Søndag før pinse III, 01.06.2025
Johs 16, 12-15
Modalen kyrkje
(Omarbeida preike frå 2019)
Søndag før pinse, kallar vi denne dagen. Ein slags adventsøndag før pinse, eller som ein fastesøndag før påske.
Ein søndag der vi har høgtida i sikte,
men vi er ikkje der heilt enno. Ei veke igjen.
Kva ventar oss i pinsa?
Mange er uvisse på det. Det skal ikkje delast ut gåver som på julaftan. Det er
ikkje særleg spaning og forventning hjå borna våre framfor pinsedagen om ei
veke.
Det er heller ikkje jubel og livsglede som påskedagen. Men likevel – det ligg
noko i lufta!
Vi har lese nokre av dei aller siste orda
Jesus tala til læresveinane sine før påskedramaet i Jerusalem rulla opp.
«Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no.» Slik vart
preiketeksten innleia med orda av Jesus, talt til læresveinane.
Det var ikkje lett å forstå alt Jesus har
på hjarte. Og at det var vanskeleg, på førehand, at læresveinane skulle begripe
dei veldige påskehendingane som snart skulle rullast opp, det er nokså
innlysande.
Men i det vi nett har lese, ser vi at
Jesus opnar ei dør på gløtt inn til noko som er aldeles ukjend for dei tolv.
Orda om Sanningsanden. Orda om denne merkelege personen, eller kanskje noko
heilt anna, noko guddommeleg utan den jordiske kroppen som Jesus gjekk rundt
med.
«Når han kjem, Sanningsanden, skal han
leie dykk fram til heile sanninga. … han skal herleggjera meg.»
Kva betyr dette?
Kva meiner Jesus?
Kven er denne Sanningsanden som han lova til læresveinane?
Kven er Den heilage ande som vi ventar på fram mot pinsehøgtida?
For å prøve å
finne eit svar, vil eg gå ein dryg omveg i lag med dykk modølar i dag. Ta mange
steg tilbake i tid, og bla mange sider tilbake i Bibelen. Til ein tekst vi har
lese i lag allereie, frå 1. Kong 19, 3-13. Der høyrde vi om profeten Elia.
Profeten Elia er
ein av dei mest forunderlege personane vi møter i GT. Elia er for eksempel
mannen vi kan lese om som vart henta direkte opp til himmelen i ei vogn av eld (2.Kong
2.11)
Det
er ein mann vi merkeleg nok også møter i NT. Der kan vi lese om korleis han
stod fram den gongen Jesus tok med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt
fjell, og desse tre læresveinane fekk sjå Jesu guddom. Jesus vert forklåra for
augo deira, står det. Ved det høvet dukka det brått opp to figurar vi elles
berre kjenner i frå GT. Det var Moses, og det var Elia. Og vi les at Peter
ville byggje hytter til desse tre, Jesus, Moses og Elia.
Her og no kan vi ikkje
gå veldig djupt inn i alt som skal ha hendt med denne profeten frå GT.
Vi flyttar oss likevel tilbake i tid frå det som hende på fjellet med Jesus,
Moses og Elia; det handlar om nesten 900 år, til den tida då kong Ahab regjerte
i Israel. Det var i ein periode på 22 år mellom år 871 og år 852 f.Kr. Denne
kongen vert i GT framstilt som ein ugudeleg konge. Han «-gjorde det som vondt var i Herrens auge» (1.Kong 16,30). Saman
med dronninga, Jesabel, opna denne kongen for å dyrke heilt andre gudar enn
Israels Gud. Det dreia seg om tilbeding av Baal-gudane. Det står så sterkt om
kong Ahab at «han heldt fram med å gjera
HERREN,
Israels Gud,
rasande» (1Kong
16,32)
Inn i dette vart
så profeten Elia sendt frå Gud for å forkynne Guds vilje for Israels folk.
Men det var ingen dans på roser å skulle vere profet i ei slik tid. Profeten
fekk aldri anna enn motstand. Mange stod han etter livet, ikkje minst dronning
Jesabel.
Konflikten med
kongen og dronninga toppa seg kanskje høgast då Elia utfordra kongen ved å
skulda han for å føre ulukke over landet ved Baal-dyrkinga. (1.Kong 18,18)
Det var ein kjempekonfrontasjon mellom profeten og prestane som dyrka
Baal.
Baal-dyrkarane fekk aldri den guden dei trudde på til å brenne opp offeret
deira.
Elia, derimot, dynka sitt offer i store mengder vatn. «Då fór HERRENS
eld ned og øydde
både brennofferet og veden, steinane og jorda….»
(1.Kong 18,38)
Trass i kongeleg
motstand og forfølging kan vi heile tida her i 1.Kongebok lese korleis Elia var
under Guds omsorg.
Merkelege ting hende. Profeten flykta, og gøymde seg ved bekken Kerit, aust for
Jordan. Der var det to ramnar som kom med mat til han.
Vi møter han også saman med enkja i Sarepta, ho som gav profeten mat endå ho så
å seie ikkje hadde noko å ete i det det heile. Då vart det slik at mjølkrukka
til enkja i Sarepta aldri gjekk tom for mjøl, og oljen i mugga hennar tok aldri
slutt.
Og vi brukar framleis uttrykket «Sareptas krukke» om noko som synest
utømmeleg.
Kan alt dette
verkeleg ha hendt?
Ramnane som kom med brød og kjøt til han?
Det at Elia ikkje berre gav opphav til uttrykket «Sareptas krukke», men at han
også gav livet tilbake til enkja sin døde son? At han vart teken direkte opp
til himmelen i ei eldvogn? Eller at han dukka opp, lys levande i lag med Moses
på Jesu tid, 900 år seinare?
Vi lar desse spørsmåla kvile i dag, men på denne søndagen les vi i alle fall at
denne profeten var i ein fortvila
situasjon. Han er livredd. Redd fordi dronning Jesabel vil drepe han fordi Elia
på si side hadde late drepe alle Baal-prestane som svikta då dei påkalla sine
gudar ved den store offerkonkurransen. Han rømmer ei
dagsreise ut i ørkenen. Han ber til Gud om å få døy.
Men Gud vil noko
heilt anna enn døden for Elia.
Gud vil demonstrere sitt nærvær.
Kjære alle dykk
som kom hit til Modalen kyrkje på denne siste søndagen før det snart er pinse. Til
dykk alle seier eg: Så fint at du er her!
Så fint at du orkar å lytte til ei merkeleg forteljing frå fleire tusen år
tilbake i tid. Men eg trur denne forteljinga har noko å vise deg, å lære deg,
eller å gjere klårt, også for meg som er prest på denne søndagen, søndag før
pinse.
Eg har forsøkt å
dra opp nokre strekar av eit bilete av kven profeten Elia var.
La du merke til
kva eg nett sa om han?
Eg trur det må repeterast. Eg sa: Gud vil noko heilt anna enn døden for Elia.
Gud vil demonstrere sitt nærvær.
No møter vi han
han altså på ei flukt både frå kongeleg raseri og frå ein Gud han har tent med iver
og truskap. Men profeten kjenner på at han ikkje orkar meir: «No er det nok, HERRE, sa han» (1.Kg 19,4) «Nok er nok» Vi har
adoptert uttrykket også i vår daglegtale.
Eg veit nesten
ingenting om dykk eg no snakkar til.
Modalen er ein litt eksotisk stad for oss som kjem frå nord i Lindås.
Men no er du her i kyrkja di. Kanskje vågar du også i ditt stille indre å
reflektere litt over det som har hendt i livet du har levd så langt. Eit godt
liv, håpar eg. Eller kanskje har du opplevd ting i livet som vart vanskeleg.
Sorg, kanskje. Motgang.
Profeten sa det
slik: «No er det nok, HERRE,»
Eg ser ikkje dine tankar. Like lite som eg kan lese tankane til nokon andre
menneske.
Men eg vil minne
deg om det som hende med Elia, med profeten. Han som var redd. Han som flykta.
Han som ikkje orka meir. «No er det nok,
HERRE, sa han»
Guds svar til profeten var desse orda: «Gå
ut og still deg opp på fjellet, for HERRENS
andlet, så vil HERREN gå forbi» (1.Kg 19,11)
Kva betyr
eigentleg det? Kva betyr det å stille seg opp for Herrens andlet, og at Herren
skal gå forbi?
Det er ein måte å uttrykkje at no kjem ein sjanse til å oppleve noko uendeleg
stort. Noko som kan gje styrke til trua. Noko som kan gje håp for dagar som
skal kome. Noko som gjer at dette guddommelege som Peter, Jakob og Johannes
fekk oppleve på fjellet i lag med Jesus, då dei også fekk møte den bibelske
fortida i form av nettopp profeten Elia; det kan vere det også du får kjenne
ein flik av. Ein flik av det himmelske. Det som er større enn oss. Større enn
våre tankar. Bortanfor det vi kan forklare. Det vi skal rette ut handa og halde
fast i med eit hjarte som bankar i tru.
«- still deg opp på fjellet, for HERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi»
Desse orda er ein
biletleg måte å invitere deg til ei kort stund som kan openberre for deg eit
glimt av Gud. Han er der faktisk! Aldri har noko menneske sett HERREN Gud. Men i
enkelte korte glimt går det an å få sjå pass at tvilen ikkje lenger er der.
Det er dette vi håpar skal skje med oss i pinsa. Det er dette vi ventar skal
fylle oss når Jesus sender sin Ande over oss. Når Sanningsanden herleggjer
Jesus.
Men kvar skal vi
sjå? Kor er fjellet vi skal stille oss opp på? Kva er det vi skal søkje etter?
Kor skal vi leite etter Gud i våre liv?
For profeten Elia
vart det på denne måten: Føre HERREN
kom ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste knausar, men HERREN var ikkje i stormen, etter stormen eit
jordskjelv, men HERREN var ikkje i jordskjelvet, etter
jordskjelvet ein eld, men HERREN var ikkje i elden, etter elden – lyden av
ei skir stille. Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk
ut og stilte seg i hòleopninga. (1. Kg 19,11-13)
Forunderlege ord.
Men dei betyr rett og slett: Vi søkjer ikkje Gud i det opprørande. Det som
stormar og buldrar. Det som bivrar og brenn. Gud er ikkje i det
oppsiktsvekkjande.
Derimot står det
ord om «ei skir stille». På bokmål: «en skjør stillhet» Eller: «ei linn susing» som det stod i førre
bibelomsetjing.
Dette parakdoksale
er det vi skal sjå og lytte etter. Det stille. Lyden av stillheit. «The Sound
of Silence» som Paul Simon så meisterleg har uttrykt det i sin vedensberømte
song.
Ei skir stille.
Det vi kan høyre når vassdropar forsiktig dryp frå eit barnehovud som Gud møter
ved døypefonten. Denne stilla kjem til uttrykk når vi sender våre bøner utan
ord til Gud frå dette kyrkjerommet. Bøner om at han må halde fast i handa som kanskje
vart retta mot han på ein konfirmasjonsdag for lenge sidan.
Det er stille når vi smakar, et og drikk av den heilage nattverden.
Lyden av det
stille er skrudd på i dette kyrkjerommet nett no. Snart er det pinse. Jesus vil
kome nær oss.
Vil du lytte? Kan
du tru? «- still deg opp på fjellet, for
HERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi»
AMEN.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar