søndag 3. januar 2016

På veg mot lyset




Kristi openberringsdag III. 03.01.2016
Salhus
2.Kor. 4,1-6

Det er i dag, på Kristi openberringsdag, at den kyrkjelege tradisjonen lar oss møte nokre underlege figurar som etter kvart har fått ein mytisk status mellom folk. Vismennene frå aust. Dei tre heilage kongane vert dei ofte kalla, sjølv om dei slett ikkje var kongar.
I Matteusevangeliet er dei på gresk kalla for mágoi, som skal bety trollmenn eller vismenn, muligens astrologar.
Vi les altså om dei i Bibelen, men der er dei namnlause. Mange har lyst å omtale dei som Kaspar, Melchior og Baltasar. Men dei namna er oppdikta, ikkje noko anna.
Samstundes kan vi sjølvsagt leve med å kalle dei slik.
Særleg i den katolske kyrkje er det spunne mange legender om desse tre karane. Der har dei lært oss å feire dagen til minne om vismennene på 6. januar – trettande dag jul. Det er vel også den dagen dei fleste i vårt land vil rekne julefeiringa for slutt. 

På katolske nettsider kan vi også lese at legenda fortel at Dei heilage tre kongar seinare vart døypte i Persia av apostelen Thomas
og deretter vigde til biskopar. Dei skal ha feira jula i lag i året 54, og så døydde dei like etter.

Kva som er sant eller ikkje av dei mange historiene som går omkring vismennene, er ikkje godt å seie. Det spelar lita rolle at det aller meste truleg er dikta opp.
Det viktige for oss i vår kyrkje er å ta inn over oss det som faktisk står om dei i Bibelen.

Dette var dei første pilegrimane som la ut i mørke natta fordi dei hadde sett noko. Eit lys hadde openberra seg for dei. Dei forstod å tyde teiknet inn i deira tid, og dei gav seg i veg mot lyset.

Her hjå oss bytta vi ut dei gamle kalendrane for eit par dagar sidan.
Midt i ei vindfull og regnvåt natt sat vi oppe og såg korleis den belgmørke nattehimmelen i nokre korte midnattsminuttar var opplyst av sprutande lys og fargerikt fyrverkeri. Det var fort over. Og natta var snart like våt og vindfull og mørk som før.

Det kan vi leve med. At denne årlege syklusen vekslar mellom mørke og lys. Vi veit at vi skal byte ut alt det svarte no i desember og januar med sol og lyse netter når kalenderen viser juni og juli.


Men korleis er det med tida vi lever i?
Lenge har vi sett oss tilbake og med forakt stempla fortida som mørk og middelaldersk. Samstundes har vi kalla oss sjølve opplyste og framtidsretta.

Konservatisme er eit fyord. No er det liberal som er moteordet. I alle fall i kyrkjelege samanhangar.

Korleis er det med tida vi lever i?

Som kristne pilegrimar, på ei ferd inn i tida vår, framtida, som er aldeles ukjend, er vi ikkje avhengige av merkelappane som stemplar oss som konservative eller liberale.
Som kristne pilegrimar er vi derimot avhengige av å finne ein kurs som fører oss til målet for ferda vår. Difor treng vi noko som kan lyse for oss på denne vegen.


For tida vår er trugande mørk. Vindfull og våt.
Avisene ved årsskiftet gav oss analysar av alt som skjer rundt oss. Det var ikkje mange lysglimt å få auge på. Det vart tvert om mange mørke ord. Kanskje det mørkaste var ordet redsel.
Så mange er redde ved dette årsskiftet. Redde for det ukjende. Redde for motgang. Redde for økonomi.

Eit nyord dukka også opp. Eit misbruk av eit ord som ber håpet med seg. «Godheitstyranni» kalla ministeren det dei steller med, dei som vil vere gode og opne seg for menneske i naud og vanskar.
Har du høyrt på makan? Ho skulle aldri fått lov å bruke eit så vondt ord.

Tyranni er noko heilt anna enn å vere god. Tyrannane gjer oss redde når dei forfølgjer kristne. Når dei avrettar sine eigne som ikkje trur som dei sjølve. Når dei sprengjer bomber i staden for nyttårsrakettar.

Den kristne kyrkja skal løfte lyset når slike tyrannar sløkkjer håp og framtid for millionar av menneske og driv dei på flukt.
For som vismennene frå aust er det noko vi har sett. Noko som lyser inn i vår tid, og som vil vise veg gjennom ukjend landskap.
Vi har sett Jesus!

Gjennom adventtida speida vi etter han. På julaftan såg vi enno ein gong barnet og mora. Vi høyrde jubelsongen frå Himmelen. Englesongen.
Og juledagen lytta vi til Ordet. Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss.
I dag har vi følgd vismennene til krybba for å sjå barnet på nytt. For å tilbe.
Og det som skin mot oss er lyset. For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.
Den store svenske åndelege leiaren, Peter Halldorf, har gjeve ut ei bok som han kallar for «Postilla för et kyrkoår». «Som brann där en eld» heiter boka. Han har mange poeng i ei preike på denne søndagen, over nettopp dette verset, henta frå preiketeksten vår i dag.

-Kva har vi sett? spør Halldorf.
Svaret hans er: Det uskapte lyset, Jesus Kristus, det lys som lyser i verdens mørke og som vert formidla gjennom Anden….
…. Då skjer det forunderlege, seier Halldorf: -Vi tek til å sjå verda med nye auge, slik Gud ser henne, med uendeleg ømheit. Anden er det lyset som reinsar og lyser opp vårt indre for å sjå Guds herlegdom i kvart menneske. Er ikkje dette eit mirakel som kan jamførast med barnet i krybba?
Og Halldorf skriv vidare: - Det er tid for å bryte opp. Også eg vil gje meg ut på ei reise. Eg vil følgje skinet frå den strålande morgonstjerna. … Eg vil reise langt, langt gjennom veglaust land. Utover. Oppover. Innover. Til den staden der Guds herlegdom strålar frå Kristi ansikt og lyser opp hjarta mitt. …. Eg vil at det lyset som lyser i verdens mørke skal strøyme inn i mitt liv og lyse opp mi pilgrimsferd.

I dag samlar den kristne kyrkja seg over heile verda. Vi går inn i openberringstida. Ei tid som her hjå oss ber misjonstanken med seg. Tanken om at bodskapen om det store lyset skal skina over heile verdshimmelen slik at folk kan sjå han som er lyset i verda.
Vi har sett noko vi kan og skal vitne om. Vi har sett noko som har sett seg i vårt hjarte slik at vi tenkjer annleis om dei som vandrar rundt i ei verd der mørkret trugar med å senke seg som eit teppe vi ikkje veit korleis vi skal bli kvitt.
Difor vil vi dele det vi har sett og det vi har fått.
Difor protesterer vi høglytt mot å bli kalla for godheitstyrannar. 

I lyset frå orda som Paulus skriv til kyrkjelyden i Korint, så står tida vår fram slik det kanskje er rettast å kjenne den, nettopp ved dette årsskiftet, og på denne openberringsdagen:
For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar, for Jesu skuld. 

Det strålar eit lys frå evangeliet.
Det strålar eit lys frå barnet i krybba.
Det er Kristus som lyser for oss. Det er Kristus som lyser mot oss.
Det er han som er Herre i våre liv. Det er han som er Herre i kyrkja sitt liv. Kunnskapen om dette løftar oss vidare på vår pilegrimsferd gjennom eit mørkt og skuggefullt landskap.
Vi kjenner oss ikkje heilt trygge kvar gong vi kjem til ein sving på vegen der vi ikkje ser kva som ventar oss bak svingen. Men då løftar vi blikket og ser at det lyser der framme ein stad. Alt er ikkje mørkt. Difor vågar vi oss vidare i trass og tru. Steg for steg, Kanskje listande varsamt i dei knappaste svingane og langs dei djupaste avgrunnane.

 Men vi er på vandring og får erfare at det går godt. Mørkret får ikkje det heile og fulle overtaket. Vi vert minna igjen og igjen om sanninga frå juledagens mektige evangelium:
Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. (Johs 1,6)

 Vi minnest dei tre vismennene på denne søndagen. Desse første pilegrimane som la ut i mørke natta fordi dei hadde sett noko. Eit lys hadde openberra seg for dei. Dei forstod å tyde teiknet inn i deira tid, og dei gav seg i veg mot lyset.

Vi vil følgje dei inn i det nye året. Inn i vår tid. Inn i vår framtid. Då er vi på veg mot lyset!
AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar