søndag 21. februar 2016

Gratis


2.s. i fastetida, III. 21.02.2016
Bruvik
Jes 55,1-7

Det er i dag 2.søndag i fastetida - med tre bibeltekstar som er lesne slik vi alltid gjer det på ei vanleg søndagsgudsteneste.
Vanlegvis er det ein tydeleg og sterk samanhang mellom dei tre bibelavsnitta vil les i ei gudsteneste.
I dag er det ikkje heilt enkelt å sjå denne samanhangen. Likevel – eit stikkord er felles. Måltid.
Måltid, mat, fest.
Vi har lytta til Jesu ord i dag gjennom evangelieteksten frå Lukas 13. Orda om det store gjestebodet. «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
Kan du sjå for deg den aller siste dagen i denne tida?
Dagen når Guds rike skal renne lik sola, slik Petter Dass syng om det.
«- men opp skal rinne, som solen skinne, Guds rike!»
Mange har sikkert sine tankar om korleis det  då skal vere. Det er lett å danne seg all verdens førestillingar om korleis det er heime hjå Gud. Det gjorde dei allereie på Jesu tid. Også då var dei opptekne av korleis det skal gå med menneskeslekta, heilt til slutt. Difor også dette spørsmålet som kan vere med på å pirre også våre nyfikne sansar: «Herre, er det få som blir frelste?»
Sjølvsagt kan ingen vite noko som helst sikkert om korleis det skal verte den dagen. Likevel opnar Bibelen små gluggar med innsyn til eit rom som stort sett ligg i nokså dunkel belysning.
På denne dagen er det mykje spanande å sjå. Og mykje spanande å høyre. Men aller størst inntrykk gjer det å oppdage at her er det ubegripeleg mange menneske. Eg minnest noko eg las ein annan gong i Bibelen. Ord av Johannes på Patmos: ”Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledd i kvite klede og med palmegreiner i hendene” (Johs. Opb.7,9)
Ingen kan telje kor mange det er der. Det finst altså eit svar på spørsmålet Jesus fekk om det er få som vert frelste. Svaret er at det er på ingen måte få. Det er ein tallaus flokk. Og det er altså slik at - «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
Når Jesus fortel om dette store gjestebodet, skildrar han ein intens kamp for å kome inn der. Kampen i døropninga. Den kunne vi brukt mykje tid til å snakke om.
Men akkurat denne søndagen vert fokuset snudd. Fordi vi skal sjå nærare på dei andre orda vi også har lese i dag. Frå profeten Jesaja.
I desse gamle linjene vil les frå profetboka, er det også tale om ei innbyding til noko som ikkje kan vere anna ein ei stor fest.
Men tonane i denne innbydinga er veldig ulike dei vi høyrer når Jesus skildrar kampen i døropninga inn til det store himmelske gjestebodet.
«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
Tenk om det hadde vore slike salsplakatar på dei store kjøpesentra våre? Tenk for ei tilstrøyming vi då hadde sett. For det som er gratis, det veit vi å setje pris på. Det veit vi å forsyne oss av. Tenk berre på desse som deler ut smaksprøvar av all slags mat og drikke i butikkane. Knapt nokon går forbi utan å ta føre seg. For det kostar ingen ting!
Nei, det kostar ingen ting!
Å kome inn i det himmelske, det er faktisk gratis. I motsetnad til omtrent alt anna.
Difor er det aldri inngangspengar på ei gudsteneste. Rett nok har du høve til å gje ei gåve mens du er der. Ditt takkeoffer. Men det er heilt friviljug. Ingen kontrollerer om du gjev noko som helst, eventuelt om kronestykket var ditt, og ikkje den einsleg tusenlappen som av og til dukkar opp i kollektskåla. Og lat det vere aldeles tydeleg - det å gje pengar til eit kyrkjeleg føremål er noko kyrkja som organisasjon er takksam for.
Men i døropninga inn til det store gjestebodet, nyttar det ikkje å vifte med med kvittering på det du kanskje ein gong gav.
For på innsida, der er all betaling fullstendig utdatert. Og innbydinga til Guds rike, det er ei innbyding der står skrive med store bokstavar:
«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
Nærmar vi oss Jesu enno ein gong, så les vi mange stader i NT at han var oppteken av å skildre alle godene i Guds rike; i Himmelriket.
Han sende ut læresveinane sine for å forkynne om dette Riket; fortelje alle stader dei kom at dette Riket no var nær alle dei som høyrde på forkynninga om Jesus Kristus. Riket var nær når Jesu læresveinar gjorde under og teikn som Jesu gav dei makt til å gjere.
Guds rike var nær, fordi Jesus var nærværande.
Då Jesus sende ut dei 12 apostlane, les vi i Matt 10: «Gå og forkynn: ‘Himmelriket er kome nær!’ Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder. Gjev som gåve det de fekk som gåve.» (Matt 10,7-8)
Vi skal gje vidare det vi har fått. Det som ein gong vart mitt utan at eg hadde gjort noko innsats for å tileigne meg det, det skal eg ikkje klamre meg til. Det skal eg dele. Ause ut og gje vidare. Gratis, for all del. Gjev som gåve det de fekk som gåve.
Kom, alle tørste, kom til vatnet!
Slik ropar den gamle profeten orda sine ut på denne søndagen.
Tenk så flott at vi på ein slik dag kan bere fram to små born til dette vatnet nettopp i dag. I denne bygda der det er så langt mellom nye små born, så er dette ein festdag. Rett nok har de som er foreldre bustaden dykkar andre stader i landet. Men dåpsborna har likevel ei rot her på denne staden. Og den rota festar vi i kyrkjehus og kyrkjelyd gjennom den heilage dåpen.
Kom, alle tørste, kom til vatnet!
Fleire av profetorda til oss alle på denne store dagen kunne vore ramma inn og hengt over barnesenga: «Eg vil gjera ei evig pakt med dykk, mi miskunn mot David står fast»
Opphavleg gamle ord som skulle vere  til trøyst for eit heilt folk som var aldels bortkomne og landsforviste. Men Gud såg dei. Profeten hans trøysta dei.
I 2016 lyder orda på nytt til oss alle, og ikkje minst til dei nydøypte små: -Eg vil gjera ei evig pakt med dykk.
Sjeldan er innbydinga til livsfellesskap sterkare enn når vi kan lese slike ord.
Sjeldan er det lagt opp til at ein prest på tydelegare måte kan by inn til livet i lag med Gud. Han vil ha oss mellom sine. Han vil invitere oss til det store gjestebod. Han ser etter folk frå alle verdenshjørne:  «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
I dag håpar eg at du som fann vegen til Bruvik kyrkje, her i dette landet langt mot nord, vil gje deg på vegen mot festbordet i det evige.
To nye medvandrarar, enno aldeles små og hjelpelause, har vi fått ansvar for å leie med oss på vegen. Vi tok dei med oss til vatnet. Vi døypte dei.
Og for alle oss som er rundt dei på denne søndagen, så innbyr vi til eit bordfellesskap som det er dekka opp til her og no. I kyrkja i dag. Nattverdbordet står klart. Guds gode gåve til oss. Hans ufatteleg store gåve til oss. Jesus Kristus som er i brødet og vinen.
Eg håpar du høyrer innbydingsorda.
Eg håpar du er tørst på dei himmelske godene. Svolten på å mettast med Guds gode gåver.
Eg har før fått ete av desse gåvene. Dei vart til liv for meg.
Eg tar Jesus på ordet og vil dele med deg det eg har fått. I dåpen. I nattverden. Himmelgodene: Gjev som gåve det de fekk som gåve.

«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

AMEN

1 kommentar:

  1. Det var flott å oppdaga denne bloggen! Eg legg den til i preikeressursane eg har samla i bloggen min :-)

    SvarSlett

Bloggarkiv