søndag 23. februar 2014

Fjellturen

Kristi forklåringsdag I. 23.02.2014
Arna
Matt. 17,1-9

Etter at eg vart bestefar for litt over tre år sidan, har eg av og til tenkt på noko eg ikkje hugsar var så framme i tankane mine dei gongane eg sjølv vart far. Eg har sett på dei små når dei låg i senga eller i vogna. Søvnen var djup og god, og alt var berre fred og glede. Så vakna dei. Språket deira for å fortelje at no var ville dei verte tekne hand om, det var gråten. Og mor eller far var aldri seine om å sjå til dei. Av og til fekk til og med farfar denne hyggelege oppgåva.
Det eg lurer på er kva for tankar barnet gjer seg når mors ansikt smiler over senga? Når fars armar løfter det gråtande barnet slik at roen kan senke seg? Eller endå til – når barnet ser det grå skjegget til farfar og smiler mot han?

Det er heilt opplagt at noko går føre seg inne i hovudet til barnet. Men vi får aldri den vesle til å setje dei vaksne orda på det.
Likevel forstår vi at det er noko velsigna godt barnet må tenkje. Noko som jagar gråten på dør. Noko som skaper ein trygg atmosfære. Forventning om mat. Om å verte tørr. Om sterke armar som skal bere.
Det er ein lysande augneblink kvar gong det skjer, om enn aldri så trøyttande når det skjer ofte, eller midt på natta.

Framfor meg nett no, sit de som er ekspertar på dette. Småborna i fanget dykkar er borne til dåpen nettopp. Med glede og med fred var vi gjennom denne handlinga. Ei privilegert handling å utføre for ein prest. Vere der på Guds vegne. Sjå inn i dei nyfødde augo, og innimellom få eit strålande smil tilbake midt i den heilage handlinga.

I dag vil eg gjerne peike på eit anna ansikt som ser ned på desse små. Eit ansikt som lyser mot dei ved døypefonten. Eit par augo som vaker over dei ved senga eller i vogna. Ein som kjenner dåpsborna. Men ikkje berre dei. På same måten føl hans varme augo søsken og nybakte foreldre. Han gløymer ikkje gråhåra besteforeldre heller, eller krokete odlingar. Han er vaken når unge konfirmantar tek forsiktige eller uforsiktige steg ut i ei lokkande verd med spanande utfordringar, anten det er ein sein lørdagskveld eller i ein myldrande kameratflokk på skulen. Han vaker. Han ser.
Ein dag fekk hans aller næraste vener sjå dette ansiktet som i dag ser oss alle. Eit ansikt dei trudde dei kjende så godt. For Peter, Jakob og Johannes var i lag med Jesus kvar einaste dag. Dei høyrde han tala. Dei såg at han gjorde store og underlege ting. Lækte sjuke. Metta tusenvis med berre ein nistepakke. Sjølvsagt kjende dei Jesus. Trudde dei.

Heilt til fjellturen.
Det var Jesus som inviterte med, og Jesus visste nok kva som skulle hende. Jesus valde altså ut tre av dei læresveinane som stod han aller nærast, Peter, Jakob og Johannes. Dei skulle på fjelltur, og dei la i veg oppover.

Eg trur dei hadde det akkurat slik du og eg har det når vi går til fjells. Motbakkane kan vere bratte. Sveitten kjem fram. Vi pustar og pesar, men går på for vi veit at det er så flott å kome opp. Og kanskje er det slik når vi går saman med andre, at det er ein eller annan spreking i følgjet som alltid skal gå litt fortare slik at vi får problem med å hengje på. Eg trur både Jesus og følgjet hans var skikkeleg peste når dei kom til toppen. Sveitten rann og det var godt å slengje seg ned i bakken.

Då var det hende. Dei tre såg opp for å prate litt med Jesus, men det hadde hendt noko aldeles forunderleg.
Det var ingen sveitt Jesus som stod attmed dei. Det var ein skinande Jesus. Ein totalt forandra Jesus. Så forandra, at dei nesten hadde vanskeleg å forstå at det kunne vere Jesus, men – jau! Det var han.

Ansiktet hans skein som sola, står det, og kleda hans var kvite som lyset.
Det  desse tre læresveinane fekk sjå, var ikkje noko mindre enn eit glimt inn i himmelen, dei fekk ei aning av korleis det er der Gud høyrer heime, der Jesus eigentleg kom frå før han vart menneske og kom inn i vår verd. Det var Jesus som vart forklåra for augo til Peter, Jakob og Johannes.

Men det var framleis ikkje slutt på merkeleg hendingar på fjelltoppen. For mens Jesus vart forandra framfor augo deira steig det brått to personar til inn mellom fjellvandrarane. Dei dukkar opp, Moses og Elia. Underet hender. Ut or ingenting står dei der. Som om dei kom dit frå ei fantasifull tidsmaskin i Donald Duck. Korleis det hende forstår vi ikkje. Men ei historie på tusen år var som om den var viska bort. No var dei her; han som representerte Lova i GT, Moses, og han som representerte profetane i GT, Elia. Begge tala dei med han som skulle oppfylle lova og profetane, Jesus Kristus. (Matt.5,17)

I det vi møter i denne teksten, er korkje Moses, Elia eller nokon av dei tre læresveinane hovudpersonar. I det som skjer på fjellet denne dagen, er det Jesus som står i sentrum. Han som vert forklåra for augo på dei som er med på den underfulle hendinga.  Han som strålar som sola og som skin som lyset.
Og som for å krone heile dette ufattelege,  så lyder det ei stemme frå himmelen. Guds stemme. Det kom «- ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei  røyst: «Dette er Son, han som eg elskar, i han har eg  mi glede. Høyr  han!»
Det veldige som læresveinane fekk oppleve gjorde dei audmjuke, redde og underdanige. ”Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.”
Slik er det å kome nær det guddommeleg for eit vanleg menneske. Det vert for sterkt. Til og med Jesu aller næraste vener tolte ikkje det veldige dei fekk sjå og høyre. Dei kasta seg ned etter å ha sett den gamle og den nye pakt møtast på fjellet i guddommeleg glans.
Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.

Peter fortel seinare om denne opplevinga. Det han og dei andre hadde sett på fjellet saman med Jesu hadde gjort eit mektig inntrykk. Det hadde teke bort deira tvil på om Jesus kom frå Gud, om Jesus var Messias. Opplevinga fortalde dei vidare til andre, sjølv om Jesus bad dei om å vente med å fortelje til etter han var død.

Fjellturen tok til slutt ende. Dei fire gjekk ned igjen frå fjellet. Borte var glansen. Borte var dei to gamle frå fortida. Det var dei tre og Jesus.

Så sit vi her i Arna kyrkje på denne søndagen. Her nede i låglandet. Vi ser mot dei høge byfjella rundt Arnagryta. Kanskje er dette typisk for situasjonen til mange norske kyrkjelydar. Vi er nede i det låge. Vi ser fjella, og skulle gjerne våga oss opp dit. Våga oss nærare Gud. Tettare inn på han. Men vi orkar ikkje. Eller vi vågar ikkje.
I dag skal du få vere nettopp her.
Og i dag skal både du og eg få kvile i å vere som Jesu nære vener – ein som litt trøtt etter ein strevsam dag eller ein strevsam tur ute i det verkelege livet treng å få kvile ut.
Kanskje har du det som desse dåpsborna har det? Du er hjelpelaus og har berre gråten som kan uttrykkje det som du ber på.

Over deg i dag er det eit lysande ansikt som bøyer seg over deg. Det strekkjer seg to streke armar mot deg og vil hjelpe deg opp. Støtte deg vidare.
Det lyder ei himmelsk, guddommeleg røyst som vil fortelje deg kven dette er: «Dette er Son, han som eg elskar, i han har eg  mi glede. Høyr  han!»
Løft blikket på denne dagen. Dagen som er ei Guds gåve til oss alle. Det er ein som vil vise seg for deg, omtrent som når far eller mor kjem til senga der den vesle uttrykkjer at det er tid for stell og omtanke. Løft augo dine og sjå det som læresveinane fekk sjå:
«- då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus»

AMEN

søndag 16. februar 2014

Levande ord

Såmannssøndagen I. 16.02.2014
Åsane. Økumenisk gudsteneste på bibeldagen
Luk. 8, 4-15

Guds ord er levende og virkekraftig og skarpere enn noe tveegget sverd. Det trenger igjennom til det kløver sjel og ånd, marg og bein, og dømmer hjertets tanker og planer.
Eit levande og verkekraftig Guds ord. Slik høyrde vi nettopp at det vart lese frå Hebrearbrevet.

Forunderlege Guds ord. Forunderleg! Mange av oss som er samla her i kyrkja nett no, frå ulike kyrkjesamfunn og forsamlingar, vi kan stå opp og vitne nettopp om det. Om det forunderlege Ordet som tek tak i oss når vi minst ventar det. Som opnar seg for oss når vi treng trøyst. Som treff oss som ei svepe når samvitet vårt er vondt. Som hjelper oss til å finne veg og retning for livet vårt. Som har i seg stadig nye og aktuelle utfordingar inn i vår samtid. Etiske og moralske føringar. Retning for politikk og tanke. Men ikkje minst: Ordet er ein lyskastar som heile tida har ein i fokus: Jesus Kristus – frelsaren min. Verda sin frelsar.

Ordet er levande og verkekraftig. Sist torsdag fekk mange av prestane i Bergen eit vitnemål om det. Vi møtte ein gjest frå Cuba: Joel Ortega Dopico, presidenten i rådet av kyrkjer på Cuba. Ein mann på litt over 40 år som vaks opp med ein far som var sterk kommunist under påverknad av den store cubanske leiaren Fidel Castro. Vår gjest i Norge i samband med denne bibeldagen fortalde litt om sitt eige liv. Han hadde store planar om ei vitskapleg karriere. Han var som ung gut veldig glad i å lese. På besøk hjå ein kamerat såg han ein Bibel på eit bord. Han fatta interesse for den fine boka med gullskrift. Han fekk låne den heim og las frå 1.Mosebok til Johannes openberring. Dermed vart  livet hans endra. Totalt endra. Han fann sin plass i kyrkja. Til farens store fortviling la han alle planar om anna utdanning til side og valde vegen inn i presteteneste. Men først let han seg døype. Offentleg. Og i dag er han altså president for eit overordna råd for alle kyrkjer på Cuba. Som han sa: «Alt fordi eg såg den boka. Bibelen. Fordi eg las.»

Guds ord er levande og verkekraftig.
Og på Cuba veks og spirer det. Med rekordfart!
På 10 år har talet på evangeliske kristne dobla seg. Frå 400.000 til 800.000 kristne.
Kyrkjene er fulle av folk. Men dei er tomme for biblar. Difor brukar Det Norske Bibelselskap denne søndagen til å rette fokuset mot denne øya like utanfor USA. Der står unge i kø for å utdanne seg til pastorar. Men studiebiblar er katastrofal mangelvare.

Salvador Miranda Fernadez er 76 år. Han er medlem av metodistkyrkja. Der kjem det stadig nye kristne. For å hjelpe litt med bibelmangelen sit den gamle mannen om kveldane og skriv bibeltekstar av for hand med gjennomslagspapir og deler dette ut til dei nye som kjem til. Imponerande gjort av mannen. Men det monnar lite.

Vår cubanske gjest til prestemøtet vi hadde sist torsdag starta sin enkle kommentar til preiketeksten i dag, såmannslikninga,  med følgjande tankevekkjar: Jesus fortel oss at vi skal så. Så Guds ord over alt. I alle slags jord. På steingrunn, langs vegen, blant tornebusker, og i den gode jorda.
Men, sa han, - kva gjer vi når vi har massevis av god jord å så i, men manglar såkorn?

På Cuba ligg den gode jorda open. Der spirer og gror det ordet vert sådd. Men dei manglar såkorn. Dei manglar Biblar.
Det vil vi her i kyrkja hjelpe litt til med når offerposane vert sende rundt seinare i gudstenesta.

No kan vi ikkje vere på Cuba gjennom heile denne preika.
Også her i Åsane og i Bergen handlar det om at Guds ord er levande og verkekraftig. Også hjå oss skal vi så. Så Guds ord over alt. I alle slags jord. På steingrunn, langs vegen, blant tornebusker, og i den gode jorda.
Vi høyrer om dette. Vi les om dette. Vi gler oss over det vi veit stemmer.
Men så ser vi rundt oss. Spirer det? Veks det? Er det grønt rundt oss på kyrkjebakken? Eller er det brunsvidd? Asfaltert, kanskje? Eller overvakse av busker og kratt som kveler det som vil opp og fram?
Har vi god jord å så i? Vi har nok av såkorn. Biblar i massevis. Ordet lyder frå preikestolane søndag etter søndag. Men haustar vi den fullmodne frukta?
Heldigvis ber ordet frukt, også i våre samanhangar.

Vi i Åsane menighet er glade for born og unge som vert døypte og konfirmerte. Vi har sett konfirmantar i dag som er flotte representantar for dei som skal fylle kyrkjene våre når dei eldste etter kvart døyr bort.
Men det vil vere å stikke hovudet i sanden å late som om det vi ser berre er frukt og glede. Vi ser også mykje nedtrampa såkorn som spirte litt, men som det ikkje vart meir av. Vi ser det som er kvelt av sorger og rikdom og nyting. Og vi høyrer den hule klangen når vi trampar over steingrunnen og prøver å så der.

På Cuba har talet på kristne dobla seg på ti år.
Det gler vi oss over.
Det ber vi om skal skje også i vårt prosti, i vår bydel, i våre kyrkjelydar.
Men då må ordet først få verke i mitt liv. Som eit skarpt  og tveegga sverd. Ordet må få skjere inn i ditt liv, levande og verkekraftig, utan at du eller eg gjer anna enn å lytte og opne oss for det Gud har å seie oss.

Akkurat i dag talar han til oss om god jord. Jord som eigentleg er det som bur i hjarta ditt. Lytt til ordet, og ta det til deg når det i dag lyder slik:
Men det i den gode jorden, det er de som hører ordet og tar vare på det i et fint og godt hjerte, så de er utholdende og bærer frukt.
AMEN

onsdag 5. februar 2014

I fengselet

Innsetjing av fengselsprest Børge Ryland
Bjørgvin fengsel, 05.02.2014
Rom. 4,7-8 (frå 5. s. i openb.t. I)

Kjære Børge.
Til lukke med ny jobb. Med ny stilling.
Du har mange år bak deg som prest i Den norske kyrkja. Du har hatt prestekjolen på deg tallause gonger. Du har konfirmert og døypt. Du har vigsla brudepar og gravlagt døde. Og du har gått ut og inn av kyrkjehus og privathus over heile Nordhordland i fleire tiår.
No skal du utføre ein bit av prestetenesta som har ein litt annan karakter enn det du er van med.
Men ikkje mindre viktig av den grunn.
Til dykk som er i lag med oss på denne gudstenesta her i Bjørgvin fengsel, vil eg gjerne seie: Gratulerer med dagen! Gratulerer med ein ny medarbeidar.
Gratulerer med ein ny medvandrar til dykk som er her i fengslet av ei årsak som gjer at vi byggjer fengsel. Noko har hendt som gjer at samfunnet må tale eit tydeleg språk om ansvar og om konsekvensar av det som ligg bak.
Ein av dei som skal vere til hjelp når det skal talast og samtalast med dykk, det er denne nye fengselspresten. Det er Børge. Ta vel i mot han. Han har mykje å gje dykk, mykje å lytte til og mykje å respondere på, gje dykk tilbakemelding om.
Til dykk alle, og akkurat no; mest til Børge, har eg eit bibelod eg vil løfte fram. Dette er utdrag av det alle som var i kyrkje ein eller annan stad i landet var møtt med sist søndag. For då las vi frå Romarberevet kap. 4. I det 7.og 8.verset står det:
Salige er de som har fått sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult. Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner synd.


I eit fengsel må og skal det handle om soning. Om oppgjer. Om ein veg vidare.
I kyrkja må og skal det handle om soning. Om oppgjer. Om ein veg vidare.
Difor har du som fengselsprest ei dobbel oppgåve. Du skal hjelpe fengselsvesenet til å formidle kvifor vi har fengsel. Du skal hjelpe dei som sit i fengsel til å akseptere, forstå, og å kome vidare i livet når tida her inne er over.
Men du skal også løfte fram det fantastiske som gjeld oss alle, det som er frå Gud, og som er heilt uavhengig av prestekjolar, uniformer, nøkkelknippe eller om vi må sove på ei låst celle, avsondra frå resten av samfunnet og frå dei menneska vi er glade i.
Når vi kvar for oss stig fram for Gud handlar det om at vi alle ber med oss nederlag som fører oss inn i ein posisjon der vi må gjere soning for våre brot. Gjere opp for det som kyrkja og Guds ord omtalar som synd.
Då lyder det til oss alle:Salige er de som har fått sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult. Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner synd.
Kjære Børge: Du skal vere ein medvandrar for dei som er i fengsel.
Du skal vere prest for dei som er i fengsel. Du representerer kyrkja. Men mest av alt representerer du Gud.
Gjev ordet frå Gud som vi fekk høyre sist søndag vidare til dei du møter på denne spesielle plassen.
Dette er ord som kan setje fri, også om ein for ei tid er låst inne: 
Salige er de som har fått sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult. Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner synd.
Hjarteleg til lukke med arbeidet som prest i Bjørgvin fengsel, og ver likeeins velkomen som medarbeidar i Arna og Åsane prosti der du i 20% av arbeidstida di også skal gjere teneste.


Bloggarkiv