4. s. i fastetida. II - 14. mars 2021
Hamre kyrkje
2. Kor.5, 18-21
Kjære kyrkjelyd, eller kanskje eg skal
seie – Kjære kyrkjelydar. I alle fall: Kjære ostringar.
Eg dreg på åra, og det er på høg tid å bli pensjonist. Formelt skjer det
1.juni, og innan den dagen håpar eg å nå kyrkjelydane i prostiet med ei siste
gudsteneste, og slik takke for meg. I dag er eg her på Osterøy, og gler meg
over fellesskapet med dykk.
Eg hadde kanskje sett for meg at det å gå
laus på «sisterunden» skulle verke litt meir på kjenslene mine. Men eg synest
dette er heilt greitt. Slik skal det vere. Slik må det vere. Og eg har visst i
over 41 år, sidan eg starta som prest, at det skulle vere over ein dag. Det har
ikkje vore tid til å tenkje mykje på det gjennom alle desse åra, men tankane
har lagt der inne i meg ein stad og vogga forsiktig på seg innimellom. Ei god
visse om det vil kome nærare og nærare, det å slutte.
Eg har rett og slett for lenge sidan forsona meg med tanken. Og eg kjenner at
det gjer det greitt å gå pensjonisttida i møte, med takk, og med forventning
til at kanskje gøymer det seg enno meir spanande liv der framme ein stad. Det
veit berre Gud!
Eg har forsona meg med tanken på å bli
pensjonist, sa eg.
Og då brukte eg sjølve nøkkelordet i det
som er preiketeksten i kyrkjene våre i dag, landet over.
Ordet er forsoning. Eit anna ord vi har
lese er forsoningstenesta.
Desse orda gjev meg eit høve til å setje fokus på eit veldig viktig teologisk
omgrep som eg knapt kan hugse å ha teke med meg opp på ein preikestol
tidlegare.
Vi må snakke om forsoninga i dag!
Eg har forsona meg med å snart bli
pensjonist, innleia eg med å seie.
Når vi brukar ordet slik, då vil eg tru at dei fleste av oss oppfattar at det
betyr noko slikt som å avfinne seg med, eller å innsjå at slik må det vere; å
slå seg til ro med det som måtte kome, anten det handlar om noko godt eller
noko vondt som livet byr fram.
Det er på ein måte slik at eg og livet inngår eit forlik – slik skal det vere
heretter!
Men når ein opnar den store nynorske
ordboka, ser ein snart at dette ordet, forsone, det er eit religiøst ord. Eit
teologisk omgrep. Orda Kristus og Gud dukkar opp i ordboka omtrent med det same
når dette skal forklarast. Og så står det noko om at å forsone også betyr å
mildne eller å forlike. Vi kjenner for eksempel uttrykket «Å halde eit
forsonande innlegg».
Kven er det som må forsonast?
Det er Gud og eg. Det er du og Gud. Menneske, alle som ein, må bli forsona med
Gud.
«Alt er av Gud, han som ved Kristus
forsona oss med seg…»
Orda som Paulus i si tid skreiv til kyrkjelyden i Korint i det andre brevet hans
til dei kristne i denne greske storbyen, dei orda er ikkje spesielt enkle å
begripe for oss som les dette i dag.
Men om vi greier å trengje inn i dei, om
vi kan få eit glimt inn i løyndomane som gøymer seg i desse innhaldsmetta
setningane vi får servert på denne gudstenesta, så er det verkeleg ein skatt vi
kan ta med oss heim att frå Hamre kyrkje denne søndagen.
«Det var Gud som i Kristus forsona
verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»
Lat oss prøve å forstå kva vi les og høyrer.
Gud forsona verda med seg.
Ein annan måte å seie det på, er at Gud
gjorde opp med eit fiendskap. Han bygde ei bru over ein avgrunn. Ei forsonande
bru som du og eg kan gå over. Vi kan gå over frå eit liv i nederlag, synd og
opprør mot Gud, til eit liv tufta på Guds tilgjeving, hans kjærleik, og håpet dette fører med seg.
Det er diverre alt for lenge mellom kvar
gong vi prestar set ord på det som er det store alvoret med å vere menneske:
Nemleg at vi har rota oss bort i alle følgjene av det vi omtalar som synd,
f.eks nå vi kvar søndag seier fram syndsvedkjenninga.
Vi kallar oss for syndarar. Det kostar kanskje ikkje så mykje, så lenge vi
aldri verkeleg stoggar opp og tek innover konsekvensen av synda – nemleg døden,
og i verste fall, døden som blir eit evig skilje mellom meg og Gud.
Slik blir det, om vi ikkje vil la oss
forsone med Gud.
Men altså, i dag kan vi gle oss over desse orda: «Det var Gud som i Kristus
forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»
Det har, heilt frå syndefallet, vore eit
fiendskap mellom Gud og syndige menneske. Gud og synd passar ikkje saman. Synd
er årsak til eit fiendskap som må ryddast bort for at livet skal bli heilt
igjen.
Når vi har gjort urett mot våre
medmenneske, urett som kan skape uvennskap, eller endå verre, hat og fiendskap,
så kan vi i møte med dei vi gjorde urett, be om orsaking for eit vondt og
uvennleg ord. Vi kan betale ei skuld vi har sett oss i. Vi kan reparere på det
som har gått sundt eller har falle saman i vårt forhold. Men alltid i møte med
eit medmenneske må vi gå til den verkelege rota for å rette opp det vi må
forsonast om når det har oppstått fiendskap.
I forholdet mellom Gud og meg – mellom Gud
og deg, har Gud teke initiativet. Han vil at vi skal bli forsona med han som
våre liv står i motsetnad til fordi vi lever i synd, og med synd, i alt det vi
er som menneske.
Han har bygd ei bru over ein avgrunn som
skil meg og Gud. Brua er ein kross. Der let Gud son sin lida døden i staden for
at eg skulle døy som ei følgje av syndene mine.
«Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei
misgjerningane deira.»
Moderne menneske har vanskeleg for å fatte
alvoret i det å vere syndar. Vi er rett og slett ikkje uroa over å vere
syndarar. Vi trur at alt er bra med oss,
så lenge vi gjer så godt vi kan. Vi lar oss forføre av polerte, fargerike
reklamesnuttar som fortel at vi kan vere smilande og lukkelege «-fordi vi har
fortent det»
Bibelen er nok meir tung på labben enn ein
middelmådig såpereklame.
Vi ser at det er menneske som reagerer på
framstillinga av Gud. Folk som opplever Gud som ein tyrann som let son sin døy
på bestialsk vis. Folk som rett og slett ikkje vil tru at ein slik Gud faktisk
finst. «Det er ikkje min Gud» vert det sagt, og så prøver dei å skape seg ein
gud, konstruert etter eigne tankar og forstillingar.
Som prest har eg fått ei oppgåve som eg
gjennom meir enn 40 år har gjort det eg kunne for å fullføre. Eg har prøvd å ta
på alvor det Bibelen vitnar om Gud, og om sonen Jesus Kristus. Der er mi tru
grunnfesta, og eg er veldig takksam for at eg skulle få denne sjansen her på
Osterøy til å løfte fram det som står i denne korte bibelteksten for i dag:
«Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom
oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! Han som ikkje visste av
synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i
han.»
AMEN
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar