fredag 19. mars 2021

Marias glede

 

Maria bodskapsdag. II. 21.03.2021
Arna kyrkje
Luk. 1, 46-55

Vi lutheranarar har kanskje eit korrekt syn på Maria, reint teologisk rekna.
Eg trur at om vi samanliknar oss med våre katolske kristne brør og søstre, så står vi på ein trygg bibelsk grunn i vårt syn på kven Maria var, og kva ho betyr for dei kristne som lever i dag. Vi har ikkje så mange dogmer, så mange forstillingar om Maria som ikkje kviler på bibelsk materiale.

Likevel tenkjer eg at vi kanskje kunne vore meir frimodige, slik katolikkane er, i å ære Maria. I å løfte henne opp som eit førebilete på kva tru er, og på kva truskap er. I å følgje henne frå ho som ung jente får bodskapen om fødselen, til ho i svartaste sorg står ved krossen der Jesus døyr.

Den viktigaste bibelske realiteten er at ho er kvinna som Gud valde ut for at han sjølv kunne bli eit menneske. Men ho er også Gudfødaren, slik ho vert omtala i den ordtodokse kyrkja.
Men ho er ikkje det som liknar ein kvinneleg gud, eller i alle fall ein helgen, som vi kan be til. Der vil vår kyrkje skilje oss frå den katolske.

Lat oss snakke litt med Maria på denne søndagen.
Stille våre spørsmål til henne, og leite etter svar her i dei to første kapitla av Lukasevangeliet. For framfor alt er det her ho stig oss i møte. Her er det tunge bibelske materialet som kan forme vår oppfatning av Maria, og av underet som Gud kunne gjere ved at ho stilte seg viljug til å bli mor til Guds son.

I dag vil eg våge meg tett inn på henne, for eg lurer på om det kan vere hald i det ein del radikale, feministteologar er opptekne av. Nemleg om Maria rett og slett var utsett for eit overgrep då ho på ein slik forunderleg, eller kanskje rettare: underfull, måte vart med barn?

Maria, eg spør deg: Er du eit offer?

Svaret frå Maria les eg i Luk 1. 26-31: « - engelen Gabriel (vart ) send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,  til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria.  Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»  Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda.  Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud. Høyr! Du skal bli med barn og få ein son og du skal gje han namnet Jesus.»

Slik lyder bibelorda.
Maria står ikkje ved sida mi og kan tale med meg. Men eg trur ikkje at ei slik første oppleving av at Gud ville noko for livet hennar, og for kroppen hennar, som skulle bere fram eit foster, kunne opplevast som eit overgrep.

For her les vi to ting samstundes:
Først: Dette handlar ikkje om normal unnfanging av eit foster, slik det var då du og eg vart til.

Her møter vi ordet «jomfru». Παρθένος på gresk. Eg veit godt at mange er tvilande til at dette kan vere sant. At ei som ikkje har vore saman med ein mann, ei jomfru, kan bli med barn.
Eg veit også at der vi i våre eldre biblar las om Immanuelsprofetien i Jes. 7,14 der det stod at ei jomfru (bm), eller ei møy (nyn), skulle bli med barn, der er det no omsett med «ung jente» i staden for jomfru. Språkleg er det sikkert heilt korrekt.

Til sjuande og sist kokar det ned til dette: Kan vi tru at ein allmektig Gud som vi vedkjenner har skapt himmel og jord, også kan skape eit foster i Marias liv utan normal seksuell omgang? Altså at Gud kan gjere eit under?

Det er berre her dette er omtala i vår Bibel. Men eg trur det likevel, slik ei samla kyrkje vedkjenner det når vi seier fram truvedkjenninga kvar søndag, og det heiter slik om Jesus: «-avla ved Den Heilage ande, fødd av Maria møy….»

Vi les to ting samstundes, sa eg.
Først at ei jomfru vert med barn.
Dinest ein vennleg og omsorgsfull tiltale frå engelen til den unge jenta, Maria:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.»

Igjen spør eg Maria: Var dette eit overgrep mot deg, eller var det ei velsigning?

Hennar reaksjonar, slik dei er refererte i evangeliet, er todelt:
Først: Spørsmålet som er fullkome naturleg: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje har vore saman men nokon mann?»

Dinest konklusjonen frå Marias munn: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.»

Uttrykket «Herrens tenestekvinne» er eit uttrykk som i radikal teologi vert lagt under lupa og tolka inn i eit patriarkalsk mannsspråk, eit uttrykk for at kvinna er under mannleg dominans, slik vi diverre må erkjenne at mange kvinner rundt om i verda faktisk er, både i vårt samtidige samfunn, og ikkje mint slik det var gjennom generasjonar tilbake, også her hjå oss.

Eg skulle likevel ynskje at dei som forfektar slik teologi, kunne nøye seg med å peike på spørsmålet, for så å kome til ein konklusjon at i tilfellet Gud, Maria, engelen, og barnet i hennar mage, så ligg alt dette bortanfor det som er naturleg å drøfte om kjønnsroller og politiske konsekvensar.

Det er eit uttrykk som heiter «Gud er alltid større» (Deus semper major)
Guds tankar for Maria og hans handling med henne er må sjåast i lyst av dette.

Maria – igjen spør eg deg:
Korleis kan du sprudle slik av glede. Korleis kan du juble slik i lovsong?

Når eg spør slik er det som om eg kan ane at Maria flyttar blikket frå sin eigen navle, bort frå den magen som skal vekse seg like stor som andre komande mødre sine magar. 
Ho løfter blikket og ser den Allmektige. Skaparen. Livgjevaren. Vår Far.

Og så syng ho lovsong.
Ho seier: «-han har sett til si tenestekvinne, i hennar fattigdom»
Difor er det at Maria jublar, syng og lovprisar.
Kva har ho forstått? Kva har ho innsett? 
Eg tenkjer at det er fordi ho har teke inn over seg dette: «Gud er alltid større».
Ho har sett ein samanheng mellom Guds gode vilje for den slekta han har skapt, som han har gjeve liv og som han ser treng miskunn og nåde og frelse, og det liv ho no ber i sin gravide mage.

Om alt dette brukar Maria slike  flotte ord.
Ord vi sikkert aldri hadde kome på ein gong..
Først møter vi ordet fattigdom.
Maria seier om Gud: «-han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom»

Gud ser dei fattige. Han såg den fattige ungjenta.
Han ser fattige ungjenter i dag. Dei skal ikkje verte mødrer til Guds son. 
Men i dag merkar desse fattige meir enn dei fleste andre til konsekvensane av korona, av klimakrise, tørke eller flom. Smitte, sjukdom, ingen vaksiner.
Forureina drikkevatn og milelange vegar for å hente det livsviktige vatnet. Gud ser ungjentene som ber vatnet heim i timevis kvar dag. Dette som vi vert minna om ved Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i desse vekene fram mot påske.
Gud ser dei unge gutane som skal dyrka jorda, men som får flom eller tørke i fanget slik at livet går aldeles i stå. Framtida fell i hop.

Gud ser alt dette. I den fattige verda. I vårt eige, rike land.
Han såg også Maria. Han valde henne ut på ein heilt spesiell måte til å verte mor til hans son.
Men han ser samstundes på deg og meg. Han leitar framleis etter vilje til å vere hans tenarar. For Gud bur i verda med si frelse også i dag. Gud vil framleis vere nær dei fattige. Og han vil vere nær også hjå dykk som i dag vil stå fram som hans tenarar.

Men då skal du ikkje gløyme Maria sine ord. Alvorlege ord  til håp og trøyst for fattige og undertrykte til alle tider. Difor lovsyng Maria Gud med slike ord:
«Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg»

Korleis er det for oss?
Forstår vi at Gud gjennom Jesus, vår bror, har gjort oss rike?
Forstår vi at Gud i tillegg har velsigna oss i dette landet vi bur i, slik at vi i dag kan velte oss i materiell rikdom, velstand, pengar?

Forstår vi at vi ved å bruke våre liv for å hjelpe dei fattige, dei svoltne, med gode gåver, kan gje vår pris og ære tilbake til Gud?
Litt slik Maria gjorde det. Vår teneste i dag, skal vere vår lovsong.

Denne søndagen gjer vi som Maria. Av hjarta vil vi vere med på å opphøgje Herren. Med takk og med glede vil vi lovprise han for at han, vår Far, valde ut Maria til å verte mor til Guds son, han som er vår bror og som heiter Jesus Kristus.
”- store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt  er hans namn.”
AMEN

 

 

                                              

torsdag 11. mars 2021

Forsoning

 

4. s. i fastetida. II - 14. mars 2021
Hamre kyrkje
2.  Kor.5, 18-21

Kjære kyrkjelyd, eller kanskje eg skal seie – Kjære kyrkjelydar. I alle fall: Kjære ostringar.
Eg dreg på åra, og det er på høg tid å bli pensjonist. Formelt skjer det 1.juni, og innan den dagen håpar eg å nå kyrkjelydane i prostiet med ei siste gudsteneste, og slik takke for meg. I dag er eg her på Osterøy, og gler meg over fellesskapet med dykk.

Eg hadde kanskje sett for meg at det å gå laus på «sisterunden» skulle verke litt meir på kjenslene mine. Men eg synest dette er heilt greitt. Slik skal det vere. Slik må det vere. Og eg har visst i over 41 år, sidan eg starta som prest, at det skulle vere over ein dag. Det har ikkje vore tid til å tenkje mykje på det gjennom alle desse åra, men tankane har lagt der inne i meg ein stad og vogga forsiktig på seg innimellom. Ei god visse om det vil kome nærare og nærare, det å slutte.
Eg har rett og slett for lenge sidan forsona meg med tanken. Og eg kjenner at det gjer det greitt å gå pensjonisttida i møte, med takk, og med forventning til at kanskje gøymer det seg enno meir spanande liv der framme ein stad. Det veit berre Gud!

Eg har forsona meg med tanken på å bli pensjonist, sa eg.

Og då brukte eg sjølve nøkkelordet i det som er preiketeksten i kyrkjene våre i dag, landet over.

Ordet er forsoning. Eit anna ord vi har lese er forsoningstenesta.
Desse orda gjev meg eit høve til å setje fokus på eit veldig viktig teologisk omgrep som eg knapt kan hugse å ha teke med meg opp på ein preikestol tidlegare.

Vi må snakke om forsoninga i dag!

Eg har forsona meg med å snart bli pensjonist, innleia eg med å seie.
Når vi brukar ordet slik, då vil eg tru at dei fleste av oss oppfattar at det betyr noko slikt som å avfinne seg med, eller å innsjå at slik må det vere; å slå seg til ro med det som måtte kome, anten det handlar om noko godt eller noko vondt som livet byr fram.
Det er på ein måte slik at eg og livet inngår eit forlik – slik skal det vere heretter!

Men når ein opnar den store nynorske ordboka, ser ein snart at dette ordet, forsone, det er eit religiøst ord. Eit teologisk omgrep. Orda Kristus og Gud dukkar opp i ordboka omtrent med det same når dette skal forklarast. Og så står det noko om at å forsone også betyr å mildne eller å forlike. Vi kjenner for eksempel uttrykket «Å halde eit forsonande innlegg».

Kven er det som må forsonast?
Det er Gud og eg. Det er du og Gud. Menneske, alle som ein, må bli forsona med Gud.

«Alt er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg…»
Orda som Paulus i si tid skreiv til kyrkjelyden i Korint i det andre brevet hans til dei kristne i denne greske storbyen, dei orda er ikkje spesielt enkle å begripe for oss som les dette i dag.

Men om vi greier å trengje inn i dei, om vi kan få eit glimt inn i løyndomane som gøymer seg i desse innhaldsmetta setningane vi får servert på denne gudstenesta, så er det verkeleg ein skatt vi kan ta med oss heim att frå Hamre kyrkje denne søndagen.

«Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»
Lat oss prøve å forstå kva vi les og høyrer.

Gud forsona verda med seg.

Ein annan måte å seie det på, er at Gud gjorde opp med eit fiendskap. Han bygde ei bru over ein avgrunn. Ei forsonande bru som du og eg kan gå over. Vi kan gå over frå eit liv i nederlag, synd og opprør mot Gud, til eit liv tufta på Guds tilgjeving, hans kjærleik, og håpet dette fører med seg.

Det er diverre alt for lenge mellom kvar gong vi prestar set ord på det som er det store alvoret med å vere menneske: Nemleg at vi har rota oss bort i alle følgjene av det vi omtalar som synd, f.eks nå vi kvar søndag seier fram syndsvedkjenninga.
Vi kallar oss for syndarar. Det kostar kanskje ikkje så mykje, så lenge vi aldri verkeleg stoggar opp og tek innover konsekvensen av synda – nemleg døden, og i verste fall, døden som blir eit evig skilje mellom meg og Gud.

Slik blir det, om vi ikkje vil la oss forsone med Gud.
Men altså, i dag kan vi gle oss over desse orda: «Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»

Det har, heilt frå syndefallet, vore eit fiendskap mellom Gud og syndige menneske. Gud og synd passar ikkje saman. Synd er årsak til eit fiendskap som må ryddast bort for at livet skal bli heilt igjen.

Når vi har gjort urett mot våre medmenneske, urett som kan skape uvennskap, eller endå verre, hat og fiendskap, så kan vi i møte med dei vi gjorde urett, be om orsaking for eit vondt og uvennleg ord. Vi kan betale ei skuld vi har sett oss i. Vi kan reparere på det som har gått sundt eller har falle saman i vårt forhold. Men alltid i møte med eit medmenneske må vi gå til den verkelege rota for å rette opp det vi må forsonast om når det har oppstått fiendskap.

I forholdet mellom Gud og meg – mellom Gud og deg, har Gud teke initiativet. Han vil at vi skal bli forsona med han som våre liv står i motsetnad til fordi vi lever i synd, og med synd, i alt det vi er som menneske.

Han har bygd ei bru over ein avgrunn som skil meg og Gud. Brua er ein kross. Der let Gud son sin lida døden i staden for at eg skulle døy som ei følgje av syndene mine.
«Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»

Moderne menneske har vanskeleg for å fatte alvoret i det å vere syndar. Vi er rett og slett ikkje uroa over å vere syndarar.  Vi trur at alt er bra med oss, så lenge vi gjer så godt vi kan. Vi lar oss forføre av polerte, fargerike reklamesnuttar som fortel at vi kan vere smilande og lukkelege «-fordi vi har fortent det»

Bibelen er nok meir tung på labben enn ein middelmådig såpereklame.

Vi ser at det er menneske som reagerer på framstillinga av Gud. Folk som opplever Gud som ein tyrann som let son sin døy på bestialsk vis. Folk som rett og slett ikkje vil tru at ein slik Gud faktisk finst. «Det er ikkje min Gud» vert det sagt, og så prøver dei å skape seg ein gud, konstruert etter eigne tankar og forstillingar.

Som prest har eg fått ei oppgåve som eg gjennom meir enn 40 år har gjort det eg kunne for å fullføre. Eg har prøvd å ta på alvor det Bibelen vitnar om Gud, og om sonen Jesus Kristus. Der er mi tru grunnfesta, og eg er veldig takksam for at eg skulle få denne sjansen her på Osterøy til å løfte fram det som står i denne korte bibelteksten for i dag:
«Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.»

 

AMEN

Bloggarkiv