hadde ikkje stor tru på at Jesus kunne vere noko til kar: "Kan det koma noko godt frå Nasaret?" spurde Natanael. "Kom og sjå!" svara Filip.

Og no såg Natanael Jesus. Og det var eit noko annleis syn enn det ein får når ein møter ein ukjend langs vegen. Jesus står framfor Natanael, og augo til Natanel er store og runde. Han ser rett på Jesus. Han frå Nasaret. Sanneleg kjem det noko godt frå Nasaret. Jesus samtaler med han, og det er tydeleg at Jesus veit kven han er. Ja, Jesus har gode og fine ord å seie om Natanael: "Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik." sa Jesus.
Kva i all verda er dette? Natanel er storøygd: "Kvar kjenner du meg ifrå?" spurde Natanael. Jesus svara: "Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg."

Natanel har møtt ein god ven. Det var Filip. Filip fekk han med seg ut or skuggen under fikentregreinene. Filip hadde sett noko som venen Natanael måtte få del i. Filip hadde sett Jesus. No måtte også Natanael få sjå.
Men utan at Natanel var klar over det, var han sjølv allereie både sett og kjent av Jesus.  Difor var Natanel forvirra der han stod ansikt til ansikt med Meisteren. "Kvar kjenner du meg i frå?" 


Det er dårleg med fikentre på Osterøy. Ingen av oss har søkt skuggen under dette treet i dag. Men vi er samla, og de som i dag møtte opp i den gamle Hamre-kyrkja har fått vitjing av ein mann som seier til dykk: Kom og sjå! Kom og sjå Jesus frå Nasaret. Det kjem noko veldig godt frå Nasaret, og i dag vil vi freista å måla Jesus opp for folket her på Hamre. Løft augo frå fanget. Jesus er her og vil ha deg i tale. Ja, han kjenner deg allereie.
Hadde soknepresten dykkar halde denne preika for dykk ville de ha kjent han, og han hadde kjent mange av dykk. Men i dag er det kome ein prost frå Åsane til dykk. Kanhenda har nokre av dykk sett meg før, men eg må innrømme at eg veit lite om kven de er som eg talar til no.
Men om vi er ukjende for kvarandre, så er det ein som kjenner dykk.
Det er den same som kjende Natanael under fikentreet. Det er Jesus Kristus.

I dag er Jesus framfor deg. I dag vil vi at du skulle sjå han for ditt indre auga, og det er viktig at du forstår at du allereie er kjend av han.
Ein gong for lenge sidan sa Gud til profeten Jeremia: "Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, og før du vart fødd helga eg deg..."  (Jer.1,5)
Det same som den gamle profeten fekk høyra, lyder i dag for dine øyro: "Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,...."
Du er kjend av Gud. Du er også kjend av Jesus Kristus. Han har ikkje sett akkurat deg under noko fikentre. Men ein gong såg han deg medan du var i mors liv. Han såg deg. Han kjende deg; han la planar for livet ditt, slik han har planar for livet til kvart einaste menneske. Dette visste også salmediktaren David då han dikta si 139. salme:
"Auga dine såg meg då eg var eit foster, Alle dagar er skrivne opp i di bok; dei fekk form før éin av dei var komen." (Salme 139.16)

Slik det var sant for David; slik det var sant for Natanael, slik er det også sant for deg og meg: Vi er kjende av Gud. Jesus Kristus kjenner oss. Og om du spør som Natanel gjorde: "Kvar kjenner du meg i frå", så vil Jesus svare deg:
-Eg kjenner deg att heilt frå du var eit foster. Og ikkje minst kjenner eg deg frå den dagen du vart boren til den heilage dåpen. På same måten som det har hendt med dåpsborna vi har møtt i dag, hende det med kvar og ein av oss på vår dåpsdag. Den gongen vart vi kvar for oss gjort til Guds barn. Den gongen vart Gud din far. Han som også er min far i himmelen.
Difor kjenner eg deg, seier Jesus i dag. -Du er mi søster. Du er min bror. Gud er vår far. - Eg kjenner deg att frå dåpen, seier Jesus.

Det går an at livet vi lever snur seg slik til at kontakten mellom søsken etter kvart vert broten. Ein glir frå kvarandre. Eller ein kan til og med verta bitre uvener, sjølv om ein er søsken. På same måten er det med det livet vi fekk del i gjennom dåpen. Det kan visna bort og kontakten med Gud vår far, og med Jesus vår bror, kan etter kvart verta fullstendig broten. Men det hindrar ikkje at du framleis har Gud som din far i himmelen. Til og med utan det aller minste antyding til kontakt mellom foreldre og born, så har kvar einaste ein av oss ein far som er vårt eigentleg opphav. Ingenting kan endra på det. Og då kan det heller ikkje endrast at Jesus er vår bror.

Gud har skapt oss. Gud har teke oss til sine born i den heilage dåpen. Gud er vår far i himmelen, sjølv om vi har villa oss bort på dei mest kroket sidevegar og er i ferd med ikkje å finne heima att før det er for seint. Gud har sendt Jesus, sin son, vår bror, i døden for alle oss som er skilde frå Gud gjennom synd og nederlag. 


Og i dag står det ein mann og kallar på deg, du som er kjend av Jesus fordi han er din bror og din frelsar. Mannen som kallar på deg er prest, og han seier: "Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef."
Vi har funne Jesus frå Nasaret. Han er din og min bror. Han vil vise oss vegen heimatt til Gud vår far dersom vi har villa oss bort på livsvegen. Kom og sjå!

Kom og sjå! Kom og sjå Jesus. Ja, det er meir å seie enn det.
Til Filip sa Jesus også, før Filip ropa på Natanael: «Følg meg!» 
Det er innbydinga til deg i dag. Kom og sjå. Og deretter – når du har sett Jesus som vi peikar på, så lyder kallet frå hans munn: «Følg meg!» 

Overskrifta i vår nyaste bibelomsetjing på dette avsnittet frå Joh 1 som vår preiketekst i dag er henta frå, lyder slik: «Dei første læresveinane»
Jesus stod fram og var tydeleg i si kall til etterfølging. Sjå på meg, seier han. - For eg kjenner deg.
Følg meg, seier han. -for då skal du bli kjend med meg.

Dei første læresveinane er for lengst døde.
Det sit ikkje lenger folk under fikentrea i Nasaret og ventar på at Jesus skal kome ruslande. Jesus går ikkje omkring mellom oss, men lever likevel ved Guds høgre hand i himmelen, samstundes som han gjennom sin Ande gjev seg til kjenne mellom oss som lever på jorda i dag.
Dei første læresveinane rekrutterte nye etterfølgjarar av mannen frå Nasaret. Ordet om han som kjenner oss frå mors liv og som kallar oss til å følgje han har lydd på nytt og på nytt ut over verda. Det spreidde seg frå Jerusalem og Israel utover Midtausten, Europa og til alle verdens hjørne.
I tusen år har nordmenn fått høyre om Jesus: «Kom og sjå» «Følg meg!»

I dag lyder orda og kallet på nytt, slik det har gjort det her på denne kyrkjestaden, kanskje så langt tilbake som til på 1000-talet.
I dag har nye læresveinar teke mot den kristen dåpen. Foreldre har løfta dei over døypefonten og lova å oppseda dei i den kristne trua.
Slik skal orda om Jesus førast vidare inn i nye generasjonar.
Vi som har lært han å kjenne, skal løfte peikefingeren og peike på Jesus for dei døypte og seie som Johannes: «Sjå, Guds lam!»
Ekkoet av Jesu ord lyder frå Bibelens sider når nokon lurer på kven Jesus er: «Kom og sjå»
Kallet hans skal aldri tagne, men lyde til kvar einaste som vil lytte: «Følg meg!» seier Jesus til oss alle.
Natanael såg Jesus. Og det han såg, fekk han til å bryte ut: "Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge."

Eg vonar at du kan seia det same i dag: "Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge."
Eg håpar du høyrer orda syngje i ditt indre; orda som uttrykkjer kallet til å følgje Jesus, slik vi no alle skal gjere det når vi stemmer i salmen: «Det er navnet ditt jeg roper, vil du følge meg?»   AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv