fredag 5. oktober 2018

Paradis?


20.s.i treeiningstida. II. 07.10.2018
Arna kyrkje
Mark.10.2-9

Han var åleine i Paradis, Adam. Åleine menneske. Åleine i det vakre paradis. I hagen med Livsens tre. Han bada i Livsens elv. Han fann skugge under treet med frukta Gud ikkje gav han lov å ete av. Men det var så rikeleg med anna han kunne ete, så Adam var ikkje svolten. Og det var så vakkert i Edens hage. Frodige plantar. Grøne, eller med fargerike blomster. God temperatur. Og så alle dei trivelege dyra. Adam syntes særleg dei små med krølla ull var artige. Dei hoppa og spratt og var leikne. Kva skulle han kalle dei? Han måtte gje dei eit namn. Lam ville han kalle dei. Men det var så mange andre dyr også. Og det vart travelt for Adam, for Gud hadde sagt til han at han skulle gje kvart einaste dyr eit namn. Han hadde kalla dei for mykje rart. Giraff og krokodille. Katt og hund. Nashornet såg rart ut og apekatten likna litt på han sjølv. Men lamma var veldig trivelege.  Han likte også hunden. Men Adam hadde sett at det var eit dyr som var litt annleis enn dei andre hundane, men dei likna på kvarandre. Og denne svære hunden leika så fint med lammet. Lam og ulv i lag. Det var namn som passa på leikekameratar. Ulv - det var den store hunden.

Adam såg nøye på kvart dyr i hagen. Alle fekk namn, og etter kvart kjende han at han var trøytt. Men han hadde også ei kjensle av at ingen av desse dyra var det han hadde lyst å vere i lag med heile tida. Elefanten var så stor. Frosken var så liten. Dei passa liksom ikkje heilt til han.
Eg vil sove, tenkte Adam – og han sovna. Ein djup og tung søvn kom over han. Til slutt vakna han.
Hadde han lege feil? For han var så øm i eine sida då han vakna.

Han såg seg rundt. Lammet leika med ulven like bortanfor. Fuglane song i livsens tre. Då høyrde han Guds stemme bak seg: Sjå her, Adam!
Han snudde seg. Hjarta hans hoppa og slo fortare. Noko så flott! Dette var ikkje som dyra Gud hadde bede han finne namn på. Dette var noko anna. Gud stod der med ein skapning som likna han sjølv. Men ikkje heilt lik. Eit menneske. Så vakker å sjå på. Slike vakre linjer i kroppen. Eit ansikt som skein. Augo som blenkte. Gud heldt skapningen i handa. Gud kom med skapningen til Adam. Ho er teken av deg, Adam, sa Gud. Medan du sov tok eg eit av dine sidebein og bygde dette mennesket. Ei kvinne. Eg har skapt ei hjelp til deg, av deg. Ei som svarar til deg. Til kroppen din. De skal høyre i hop. Du og Eva. De skal vere eitt. Gud tok nokre steg nærare. Han leidde henne heilt bort til Adam. Adam kjende straks at dette var skapningen han ville vere i lag med. Leve tett i lag med.

Kanskje var det slik det var i Paradis? I alle fall var det omtrent dette vi høyrde lese tidlegare i gudstenesta frå Bibelen. Vi las om skapinga, om korleis Adam vart skapt av Gud, om korleis dyra vart skapte for å vere ei hjelp for mannen, men dyra var ikkje den hjelp mannen trong. Difor skapte Gud også kvinna. Og Gud sa at dei to skulle høyre saman. Vere ein kropp. Vi forstår at det er det første ekteskapet vi har lese om.

Men vi må stige vi ut or Paradis, og inn i Arna kyrkje. Vi har samla oss her på denne eine søndagen som dukkar opp kvart tredje år, og då er alt fokus sett på tekstar i Bibelen som handlar nettopp om ekteskapet. Og om skilsmisse. Om familie. Om det fine ved å høyre til i ein familie. Og om det som kan vere så veldig vanskeleg i ein familie. Dette som er så utfordrande i vår tid. Men så les vi ikkje lenge i Bibelen før vi anar at vår tid, med alle sine oppløyste og knuste familiar, ikkje er noko anna enn eit speilbilete av det vi kjenner heilt tilbake frå opphavet.

Folk var opptekne av dette også i Bibelsk tid. I gamaltestamentleg tid. Vi høyrer at sjølvaste Moses tok stilling til skilsmisse. Det kan vi lese meir om i 5.Mos kap. 24.

På Jesu tid var det sjølvsagt også eit tema, og difor vert vi ikkje forundra over at farisearane tok opp akkurat spørsmålet om skilsmisse når dei ville setje Jesus på prøve. Så dei spurde Jesus beint ut: ”Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?”

Er det lov? Farisearane var opptekne av kva som var lov. Av jusen.
Mange er framleis opptekne av jus. Og er det nokon gong at jus er nødvendig så er det når skilsmisse faktisk vert ein realitet. Då treng vi loven som kan regulere dette slik at to som går frå kvarandre, ikkje sjeldan i fortviling, opprør og sinne, har gjennomtenkte reglar og lover som peikar på ein veg vidare etter eit slikt oppbrot. For elles kan det lett vere ein svak part i forholdet som står att og må bere eit urimeleg tap midt oppe i det som veldig ofte berre er eit stort nederlag for alle involverte.

Er det lov? Det var farisearane sitt spørsmål. I dag treng ingen i vårt land spørje om skilsmisse er lov. Loven er klar. Det er ikkje eit brotsverk å skilje seg.

Men så må vi gå litt vidare. For det var faktisk Jesus som fekk spørsmålet. Og då må vi her i kyrkja spørje på vegne av oss som vil tru på Jesus sine ord, oss som vil leve i samsvar med hans vilje for våre liv; - er skilsmisse ein utveg for dei som vil leve som kristne?

Lat oss gå ein tur inn att i hagen. Tilbake til Paradis. Adam og Eva har det godt i lag. Dei første menneska lever i harmoni med kvarandre og med resten av skapinga. Dyra er til hjelp og til glede for dei. Framleis kan dei to første menneska smile av lammet og ulven som bur i lag og over kalven og ungløva som beitar saman. Men mellom buskene smyg det seg eit merkeleg dyr som enno ikkje har fått namn.
- Kva er det for noko, seier Adam til Eva. - Kva skal vi kalle det rare dyret utan føter for? – Vi kallar han for slange, svarer Eva.

Om kvelden same dagen, sit Eva under det store treet midt i hagen. Frukta bognar og ser nydeleg ut. Dyret dei nett har gjeve namn smyg seg mot henne. Slangen kan snakke: - Har Gud verkeleg sagt…? (1.Mos.3,1)
Slik er innleiinga til at Paradisets idyll vert brote.

Og slik har idyllar vorte omskapte til ruinar  i mange ekteskap og i mange familiar. Noko er heilt sundt. Mellom menneska. Og mellom Gud og menneska. Det finst så mange slangar i våre paradis. Så mange som vil bryte sund og øydeleggje det som Gud ville; det som Gud skapte så godt. Bibelen kallar alt dette for synd. Og i det som er vårt tekstord i dag omtalar Jesus synda med orda om at ”hjarta dykkar er så harde”.
Vi høyrer ingen ting om at hjarta til Adam eller Eva kom ut av takt slik at det vart konflikt på randa til skilsmisse mellom dei to. Men vi anar likevel at alt ikkje er som det skal vere når Adam ganske snart tek til å anklage Eva når han seier til Gud: ”Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.” (1.Mos.3,12)

Vi les at dei to faktisk også la seg ned som ein kropp. Dei vart foreldre. Fleire gonger. Foreldre til born med harde hjarto. Så harde hjarto at bror drap bror. Allereie i den første familien. Syndige born. Harde hjarto. I ætt etter ætt.

Jesus gjekk rundt og underviste. Han er i landet bortanfor Jordan, og han underviser om Guds vilje for folk med harde hjarto. Guds vilje er god. Gud vilje kan vi ane ved å lese om idyllen i paradis. Jesus vil ikkje setje strek over Guds gode vilje ved å opne dører på vid vegg for det som ikkje er slik Gud ville. Gud gav dei to til kvarandre for at dei skulle vere eitt. Det opphevar aldri Jesus.
Men Jesus ser det harde hjarta. Jesus er fullt klar over konsekvensane av vondskapen i verda, av slangen som med si syndige gift har øydelagt og ruinert.

Jesus løfter det gode opp. Ekteskapet er godt. Det er rett. Det er i samsvar med Guds vilje.
Men Jesus veit om alle som møtte slangen på ein eller annan måte. Som opplevde at dette fekk vi ikkje til.
Kanskje åt vi av frukta vi ikkje skulle ete av, den som var på eit tre i ein annan hage enn der eg skulle vere. Konsekvensane har vore svært smertefulle for mange.

På denne søndagen handlar det ikkje om å gjere livet tyngre for den eller dei som av ein eller annan grunn gjekk på nederlag i samlivet.
På denne søndagen handlar det langt meir om å vise kva som er Guds gode vilje for mannen og kvinna.
Gud vil eit ekteskap med glede, med truskap og med vilje til å halde i hop i gode og vonde dagar, som vi uttrykkjer det i kyrkja sitt vigselsrituale.

Så er det slik at vi alle, både dei som opplever lukke gjennom eit livslangt samliv, og dei som må tole smerten av ei skilsmisse, lever våre liv med eit hjarte inne i oss som er hardt. Som er smitta av synda. For det var ikkje berre Kain og Abel som var borna av Adam og Eva. Vi er alle søner og døtre av dei. Vi er alle ein del av syndefallet. Og det gjeld sjølvsagt også dei som lever som einslege, utan å vere bundne opp i ekteskap. Også det omtalar Bibelen andre stader som eit reelt og godt alternativ for mange.

Difor er det så stort og så viktig at vi alle har fått sjansen til å få nye liv og nye, reinsa hjarto gjennom det vi fekk del i då vi vart døypte til eit liv i lyset av Jesu nåde.

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv