fredag 21. januar 2022

Oppreist

 

4. s. i openberringstida. III. 23.01.22
Bardu
Luk. 13, 10-17

 

I evangelia møter vi mange menneske som var nedbøygde av mange grunnar, Som gjekk rundt i livet og bar på noko tungt, noko som gjorde  ryggen  krum, nakken bøygd og knea skjelvande.

Det kunne vere ein lam som måtte ha hjelp for å finne seg ein stad i vegkanten eller på torget for å møte rike menneske med sitt bedande og tiggande blikk.

Eller vi høyrer om dei med verkbrotne og nedbrotne lemmer. Kanskje var det leprabasillen som hadde sendt dei ut i grenselandet mellom øydemark og sivilisasjon der familien bar mat ut til dei ureine som var smitteberande med ein langt verre sjukdom enn dagens covid.
Urein, urein, ropa dei om seg sjølve for å halde avstand, langt over meteren. Sjukdommen og skamma var forferdeleg. Slik var det i Israel på Jesu tid, og slik var det her hjå oss like fram til vår eiga tid.
Den aller siste spedalske i vårt land budde i min heimkommune. Han døydde  i 1957 i Bergen, og i NRK sine gamle arkiv går det enno an å høyre intervju med denne mannen.

Tenk også på dei mange andre skamfulle, med blikket i bakken, som vart hersa med av mektige og store, av dei  som var rike og som sat med makta til å dømme, og i verste fall til å mishandle. Vi ser for eksempel for oss forteljinga om kvinna som dei skriftlærde mennene ville kjeppjage og steine fordi ho var teken på fersken mens ho gjorde ekteskapsbrot. Heilt fram til dei la saka hennar fram for Jesus og alt snudde seg. Det kan vi lese om i Johs. 8

Og eg trur at den krumbøygde kvinna som stig mot oss i denne forteljinga vi har lese i dag, også var av dei skamfulle.
For aksepten for den slags funksjonshemming i Jesus samtid var neppe særleg stor.
I 18 lange år har ho gått der med sin krokete rygg og stira ned for seg.
Ho var sikkert sett utanfor det meste av det sosiale livet som dei fleste andre tok del i. Truleg var ho aldri ein kandidat til å få seg ein mann og stifte familie. Det står ikkje noko om det, men det er lett å forstille seg at ho var ei av dei som sat med tiggarskåla på byens torg.
Når det på toppen av dette også står at diagnosen og årsaka til den bøygde ryggen hennar er sett i samanheng med det som kallast ei sjukdomsånd, og at Jesus sjølv seier at denne Abrahams dotter, altså ein kvinne med djupe røter i det jødiske folket, rett og slett var bunden av Satan gjennom desse 18 vonde åra, så hjelper ikkje det mot skamkjensle.

Desse forunderlege diagnosane kunne vi sjølvsagt brukt tid til å dukke ned i.
Ville Jesus, om han gjekk rundt mellom oss og kunne vise til moderne medisin og flotte sjukehus, brukt slike ord og uttrykk? Det tvilar eg på.
Eg vil ikkje seie meir om desse uttrykka, anna enn at vi må sjå dei i lys av det som gav meining for folk som høyrde på Jesus, som møtte han, og som var begeistra for det han gjorde, eller som tvert i mot heller såg på han som ein trøblete oppviglar i det religiøse miljøet rundt synagoga.

Denne kvinna møtte Jesus, og ho fekk endeleg rette ryggen. Ho fekk løfte ansiktet og møte andre sine ansikt. Det var eit betre og hyggelegare syn enn å stire ned for seg og berre sjå sine eigne, eller naboens, sandalar som var sveipte rundt støvete tær.

Denne kvinna møtte Jesus.
Slik også vi i dag kan få møte Jesus.

Jesus gjore to viktige ting.

Først dette at han gjorde noko med hennar naud. Med den krokete ryggen hennar. Han la hendene på henne, og ho kunne rette seg opp. Ho kunne lovprise Gud. Ho kunne sjå rundt seg. Ho kunne sjå menneske og natur, dyr og hus, frå det perspektivet ho var skapt til, ikkje slik sjukdomen hadde tvinga henne til å sjå tilværet sitt. Ho hadde sett det låge, det det støvete, det som alle gjekk og trakka på og i. No kunne ho sjå familien som smilte til henne, ho kunne gle seg over borna som leika, og over å setje seg til bords og nyte eit godt måltid utan å vere til bry og sjenanse for menneska som var hennar nære.

Jesus gjorde to viktige ting, sa eg.

Det andre han gjorde var å ta eit oppgjer med dei villfarne religiøse leiarane som hadde stivna til. Også dei var krumbøygde og skakke. Men det var i deira oppfatning av kva som var Guds vilje for menneska som levde saman på denne staden der Jesus no gjekk rundt mellom dei.

Forstandaren i synagoga fekk passet sitt påskrive at Jesus. Det er nesten som vi ser han for oss der han prøver seg med å kome drassande med det som var velkjende påbod og forbod som var knytte til sabbatsfeiringa. Arbeid var slett ikkje lov på den jødiske kviledagen. - Kva som helst, sa han – men styr unna lækjedom på denne eine dagen i veka.

Hyklarar! Jesus var skarp. Han var tydeleg. Og truleg vart han populær med ein slik reaksjon. Populær mellom vanlege folk, men på ingen måte i augo til synagogeforstandaren.

Det er nesten som vi den dag i dag høyrer ekkoet, snerten, av dei sylkvasse irettesetjingane frå Jesus: «Hyklarar! … Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet sitt frå båsen på sabbaten og leier dei ut så dei få drikke ?»

Kva er det som skjer?
Det er at Jesus ser at dei guddommelege reglane om korleis vi skal leve saman, dei vert plukka ut or sin samanhang, og nye, menneskeskapte lovar og reglar oppstår slik at vi står att under eit trykk av forventningar og eit finurleg forventningspress som fort får oss til å bøye nakken og krøkje ryggen og stå igjen som vanskapte kristne, utan glede, og i verste fall med skade på helsa vår.

I møte med denne evangelieforteljinga vert eg ekstra glad og oppbygga.
For her får vi malt opp for augo vår to velsigna gode sider ved Jesus.

Det eine er altså at vi har sett korleis han tek eit oppgjer med det som av og til kan synast som ein ibuande trong for religiøse, eller skulle vi i vår norske samanhang seie, kyrkjelege eller kristne, leiarar til å herse med menneska som desse leiarane heller skulle hjelpe til gode liv, og til innsikt i Guds gode vilje. Hyklarstempelet frå Jesu munn må mane kvar og ein av oss som er i ein slik posisjon til å granske Jesu ord endå djupare, og endå meir nøye slik at vi kan sleppe eit rettferdig hyklarstempel.

Men det andre vi har sett på, og som er det største i dagens evangelium, det er likevel å få høyre om at det går an å få rette ryggen for kvar einaste som av ein eller annan grunn kjenner seg krumbøygd, som stirer i bakken og ikkje mot sola.

Ein som har sagt nokre flotte visdomsord om dette er teologiprofessoren Notto R. Thelle i ei bok som heiter «Ditt ansikt søker jeg». Eg siterer frå boka[1]:

«Det er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen, strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.
Vi er ikke kalt til å kues med bøyde nakker og blikket vendt mot jorden. Da blir vi i stagnasjonen og veksten stopper opp. Vi er heller ikke skapt til å gå på tærne og strekke oss etter det som er over vår fulle lengde. Da ender vi i overanstrengelsen.
… Den virkelige utfordringen er å bli et menneske som lever i sin fulle høyde.»

Vi kan gjerne bøye oss for Guds storverk som han viser oss når vi får sjå kven Jesus er og kva Jesus gjorde og kva Jesus sa. Men vi skal ikkje gå inn i det sjukelege, det krumbøygde, det underkua.
Det står i det vi las frå evangeliet i dag at folket som opplevde desse hendingane med Jesus i sentrum, dei «gledde seg over alt det underfulle han gjorde»

Det skal også vi får gjere på denne søndagen, og vi gler oss i lyset frå evangelieordet, men gjerne også av dei kloke orda til teologiprofessoren: «Det er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen, strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.»

AMEN

 



[1] Notto R Thelle: «Ditt ansikt søker jeg» s.22

torsdag 13. januar 2022

Namnet

 

3. s. i openberringstida III. 16.01.2022
Nedre Bardu kapell
Johs. 1, 15-18

Når vi skal bli kjent med kvarandre, så er det alltid grunnleggjande at vi fortel kva vi heiter. At vi presenterer oss. Og då er det slik at nokre av oss er veldig treige til å hugse namn. Det er litt pinleg å seie det, men eg er ein slik som treng lang tid på å lære meg namn på nye kjenningar. Andre synest å vere reine ekspertar på å lære namn, og å plassere desse rett i årevis seinare, kanskje berre etter eit flyktig møte. 

I kyrkjene våre har vi no etter jul gått inn i den delen av det kyrkjelege året som vi kallar openberringstida. Då er det noko vi skulle bli betre kjende med, noko som skulle openberrast for oss.
Det er vel ikkje spesielt overraskande at det i kyrkja handlar om å gjere oss betre kjende med kven Jesus er, kvar han kjem frå, og kva som er hans viktigaste oppgåve.
 

I dag får vi gjennom det vi les frå Bibelen lære noko både om kven Jesus er, og om kven Gud er. Vidare om den tette samanhengen, eller skal vi heller seie: Om den merkelege einskapen det er mellom Jesus og hans himmelske far, Gud sjølv.

Vi høyrer først i dag frå eit lite avsnitt frå 2.Mos i GT. Forteljinga om då Moses fekk vite kva Guds namn eigentleg er. Det er ein underleg, men viktig samtale vi høyrde eit referat frå.

Det er Gud som presenterer seg sjølv for oss, så og seie! 

Da sa Moses til Gud: "Sett at jeg går til israelittene og sier til dem: Deres fedres Gud har sendt meg til dere, og de så spør meg: «Hva er hans navn? Hva skal jeg da svare dem?" Gud svarte Moses: "Jeg er den jeg er». Og han sa: «Slik skal du svare israelittene: Jeg er har sendt meg til dere." (2.Mos.3,13-14)

Gud, han som har det merkelege namnet ”Jeg er” eller ”Eg er” som det er naturleg for meg å seie, han møtte Moses. Han kalla Moses til leiar og førar for Israelsfolket. Og Gud gav seg til kjenne for Moses ved å presentere seg, ved å openberre namnet sitt. Gud heiter rett og slett ”Eg er”.

Kanskje visste du ikkje det før du kom til kyrkja i dag? Kva Guds namn er. Vi kallar han gjerne for Gud. For Far. For Jahve. For Herren. Gud har mange namn. Men når han presenterer seg for Moses kallar han seg altså for ”Eg er”.

Vi kunne brukt mykje tid på å forklare djupna i dette namnet. Det har vi ikkje tid til no. Men om du ikkje har lært noko anna i dag, så har du i alle fall lært kva Gud eigentleg heiter. Eg er heiter han. 

Og ved å ta på seg eit slikt namn, fortel det noko grunnleggjande om Guds eksistens, om hans posisjon i tilværet.
Dette betyr at Gud har ein eksistens som går tvers gjennom, og utanpå det vi er i stand til å førestille oss. Eit menneske, du eller eg, har ei tilmålt levetid der vi er – der vi finst til. I snitt lever dei fleste nordmenn nokre og 80 år her på jorda. Nokre mykje kortare, Og ein del til dei vert litt over 100 år.

Men når Gud seier at han er, så betyr det at han også var – før tida tok til, og så var han der vidare gjennom alle tider. Når ein gong alle jordiske klokker og kalendrar ikkje har meir tid å måle her på jorda, då skal Gud framleis vere. Inn i det evige som ikkje har ein ende. Gud er. Alltid og i all æve. 

Gjennom alle tider har folk vore på leit etter Gud. Mange leitar også i dag. Dei søkjer Gud og det guddommeleg på mange underlege stader. I stjerneteikn og meditasjon; i framande religionar eller i naturopplevingar. Den religiøse lengten er kanskje større i vår tid enn det vi har sett nokon gong. Sjølv om mange rett og slett er sjenerte over å vise at Gud er i tankane deira. Sjølv om mange har tungt for å finne vegen til ei kyrkje og slik gje uttrykk for at Gud kan bety noko i livet deira. 

Men å finne Gud på ein fjelltopp, i ei stjernetåke eller ved å lage seg det mange omtalar som «min gud», eller ved å prøve å snekre seg ein eller anna form for privat religion, det er truleg vanskeleg, og neppe realistisk.
I vår kyrkje trur vi på, og er overtydde om, at det berre er ein som har vist oss kven Gud er. Det er han som kom frå Gud, han som Gud kallar for son sin, og som vi også har lese om i dag, gjennom orda som er refererte frå munnen til døyparen Johannes:
 

«Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.» 

Her siktar evangelisten Johannes, som har skrive desse orda, til Jesus.
Ingen har sett Gud.
Men mange har sett, eller såg, Jesus. Og det dei såg og høyrde av Jesus, det vart skrive ned slik at vitnemåla om denne eineståande mannen kan vi ta fram og lese i vår Bibel den dag i dag. I historia vår finst det ikkje ein einaste person som er så mykje omtala, og som har fått så sterke vitnemål om seg som snekkarsonen Jesus Kristus frå Nasaret.
 

I dag får vi høyra at Jesus er den som har gjort Gud kjend: «Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.»

«Den einborne» står det. Kva betyr det? Det betyr den einaste; det einaste barnet, den einaste sonen. Guds einaste son. Det er han som vart fødd av Maria i 
jula, og som heiter Jesus. 

Guds son, Jesus, han har eit nesten uforståeleg tett forhold til sin Far, til Gud. Det står her at han er i Fars favn; på nynorsk står det i Fars fang.

I Johs. 10,30 uttrykkjer Jesus dette tette forholdet endå sterkare. Her seier han det rett ut: «Eg og Far er eitt»

Altså: Ved at vi ser på Jesus, ved at vi les og lærer, lyttar og tilber, kjem vi så tett inn på Jesus at vi får ei aning og ei formeining om kven han var. Kven han er. Kven Jesus er.
Men då forstår vi også ein liten bit av kven Gud er. Korleis Gud er. Korleis han er, han som kallar seg sjølv for «Eg er»
 

Guds namn, Eg er, høyrest veldig merkeleg for oss som er vane med at vi alle har normale fornamn, slik kvar og ein av oss fekk tildelt då vi var nyfødde. Men når vi ser på Guds namn og på Jesu namn, så er det ein ting til vi må merke oss som angår Jesus.

Det at han og Gud, han og Far, som han seier at han er eitt med, har eit så tett forhold, avspelar seg i at Jesus mange stader når han talar om seg sjølv også stig inn i rolla til han som heiter Eg er.

For når vi tenkjer etter, hugsar vi korleis Jesus omtalar seg sjølv. Har seier f.eks:
Eg er  - den gode hyrding; - vegen sanninga og livet; - lyset i verda; - livsens brød; - døra; -oppstoda og livet; -det sanne vintreet.

Alle desse presentasjonane av seg sjølv der han brukar denne formelen, eg er, om seg sjølv, viser at Jesus også identifiserer seg med måten Gud presenterte seg for Moses på då Gud fortalde kva hans namn er – han heiter Eg er.

I det nye testamentet viser Gud seg som Gud i og gjennom Jesus, som er Gud. Menneska har fått eit nytt gudsnamn – Jesus.

Når vi vil ha kontakt med Gud kan vi be i Jesu namn. Då ber vi også til Gud. For Jesus namn er Guds namn på jorda.

Når vi vil ha kontakt med Gud og ber til han, snakkar med han, då går vi til Jesus. Han kan vi kome fram for, og han har uendeleg rike gåver å gje til dei som vil være nær med han, verte kjend med han som presenterer seg for oss, og  som vil la oss forstå kva som ligg gøymt bak namnet hans. 

Vi går vidare inn i det nye året, og ynskjer å lære Gud og Jesus betre å kjenne. Vi vil be om at Gud vil gje oss av alle sine rike gåver gjennom Jesus.
Det største av alt er omtalt i tekstordet til oss i dag:
Nåden og sanninga som kom ved Jesus Kristus.
Dette vert også kalla for nåde over nåde.
Måtte kjennskapen til Jesus vekse og modnast slik at vi kan halde fast på hans overflod som vi alle har fått av.

AMEN

mandag 10. januar 2022

Sjå!

 

2. s. i openberringstida. III. 09.01.2022
Bardu krk
Johs 1, 29-34

 
Vi kallar det for openberringstida, desse vekene i året som kyrkja no har gått inn i. Når noko skal openberrast, så er det noko som vi får lov å sjå. Sjå inn i. Noko som kanskje har vore gøymt for oss. Eller usynleg. Eller uforståeleg. Kanskje kan vi tale om noko mystisk som ikkje lenger skal vere så mystisk.

Vi helsar på Johannes i dag. Døyparen Johannes. Slektningen til Jesus. Son til Elisabet og Sakarja. Vi kan lesa at engelen som kom til Maria og fortalde at ho skulle bli mor til Jesus, denne engelen omtalar Elisabet som slektningen til Maria. Desse to slektningane, - kanskje var dei søskenbarn? – gjekk altså gravide samstundes. Johannes vart fødd eit halvt år før Jesus.

I dag møter vi Johannes som vaksen mann, og han hjelper oss til å sjå det som skal openberrast for oss, nemleg kven Jesus var, og kven Jesus er.

Vi skal sjå.

Johannes ser også. Først ser han Jesus som kjem gåande mot seg.
Det som er i ferd med å hende, er at Jesus er på veg ut i øydemarka for å la seg døype av slektningen sin. Det er dette Johannes ser, og han anar straks at no skal no veldig stort skje.
Noko mykje større enn det som har pågått ei stund ved at Johannes sjølv har døypt menneske som kom til han. Denne dåpen som Johannes utførte, var noko heilt anna enn det vi er med på i kyrkjene vår når småborn vert døypte med ein kristen dåp i Jesu namn. Johannes sin dåp var ei symbolhandling der folk som hadde eit litt rufsete liv kunne stige ut i elva Jordan og på den måten vise at no ville dei starte eit nytt og betre liv. Vende seg bort frå det som av mange vart opplevd som vondt og vanskeleg. Kanskje ville vi i dag omtale det som eit syndig liv.

Den kristne dåpen som skjer i kyrkjer verda over, er ein dåp der vi trur at den som vert døypt vert gjort til eit barn av Gud. Den døypte blir eitt med Kristus og får del i hans frelsarverk.  Det gjev mellom anna full soning av alle synder. Det er ein dåp der vi vert sameina med Kristus i hans død og oppstode, og slik får vi ein open veg til frelse og evig liv.

Johannes døyparen ser altså at Jesus er på veg til han for å verte døypt med denne omvendingsdåpen. Han reagerer. I Matteusevangeliet kan vi lese at Johannes til og med vil hindre Jesus i å bli døypt med Johannes sin dåp. «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg» står det at Johannes seier til Jesus. (Matt.3,14)

Altså: Johannes har sett at Jesus kjem til seg for å blande seg med syndarane som stod i kø for å starte ei nytt og betre liv ved å stige ut til ein dåp i Jordanelva.
Då ropar han ut til alle dei andre som er i lag med han, samstundes som han peikar på Jesus:
«Sjå Guds lam, som ber bort synda i verda»

Dette er den første openberringa vi skal stogge for på denne søndagen: Jesus er Guds lam.
Men det er veldig lett å forstå om nokon av dykk som lyttar no, straks innvender: Det var ikkje mykje til openberring!
Guds lam – det høyrest meir ut som eit mystisk kodespråk. Kva betyr det?

Kanskje skal vi prøve å ta ein omveg tilbake til GT for å forstå betre.
Vi har i dag også lese eit avsnitt frå den gamle profeten Jesaja som levde 600-700 år før Jesus. Her ligg noko av bakgrunnen for at Johannes brukte uttrykket Guds lam om Jesus.
Vi repeterer: (Jes.53,6-7)

Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin eigen veg, men skulda vi alle hadde, lét Herren ramma han. Han vart mishandla, han vart plaga, og han opna ikkje munnen, lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen.

Desse orda skulle vi hatt god tid til å forklare, men vi må nøye oss med ein kortversjon. Profeten skriv her om ein som vert omtala som Herrens tenar. Denne tenaren har i ettertida vorte sette på som ein profeti om Jesus. Jesaja viser oss at her handlar det om eit menneske som tek på seg skuld og straff for det som andre har gjort feil. For synda deira. Denne tenaren, Jesus altså, gjekk inn og tok straff for det som andre var skuld i. Og så står det også: «-lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen.»

Døyparen Johannes ropar ut til alle som kan høyre han: Sjå! Der er Jesus. Der er Guds lam. Han er det som ber bort synda i verda.

Angår så dette oss som nett har starta på eit nytt år, vi er i 2022?
Vi er moderne menneske. Er slike gåtefulle ord noko å bry seg om i vår tid?
Sauer og lam, gamle profetar og mystiske menneske som snakkar om å omvende seg. Kan dette betyr noko, for f.eks ein konfirmant? I ein konfirmantfamilie?
Er dette aktuelt for eit folk som kjempar for å bli kvitt koronapesten snarast råd er?

Av og til kunne det vere godt om vi som enkeltmenneske våga å stige litt til sides og dra bort alt vi har pakka oss inn i av kamuflasje eller sminke eller godluktande deodorantar som skal gøyme bort det ved oss sjølve vi ikkje heilt vil vedkjenne oss. Vi treng ikkje gjere det for å blottstille oss for slekt og vener. Men for å være ærlege med oss sjølve, og med Gud.

I ei slikt lys kan det vere at vi anar at det finst noko som skulle vore borte. Ute av livet mitt. Ordet synd er faktisk råd å bruke.

Det er dette Jesus vil gjere noko med.
Difor er det at vi på denne søndagen kunne få ei god openberring. At vi kan sjå at Jesus vil bere bort, ta i frå meg, følgjene og konsekvensane av det som ikkje vart slik det skulle ha vore i livet.
Det at eg har gått på nederlag i forhold til det eg veit er rett å gjere.
Nokre få eksempel: Å vere ærleg. Kutte ut baktaling av andre. Vise omtanke med menneske som har det vanskelegare enn eg. Verne om natur og miljø. Ditt bidrag til det indre livet i ein familie må tole lyset utanfrå.
Det er veldig mykje vi med takk og tilbeding kan leggje av oss dersom vi får sjå at dette ligg på Jesus. Guds lam som ber bort synda i verda.

Vi er i openberringstida.

Vi skal sjå og oppleve kven Jesus er. Kven han kjem frå. Kvar han vil ta oss med. Han kom frå himmelen, frå Gud.
I dag møter vi han og døyparen Johannes ved Jordanelva. Der ved Jordan får Jesus familiebesøk ved sin dåp. Slik det er vanleg i våre dagar at ein familie samlar seg når eit lite menneske vert døypt, slik hende det ved Jesu dåp. Då var den heilage treeinige Gud til stades i alle tre personar.
Jesus var der. Gud Fader var der. Røysta hans lydde frå himmelen som var open. Og Den heilage ande var der i dua som dala ned over Jesus.

Kjære truande kyrkjelyd.
Dette er eit mysterium.
Ingen kan forklare. Ingen kan begripe.
Vi kan berre gripe. Gripe i tru etter orda frå den opne himmelen. Halde fast i dei.
Her i Jordan, på den aller lågaste staden på jordkloden, så langt ned som det var råd å stige for ein menneske, steig mennesket Jesus ned for å gjere seg til ein av oss. Til ein syndar utan synd. Ein som gjekk inn i rekkja av andre syndarar som let seg døype til omvending når Johannes ropte på dei og kalla dei for ormeyngel.
Slik viste Jesus at han var som ein av oss, endå han var frå Gud. Heimen hans var hjå Far i den opne himmelen. Gud stadfesta det med ei røyst som klang over elvevatnet: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede»

Og Johannes såg endå ei avgjerande viktig side ved Jesus som vi skal halde fast ved på denne dagen: «- eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son»

AMEN

Bloggarkiv