2.s.i
påsketida. II - 07.april 2024
Arna kyrkje
Johs. 21, 15-19
Påska var over for
læresveinane til Jesus. Dei hadde opplevd utruleg mykje på kort tid. Jesu
inntog i Jerusalem på ein eselfole. Det merkelege nattverdsmåltidet. Den
dramatiske natta då Jesus vart sviken av ein av sine næraste. Judas som tok
sitt eige liv. Så kom Peters fornekting; ei parodisk rettssak og eit mareritt
av ei avretting. Gravferda. Og toppen av det heile: Ei tom grav, og Jesus som
hadde vist seg levande for læresveinane.
Det kunne gå rundt for nokon kvar etter så overveldande mykje dramatikk på så
kort tid. Kva skulle dei eigentleg tru? Var Jesus verkeleg levande, eller var
det spøkelse dei opplevde?
Men etter kvart
vart disiplane meir og meir sikre på at Jesus verkeleg levde. For han viste seg
for dei fleire gonger etter kvarandre.
I dette kapittelet i
Johannesevangeliet, kap. 21, kan vi framfor preiketeksten vi nett las, høyre om
korleis Jesus openberra seg for læresveinane ved Tiberiassjøen. Der står det om
korleis dei 11 venene til Jesus ville vende tilbake til sine gamle liv; fleire
av dei var i utgangspunktet fiskarar. Men ingen av dei fekk ein einaste fisk då
dei denne dagen kasta garna. Ikkje før Jesus dukka opp på stranda. Han ba dei
om å kaste nota på høgre sida av båten. Då fekk dei fangst. Stor fangst.
Og fangsten vart til eit måltid av brød og fisk der på stranda.
Preiketeksten i dag,
handlar om det som deretter hende då dei hadde ete fisken og brødet som vart
gjort i stand på stranda ved Tiberiassjøen.
«Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter»
Det var orda vår tekst vart innleia med.
Men før vi går inn på
det som no hender, må vi minnast det som hadde hendt med Peter. Det må vi heile
tida ha i tankane i det vi i dag høyrer i dette grensesprengjande møtet mellom
Jesus og Peter etter oppstoda.
Kva er det som skjer
når den krossfesta og oppstadne Jesus slepp til mellom læresveinane sine?
Jau, då tek Jesus oss
først med gjennom svik og nederlag.
Peter vart minna om
sitt trefaldige svik då han tre gonger nekta på at han kjende Jesus.
Påminninga hende då Peter steig i land etter å ha gjort som den oppstadne Jesus
sa; han hadde kasta nota på høgre sida av båten. Det hende på Jesu ord og
befaling at det vart fangst! Stor fangst.
Men i bakgrunnen var
det noko som enno ikkje var oppgjort mellom Peter og Jesus.
Når vi hugsar tilbake til det som hende skjærtorsdag kveld, etter
nattverdmåltidet, så var Peter på gardsplassen ved øvsteprestens hus. Der
varma han seg ved eit bål. I lyset frå bålet, er det at Peter tre gonger nekta
for at han kjenner Jesus. Han nekta heilt til hanen gjel, og Peter forstår for
ein svikar han er. Då gret Peter sårt.
No er det nokre dagar
seinare. Peter stig i land frå båten, og det første han ser, er eit nytt bål,
ein koleld. Og det er som om vi ser fortvilinga som speglar seg i
Peters auge som glødar i glansen frå bålet. Bålet som er symbolet på svik.
No står Peters synd
klart og tydeleg for læresveinen.
For sanneleg står ikkje den oppstadne der ved bålet og ber om fisk. Om mat.
Brødet har Jesus med seg. Det blir stelt i stand endå eit måltid ved bålet på
stranda.
Peters svik gløder i
glørne frå bålet.
Men Jesu tilgjeving vert forkynt, stille gjennom måltidet.
Slik er det å møte den levande Jesus. Sviket og nederlaget vert ikkje gøymd
bort.
Det vert ikkje feia under eit teppe. Sviket vert løfta fram og sett inn i
lyset.
Men endå meir vert nåden henta fram. Tilgjevinga og oppreisinga.
Nåden som vert eten som maten i måltidet. Nattverdens måltid. Brødet vert
brote.
Ta og et! Til minne om meg, seier Jesus. Så syndene vert tilgjevne!
Difor vart det eit
måltid der på stranda. Eit tilgjevingsmåltid, slik vi snart no skal samle oss
om nattverden her i denne gudstenesta.
Og kva et slikt
tilgjevingsmåltid kan føre til, det ser vi når vi les vidare om det som hende
med Peter etter måltidet. Då tar Jesus Peter til side og stiller han dette
inngåande spørsmålet:
«Simon, son til
Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre, svara han, «du veit at eg
har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!»
Peter har allereie
blitt minna sitt eige svik. I lyset frå bålet på stranda vart han klar over kva
han hadde gjort. Peter har allereie teke mot Jesu tilgjeving. Gjennom måltidet
dei nettopp hadde ete. Men endå står det noko igjen mellom Peter og Jesus.
Elskar du meg, Peter?
Eit
nærgåande og intenst spørsmål.
Ikkje berre ein gong
vert Peter spurd. Men tre gonger må han svare Jesus på dette:
«Simon, son til
Johannes, elskar du meg meir enn desse?»
«Simon,
son til Johannes, elskar du meg?»
«Simon, son til Johannes har du meg kjær?»
Slik Peter hadde
fornekta Jesus tre gonger i lyset frå bålet om kvelden skjærtorsdag, slik må
han no, ved bålet på stranda ved Tiberiassjøen, tre gonger slå fast sin nærast
hjelpelause kjærleik til sin Herre og meister.
Sviket han hadde
gjort, stod nok heilt klårt for Peter.
Men Jesus hadde møtt han med tilgjeving og ved å innlemme han i fellesskapet
gjennom måltidet på stranda.
Så kjem den store prøven. Mange omtalar det som Peters konfirmasjon.
Læresveinen si stadfesting på at han elska og at han trudde.
Kvifor? Er det for å
audmjuka Peter at Jesus spør på denne måten?
Nei, det er for å gjere det tindrande klårt at Jesus har bruk for Peter i si
teneste.
Jesus treng den
svikefulle Peter til veldige oppgåver i si kyrkje
«Fø lamma mine!»
«Gjet sauene mine!»
«Fø sauene mine!»
Slik blir Peters
konfirmasjon også til Peters ordinasjon. Han vert sett til hyrde for den
flokken som trur på Jesus. Det er derfor ikkje utan grunn at den katolske
kyrkja reknar Peter som den første pave, den første biskop.
Men kva med deg og
meg?
Jau, også for oss skal det lyde eit spørsmål som vi skal svare på i vårt indre.
Jesus spør: Elskar du meg?
Eg håpar at du kan
svare med dei same orda som kom frå Peters munn:
"Herre, du veit alt; du veit at eg har deg kjær!"
Då skal du også vite:
Jesus har bruk for deg i si kyrkje.
Kanskje har du også svikta Jesus? Ikkje akkurat slik Peter gjorde, men på eit
vis du sjølv kjenner som ein smerte inne i deg.
Likevel: Han tek deg inn att i sitt fellesskap. Du er her i kyrkja. I samfunnet
av tilgjevne syndarar og svikarar. Du får del i tilgjevinga. Du får del i
måltidet. Og du får del i oppreisninga ved at du vert kalla til å være tenar
for Herren Jesus Kristus i det livet du lever her på jorda.
Denne søndagen rett
etter påske går altså kallet ut til oss alle om å være Kristi etterfølgjarar,
slike som lyttar til røysta frå hyrdingen; til Jesu røyst; slike som følgjer
han dit han går, og som let seg vakte av han som ofrar livet for oss alle.
Elskar du meg? Slik lyder spørsmålet
frå han som elska. Slik spør han som elska slik at han gjekk gjennom ei påske
der han vart sviken og forrådt, uskuldig dømd, torturert, drepen og gravlagd.
Men han stod også opp att.
Og som ein levande Herre som har sigra over døden, møter han oss i dag. Slik
han møtte Peter. Den svikefulle og angrande. Han møter oss med kjærleik, og med
oppgåver og med tenester som han treng oss til.
Og så spør han oss om vi elskar ham. Slik at vi følgjer han. Følger han som
sauer føl i lag med ein trufast og god gjetar.
Med påskebodskapen om
den levande og oppstadne som framleis kling i øyro og dirrar i hjarto våre, vil
vi i dag gå ut frå Arna kyrkje med dette svaret på våre lepper: Herre.
Du veit alt. Du veit at eg har deg kjær. AMEN
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar