søndag 29. mai 2016

Møte i natta


2.s. i treeiningstida III. 29.05.2016
Gjerstad kyrkje
Joh.3,1-13
Fødd på ny!
Ein forunderleg tanke. Men eg vågar meg å tenkje litt på denne tanken akkurat denne søndagen. For nettopp i dag skal eg i fødselsdagsselskap til Sunniva. Yngste barnebarnet mitt. I dag er ho tre år. Eg hugsar godt då eg såg henne for første gong. Første jenta i vår familie på mange tiår. Det var stor stas. Å sjå og å halde den nyfødde i armane. Ei flott oppleving.
I dag fyller ho tre år. Full av fart og liv og ord og spørsmål.
Tanken på at ho skal fødast på ny no, etter tre år, er aldeles meiningslaus.


Kor mykje meir meiningslaus ville det ikkje høyrt ut om ho hadde vore tretti år. Eller seksti?
Når åra går og ein etter kvart vert minst ein halvgamal mann, slik eg er no, eller kanskje ein skal seie at eg er ein gammal bestefar … - då kan då ein fort ynskje: kunne eg enno ein gong vere så uskuldig. Som treåringen.
Eller som den nyfødde? Som dåpsbarnet her i kyrkja i dag?
Kunne eg enno ein gong få kvile så trygt i andre sine vaksne armar og sleppe ansvar, arbeid, ventande oppgåver, stress, uro for både det eine og det andre som vedkjem arbeidsliv eller privatliv.
Kunne eg enno ein gong bli fødd på ny. Verte liten. Som veslejenta som fyller år i dag.
Eg leikar litt med tanken. Men let den fare nokså fort. For det er så umogeleg. Eg er så altfor gamal. Eg er ikkje barn igjen. Eg kan, om eg vil, telje ned til pensjonisttida i staden for å drøyme om vere eit barn.
Fødd på ny. Lite aktuelt, konkluderer eg.
Men stopp litt! Er det aldeles uaktuelt?
Det er då nettopp det Jesus talar om til oss alle i dag. Til meg, ein godt vaksen prest. Til kvar og ein av dykk som vil til gudsteneste her i Gjerstad kyrkje denne siste søndagen i mai. For det var det Jesus sa til Nikodemus, rådsherren. Men orda hans gjeld oss alle den dag i dag.
Kanskje var Nikodemus ein mann på min alder? Han var i alle fall vaksen, og han hadde skaffa seg ein høg posisjon i samfunnet han levde i. Det står at han var farisear og ein av jødane sin rådsherre. I vårt land i dag ville det bety noko av ein mellomting av ein som sit på Stortinget og ein som dømmer i Høgsterett. Ingen småkar altså.

Det er denne mannen som oppsøkjer Jesus. Ikkje i vanleg kontortid. For då kunne han risikere at noko som kjende han ville få auga på at denne viktige personen gjekk til Jesus. Jesus som var så omstridt blant farisearane og rådsherrane til jødane.
Midt på natta snik Nikodemus seg ut. Langs stille vegar og i tronge gater. Rundt hushjørne etter hushjørne kikkar han forsiktig for å forsikre seg at ingen han kjenner skal sjå at han er ute på nattevandring. Og slett ikkje må dei sjå at han bankar på døra i huset der Jesus bur.

Eg ser for meg Jesus som høyrer dørbankinga, som tek lampen med seg i handa, opnar for Nikodemus i den mørke natta, og at dei to set seg ned for å tale saman.
Vi har alt lese frå Bibelen eit lite referat frå det som hende:
Nikodemus kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’
Undra deg ikkje – sa Jesus.
Eg trur at Nikodemus likevel undra seg. For det Jesus seier er ikkje direkte innlysande.
Eg undrar meg sjølv også over desse orda.
Ikkje minst undrar eg meg over slik språkbruk når eg i dag enno ein gong har fått lov å døype eit heilt nyfødd barn. Og når eg også tenkjer på fødselsdagen til småjenta eg skal feire seinare i dag.
Kan eg verkeleg bli fødd på ny? Og kva meining har det at eg skal bli så liten og hjelpelaus og avhengig av vaksne som slike små born som vi har sett midt mellom oss her i kyrkja i dag.
Den nye fødsel som Jesus snakkar om, er ikkje av typen ”mor-føder-barn” fødsel.
Vi kan gløyme den forståinga.
Det handlar om noko som har med mitt åndelege liv å gjere. Det livet eg skal leve i Guds rike, ikkje det familielivet eg lever med foreldre, barn eller barnebarn.
Nøkkelen til å forstå det som eigentleg er uforståeleg i Jesu ord til Nikodemus, er denne setninga frå Jesu munn:
Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.

Ein fødsel av vatn. Ein fødsel av ånd.
Ein fødsel til eit liv i Guds rike.
Ein slik fødsel kan skje med eit menneske som er større enn ein nyfødd baby. Det kan skje med den unge konfirmanten. Fødselen av denne type kan skje for mora som sjølv har fødd eit barn heilt nyleg. Den kan skje med besteforeldre eller oldeforeldre.

Også det nyfødde barnet får ein ny fødsel når foreldra ber det til døypefonten og legg det over i Guds hender. Då vert barnet fødd inn i Guds rike. I dåpen får det Gud som sin Far – han som er Far for alle som høyrer til i Guds rike. Eit rike som omfattar så utruleg mange born. Alle Guds born gjennom alle tider og på alle stader.

Gjennom dåpen skjer eit nytt ubegripeleg under.
Fødselen opplevdes nok slik for den som vart mor og far. Det var eit under, det som hende.
Dåpen er eit nytt under der Gud handlar. Gjennom vatnet som vi ser, og gjennom sin Heilage Ande som vi trur er nærverande på sitt usynlege vis, handlar Gud med den som vert døypt. Der, i dåpen, skjer den nye fødsel. Vi vert fødde av vatn og ande, slik Jesu tala om det til Nikodemus i den mørke natta.
I dåpens bad skjer altså den nye fødsel. Gud opnar alle dører inn til sitt rike gjennom denne åndelege nyfødinga.
Men som det var det for Nikodemus, slik bør det også vera for oss alle i dag: Vi må gå til Jesus for å finne ut om vi likevel er på rett veg. Er vi som ein gong vart døypte, framleis på den rette vegen? Eller har også vi gått ut i ei mørk natt, og i motsetnad til Nikodemus, så har vi kanskje villa oss bort frå vegen til Jesus?
Nikodemus var fariserar og trudde at alt var bra i hans liv. Han levde slik Skrifta gav føresegner om. Likevel levde han på eit bedrag. Du og eg kan også leve på eit bedrag dersom vi trøystar oss til dåp og konfirmasjon, til kyrkjevigsel og til kyrkjegang ein gong i blant.
Det er bibelsk sant at du vart fødd på ny i dåpens bad. Men det store spørsmålet denne søndagen vert om vi kvar for oss verkeleg lever det nye livet vi fekk i dåpen. Eller har vi sovna inn i ein åndeleg søvn slik at vi ein gong går over i åndeleg død?
For dåpens nye liv må levast!
Dåpens nye liv må levast tett inn til Jesus. Han som gav livet for at vi skal få leve. Dåpen det er den nye fødsel i vatn.
Men om du skulle ha eit sovande eller nesten dødt dåpsliv, så finst det likevel håp.
Det handlar på denne søndagen også om å fødast på nytt - ved ånd.
Det betyr at Guds heilage ande, han vi snakka om på pinsedag for to veker sidan, er her på sitt underlege vis. Slik vinden ruskar i trær utan at vi eigentleg kan sjå vinden; slik vinden bles på oss så vi vert kalde eller varme, alt etter kva temperatur vinden har; slik bles anden på oss så vi skal merke at Gud har ein bodskap til oss.
Vinden stryk over kinnet ditt i dag og minner det om at Jesus vil deg noko. Han vil at du skal stå opp og leve det nye livet du fekk i dåpen. Han vil at du skal leve dette livet som ein borgar av Guds rike. Leve nær Gud som er din store skapar og Herre. Leve nær Kristus som vil frelse og berge deg og gje deg evig liv. Leve nær Anden som er din livgjevar og vegvisar her i ditt jordiske liv, og også når det evige ventar bak alt det ukjende når vi ikkje har att fleire levedagar her og no.

AMEN

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv