onsdag 19. juni 2024

Jonsok

 

Jonsok, II. 23.06.2024
Nygård kyrkje
Matt. 11, 7-14

                                                                                                         

Den kristne kyrkja har liten tradisjon for å feire fødselsdagar.

Det kanskje litt annleis i ei kyrkje eg kjenner litt for dårleg, den katolske kyrkja, enn det er i vår lutherske kyrkje. Men i vår kyrkje er det to fødselsdagar vi markerer. Jesu fødsel, som vi feirar 25.desember. Og seks månader tidlegare; døyparen Johannes sin fødselsdag. Som kjent står det eit ord i Lukasevangeliet (Luk 1,36) om at Elisabet var seks månader på veg i svangerskapet med Johannes, då slektningen hennar, Maria, fekk englebod om at også ho skulle bli med barn. Dette som var signalet til at Jesus var på veg inn i vår verd.

Det handlar om to kvinner, slektningar, ei gamal kvinne som hadde gløymt tanken om at det framleis skulle vere råd for henne å bli mor, og ei som enno var svært ung. Ingen av dei kunne gå på eit moderne apotek og kjøpe ein graviditetstest. Men eit himmelsk sendebod, ein Herrens engel, forkynte det store som skulle skje.

Og nettopp fordi dette er så underfullt, spesielt og bibelsk eineståande, feirar kyrkja vår fødselsdagane til Johannes og til Jesus med seks månaders mellomrom.

Det er St.Hansaftan i dag, eller Jonsok, etter Jon, den fornorska forma av Johannes sitt namn. Jonsokdagen er i morgon, 24. juni. Vi har eit halvår igjen inn mot det vi skal feire når det igjen blir jul, den 25.desember.

Vi feirar Johannes sin fødselsdag fordi Johannes er ein utruleg viktig person i det bibelske persongalleriet.

Vi las i tekstordet til oss i dag at Jesus sa det på denne måten då han omtala den halvt år eldre slektningen sin: «Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes» (Matt. 11,11)

Men i denne gudstenesta har vi høyrt fleire ord frå Bibelen enn det som står i Matteusevangeliet der Jesus talte til folket om Johannes.

Først eit gamalt ord frå det profeten Malaki ein gong sa. Orda står som dei aller siste versa i GT, Mal. 4, 5: «Sjå, eg sender profeten Elia til dykk før Herrens dag kjem, den store og skræmande»

Kven var eigentleg denne Elia, profeten som skulle koma, og som ein annan gamaltestamentleg figur, Malaki, altså profeterte om i GTs siste bok?
Vel, det svarar faktisk Jesus på i vår evangelietekst der Jesus talar til folket om Johannes døyparen. Jesus konkludere slik i dette avsnittet vi les om når det er Jonsok og Johannes står i fokus: «Og om de vil ta i mot det: Han (altså Johannes) er den Elia som skulle koma» (Matt.11,14)

Og så høyrde vi lese, i denne gudstenesta, eit litt lengre avsnitt frå Apostelgjerningane. Her er det Paulus som heldt ein av sine store talar. Han er på si første misjonsreise, no i Antiokia, det som var ein vakker storby, midt i dagens Tyrkia. Han er i den jødiske synagoga i byen og reiser seg og heldt den talen vi har høyrt lese eit utdrag av. Her fokuserer han på Israels historie. Om korleis Gud valde ut Israelsfolket som sitt eige folk, og korleis han sette dommarar og kongar til å styre over folket. Til slutt kom kong David. Om han sa Gud at han er «ein mann av mitt hjarte» Apgj.13,22.
Og så slår Paulus fast i talen vi har lese frå, om denne kong David, at «-Av hans etterkomarar lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova.
Det er Jesus. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket. Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: «Eg er ikkje den de heldt meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje ein gong verdig til å løysa sandalen av foten hans.»
Brør, de som er av Abrahams ætt, og de andre som ottast Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt
(Apgj 13, 23-26)

Johannes var han som gjekk føre Jesus. Det var han som rydda vegen for frelsaren og for Guds frelse, det som også skal vere frelsa for ditt og mitt evige liv.

I dag, når vi feirar Jonsok, handlar det om å sjå dei lange linjene i Guds frelseshistorie. Frå langt tilbake i historia. Gjennom heile GT, ved profetane si forkynning til omvending og etterfølging, til den største av alle profetane steig fram, han som i praksis var jamgammal med frelsaren Jesus.
Gud har ein plan. Gud sender bodberarar og profetar.
Gud sende Johannes, fødd på underfullt vis eit halvår før Jesus.

Ein som har sagt meir om dette, er ein islandsk teologkollega som no bur i Norge, Ólafur Hersir Arnaldsson. Han skriv i eit teologisk fagtidsskrift bl.a. dette:

Dagens tekster er en del av Guds lange frelsesvirke, hvor Guds tjenere ble sendt ut for å forkynne Guds herlighet og det ondes forsakelse. De kjempet for et rettferdig liv i Guds nåde. Elia og døperen Johannes var svært viktige aktører i det forbedrende arbeidet før Jesus startet å forkynne Evangeliet. Dette rettferdighetsarbeidet foregår ennå, og vi er ikke ferdige med det.[1]

Kjære kyrkjelyd her i Nygård:

Kan du sjå desse linjene i Guds frelseshistorie?

Ser du føre deg Guds tenarar som forkynner Guds herlegdom og forsakinga av det vonde?

Ein av desse var Paulus som talte til jødane i Antiokia, men ikkje berre til jødane, han talte til alle som ottast Gud, altså til heile den kristne kyrkja. Og han sa: «Brør, de som er av Abrahams ætt, og de andre som ottast Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt.»

Ordet om frelsa. Ordet om Jesus.
Det handlar om det, om Jesus, sjølv om Johannes står i fokus akkurat i dag.

Difor er det heilt på sin plass å løfte fram Johannes og omtale han som St. Hans, altså som St. Johannes, ein kyrkjeleg helgen.
Som lutherske kristne har vi ikkje avskaffa helgenane, men vi ærar dei på ein annan måte enn våre katolske brør og søstre gjer.

På denne dagen, jonsok, eller St. Hans, vågar altså vi reserverte lutheranarar for ein gongs skuld å løfte fram ein av dei få helgenane vi feirar minnet om. Den andre er
St. Olav som vi kanskje er meir kjende med her i vårt land, og som skal feirast om ein dryg månad når det er olsok, og så er det St. Stefanus som vi høgtidar minnet om 2.juledag.

Men når vi først skal feire ein helgendag, er det vel knapt nokon som har så djup meining som nettopp denne som står i sentrum ved vår St. Hansfeiring.
For poenget med å løfte fram helgenane, er å peike på menneske som levde slik at dei med sitt liv og sitt vitnemål gjorde Jesus tydeleg for oss.

Og er det nokon som har gjort akkurat det, så er det døyparen Johannes.
”Han skal veksa, eg skal minka” sa døyparen om Jesus. (Johs.3,30)  
Det er helgenord som set helgendyrkinga i relieff. Helgenane i seg sjølve er viktige, berre i den grad dei viser oss kven Jesus er. Og ingen har tydelegare enn Johannes synt oss kven Jesus er. Difor er det meiningsfullt at vi løftar døyparen Johannes fram på denne gudstenesta og minnest hans aller viktigaste ord om Jesus:

”Sjå der er Guds lam, som ber verdsens synd” (Johs.1,29)

Det er ein annan Johannes, evangelisten Johannes, som siterer desse orda av døyparen Johannes. Då Jesus ved starten av si offentlege gjering kom til Jordanelva for å la seg døype med slektningen Johannes sin omvendingsdåp, peikar døyparen på Jesus og brukar nettopp desse orda: ”Sjå der er Guds lam, som ber verdsens synd”

Eg minner om orda til den islanske teologen eg nettopp siterte:
Dagens tekster er en del av Guds lange frelsesvirke, hvor Guds tjenere ble sendt ut for å forkynne Guds herlighet og det ondes forsakelse. De kjempet for et rettferdig liv i Guds nåde.

Eit rettferdig liv i Guds nåde. Det er det vi får når vi slepper Jesus til i våre liv og lar han ta med seg di og mi synd når han vil bere heile verda si synd.

Ingen har peika tydelegare på dette et St. Johannes. Difor minnest vi han med takk på dagen for hans fødsel.



[1] Nytt Norsk Kirkeblad nr.2-2021 s.113f

Bloggarkiv