onsdag 20. mars 2024

"SALVESØNDAG"

 

Palmesøndag II. 24.02.2024
Matt 26. 6-33
Brekke kyrkje

Tekstane på palmesøndag som vi les dette året, når vi elles les tekstar frå det vi i kyrkja omtalar som andre tekstrekkje; dei tekstane er på ein måte ikkje tilpassa tankane våre når vi går til kyrkje denne dagen. Denne dagen skal vel vere som eit første steg inn i påskefeiringa i år.

Men: - Kvar vart det av Jesus på eselryggen? Vi høyrer ingen Hosiannarop. Ingenting om ei stor folkemengd ved byporten i Jerusalem som ville hylle Jesus når han kom til byen for å feire påske. For dei fleste av oss er dette det store temaet som har flytta inn i sinn og tankar på palmesøndag.
Med denne inngangen til påske får vi rett og slett ikkje med oss i år.

Jesus blir salva i Betania – det er overskrifta i Biblane våre over det vi nett har lese.

Eg las ein kommentar som ein prestekollega har skrive til denne teksten. Han set ei overskrift på dagen i dag som eg trur vi kan ta til oss og grunna nærare over.

Salvesøndag.[1]

Det er ei nemning som passar godt på det vi har lese om, og på det vi no skal sjå nærare på. Salvesøndag!
Og eg tenkjer at dette er ein framifrå inngang til å feira påske også i år.
Vi skal vere med Jesus på hans veg mot påske no.
Men når vi les om denne biten av påskehendingane i Jerusalem i Matteusevangeliet, så ligg palmeinntoget på eselryggen allereie bak oss. Det står omtala fem kapittel lenger framme hjå Matteus.

Jesus har allereie ridd inn i Jerusalem. Men så tar han ein avstikkar til Betania. Til den vesle byen der vi har helsa på Jesus fleire gonger. Der bur bl.a søstrene Marta og Maria, og bror deira, Lasarus, som Jesus vakte opp frå døden.
I Johannesevangeliet ser det ut som om denne hendinga vi har lese om i dag, gjekk føre seg heime hjå desse tre søskena.
Men her, i Matteusevangeliet, les vi at Jesus er heime hjå ein anna mann i Betania, som vi elles kjenner lite til: Simon den spedalske.
Kanskje er Simon ein av dei som vi andre stader i evangelia har lese om, og som Jesus lækte frå denne vonde sjukdommen?
Litt forvirrande, kanskje, men ikkje avgjerande for oss som høyrer om dette nett no.

Uansett, så handlar det altså om at ei kvinne som vi ikkje får vite namnet på gjennom det Matteus skriv, men som evangelisten Johannes fortel er Maria, søster til Marta og Lasarus; ho tek ei krukke med dyr salve, nardussalve, som ho heller over hovudet til Jesus og gnir den dyre salven inn i hår og hud på Jesus.

Vi kan gjerne seie at det i dag er Salvesøndag!

Men kva er det som skjer? Kva betyr denne salvinga?

Det skjer i alle fall i Betania. Der Lasarus budde. Han som Jesus hadde kalla ut or grava. Tilbake frå døden. Vi kan la oss forvirre av kronologien i det som skjer, at dette ikkje er synkronisert i dei fire evangelia. Men lat ikkje det forstyrre no.

Anten det var heime hjå familien Lasarus, eller heime hjå Simon den spedalske, så var dei samla rundt Jesus. Det hende i Betania.
Der var det fest for han som var sterkare enn døden. Han hadde gjeve livet tilbake til den døde Lasarus.
I Betania var det fest for han som skunda seg mot sin eigen død inne i Jerusalem.

Fest for livet.
Fest før døden.

Og så var det altså like før noko langt større enn underet med Lasarus skulle hende. Like før Jesus på endå meir overveldande måte skulle overtyde om at han kunne gjere noko med den vonde makta som døden representerer.

Det var påsketider. Men Jesus var ikkje komen til Jerusalem, for å la seg krona til hovding eller konge slik mange av jødane trudde om han.

Mange trudde at dette endeleg var Messias, frigjeraren, kongen, som kom.
Han som kunne ordne alle jødefolkets mange problem; han hadde altså til og med synt at han kunne sigra over døden.  Hossianna-ropa runga kraftigare enn hurra-ropa på slottsplassen i Oslo 17.mai då Jesus kom på eselet, på veg til påske i Jerusalem. Då hylla dei Jesus som konge.
Hadde dei tankar om å kruna han til Israels konge?

Det var like før, men ikkje like før ei kongekroning. Den krona Jesus skulle få nokre dagar seinare var ikkje av gull, men derimot av stikkande torner.

Det var like før Jesus skulle overgjevast til liding og til død. Han som hadde vist sine guddommelege krefter ved å ropa den døde Lasarus ut or grava; han som på palmesøndag vart hylla som ein konge, han kom eigentleg for å gje seg sjølv over i hendene på dei som stod han etter livet; dei som hata han.

Men der ved bordet heime hjå Simon den spedalske, skjer det likevel ei forunderleg kongehylling. Den namnlause kvinna, som vi trur heiter Maria, ho salvar Jesus.

Og det er viktig!

Viktig på fleire måtar.

For kva betyr det å verte salva, når vi les det i ein bibelsk samanheng?

I Israel var det vanleg at kongar vart salva til si gjerning, omtrent som våre kongar blir krona eller velsigna. Og no vert altså Jesus salva. Vi kan gjerne sjå det som at han blir salva til å vere konge. Vi veit at då Jesus seinare i påska vart ført fram før landshovdingen i rettssaka mot han, så spurde landshovdingen Jesus: «Er du kongen over jødane? Du seier det, svara Jesus» ( Matt.27,11)

Ja, Jesus var konge. Ikkje ein vanleg jordisk konge, men han var den som var Guds salva. Han var Messias.
Ordet Messias er hebraisk, og betyr rett og slett «Den som er salva».
Omset vi Messias til gresk, så heiter det Kristus.
Messias eller Kristus – eller Jesus. Han er den som er salva. Han er den dei skulle vente på, alle dei som venta at Messias skulle kome som utfriaren for jødefolket.

Salvesøndag - Jesus var salva med den dyre salven. Salva for å vere frelsarkongen.

Men salving er også noko anna enn salving som ei innviing til eit kongeembete.

Det var også vanleg å salve dei døde, salve lik, når dei skulle gravleggjast.

Og nettopp dette er det Jesus grip tak i, og talar om, når kvinna med den dyre salven vert kritisert for å sløse med dette dyrebare som heller kunne vore seld for store summar og pengar gjevne til fattige.

Det er nesten fantastiske ord Jesus brukar for å møte kritikken: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg … Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi.»

Palmesøndag – Salvesøndag.
Jesus er salva for å vere konge. Men han er også salva for å døy. Salva til si gravferd.

Det kan bli påske.

Livets Herre er på veg mot sin egen død. Det er bodskapen til oss på palmesøndag. Dette samlar vi oss i kyrkjene våre no ved inngangen til påska.

Det skal være påskefest. Fest for livet.
Vi gler oss over at vi veit at Jesus er sterkare enn døden.
Og på palmesøndagen held vi også, utruleg nok, fest før døden.
Vi hyllar og tilber han som no er salva og gjort klar til sin eigen død og si eiga gravferd.
Friviljug går han døden i møte på palmesøndag.
Han døyr for at vi skal leve. Leve evig.
AMEN



[1] Audun Opland. «Nytt norsk kirkeblad» 1/2021 s. 69ff

Bloggarkiv