fredag 29. juli 2016

Verkeleg fri


11. s. i treeiningstida. III. 31.07.2016
Eidsvåg
Johs. 8, 31-36

Ein dag var Jesus klar til å ta fatt på det oppdraget han hadde ved å vere fødd inn i vår verd som Guds eigen son. Han var sendt for å frelse oss, sa engelen den aller første julenatt.
Jesus vart vaksen. Jesu gjorde seg klar til si oppgåve som frelsar for menneskeslekta ved å faste i 40 dagar og netter før han møtte djevelens freistingar i ein dramatisk nærkamp.
Etter det tok han fatt på oppgåvene sine, og han starta der han budde. I Nasaret.
Han gjekk ein sabbat inn i synagoga slik han vanlegvis gjorde. Men på denne sabbaten gjorde han for første gong klårt at han hadde ei heilt spesiell oppgåve.
Han gjorde det ved å lese frå skriftene. Frå GT. Han heldt deretter ei lita tale ut frå det han hadde lese.

Og kva las han? Han las frå profeten Jesaja: (Luk,4,1-19)
           Herrens Ande er over meg,
           for han har salva meg
           til å forkynna ein god bodskap for fattige.
           Han har sendt meg for å ropa ut
           at fangar skal få fridom
           og at blinde skal få sjå,
           for å setja undertrykte fri
           og ropa ut eit nådeår frå Herren
.
 

Og den korte talen han deretter heldt ,vart innleia med at «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på» (Luk.4,21) 

Seinare har denne talen vorte kalla Jesu programtale. Her står han for første gong offentleg fram og seier noko om kva som er hans oppgåve, Han som er sendt av Gud for å frelse verda:
- forkynna ein god bodskap for fattige. -ropa ut at fangar skal få fridom. - at blinde skal få sjå. - setja undertrykte fri. - ropa ut eit nådeår frå Herren.

Fridomslengten ligg nedfelt i alle menneske. I alle nasjonar. I alle folkeslag.
Fridomslengten har ein klart politisk overtone. Det er ikkje tilfeldig at frigjering i politisk forstand så mange gonger har vore knytt til teologisk tenking. Vi har endåtil ei teologisk retning som vi kallar frigjeringsteologi. Denne har i stor grad henta sin inspirasjon nettopp frå Jesu programtale i Luk 4. der Jesus talar om å setje undertrykte fri. Dette er ein omstridt teologisk retning. Ikkje minst innan den katolske kyrkja der den har hatt sterkt rotfeste etter at den vart så viktig i Sør-Amerika på 1960-talet. Katolske prestar der såg korleis dei rike i samfunnet utnytta dei fattige. Prestane ville stå på dei fattige si side, og forkynte at også Jesus var på lag med dei fattige. Som undertrykte menneske hadde dei trong for frelse – og denne teologien var langt på veg slik at dei tenkte at frelse var frigjering frå politisk undertrykking. Eksempelet var Israels utferd or Egypt. Gud greip inn overfor sitt folk og berga dei – frelste Israel frå sosial, politisk undertrykking og fangeskap.

Frigjeringsteologien spreidde seg til Sør-Afrika. Her vart den veldig viktig i kampen mot raseskiljepolitikken. I Polen var kyrkja ein avgjerande faktor då landet rista av seg det kommunistiske åket for nokre ti-år sidan. I USA har svarte og indianarar utvikla ein eigen form for frigjeringsteologi, og her hjå oss byggjer mykje av tankegangen bak nyare feministisk teologi på dette grunnlaget. Det har vi sett  - særleg frå 1970-åra og framover mot i dag. 

At det er mogeleg å sjå klare parallellar mellom kyrkjeleg engasjement for svake grupper i samfunnet – det vi ofte kallar diakoni – og politisk kamp mot undertrykking og urettferd, det er heilt tydeleg.
Samstundes er det også slik at mange er redde for at frigjeringsteologi i denne sterkt politiske varianten, skal vere ein skugge for noko som er endå viktigare enn politisk frigjering. Difor er ordet frigjeringsteologi eit omstritt ord i kyrkjeleg diskusjon. 

På denne søndagen er det difor rett om vi også spør om Jesus vil ha fram noko meir, i tillegg, når han han talar om fridom.

I vår preiketekst på denne søndagen, ser vi med ein gong at han knyter to veldig sentrale omgrep saman. Han snakkar om sanning og han snakkar om fridom – i same setning: - sanninga skal gjera dykk frie.

Slik talar Jesus. Den bundne vert frigjort ved å lære sanninga å kjenne. Sanninga om seg sjølv. Sanninga om livet eg har levd. Sanninga om livet som ligg og ventar. Sanninga om det evige livet. - sanninga skal gjera dykk frie.

Det er slett ikkje alltid at sanninga om oss sjølve er ei behageleg sanning.
Men likevel: Det som er endå verre enn å få seg fortalt sanninga, det er å ikkje vite.

Situasjonen må verte avklåra. "Det verste er ikkje å vite..." Slik fortel dei at det er, dei som verkeleg er sette på prøvar i livet. Ein uavklåra situasjon. Eit menneske som er forsvunne. Ingen veit kva som har hendt. Uvissa for dei pårørande er forferdeleg å leve med.

Eller ein er redd at ein går rundt med ein farleg sjukdom. Prøvar er tekne. Men resultata lar vente på seg. Uvissa i ventetida før ein får beskjeden, er kanhende den aller verste. Verre enn å få høyre ei vond sanning.  

Rundt oss er det køar av menneske som vil fortelje oss den sanne vegen å gå. Som set opp pilar som skal peike ut din og min livsveg. Som vil gje oss dårleg samvit fordi vi aldri heilt strekk til med vår måte å takle livet på. Mange lokkar med eit liv der vi er frie som fuglar. Ikkje minst i vår tid, den vi med eit fint ord kallar postmoderne, er det overflod av folk som ropar på at vi må frigjere oss frå alt. Frå gamalt levesett. Frå moralnormer og levereglar. Og ikkje minst frå kristne dogmer og læresetningar. Slikt bind opp livet ditt, vert det hevda med stor styrke og i overtalande ordelag. Og mange lyttar, og mange vert frustrerte.   

Men i dag er det ei røyst som hevar seg over alle andre. Ei røyst som gjer krav på å representere sanninga framfor alt anna. Mange ser på det som arroganse at den kristne forkynninga hevdar at Jesus røyst er i særklasse framfor alle dei andre røystene. Mange synest det er meiningslaust at berre vi som har vår heim i den kristne kyrkja skal ha funne den sanninga som folk gjennom alle tider og over heile verda har vore på leit etter.

Kanhende ville mykje kritikk ha tagna om dei heller hadde lytta til denne røysta. Om dei hadde late Jesus vise vegen gjennom livet. Vegen som han sjølv fortel oss vil føre oss like inn i Guds rike. 

Og når Jesus fortel sanninga om oss sjølve, så er det ingen lettvint lukke han teiknar opp for oss. Som ein lækjar som har den ubehagelege oppgåve det må vere å fortelje ein pasient at han el. ho har fått ein sjukdom til døden, slik forkynner Jesus det som er sant om mitt liv, og det som er sant om ditt liv. Og sanninga om oss er den same som for den blindfødde som vi les om i Johs. 9,34. (Eit kapittel lenger ute i vår Bibel enn det preiketeksten vår er henta frå)

Om den blindfødde står det skrive: " Du er fødd syndar tvers igjennom,”
Dette gjeld i like stor grad for deg og meg. Dette er også ein bit av sanninga for oss.
Men det er samstundes berre ein del av den sanninga som Jesus vil læra oss på denne søndagen.

For like sant som det er at du og eg og alle menneske er syndarar, like sant er det at Jesus har gått i døden for å sone syndene våre. Like sant som at vi vart fødde med synd, tvers igjennom, like sant er det at Jesus i dåpens bad reinsa oss for denne synda og gjorde oss til sine born.

Og like sikkert som at vi i dåpen vart gjort til Guds born; at Gud vart vår himmelske Far, like sikkert er det at vi fram gjennom livet på tallause måtar har gjort opprør mot han.
Difor er det eit kall og eit ynskje frå Jesus at vi skal lytte til det han seier om at vi kan bli frie. Frie frå synda sine vonde konsekvensar ved å ta til oss hans tilgjeving, oppreising og kraft til å leve ein nytt liv.

Heller ikkje det nye livet vil vere prikkfritt og fullkome. Men det kan vere eit liv i kamp for det Jesus sjølv ville ha med seg inn i den verda han kom til då han steig ut av Guds evige himmel og inn mellom syndige menneske.

Det skulle vere eit liv der Jesu ord og vilje alltid var forkynt med dette i sentrum:
- forkynna ein god bodskap for fattige. -ropa ut at fangar skal få fridom. - at blinde skal få sjå. - setja undertrykte fri. - ropa ut eit nådeår frå Herren.

Jesu vil heile tida fortelje oss sanninga om våre eigne liv, men framfor alt vil han vise oss at det nettopp med ditt og mitt levde liv som bakgrunn, er mogleg å finna ein veg som leier oss mot det eine og sanne målet: Gud rike. Den vegen er Jesus sjølv og hans frelse. På den vegen vil vi med Jesus som førebilete:  «- forkynna ein god bodskap for fattige. -ropa ut at fangar skal få fridom. - at blinde skal få sjå. - setja undertrykte fri. - ropa ut eit nådeår frå Herren.»

" Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar