onsdag 13. april 2022

Første strek under svaret

 

Langfredag.  15.04.2022. IV
Rødalen, Bardu (friluftsgudst.)
Johs. 18,1 – 19,42

Det er påske.
Det er fritid for dei fleste av oss.
Men nokre er igjen i bygda for å ta seg av det mest nødvendige. Bønder har alltid dyr å ta seg av. Nokre har omsorg for dei gamle på Barduheimen. Andre vaktar ro og orden og beredskap, eller går i uniform i forsvaret sine store anlegg her i traktene. Bensinstasjonane er opne, og slik også med nokre serveringsstader.
Heller ikkje kyrkja har stengt i påska. Og det skulle berre mangle!
Var det nokon som skulle stå på, nesten døgnet rundt, i desse dagane, så var det oss som har løn for å fortelje om desse hendingane. Påskeforteljingane.
For å forkynne til så mange som råd om Jesu liding, død og oppstode.

På langfredag gler vi oss over å sjå alle dykk med påskefritid som har funne vegen hit til fjellet og snøen og løypene for å sitje ned og lytte til forteljinga om langfredagsdramaet.

Det er påske. Og i påska dette året skjer det verdshistorie nesten utanfor stovedørene våre. Krigen, med all si gru, rullar på TV-skjermar og på mobiltelefonar, slik at vi er oppdaterte nesten frå minutt til minutt.
Dagsrevyreporterane åtvarar mot sterke bilete. Bileta er sterke. Dei er vonde.
Dei gjer noko med oss alle. Sympati med dei lidande utløyser hjelparglede.
Og raseri over meiningslaus rasering og død utløyser antipati, og i verste fall hat, mot eit nabofolk som landet vårt aldri har vore i krig mot.
Måtte krigens brutalitet og meiningsløyse ta ein ende. Og måtte det finnast lækjedom for fiendskap som spirer betre enn på mange, mange tiår her i vår del av verda.

Det er påske.
Vi har lese den lange lidingsforteljinga på langfredag. Det vi har lese, handlar ikkje om krig. Derimot om det som har vore kjent for menneskeslekta tilbake til opphavet.
Ei forteljing om svik.
Ei forteljing om korrupte og ansvarslause styresmakter.
Og framfor alt – forteljinga om brutalitet, råskap og vald.
Dette er også krigens ingrediensar. Dei mørkaste sidene av menneska.

Langfredagen er historia om menneskeslekta si styggaste bakside.
Og er vi ærlege, gjev dette også innsyn i det negative potensialet som vi alle er smitta av. Men vi har lov å håpe og tru at vi aldri skal dukke inn i bekmørket som bur ein stad i det indre av oss.
Det beste vi kan gjere for å hindre det, er å sleppe lyset til. Påskelyset.

Kvifor vart det langfredag?

Det finst eit svar med to strekar under.

Langfredag er Guds paradoksale kjærleik til det ypparste av skaparverket hans – menneskeslekta.
Den første av dei to strekane er alt som hende denne dagen, langfredagen.
Den andre streken under svaret på kvifor dette hende, er opprullinga av påska som endar sjølve påskedagen. Det skal vi kome tilbake til komande søndag, påskedag.

På langfredag høyrer vi om at Guds kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus, Guds eigen son, går inn i offerrolla og sonar straff for menneska sine svik.
I det vi har lese om i dagens lange evangelietekst er dine og mine svik og nederlag representerte ved Peter. Peter patetiske tredoble nekting for at han var ein av Jesu aller næraste. Hanegalet som var punktum for det Jesus allereie hadde profetert – «Hanen skal ikke gale før du har fornektet meg tre ganger.»
(Johs 13,38)

Guds kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all synd og misbruk som gøymer seg bak korrupsjon, snusk, bedrageri, løgn, ansvarsfråskriving og misbruk av personleg og offentleg makt og styrke.
Den latterlege dommen som Pilatus får seg til å ileggje Jesus, er det nesten utrulege uttrykket for embetsmannens og det offentlege sitt svik mot det dei visste var sant og rett.
Heiarop på «krossfest, krossfest» er eit vidare uttrykk for den personlege forføringa som er utan ryggrad. Dette vi kan kjenne igjen i oss sjølve når vi stig over grenser vi veldig godt veit om. Men vi lar oss rive med på så mange område av livet til å tøye strikken utover det vi eigentleg veit er godt og rett.

Guds kjærleik til menneska viser seg ikkje minst ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for maktmisbruk, vald, brutalitet og rein vondskap som uttrykkjer seg i sjølve krossfestinga.
I dei andre evangelia som skildrar krossfestinga høyrer vi at Jesus til og med ber for bødlane sine midt under dette forferdelege som skjer med han:
«Jesus sa: Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør»
(Luk, 23,34)

Vondskapen i verda, vondskapen som bur i oss menneske synes å vera botnlaus.
Det vi ser i dagens krig, og det verda har sett fram gjennom hundreåra, på vårt kontinent, og som har vore mindre synleg, men kanskje minst like ille, f.eks i ein del krigar i Afrika, det er ikkje verdig det ypparste av Guds skaparverk.
Menneskeverdet er uendeleg, men det er krenka av oss sjølve.
Det er som soning for alt dette at Jesus hang på krossen og døydde langfredag.
«Det er fullbrakt! Så bøyde Jesus hodet og utåndet»

Vi har sett den første streken under svaret på kvifor det vart langfredag. Det var for at Guds kjærleik til menneska skulle vise seg ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all vår synd.

Den andre streken under dette svaret vert sett påskedag. Då viser Jesus si makt og sin siger over alt det vonde, og over døden. «Det er fullbrakt!»

AMEN

tirsdag 12. april 2022

Vatn og blod

 

                                                   Skjærtorsdag, 14.april 2022. III
                                                              Øvre Bardu kapell
                                                                  Johs. 13,1-15

Ved det vi har lese om i dag, ser vi at det tek til å snøre seg saman om Jesus. Vi anar konturane av det som skal skje: ”De holdt måltid. Djevelen hadde alt gitt Judas, sønn av Simon Iskariot den tanken i hjertet at han skulle forråde ham.” 

Ved dette måltidet gjer Jesus enno ein gong det totalt uventa.

Han sit der og et i lag med læresveinane sine. Judas tumlar med sine vonde mordplanar i sitt hovud. Kva dei andre tenkjer på og snakkar om, veit vi ikkje. Truleg var det heilt daglegdagse ting.

Men brått dyttar Jesus sin mat til sides. Han reiser seg frå bordet og legg kappa av seg. Før dei andre får summa seg, er han i gang med dette arbeidet som elles var reservert for trælar og trælkvinner. Han vaska føtene til dei andre. Læresveinane sine føter.

Sand og skit. Sveitte og vond lukt. Jesus tok seg av deira velvære. Det som husverten eigentleg skulle ha sytt for. Det han skulle sett slavane og tenarane og dei som var lågast på rangstigen til å utføre.

No var det Jesus som låg der på kne framfor dei han var læremeister og Herre for. Han  hadde gjort tilsvarande ting før. Og enno ein gong opplevde forundra læresveinar korleis Jesus snudde opp-ned på alt som syntes rett og rimeleg. 

Det er skjærtorsdag. Vi tenkjer på denne dagen som nattverddagen. Nattverden som vert gjeven til forlating for syndene dine og mine, i flg. Jesu eigne ord.
Men på denne dagen les vi om at Jesus gjer meir enn å innstifte det heilage  sakramentet. Det ser ut for at Jesus også  reinsar læresveinane for det som dagleglivet påfører dei av smuss og skitt. 

Det er ikkje klukkinga frå ei vinflaske vi høyrer. Derimot sildringa av rennande vatn. Kan hende burde vi i dag sjå på dette vatnet i Jesus vaskefat som eit bilete på det vatnet som ein gong sildra og rann over ditt og mitt hovud. Ein gong vart du og eg døypte. Og vi hugsar andre ord frå evangelisten Johs. – m.a. det han refererer frå samtalen mellom Jesus og Nikodemus, der Jesus seier: ”Den som ikke blir født av vann og Ånd, kan ikke komme inn i Guds rike” (Johs. 3,5)

Dåpen er både eit bad til atterføding – vi vert fødde på nytt, som vi seier det i vår dåpsliturgi, - men dåpen er også eit bad som gjev reinsing frå synd.
Men dåpens reinsande kraft kviler på Jesu fullførte frelsarverk der han ein gong for alle bar fram det reinsingsoffer for synda som Loven kravde.

Fotvaskinga peikar fram mot dåpen.
Men fotvaskinga syner også til den tenargjerning Jesus gjorde for oss. Sjølve arbeidet; det å vaske føtene til gjestane i huset, det var simplaste slavearbeid.

Ved å gjere dette viste Jesus at han var oppfyllinga av dei gamle profetiane vi kjenner frå GT. I Jes. 53 les vi om Herrens lidande tenar; om han som ”ble såret for våre lovbrudd og knust for våre synder. Straffen lå på ham så vi fikk fred …” (Jes. 53.4-5)

Denne lidande Herrens tenar som Jesaja spådde om mange hundre år i førevegen, det var Jesus. Og ved sin død på krossen gjekk han inn i den oppgåva og den rolla profetane hadde gjeve han, og som Gud hadde utvald han til.
Han som var Herre og Meister, han la seg på kne og tolte det nedverdigande slavearbeidet. Vaskevatnet, vondlukta, skiten, hånande ord og vantru blikk . Jesus brydde seg ikkje i det heile. For han var ein tenar. Ein lidande tenar som skulle døy. Som skulle gje seg sjølv. Sin kropp og sitt blod.

Med sildrande vatn mellom fingrane reinsa han dei skitne og syndige læresveinane. Slik gav han ei aning om det han etter si oppstode skulle innstifte – dåpen som skulle gje del i hans død og hans oppstode.

Samstundes var fotvaskinga eit heilt konkret forbilde for læresveinane. Slik han gjorde mot dei, slik skulle dei gjere mot kvarandre. Slik han var ein tenar for dei, slik skulle dei med sine liv vere tenarar for kvarandre. Slik Jesus gav seg sjølv gjennom teneste – gjennom diakoni – slik skal kristne gje sine liv i teneste for sine medmenneske.
”Forstår dere hva jeg har gjort for dere? Dere kaller meg mester og herre, og dere gjør det med rette, for jeg er det. Når jeg som er herren og mesteren, har vasket deres føtter, da skylder også dere å vaske hverandres føtter.” 

Det er skjærtorsdag. Dagen for påskemåltid og nattverd. Men også ein dag der vi høyrer sildringa av rennande vatn. Dåpsvatnet minner det oss om. Men vi har skitna oss til sidan dåpens bad. Difor treng vi framleis å reinse oss. Og då er det ei lukke at vi tvers gjennom påska sitt veldige drama framleis høyrer korleis det piplar og renn i reinsande vatn. I evangelisten Johannes si skildring av langfredagen, kan vi lese at då Jesus var død på krossen, stakk dei eit spyd i sida hans, og ut or såret rann det blod og vatn. (Johs.19,34)

Blod og vatn.
Nattverd og dåp.

Vi augnar dei verkeleg djupe samanhangar i den bodskapen som møter oss i påsketekstane. Både vatnet og blodet reinsar. Her er vi ved den verkelege kjerna i vår kristne tru. Dette som er så ufatteleg og ubegripeleg for vår tanke, men som det likevel går an å halde fast med si tru.

Jesus vil gjere oss reine. Ikkje berre overflatisk. Ikkje berre ein kattevask av støvete ørkenbein. Difor har fotvaskinga eit langt, langt djupare innhald. Fotvaskinga fortel oss noko om korleis Jesus med det rennande vatnet, med livsens vatn, kan gjere eit menneske "ren og rettferdig, himmelen verdig". 

Og så er det også slik at vi nettopp på dagen i dag, skjærtorsdag, vert minna om eit anna middel som Jesus også brukar for å reinse det som er tilsmussa og skittent. Hans eige blod. Det blodet som også rann frå såret i sida hans. Det blodet vi får del i gjennom nattverdens vin. Vi får ikkje del i det fordi dette er innlysande og logisk. Tvert om. For vår tanke er dette fullkome ufatteleg.

Men Guds ord slår også fast at på same måten som vatnet - dåpsvatnet - gjer den døypte reinsa og rein, slik reinsar også nattverden, Jesu blod, den som har fått sitt dåpsliv tilsmussa av eit levd liv. 

          "-blodet fra Jesus, hans Sønn, renser oss for all synd", heiter det i 1.Johs.1,7. 

Påskebodskapen handlar om at Jesus gjev seg sjølv for oss. Det er Gud på kne for våre føter med vaskefatet mellom hendene. Han vil vaske oss. Gjere oss reine. Han byr oss meir enn såpe og vatn og litt parfymert deodorant for å fiffe opp ein noko medtatt fasade. I staden for godlukt og sminke byr han oss sin lekam og sitt blod. Vår Herre og Meister gjev seg sjølv for oss. Med vatn og blod frå sin eigen kropp. 

Det er påske. Det dryp og renn rundt oss. Vatnet sildrar i veggrøfter og bekkar. Elvane rundt om i landet vårt går etter kvart store og flomsterke. På same måte som vatnet i naturen talar til oss om fornyande krefter når våren kjem, slik vert vi i dag minna om dei nyskapande og reinsande kreftene den kristne kan hente i det vatn og det blod som renn og sildrar for vår skuld.

"Klippe, du som brast for meg, 
la meg skjule meg i deg!        
La det vann og blod som går          
fra din sides åpne sår,          
rense meg i nådens pakt         
fra all syndens skyld og makt."    NoS. nr.341, v.1 


lørdag 9. april 2022

Gravferd. Påskeveka (Tekst frå Palmesøndag III)

 

Johs. 12,1-2: Seks dager før påske kom Jesus til Betania der Lasarus bodde, han som Jesus hadde vekket opp fra de døde.  Der ble det holdt et festmåltid for ham. Marta vartet opp, og Lasarus var blant dem som lå til bords sammen med ham.   

Vi er samla i sorg nett no. Sorg over han som ikkje lenger er mellom oss. Som er død og ligg i denne kista.
Men midt i sorga dykkar, vågar eg å ta dykk med på ein fest. Den store jubelfesten i Betania som vi høyrde om i kyrkjene vår for eit par dagar sidan, då vi gjekk inn i påska dette året. Det var palmesøndag.
Då høyrde vi om "Takk-og-lov"-fest. Det var gjestebod av det store slaget. Jubel. Glede. Fullt hus av slekt og vener. Med ei strålande opplagt vertinne i spissen for heile arrangementet. Heidersgjesten på festen var Jesus. Han som fleire gonger før hadde vore på besøk hjå Marta og søstera Maria.

Og jamen hadde dei grunn til å feste. Ikkje berre fordi Jesus var der som heidersgjest, men også fordi Lasarus var der. Bror til Marta og Maria, han som Jesus hadde vakt opp frå dei døde.
Det var i sanning ei skikkeleg "takk-og-lov-fest". For her sat undergjeraren og livgjevaren til bords og åt saman med han som hadde lagt som lik i fire dagar i grava. Jesus og Lasarus var på fest i lag. Det var takkefest for livet. Lasarus som hadde vore død, var levande og eit naturleg midtpunkt for glade søstrer og for undrande vener og slektningar.
 

Men eit endå meir naturleg midtpunkt var Jesus. Han som hadde vakt Lasarus opp att frå døden. Betania var i festrus. Her var det god mat og godt drikke. Og sannleg vart ikkje feststemninga også krydra med ei gjennomtrengjande godlukt som liksom understreka at dette var noko heilt utanom alt som elles var vanleg. For ved festbordet dukkar Maria opp att ved Jesu føter. 

No, ved festen for den levande Lasarus, tok Maria fram ei krukke med salve - dyr nardussalve, verd nesten ei heil årsløn for ein vanleg arbeidar. Maria sette seg ved Jesu føter enno ein gong. Ho salva føtene til Jesus. Og den gode lukta frå salven breidde seg i heile huset. Sanneleg - her var det fest i glede for livet - livet som Lasarus hadde fått attende. 

Eller var det livet som stod i sentrum der i Betania?

For vertskapet var det nok livet - glede over at Lasarus var mellom dei att, og takksemd til Jesus som hadde vist seg sterkare enn døden.
Men jammen tek ikkje Jesus til å tala om døden på denne gledesfesten for livet. For når han får kritikk frå den svikfulle Judas, som også var med på festen, for at Jesus verkeleg lar Maria få sløsa bort så mykje pengar til dyr salve, berre for å salve Jesu føter, når pengane som det kosta å kjøpa salven heller kunne vore gjevne til dei fattige; så er Jesus kontant med si irettesetjing av han som skulle verte svikaren, samstundes som han tek Maria i forsvar:
 

"La henne være! Hun har gjemt salven til den dag jeg skal begraves. De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke alltid." 

Den dag jeg skal begraves Gravferdsdagen!

Var det ikkje nettopp i glede over ein oppattlivna Lasarus dei var samla?
Og så tek Jesus til å tale om sin eigen gravferdsdag. Snakk om kalddusj!
 

Midt i festen for livet, ser vi at Jesus er på veg til sin eigen død. For dette skjer på palmesøndag. Ved inngangen til påske. Midt i gleda over at Lasarus sat lys levande i det velluktande rommet, gjer Jesus det klårt at for hans eigen del, nærmar død og grav seg. Han som er Herre over døden, vert salva til si eiga gravferd på ein fest for at livet hadde sigra. 

Livets Herre er på veg til sin eigen død!

Og for oss som sit her i kapellet med ei kiste midt mellom oss, er ingenting viktigare enn å få høyre om dette. At Jesus ville døy, for så å vise enno ein gong, si makt over døden.

Først gav han liv til Lasarus som dei no festa for. Men snart skulle han sjølv rive seg laus or grava sitt kalde grep og stå opp. Det er det vi skal høyre om påskedagen.

 Jesus siger over døden i påska.

Det er ditt og mitt håp når vi møter døden.
Når dagen kjem at det er eg som ligg i ei kiste. Eller når det vert din tur.
Jesus er Herre over livet! Også i møte med døden. Han har prova det ved å vekkje Lasarus opp att frå dei døde. Men han som er sterkare enn døden, skal sjølv døy. Difor var det ikkje berre takkefest for at Lasarus vart levande att. Festen gjekk over i ei hylling av Jesus som skal døy. Det er både fest for livet og fest før døden; på same tid.
 

Vi er i gravferd no. Vi festar ikkje. Vi sørgjer. Vi takkar for livet som var.
Men vi ventar også på ei oppstode, om enn ikkje slik Lasarus stod opp.
Vi ventar på ei oppstode på den siste dagen i denne tida.
Då skal Jesu makt over døden vise seg ved alle graver.
Då håpar vi på den store oppstoda. Då skal også vi  stå opp.
Då skal festen bli stor og evig.
Det er vårt håp på denne gravferdsdagen, der vi takkar for livet som vi no tek farvel med.

                                             AMEN !

Bloggarkiv