fredag 22. april 2016

Jesus ber




5.s. i påsketida III. 24.04.2016
Åsane gamle kirke  - 
Johs.17,9-17

Fire born er borne fram for Gud i den heilage dåpen i denne gudstenesta. Eg er temmeleg sikker på at for dykk som er foreldre og fadrar til desse små, var det stort, høgtideleg og eg trur – trygt – få vere med på denne seremonien i dag. Det største vi har, borna våre, vil vi gje det aller beste vi har å gje dei.  Og noko større enn dåpens gåve kan vi vanskeleg førestille oss. For i dåpen får borna del i det vi seier i innleiinga til dåpshandlinga: ”Etter sitt ord og løfte tar Gud i mot oss i dåpen og frelser oss fra synd og død. Vi forenes med Jesus Kristus til et nytt liv, og innlemmes i den kristne kirke”. Ikkje noko mindre enn Guds frelse handlar dåpen om. Frelse frå synd og død, som det heiter i ritualet.
Noko større gåve veit ikkje eg å gje vidare til komande slekter. Alt det Gud har gjort for å frelse oss menneske, først og fremst ved å la Jesus gå i døden for våre synder og nederlag og ved å stå opp frå dei døde; dette  vert gjeve til dåpsbarnet som sjølve dåpsgåva.
 

Og då kan vi vel lene oss tilbake i kyrkjebenken og tenkje at no er alt i orden med dei små? Då kan vi leggje alle suter til sides for all tid?

Eg trur ikkje mange av oss eigentleg tenkjer slik. For vi veit noko om livet som ligg framfor eit lite barn. Livet med dei mange utfordringane. Med dei mange farane. Med dei mange freistingane.
Vegen gjennom livet har mange blindvegar og sidevegar som kan føre oss langt bort frå den Gud vi eigentleg vart døypt til for at vi skal tilhøyra og tru på han, som vi også uttrykkjer det i dåpsritualet.

Difor er eg nokså sikker på at du som er far eller mor, eller de som er besteforeldre eller fadrar, de vil falda hendene dykkar i det stille og be til Gud for dei små. Be om at han må vare dei på vegen gjennom livet som ligg framfor dei. Vare dei frå det vonde.

Og eg må få lov å leggje inn over alle dykk som ber til Gud for borna som vi døyper: Be om at dei må bevare barnetrua som vert sådd i hjarto deira ved dåpen, for tru og dåp høyrer saman. 

På denne søndagen handlar det om forbøn.

Difor er det naturleg å ta utgangspunkt i det ansvaret foreldre, fadrar og kyrkjelyd tek på seg i forhold til det å be for borna vi døyper. 

Men det handlar om meir enn det vi sjølve kan prestere av gode eller mindre gode bøner. Det handlar i dag framfor alt om det store faktum at Jesus sjølv ber. Jesus ber til sin Far, til Gud, til han som han er eitt med. Og Jesus ber til Gud for alle sine. Difor er eg trygg på at i dag er det i alle fall fire nye menneske med tilknyting til Åsane menighet som er komne på Jesu bøneliste: Jeg ber for dem. Jeg ber ikke for verden, men for dem som du har gitt meg, for de er dine.…” 

Lat dette vere det viktigaste hovudpoenget på denne søndagen: Jesus ber for alle sine! Tekstordet vårt er nemleg henta frå det avsnittet i vår Bibelen som vert kalla Jesu øvsteprestlege bøn. Få stader merkar vi engasjementet og omsorga frå Jesus sterkare enn her.  Og det er ikkje uvesentlege småting han ber om. Høyr berre:

”Hellige Far. Bevar dem i ditt navn!”

Det er eit fabelaktig innhald i desse få orda. Ikkje minst er dette ord med den aller djupaste meining når det vert bede slik for nydøypte born.
”Hellige Far. Bevar dem i ditt navn!”

I dette ligg det ubegripeleg mykje. Jesus ber altså sin himmelske Far – den same som vert Far i himmelen også for dei som vert døypte i Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn – om at dei som høyrer han til må verta bevarte for han. I dette ligg det ei bøn om at Gud må vakta, ta vare på, verna, halde unna skade, halde fast på – dei som Jesus ber fram i si bøn.

Kanskje strevar du som sit i kyrkjebenken her i Åsane gamle kirke med å finne dei rette orda når du skal be dine bøner. Prøv om du då kan kvile i at Jesus har dei rette orda. Jesus har lært oss dei rette orda – han lærte oss å be Herrens bøn, Vår Far i himmelen som det skal heite for dei borna  som no veks opp.
For Jesus brukar dei rette orda nå han sjølv går i forbøn for alle sine. Om du ikkje alltid veit korleis du skal uttrykkje deg, så bruk ditt Fadervår då! Og kvil i at Jesus også ber. Han ber for deg. For meg. Og for dei fire dåpsborna i dag. Jesu ber:
”- bevar dem i ditt navn!”

Jesus ber om at livet, både på dagar som skin i glad medgang og på mørke dagar i tunge motbakkar, det vil vere Guds store gåve til oss. Og livet skal ikkje ta slutt sjølv om vi alle må stogge opp ved ein gravkant til slutt. Som kyrkje og som kristne er vi saman om trua på at Jesus ein gong gjekk i døden for alle våre synder, våre feiltrinn og våre nederlag. Vi trur at Jesus ikkje vart verande i dødens fangeskap, men at han stod opp att frå dei døde, og at han ein gong skal vekkje alle som døydde i trua på han opp til nytt liv. Eit liv i det evige lyset frå Gud. Då skal det til fulle gå opp for oss at Gud har høyrt Jesu bøn for alle sine ”- at du skal bevare dem fra det onde” 

Jesus ber for alle sine. Det er det det handlar om når vi les Jesu øvsteprestlege bøn.

Det er veldig mykje som kan seiast om det. Vi har ikkje plass for alt her og no. Men ein ting kan vi ikkje hoppe over. Nemleg at Jesus ber om einskap for si kyrkje.

Hellige Far, bevar dem i ditt navn, det navn du har gitt meg, så de kan være ett, slik som vi er ett. 

Det er stort og viktig at Jesus ber for alle sine. Det er trygt og godt å vite at han ber om at vi må bli bevarte, bevarte frå det vonde.
Likevel ligg det noko heilt særskilt i dette at Jesus også ber om at dei som høyrer han til må vere eitt.

Det er eigentleg ei bøn om at den kristne kyrkja skal vere eitt. At alle som er døypte inn i kyrkja og som deler trua på den treeinige Gud må stå fram som ein stor einskap, slik at dei som ser dei kristne skal tru at Jesus er sendt til verda og til kyrkja av Gud Fader sjølv.

For meg som prest har dette vorte støre og større  etter kvart som eg har levd livet mitt som kristen og fått meir og meir syn for at kyrkja over heile verda, med dei mange som trur på ulikt vis, men som likevel høyrer i hop gjennom dåpen og trua på den treeinige Gud, dei er eit ufatteleg stort og rikt fellesskap.

Sist søndag hadde eg gleda av å delta på ei svær gudsteneste i ei kyrkje, fullsett av ca 1500 menneske. Det var ei av fire slike gudstenester denne eine dagen i den same kyrkja. Vi var i multimillionbyen Shanghai i Kina. Vi er fleire her i Åsane gamle kyrkje i dag som var i lag på denne turen, og vi kan fortelje om store opplevingar av møtet med kristne i det enorme landet på andre sida av jordkloden.
Vi kan fortelje om eit fellesskap som sprengjer språkbarrierar og kulturskilnader.

Men diverre er det også slik at det verdsvide kyrkjefellesskapet er eit fellesskap med mange sår og skavankar. Slik også vår norske kyrkje fort kan framstå, ikkje minst i desse dagane.
Som eit stort tre står kyrkja der. Kyrkja er planta midt i verda. Men vi ser at greiner brotnar av. At lauvverket losnar og einskildmenneske eller grupper riv seg laus og prøver å slå røter på eiga hand.

Slik skulle ikkje kyrkja vere. For Jesu Kristi kyrkje på jord skal vere eitt. Ikkje splitta i smågrupper og plantar som gror fritt og vilt.

Jesus ber om einskap mellom dei som trur. Det er eit kall til oss som er samla her i kyrkja til å ta det på alvor. Til å søkje saman her på vår stad. Til å søkje inn mot kvarandre, vi som er ulike greiner på kyrkjetreet. Til å be med Jesus om ytterlegare einskap. For det handlar til sjuande og sist om at vi skal vere som kristne med kvarandre som Kristus og Faderen er det seg i mellom: ”- så de kan være ett, slik som vi er ett.

Ale kristne er søsken, og einskapen skal vere synleg i verda. Men einskapen er truga både på det personlege og på det lokale planet når usemje og harde hjarto set skilje oss i mellom. Ofte kan små detaljar skape dei bitraste brot.. Og opp gjennom historia har einskapen mellom kristne ofte vorte broten gjennom stadige oppsplittingar i nye kyrkjedanningar.

Men kanskje ser vi i dag spor av at Jesus vert bønhøyrt? For arbeidet mot større einskap mellom kristne og mellom kristne kyrkjer, det går sakte, men sikkert framover. Vi kallar det økumenisk arbeid. Til og med her i vår lokale kyrkje har vi vore med på å setje dette arbeidet i fokus gjennom ei årleg gudsteneste i lag med andre kyrkjesamfunn i vår bydel, Åsane. 

Men akkurat i dag tek vi inn over oss at dette er noko som står på Jesus si bøneliste. At dei truande og at kyrkja må stå fram som ein einskap. Lat oss kvar for oss ta dette til hjarta. Kanskje kan det vere med på at vi også då kan få oppleve det som Jesus ber om, at vi kan få eige hans glede i fullt mål. 

Amen

lørdag 2. april 2016

Frå døypefont -----


2. søndag i påsketida. III. 03.04.2016
1.Pet. 1,3-9
Gjerstad

Å bli fødd på nytt er inga enkel sak. Det er vel beint fram umogeleg.
Ikkje eingong desse to små nydøypte som vi har helsa på i dag vil ein kunne forstille seg skulle fødast enno ein gong, sjølv om dei framleis er temmeleg små.

Ein som påpeika dette rett ut, var Nikodemus. Han som i si tid sneik seg ut om natta for å banke på døra heime i huset der Jesus budde.
Nikodemus var ein skikkeleg storkar. Rådsherre vert han omtala som i Johs. 3. Her hjå oss, anno 2016, vil han vel hatt ein posisjon i samfunnet som tilsvarar noko av ei blandinga av ein stortingsrepresentant og ein dommar i Høgsterett.

Denne mannen, høgt på strå, var det altså som ville diskutere livets store spørsmål.
Ikkje med dei andre i Rådet til jødane. Men med denne underlege mannen han hadde høyrt om. Med Jesus.
Men Nikodemus kunne ikkje ta sjansen på å oppsøkje Jesus i vanleg kontortid. For tenk om nokon såg at han, rådsherren, søkte til Jesus?
Han valde difor nattemørket og skuggane som kamuflasje då han sneik seg fram til den nattlege samtalen.
Og nokså kjapt la Jesus fram det som var viktig for han å seie: «Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike» (Johs 3, 3)
Å bli fødd på nytt er altså meir enn eit uttrykk som vi tek fram når ei gammal sportsstjerne som lenge har verka rusten og redusert, brått finn tilbake til gamle takter og blomstrar på nytt.
Uttrykket er bibelsk. Det kjem frå Jesu munn. Men det treng å forklarast, også for Nikodemus, som straks Jesus seier dette, protesterer:  «Korleis kan ein som er gammal bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn att i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» (Johs 3,4)

Nei, det kan vi sjølvsagt ikkje. Men Jesus brukar ikkje dette uttrykket tilfeldig. Og han meiner det ikkje bokstavleg.
Han forklarar rådsherre Nikodemus at dette har med dei himmelske ting å gjere. Med dei åndelege ting. Og så fokuserer Jesus på to ting – vatn og Ande.
Å bli fødd på nytt er å bli fødd av vatn og Ande.
«Jesus svara: -Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande kan ikkje koma inn i Guds rike» (Johs.3,5)
Kjære kyrkjelyd. I dag var vi vitne til to slike nyfødslar. To gonger såg vi det vi eigentleg berre ser delvis, men som manifesterer seg her i kyrkja gjennom at vi rett og slett trur at noko himmelsk skjer. Vi såg vatnet. Dåpsvatnet. Vi såg borna.
Og vi høyrde orda, orda som vi kan tru, orda om at dette vart gjort i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.
Slik Guds ande openberra seg over Jesus då han steig ut i Jordanelva for å bli døypt, slik trur vi at Guds ande var til stades i  dåpsvatnet.
Vi trur at det som hende var ein ny fødsel.
Ein dåp for at barnet skal berast vidare dei første stega på den vegen som har eit mål – Guds rike.
Denne søndagen er første gong vi samlast til gudsteneste etter påske.
Men påska er på ingen måte over. Vi skal gjennom ei rekkje av søndagar i det vi i kyrkja framleis kallar påsketida.
Og i alt vi talar om og tek oss føre, skal vi kjenne bandet til denne største av alle våre høgtider. Eigentleg er kvar einaste søndag ein påskedag der vi samlar oss på Herrens dag, den første i veka, til minne om Jesu oppstode.
På denne første gudstenesta etter påske, nettopp dette året, knyter vi band til påskehendinga ved at vi les dette velkjende bibelordet som vi har frå apostelen Peter, han som har skrive to brev som vi finn i NT.
Det er ordet om den nye fødsel. Den nye fødselen som gjer at vi alle kan leve i det store, levande håpet, om at vi eig ein bit av det himmelske.
Då Jesus og Nikodemus samtala om den nye fødselen, gjorde Jesus det klart at dette handla om himmelske ting.
Eg tru at vi i vår kyrkje i dag for sjeldan tar fram det himmelske, sjølv om tanken om det himmelske nok ligg under mykje av det vi seier og mykje av det som skjer i kyrkja.
Men i dag kan vi bruke dei store orda og lovprise Gud, slik Peter lærer oss. Lovprise Gud fordi vi eig eit håp om noko der framme. I himmelen. For det er dit vi skal.
Peter jublar ut: Vi er fødde på nytt.
Ikkje bokstavleg. Men ein åndeleg nyfødsel som skjedde i dåpen.
Ein åndeleg nyfødsel som knyter bandet til det som hende i påska då Jesus døydde og stod opp att.
Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!
Vona – håpet som knyter seg til den nye fødselen, har sitt ankerfeste i det som hende påskedag. I Jesu Kristi oppstode frå dei døde.
Den nye fødesel hende i dåpen.
Ved det som Jesus tala med Nikodemus om – vatn og ande.
Og fleire stader i Bibelen kan vi lese korleis dåpen og Jesu oppstode er knytte saman.
Paulus talar sterkt om dette i Romarbrevet:
Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. (Rom 6,3-5)
Dåpen og påska høyrer i hop.
I dåpen vert det som hende med Jesus på krossen gjort til noko som angår meg heilt personleg. Forsoninga og syndstilgjevinga som gjekk føre seg i langfredagsdramaet – det fekk eg som gåve i dåpen. «- alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans» seier Paulus.
Dåpen og påska høyrer i hop.
I dåpen vert det som hende med Jesus påskedag gjort til mitt. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.
Du må fødast på ny, sa Jesus til Nikodemus.
Du er fødd på ny,  forkynner eg til deg som ein gong møtte Jesus i den heilage dåpen.
Og dette gjev deg eit fantastisk håp.
Håpet som Peter oppsummerer i det siste verset av preiketeksten vår på denne søndagen:
« - de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar»
Det er dette som er det store med påske.
Påska er Guds gåve til ei menneskeslekt som treng frelse for sjelene.
Vi brukar snart ikkje slike omgrep i forkynninga lenger.
Difor er det mange som synest slike ord er vanskelege å forstå.
Men for å forstå, må vi våge å spørje. Vi må våge å gjere som Nikodemus – ta ut og nærme oss Jesus. Tale med han. La han tale med deg og meg. Kanskje i ein stille nattetime i bøn over ein open Bibel.
Kanskje ta ut på kyrkjeveg ein fredeleg søndags morgon, utan å ha med seg nervøsiteten Nikodemus bar i seg: «Tenk om nokon ser meg?»
Det gjer ingen ting om nokon ser deg.
Og framfor alt skal du la Jesus sjå deg. Slik at han kan få tale med deg om dei himmelske ting. Slik at han kan få vise deg håpet.
Håpet som du eig fordi heile påskeverket er ditt. Du fekk det i dåpen. Då nyfødde Gud deg og meg «til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde»
Vi har ei håp. Eit levande håp som ligg i dåpshandlinga. Som ligg i trua på at dette knyter oss fast tilpåskehendinga.
Det håpet går i oppfylling når dette livet ebbar ut og vi stig inn i det evige.
Difor lyder dette kjende verset frå Peters brev ved døypefonten, slik vi har høyrt det i dag.
Men det vert også lese som avslutninga av ei gravferd. Ute på gravkanten før vi lyser Guds velsigning over sørgjeforsamlinga.
Snart skal vi gå ut or kyrkja for å vigsle utvidinga av kyrkjegarden rett utanfor kyrkja. Då skal vi seie litt meir om dette, om korleis håpet lever vidare, korleis håpet føder oss på nytt til eit evig liv bak død og grav. Alt ved det som hende i påska. Alt knyter seg til Jesu Kristi oppstode frå dei døde.
Alt peikar mot dette håpefulle som også høyre heime på gravkanten: « - de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar» 

AMEN

- til gravkant



Vigsling av gravplass. Gjerstad kyrkjegard. 03.04.2016

Det går ein boge frå døypefonten til grava. Ein boge av håp.

Nett slik regnbogen fram for alt anna er eit fargerikt teikn på at Gud er nær oss i tilværet. Om regnbogen står det at denne sette Gud på himmelen då jorda tørka opp att etter storflaumen der berre Noah og dei han hadde med seg i Arka overlevde. Gud sa: «Eg set bogen min i skyene, han skal vere eit teikn på pakta mellom meg og jorda» (1.Mos 9,13)

Regnbogen er ein boge av håp om at det finst ei pakt mellom Gud og alle menneske. Jorda skal ikkje meir øydeleggjast.

I Det nye testamentet høyrer vi om ei anna pakt mellom Gud og menneska. Det er den pakta som knyter seg til Jesus og alt som hende i påska. Bl.a. høyrer vi i påskeforteljingane om nattverden som Jesus kallar «Den nye pakt i mitt blod som blir utrend for dykk» (Luk 22,20)
Vi skal ikkje repetere alt som hende i påska her og no, men vi veit at alt kulminerte med oppstoda. Jesu oppstode frå dei døde.
Det er om dette vi har tala i gudstenesta vi var med på inne i kyrkja nettopp.

Om det levande håpet som knyter seg til Jesu oppstode frå dei døde. Eit håp om at det å få del i Jesu oppstode gjennom dåpen, det er det same som det Peter i sitt brev omtala med desse orda: «- de skal nå målet for trua, frelse for sjelene dykkar» (1.Pet 1,9)

På denne søndagen, 2.s. i påsketida, har vi i dag vore velsigna med ein bibeltekst som vi elles siterer ved kvar dåp, men også som ei avslutning på gravkanten når vi tek farvel med dei som døydde frå oss.
Det er dette bibelverset som er bogen som bind saman livet vårt – frå døypefont til gravkant: Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! (1.Pet 1,3)

Desse orda lyder altså som avslutning på dåpshandlinga. Desse orda lyder også på avslutninga av gravferdene.
Det går ein boge frå døypefonten til grava. Ein boge av håp.
Eit håp som knyter seg til det at Jesus har stått opp att frå dei døde. Ei levande von – der det ordrette uttrykket i vår Bibel.
Og vi vil gjerne bruke ordet levande her på denne staden der vi skal gøyma våre døde. Vi veit at her skal det i åra framover gråtast mange tårer. Her skal vi ta det siste farvel med menneske vi var glade i. Her skal generasjonar framover knele ved eit gravminne, plante blomar og sleppe minner inn over seg. Minner frå eit liv. Eit liv som varte i mange, mange år. Eller kanskje det vart så altfor kort?

Kanskje er det nettopp her ein stad at fleire av dykk som er samla i dag også skal finne ei grav?
I møte med så mykje, og med så vanskelege tankar og sinnsstemningar som er knytta til døden, gjer det godt å løfte fram ordet som vi ser lyser mot oss: Ordet om det levande håpet.

Dette håpet fekk vi del i då vi vart døypte. For, som vi tala om det i kyrkja; dåpen gjev oss del i påskehendingane. Dåpen gjev oss del i Jesu oppstode. Difor lever dette håpet vidare, også når livet er oppbrukt. Når grava skal vere den siste bustaden vår, kan vi kvile der med eit håp om at Jesu oppstode ein gong skal bli krafta som gjev meg og deg og alle som trur del i den same oppstoda.

Difor lyttar vi enno ein gong til dette kraftige bibelordet som er gjeve oss på denne søndagen. Ordet som er ein boge mellom døypefont og grav, gjeve oss til eit håp om at «- de skal nå målet for trua, frelse for sjelene dykkar» Difor seier vi enno ein gong: Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!

Amen

Bloggarkiv