fredag 14. august 2020

Bøn frå "Din lilla kyckling"

 

11. søndag i treeiningstida I. 16.08.20
Salhus kirke
Matt 23, 37-39

Jesus er lei seg. Han er fortvila.
Slik ein mor eller ein far kan vere lei seg eller fortvila når barnet ikkje vil gjere som det får beskjed om. Når guten trassar. Når jenta skrik i protest. Når tenåringen smeller med døra. Når ungdomsrommet er låst for foreldre som så gjerne vil snakke.

Det er ikkje alltid det er den yngste generasjonen som er det største problemet i slike situasjonar. Men ofte er det i alle fall slik at foreldre ynskjer å nå inn med det aller beste for borna sine. Difor vil dei snakke, formane, megle, finne nye vegar der eit eller anna har låst seg fast.

Ei mor som har det slik, kan av og til verte kalla ei hønemor. Då vert ho gjerne sett på som i overkant ivrig etter å beskytte, vakte og passe på borna sine.
Av ein eller annan grunn kjenner vi ikkje til omgrepet hanefar!

Vi har lese ord frå evangeliet i dag som nesten er oppsiktsvekkjande.
Det når Jesus samanliknar seg sjølv med ei hønemor.
Til dei trassige borna av Israelsfolket som bur i Jerusalem bryt han ut:
«Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane sine under vengene sine. Men de ville ikkje.»

Dette biletet av Jesus som ei hønemor er eit nydeleg bilete.
Mange teologar, særleg dei som er opne for det vi gjerne kallar feministteologien, finn i dette eit uttrykk for at Jesus rommar i seg meir enn den maskuline framstillinga av guddommen som vi må innrømme pregar mange bibelske tekstane.

Kjønnsaspektet synest eg personleg ikkje er det vesentlege. Derimot omsorga hans.
Omsorg er ikkje noko som er meir typisk for det eine eller det andre kjønn.
Likevel må det seiast at det som truleg må tilskrivast ein eller annan mann, ein svenske, rett og slett er lite kjekt å vite om.
Vi skal snart syngje Lina Sandells vakre kveldssalme: «Bred dina vida vingar»
I sitt første utkast på svensk brukte Lina Sandell desse orda:
«Bred dina vida vingar, / o Jesu, över mig / och låt din lilla kyckling / få gömma sig i dig.»

Desse gamle, svenske salmeorda skulle aldri blitt redigert om. Anten ho har gjort det sjølv, eller vart utsett for press til å gjere det. For her får ho verkeleg fram omsorgsperspektivet som Jesus på så strålande måte gjev oss eit møte med på denne sommardagen.
Hans kjærleik som viser seg i at han sjølv samanliknar seg med hønemora som breier vengene sine over dei små kyllingane.
Det store problemet med desse kyllingane, borna hans, var dette: «Men de ville ikkje.»

Eg har ei aning om at det sit fleire hønemødre i kyrkjebenkane nett no. Nokre av dykk bar nettopp desse to borna fram til døypefonten og la dei over i Guds hender. I Jesu hender.
Hjarta til hønemor var varmt av kjærleik. To stolte hanefedre var med i glede over den vesle kyllingen de er sette til å vakte, verne og å gje ei trygg framtid.

Ein gong for lenge sidan vart vi kvar for oss lagde inn under Jesu trygge venger då dåpsvatnet rann over hovuda våre.

Korleis har det gått med oss alle, seinare i livet?
Til folket i Jerusalem måtte han skuffa bryte ut: «Men de ville ikkje»
Difor var han lei seg. Difor var han fortvila. Over sine eigne. Sitt eige folk.

I dag skal vi alle tenkje godt etter: Er kvar av oss å samanlikne med guten som trassar? Eller med jenta som skrik i protest? Er vi som tenåringar som smeller med døra? Som låser for døra inn til livet der han vil møte oss, han som så gjerne ha alle sine i tale?
For alle vi som ein gong vart døypte, vi vart døypte for å «tilhøyre den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus og tru på han»

Vi må våge å vere villige til å være ærlege mot oss sjølve.
Men det som er enno viktigare akkurat no, er å våge å vere opne.  Opne for å lytte etter bankinga på døra inn til ditt livsrom. Det står ein utanfor som så gjerne vil ha deg i tale. Ikkje for å vere innpåsliten. Men det er som med hønemora.

Dei gamle svenske orda er nettopp, gamle. Men dei har eit innhald som vi kunne våge oss på bere fram som ei stille bøn, kvar og ein av oss:
«Bred dina vida vingar, / o Jesu, över mig / och låt din lilla kyckling / få gömma sig i dig.»

Dette er ikkje akkurat orda vi ville valt i ein samtale over ein øl på ein brun pub.
Dette er ikkje orda vi tar fram på topptur med dei spreke turkameratane.

Men stille, inne i oss, som anerkjennande kviskring til han som er vår bror, han som er vår frelsar, han som har gjeve livet sitt for oss alle, kan vi våge å tenkje desse orda fullt ut – la dei forme seg som ei stille bøn som kan fullføre ein lengt som vi ikkje alltid har ord for:
«Bred dina vida vingar, / o Jesu, över mig / och låt din lilla kyckling / få gömma sig i dig.»

I møte med dei som bygde og budde i Jerusalem var Jesus lei seg. Han var fortvila.

På denne søndagen møter Jesus dei som byggjer og bur her i Salhus.
Han presenterer seg. Eller i det minste, han samanliknar seg med, Hønemor.
Neppe det namnet du ville valt på Jesus.

Men uansett namn – vi kan fylle han med glede i dag.
Glede, lik den dåpsfamiliane kjenner over sine nyfødde, små.
Han bli glad når vi kryp under hans omsorgsfulle venger. Når vi låser opp døra. Når vi sluttar med protest og skrik, lik det eit trassig barn kan finne på innimellom.

I staden opnar vi oss med ei stille bøn. Bruk gjerne gamle orda. Dei kan fornye livet ditt:
«Bred dina vida vingar, / o Jesu, över mig / och låt din lilla kyckling / få gömma sig i dig.»

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv