torsdag 30. januar 2020

Fullt hus


5. s. i openberringstida. I. 02.02.2020
Haus (Gudsteneste med suppleringsval til soknerådet)
Mark. 2,1-12
Fullt hus.
Det er gøy med fullt hus når vi innbyr til eit møte med Jesus. Slik vi gjer det i kyrkjene våre på søndagane. Av og til fyllast det også godt opp. Trongt i benkeradene. Varmt og klamt kanskje.  Vi helsar og nikkar til kvarandre på slike dagar, og gler oss over storhendingar.

Men det er for sjeldan at det faktisk er slik i våre kyrkjer. Dei siste vekene har eg jobba med statistikken for prostiet vårt. Då ser eg at det går for lenge mellom kvar gong vi har det som på julaftan eller på konfirmasjonssøndagane. Her i Haus har det vore ein liten nedgang i kyrkjesøkinga frå 2018 til 2019. Ikkje dramatisk stor. Det meste kan forklarast med ein konfirmantflokk som berre utgjorde halvparten av flokken året før. Det utgjer mange kyrkjebesøk gjennom året. 

Dette kan fort snu seg, og i det nye året vi har kome godt i gang med, vil vi heie på kvarandre. Vi vil invitere. Vi vil gjere det vi kan for å fylle tettare opp i kyrkjebenkane. Tenk om vi kunne auke gjennomsnittet for kyrkjebesøk i Haus i 2020 til å passere 100 personar! Det er å setje seg eit høgt mål, men ikkje eit urealistisk mål.

I dag skal vi komplettere soknerådsvalet som ikkje gjekk heilt i boks i haust. Eg ynskjer dei som vert valde i dag all moglege lukke med å finne gode måtar å invitere folk inn til oss.
Frå mi side har eg to stikkord som eg har tru for kan hjelpe oss til å få fleire til å kome til kyrkje:
a) Få i gang søndagsskule.
b) Invitere kor og musikk-krefter utanfrå til å delta i gudstenestene.

Eg har gått gjennom mange statistikkskjema dei siste dagane. Då har eg merka meg at alle sokn som har hatt auke i oppslutninga om gudstenestene sine, dei har også hatt søndagsskule.
Kanskje sit det nokon i kyrkjebenkene i dag som kjenner på at dette er ei oppgåve eg vil gå inn i? Då må du snakke til. Kontakte soknepresten eller nokon i soknerådet.

Det er så kjekt med fullt hus!
Men det kan av og til vert litt i overkant fullt.
Slik var det ein dag i Kapernaum. Kapernaum var ein liten by ved Galileasjøen som på Jesu tid hadde ca. 1500 innbyggjarar. Det står om denne byen i Matt 4,12 at «Han (Jesus) flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen..»
Etter ei rundreise i Galilea der Jesus i ei tid hadde reist omkring og forkynt i synagogene, drive ut vonde ånder og lekt ein spedalsk mann, står det på slutten av kap. 1 hjå Mark. at den friske, tidlegare spedalske, mannen alle stader fortalde om det som hadde hendt. «Etter dette kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. … - folk kom til han frå alle kantar.» (Mark.1,45)
Då er det at Jesus i flg. innleiinga til vår preiketekst vender heim. Han vil ha fred og ro i eige hus i Kapernaum. Men det var lettare sagt enn gjort. Det står om det som hende:
« - det vart kjent at han var heime. Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.» (Mark. 2,1b-2)

Fullt hus!
Visst er det spanande når det vert oppstyr rundt Jesus. Når folk strøymer til og vil høyre meir om han.  Fordi dei allereie har høyrt eit rykte. Ord om lækjedom. Ord som har utfordra. Handlingar som er underlege. Nesten utrulege.

For nokre tiår tilbake i tid så høyrde vi rett som det var om det vi kalla for vekkingar her på våre kantar av landet. Gjerne i tilknyting til bedehusa rundt omkring. Eg var ung gymnasiast då eg var vitne til dette i bygda der gymnaset låg. Folk fylte det store bedehuset kveld etter kveld. Kyrkja måtte opne dørene for å få rom til alle som kvar einaste kveld ville inn og høyre om Jesus. Det var fullt hus i månadsvis. Mange fann ei trygg og god tru på Jesus ved det som hende. Men det var også nokre som vart skuffa, og dei kom ikkje tilbake.

Eg eg ikkje sikker på at vi skal drøyme om at nett slike tider må kome i reprise.
Men det må vere lov å håpe på at dører skal opne seg i kyrkjene våre, også i denne kyrkja vi har samla oss i nett no, og at det er ei folkemengd utanfor som er stor og velviljug innstilt til å få eit møte med Jesus.

Om det som hende i Kapernaum står det om Jesus at han forkynte Ordet for dei.
Jesus går ikkje lenger rundt på jorda. Og her på Osterøy er korkje soknepresten eller prosten av eit slikt kaliber at vi skal samanliknast med Meisteren.
Men vi representerer ei kyrkje som har sett oss prestane til å forkynne Ordet. Inn i vår tid. Til alle som vil høyre.
Og vi prestar er heldigvis ikkje åleine om dette oppdraget. Vi har betalte medarbeidarar. Det finst friviljuge medarbeidarar. Det finst foreldre og besteforeldre som vil vere utanfor kyrkjedøra og invitere borna og dei unge inn til eit møte med Jesus.

I dag har vi samla oss, ein flokk frå kyrkjelyden på Haus i kyrkja vår til ein viktige søndag for heile kyrkjelyden.
Til liks med alle som går til kyrkje rundt om i landet, vert vi møtt av ord frå Bibelen som tek tak i oss og fører oss inn i kjernen av det kristne livet. Vi høyrer om Jesus. I dag handlar det om ei tru som i fellesskap fører andre menneske til Jesus; om tru som opnar veg både for frelse og for helse fordi vi kjem inn i huset der Jesus er å treffe.

Evangeliet i dag handlar om ein lam mann som på eiga hand ikkje kunne kome seg inn i huset i Kapernaum der Jesus budde. Fire menn tok den lamme mannen mellom seg. Mannen låg på ei båre og dei var på veg til huset der Jesus var. Men det var altså fullt hus. Aldeles stapp fullt hus. Ikkje ein gong fram for døra var det rom for dei fire som bar den lamme. Men inne i huset var Jesus. Der talte han Ordet, står det. Då gjorde dei det geniale: Opna eit hol i taket og firte den lamme ned til Jesus.

Eg kan ikkje kome på nokon annan stad i Bibelen der vi får eit betre bilete på kva det kristne fellesskapet av menneske som trur på Jesus kan utrette, enn denne forteljinga viser oss. Dette er eit verkeleg godord til alle som vil vere med på det som går føre seg i ein kristen kyrkjelyd, som denne på Haus.

Vi møter nokon som i tiltru til Jesus tok eit tydeleg ansvar for eit anna menneske som tilfeldigvis var sett utanfor, som ikkje makta å finne vegen til Jesus på eiga hand.
Her handla det om ein lam mann. Ein som ikkje kunne gå på eigne bein. Ein som ikkje kunne trengje seg gjennom folkemengda. Ein som var overlaten til seg sjølv og til sin eigen lagnad. Difor trongst det berarar. Og det trongst mot til å bryte seg inn der normale inngangar var stengde.

Det finst ufatteleg mange av slike som er overlatne til seg sjølve. Dei finst mellom oss som bur i denne bygda. Det er ikkje sikkert at dei er så lette å sjå, slik ved første augekast. Utanpå har dei same klede som alle andre. Dei bur i hus som liknar på det naboen har, og dei køyrer ein bil som kanskje til og med er finare enn gjennomsnittet. Men i høve til det å finne vegen inn dit Jesus er, så er dei åndeleg tala, lamma. Dei vågar ikkje å nærme seg Jesus.

I konfirmasjonstida høyrer dei unge mellom oss om Jesus. Dei får vite at dei ein gong vart døypte til å tilhøyre Jesus. Til å vere hans. På konfirmasjonsdagen kneler dei ved kyrkja sitt altar og opplever at det er godt at presten og kyrkjelyden ber for dei.
Seinare kjem mange innom Guds hus der Ordet vert tala når borna deira skal døypast, eller når foreldre eller besteforeldre eller tante og onkel skal leggjast i grava.
Dei fleste av oss er i kyrkja så pass ofte at ein heile tida anar litt av at dette er noko stort, men ein har berre opplevd ein ørliten smakebit. Likevel er kanskje det nok til at lengten ligg der. Lengten etter tettare fellesskap. Etter meir nærleik til Jesus. Etter å få høyre ord som kan tale frigjerande til hjarta: ”- Syndene dine er tilgjevne”

I dag skal vi i den kristne kyrkja her på Haus, vi som trur på Jesus, vere med ta eit tak i ei båre som kan bere slike menneske til Jesus. Menneske som på ein eller annan måte ikkje kjem seg heilt inn til han. Menneske som opplever at det er for fullt av folk rundt Jesus til at det også er plass for dei. Menneske som lengtar etter tettare samfunn med han, men som ikkje vågar seg inn mellom alle dei som fyller opp huset hans. Menneske som er stengde ute frå det kristne fellesskapet av fordommar og angst for å inkludere dei som er annleis.
I dag skal vi vere med på å velje ut nokre av dei som vert utfordra til å bere andre fram for Jesus. Eit nytt sokneråd har det som si oppgåve. Dei skal arbeide for alt som kan vekkje og nære det kristne arbeidet i soknet. Det er ei veldig viktig oppgåve, og difor er det også viktig at vi som no er i lag om å velje ut desse menneska, også hugsar å be for dei slik at dei kan gå inn i oppgåva  med frimot og glede. 

Dei skal vere kyrkjelyden sine fremste berarar. I tru skal dei vere med på å bere naboar og vener til Jesus. Men vi som ikkje er i soknerådet er gode medberarar.
Vi eig ei tru som ber. Vi vil bere i lag slik at huset der Jesus er å finne kan bli fullt. Fullt hus i kyrkja. Og endå meir: Fullt hus i det evige Guds rike!

AMEN

torsdag 2. januar 2020

Vi går vidare


Kristi openberringssøndag. I. 05.01.2020
Åsane kirke. Konfirmantsøndag. Misjonssøndag.
Matt. 2,1-12
I dag går vi vidare.
Vi går etter kvart ut or jula no.
Vi går inn i eit nytt år som berre så vidt har vakna etter rakettar og nyttårsfeiring.
Vi går vidare ut or mørketida. Dag for dag skal det lysne. Heilt til vi når midtsommar om enno mange månader.

Og i dag må vi tru at det etter kvart også skal tørke opp rundt oss. At regnet skal ta ei pause. At vi kan få eit ørlite håp om at eit klima i endring skal kome under kontroll, fordi vi og alle endrar vår måte å leve på.

Vi går vidare i lag med alle dykk konfirmantar som set farge på, og gjev liv til denne gudstenesta.
Eg håpar at du som er midt i konfirmantførebuinga opplever at det er meiningsfullt å gå eit stykke veg av di ungdomstid her i denne kyrkja. I lag med dei andre konfirmantane og alle dei du møter her. Vi vil enno vere i lag med dykk fram mot den store høgtida i mai. Vi går vidare i lag. Mot lyset, mot høgtid og glede.

Vi høyrde nett korleis nokre av dykk konfirmantane las for oss her i kyrkja, ord av den gamle profeten Jesaja:
«Folkeslag skal gå mot ditt lys,
konger gå mot din soloppgang»
(Jes. 60,3)

Bli med oss mot lyset på denne søndagen som vi kallar for Krist openberringsdag.

To ting har vi eit ekstra fokus på i denne gudstenesta.
Det eine er dykk konfirmantar. Vi gler oss over å vere i lag med dykk. Vi takkar for måten de tek del i Åsane kyrkjelyd si gudstenestefeiring. De som er konfirmantar utgjer eit viktig hjarteslag i heile kyrkjelyden sitt liv. De er ein del av alt som skjer her i dette kyrkjehuset.

Det andre vi har fokus på i dag, er misjon. Også det er eit hjarteslag for ein kyrkjelyd.
Det må vi no seie litt meir om.

Kanskje kan eit viktig ord hjelpe oss til å forstå kva misjon er? Det ordet eg nettopp siterte på nytt, og som vart lese av ein av dykk konfirmantar: «Folkeslag skal gå mot ditt lys, konger gå mot din soloppgang»
Misjon handlar om at folkeslag, også det norske folket, skal sjå lyset. Guds lys. Sjå Jesus, han som kallar seg sjølv for lyset i verda.

I dag har vi bore inn to flagg i kyrkja vår. Flagget frå Thailand. Og flagget frå Kina.
Det er fordi vi i Åsane har forplikta oss til å støtte og hjelpe nokre av dei som arbeider i Thailand og i Kina med å peike på dette lyset. Peike på Jesus. Fortelje til menneske som kanskje aldri har høyrt det før, at vi trur på ein som heiter Jesus. Han er så viktig for oss, at vi ikkje kan la vere å fortelje andre om han.

Jesus har også lært oss at vi som trur, vi som kallar oss kristne, vi skal også vere tydeleg frampå med å hjelpe til der andre menneske lir naud. Vere medmenneske i møte med menneske som lever i fattigdom. Menneske som manglar grunnleggjande verdiar for å ha eit verdig liv. Ikkje eit liv i overflod. Men eit godt liv.

Vi skal ikkje hjelpe berre dei som tenkjer og trur slik som vi sjølve gjer. Misjon vil ikkje la seg avgrense av grenser. Av kultur. Av ukjende måtar å leve livet på.

Vi går vidare frå ein stad om vi blir avviste og jaga bort. Men vi vil ikkje gå bort fordi vi som kristne ser på andre som fiendar. Vi vil snakke med alle som vil lytte. Vi vil tenne lys, og fortelje at det lyset som heiter Jesus er vår leiestjerne gjennom livet. Vi gjer det samstundes som vi vil lytte til deira forteljingar som trur annleis, snakke med dei som tenkjer annleis og som lever annleis enn vi sjølve gjer.

Vi er trygge i det vi trur på. Vi gler oss over det lyset vi har sett. Og vi lar oss ikkje skremme når andre vil ta oss med inn i eit mørke.

På denne søndagen har vi også lese om vismennene frå Østen. Dei som såg ei stjerne på himmelen, og forstod å tolke teiknet. Dette mysteriet på stjernehimmelen som viste veg frå himmelen til jorda der eit nytt lys var tend. For eit barn var fødd. Det var Jesus. Han kalla seg sjølv for verdens lys då han vart vaksen.

600 år tidlegare hadde profeten spådd at «folkeslag skal gå mot ditt lys»
Vismennene frå Østen var oppfyllinga av den profetien. Dei var dei første av folkeslaga som fekk sjå lyset. Dei fekk møte barnet. Dei fekk bere fram gåver, og dei fekk tilbe barnet i lyset frå den store stjerna. Dette hende i den aller første jula. Og det som hende gjorde vismennene «fylt av jublende glede.»

Men samstundes var vismennene i utkanten av det djupaste mørket. Terroristkongen, Herodes, var ute etter å sløkkje lyset. Han tok despotiske midlar i bruk for å ramme den nyfødde Jesus.
Herodes fekk høyre om den han trudde var ein konkurrent til hans kongemakt, eit nyfødd gutebarn som det syntes å vere skrive i stjernene om, og han ville vere trygg på at dette barnet ikkje skulle overleve. Difor utførte han ein av dei verste terrorhandlingane historia kjenner til. Han let drepe alle gutar under to år i byen Betlehem.

Men Herodes lukkast ikkje å sløkkje lyset. Gud held sine hender over sonen sin.
Difor kunne også Jesus gå vidare ut i livet, gjennom døden på krossen, og så kome tilbake ved å stige ut or grava han vart lagd i etter krossfestinga og døden.

Slik vart Jesus det lyset vi har sett og som vi trur på.
Med ansiktet løfta mot dette lyset vil vi gå inn i toget av folkeslag frå alle verdens kantar som ser mot himmelen, og i glede verte fylte av trua på han som den store stjerna viste vegen til.

Vi går vidare i dag. Vidare ut i verda for å vere glade vitne om Jesus; om han som er det store lyset som stjerna viste vegen til.

AMEN.

Bloggarkiv