fredag 10. februar 2017

- høyre Guds Ord og gjere etter det



Såmannssøndag I. 12.02.2017. Bibeldag
Åsane kirke. Økumenisk gudsteneste
Luk 8,4-15
Kirgisistan er eit av dei verkeleg fattige landa i verda. På offisielle lister frå FN over rike og fattige land, som vert toppa av rike Norge, Australia og Sveits[1], figurerer Kirgisistan litt under midten. Men bak seg har landet så å seie utelukkande afrikanske land, og nokre få asiatiske. Ingen land i Europa eller Amerika er i nærleiken av å ha så låg levestandard.
For 2 ½ år sidan var vi der. Ei gruppe på rundt 40 nordmenn, inviterte til å delta på Bibelmisjonstur av Det Norske Bibelselskap. Vi fekk møte nokre av dei få kyrkjefolka i dette landet som er sterkt muslimsk dominert, og som også ber med seg ein påtrengjande russisk arv etter 70 år med kommunistisk sovjetstyre. Vi hadde med oss biblar på deia eige språk. Vi delte dei ut til pastorar i pinsekyrkjer og metodistkyrkjer og til baptistar. Vi gav også frå oss Biblar til barneheimar og gamleheimar. Og til leiarar i den relativt store russisk ortodokse kyrkja.


Eg skulle ynskje at mange fleire frå Åsane kunne få oppleve å sjå gleda vi såg i augo til dei som fekk Biblane. Vi forstod at dette var eit handslag som var utruleg viktig. Fordi det er så vanskeleg for dei å skaffe seg denne grunnleggjande boka for alle som trur på Jesus. For alle som skal forkynne om Jesus. For dei som skal streve med å blåse liv i dei glørne av tru som så lett kan slokne når bålet ikkje får næring av ny ved og av vind som kan puste liv i elden.
For her lever dei kristne på sparebluss. Her får dei truande testa seg på ein måte som er utenkjeleg i vårt eige samfunn. Eg vil lenge hugse den ganske unge pinspastoren vi møtte. Han og kona hans tok mot oss i ei veldig enkel kyrkje, som mest minna om dei aller minste, enkle bedehusa vi hugsar frå bortgøymde bygder hjå oss for 60-70 år sidan. Plass til 30-40 menneske. Kona sat på fremste benk med det vesle barnet deira på fanget mens mannen fortalde litt historie. Også hans far hadde vore pinsepastor. Men no var dei mismodige. For samfunnet rundt dei trakasserte dei på alle måtar. Nokre dagar før vi kom, skulle dei gravleggje ein eldre mann som var ein av flokken deira. Det var utenkjeleg å finne plass til han på ein muslimsk gravplass. Dei prøvde seg på ein russisk-ortodoks gravplass. Den døde fekk kvile der ein dag. Så kom beskjeden: Grav han opp og flytt han utanfor vår kyrkjegard. Her høyrer han ikkje heime.
I Kirgisistan flyktar rett og slett mange av dei som vi vesten reknar som evangeliske kristne frå landet.  Dei flyktar stort sett til Russland, for der får dei meir velstand og lettare forhold for truslivet. Der slepp dei å bli ignorert eller trakassert for si kristne tru.
Dei som er att i landet treng vår støtte.
Og som kristne kan vi i det minste hjelpe dei til å lese seg til tru og trøyst og oppmuntring ved å gje dei Bibelen som er så avgjerande for både dei og oss for å kunne leve ut truslivet vårt. Ved å støtte Bibelselskapets innsamling til bibelspreiing i Sentral-Asia, inkludert Kirgisistan, er vi på ein enkel måte delaktig i det viktige såmannsarbeidet som også kjem i fokus gjennom dagens tekst som vi nett har lese frå Lukasevangeliet.
Og då reiser vi like godt heim igjen frå Kirgisistan og ser kva Jesus har på hjarte til oss som i dag fann vegen hit til kyrkje. Det stod å lese:
Mye folk strømmet nå til fra byene omkring. Da en stor mengde hadde samlet seg om ham, fortalte han en lignelse.
Då Jesus tok til å tale ser vi at meisteren kjenner tilhøyrarane sine. Det er som om han på same tid både åtvarar og inviterer. For før han forklarar likninga om såmannen ropar han ut ei merkeleg åtvaring: «Den som har ører å høre med, hør!»
Det handlar om meir enn å så. Det handlar om meir enn vanleg vokster. Det handlar om meir enn eit godt hjarte. Det handlar også om gode øyro. Om høyrsel. Om forstand. Om innsikt. Om å nærme seg Jesus på rett vis når ordet har nådd øyro våre.
Gjennom alle evangelia i NT ser vi korleis Jesus raust og villig sår ut Guds ord. Han forkynner lov og han forkynner evangelium. Han sår langs vegen, på steingrunn, mellom tornebuskar og kratt. Og noko av det han sår ut av sitt ord fell klårt og tydeleg i god jord. Men vi høyrer òg om menneske som tek orda hans til seg, men dei forstår ikkje kva konsekvensar det skal få. Det er som om vi får demonstrert steingrunnen; hjartejorda til dei som høyrer med glede, men ordet får aldri rotfeste.
Jesus er heile tida raus i det han formidlar til oss frå Gud. Men vi som høyrer; vi som har fått øyrer: Høyrer vi?
Legg merke til det som skjer!
Det var ei stor folkemengde som strøymde til Jesus. Men berre nokre av dei var tett innpå han. Berre nokre av dei var verkelege læresveinar.
Likninga vart ikkje forklåra for den store folkemengda. Det var mange som høyrde. Kanskje tenkte dei sitt om det dei høyrde. Kanskje tenkte dei at dette var underlege, kloke ord. Men då dei hadde fått sitt, då preika var over, rusla dei heim. Nokre var kanskje glade, men hjarta var ein steingrunn; ordet slo ikkje rot.
Men så står det om læresveinane: «Disiplene spurte ham hva denne lignelsen betydde
Altså: Då folkemengda hadde gått, var det nokre som var tilbake. Nokre som ville høyre meir, lære meir. Kome tettare inn på Jesus og forstå bodskapen hans. Det låg ein vilje til å la ordet frå Gud få trengje inn, feste seg, slå rot for ein gong å bere frukt. Læresveinane hadde øyro. Dei ville høyre, og det var dei som fekk høyre forklåringa av likninga. Heller ikkje læresveinane forstod fullt ut då Jesus første gong tala til dei. Men når folkemengda ikkje var der lenger, oppsøkte dei han, og slik tek han dei med eit steg vidare. No forklarar Jesus likninga.
No er det som om han ryddar unna kratt og tornebusker, slik at hjartejorda til læresveinane vert fin og laus og til å så i, slik at ein kan forvente frukt og innhausting.
No vert løyndomane i Guds rike openberra for dei som aktivt lyttar og oppsøkjer.
På denne søndagen handlar det om å ha den rette jorda i sitt hjarte. Det handlar om god jord som kan ta i mot ordet slik at det kan bere frukt. Men det handlar om meir enn eit godt hjarte. Det handlar om å ha opne øyro: «Den som har ører å høre med, hør!»
I dag vil eg utfordre deg som akkurat no lyttar. Eg vil utfordre deg til å gjere som læresveinane: Oppsøkje Jesus. Gå tettare inn på han. Aktivt prøve å lære meir av kva han vil deg. Kva han har å seie. Kva som eigentleg står i Ordet som han så rikeleg sår ut, også i det hjarta som bankar i ditt liv. Jesus fortalde ei likning. Likninga om såmannen. Mange høyrde. Men berre nokre få stogga att og samtalte vidare med Jesus og spurde etter kva dette skulle bety.
Det var dei som hadde tid saman med Jesus som fekk svaret.
Det handlar om god jord som Ordet kan vekse og gro i. Men det handlar også om å høyre; om å forstå og om å gjere når vi har forstått. For det er det vi gjer når vi har forstått kva Guds ord seier, som er den gode frukta.
Denne likninga står å lese i Luk. 8, 4-15. Nokre vers lenger ute i det same kapitlet hjå Luk står nokre bibelvers som vi ofte overser:  «Hans mor og hans brødre kom for å treffe ham; men de slapp ikke fram for folkemengden. Da sa noen til ham: «Din mor og dine brødre står utenfor og vil gjerne snakke med deg.» Men han svarte: «Min mor og mine søsken, det er de som hører Guds ord og gjør etter det.» (Luk 8, 19-21)
Kanskje kjem stagnasjon og manglande utvikling av kristenlivet i våre kyrkjelydar og forsamlingar av ein litt overflatisk og sporadisk omgang med Guds ord? Eller av at vi ikkje er frimodige nok til å søkje inn til det nære og tette fellesskapet saman med Jesus og hans kristne søsken?
Vi skulle våge å gjere som Jesu læresveinar gjorde: Stogge opp, gå tett inn på Jesus å spørje kva det betyr det som vert sagt. Jesus sjølv er ikkje her. Men kyrkjelyden er her. Fellesskapet er her. I lag kan vi finne svar. I lag har vi fått nokre mellom oss som er sette til å forkynne og undervise frå Guds ord. Presten er her. Andre med gåver til å forkynne Guds ord er her. Med gåver til å undervise og å lære. Lytt og lær!
For det andre: Vi skulle så gjerne hausta fullmogen grøde i kyrkjelydane våre! Då må vi våge å sjå etter korleis jorda der det skal vekse og spire og gro eigentleg ser ut.
Om eg skal våge meg på å fortelje det eg ser med mine augo, så må eg få lov å låne Jesu eigne ord frå dagens preiketekst når han skildrar vekstmiljøet for kornet som fall mellom tornebusker: «Det som falt blant tornebusker, er de som nok hører ordet, men på sin vei gjennom livet kveles de av bekymringer og rikdom og nytelser, så de ikke bærer fullmoden frukt:»
- kveles av bekymringer og rikdom og nytelser
Passar dette på oss som bur i Åsane og har vår gange i dei ulike forsamlingane som har funne i lag i dag?
Eg vågar å seie at det vi framfor alt skulle gjere med dette, er å rydde kratt og tornebusker.
Vi skulle så gjerne rydda bort alt som veks opp og tek kvelartak på tru, på det som vert sådd i hjarto til borna, dei unge og til alle vaksne. Stadig er vi her i Guds hus. Om att og om att får vi høyre Guds ord. Men den fullmogne grøda er ikkje spesielt stor. Har det med rikdomen vår å gjere? Nytelse? Bekymringar?
Vågar du å stille dette spørsmålet til deg sjølv? Vågar du å svare? Heilt ærleg?
Vi har høyrt om såmannen. Om såkornet. Om dei ulike typar jord. Vi veit om tornebusker og kratt og om den gode hjartejorda som ber frukt. Vi veit om trussøsken som strevar med fattigdom, forfølging, trakassering og mangel på Biblar.
Og vi veit at Jesus i dag vil at vi skal vere tett innpå han, som i ein familie, og då seier han også til oss:
«-mine søsken, det er de som hører Guds ord og gjør etter det.»
AMEN





[1] https://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_land_etter_HDI#Komplett_liste_over_land

1 kommentar:

Bloggarkiv