søndag 30. mai 2021

Areopagos

 

Treeinigssøndag (III) 30.05.2021
Avskilsgudsteneste, Åsane kyrkje
Apgj 17,22-34

«Minnesamvær». Det likar biskopen vår å omtale slike samlingar som det vi er med på nett no. Avskilsgudstenester, eller «siste kveld med gjengen», slik eg var med på då prostane var samla i veka som gjekk.
Eg skal ikkje stå her og minnast mange år med presteteneste. Berre løfte fram ei hending, eit minne, frå tidleg i mi tid som prost.

Prostane i Bjørgvin reiste på kurs. Heilt til Hellas. Til ei lita, koseleg øy utan vegar. Hydra. I lag med oss var prostane frå Møre bispedøme, og der møtte eg for første gong han som skal overta jobben min. Leif Endre Grutle.
Kurset vi hadde, hugsar eg ingen ting frå. Sorry, biskop – men slik er det.
Men heldigvis vart turen til Hellas avslutta med ein dag eller to i Aten. I det inngjekk sjølvsagt tur til det storslagne Akropolis der mange av dykk sikkert har vore som turistar.

Det hugsar eg. Og aller best hugsar eg det vi fekk sjå ved inngangen til dei verdensberømte minnesmerka. For der ligg Areopagos.
Der var det Paulus heldt denne talen som vi nett har lese utdrag av. Areopagostalen.

Den store misjonæren Paulus gjorde minst tre lange reiser til landa rundt Middelhavet. På den andre av desse kom han altså til Aten.  Der gjekk han opp på Areopagoshøgda. Og her forkynte han til atenarar som hadde så mange gudar, så mange altar og så mange tempel at dei til og med reiste altar for ein ukjend Gud. ”Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk” sa Paulus i Aten – og så løfta han Jesus opp for augo deira. Han forkynte den krossfeste og oppstadne Kristus. Han som gav læresveinar den gongen, og til alle tider, ordren om å forkynne for alle folkeslag.

På Areopagos lydde orda om Jesus til verdensborgarane i Aten. Talen til Paulus er eit fantastisk døme på  forkynning inn i ei vantruande og vanskeleg samtid. Slik sett er dette ein tale som sjølvsagt alltid vil vere pensum for prestar og forkynnarar.
Og difor var det stort å stå på den staden og oppleve Areopagos for 8 år sidan.

I dag har mange år gått etter at Paulus drog frå Aten, men dei ruglete steinane står der enno som monument over ei storhending. På staden der han truleg stod og talte, er det no sett opp ei stor minneplate der teksten vi nett har lese i lag er rissa inn med greske bokstavar. Areopagostalen.

I dag er vi ikkje i Aten. Vi er i Åsane. Eg har tillate meg å gjere denne preika til eit ørlite minnesamvær. Eg minnest noko som vart viktig for meg. Eg håpar at dette kan minne oss alle på noko vi må stå saman om i kyrkja i dagar og år som ligg framfor oss.

Nemleg å forkynne om Gud. Forkynne om Jesus Kristus til dei mange der ute som er på leit, som søker etter noko dei kanskje ikkje heilt veit å setje ord på.
Altaret Paulus fann i Aten, var tenkt å vere staden der folk kunne tilbe ein ukjend Gud.

Slike menneske fyller i våre dagar kjøpesenteret på Horisont, eller Øyrane Torg, eller på utestadene som opnar att langs Bryggen eller ved Byparken i desse vakre maidagane. Kva dei ville finne på å tilbe, har dei fleste av dei neppe ord for. Berre ordet «tilbeding» er sikkert eit framandord for veldig mange.

Nokre få av dei stikk innom ei kyrkje av og til. Andre ser aldri det som noko alternativ. Mange vil avvise alt slikt prat som oppspinn, humbug eller irriterande mas.
Men kyrkja trur. Kyrkja lever for dette oppdraget.

«Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk» sa Paulus i Aten for lenge sidan.

Ein ven og kollega av meg har i ei preike sett ord på kva dette kan bety for ein del år tilbake. Tidlegare i dag fekk Sandefjord ny prost. Biskop Jan Otto Myrseth,  som var domprost her hjå oss til for nokre år sidan, hadde i dag innsetjing for prost Raag Rolfsen i Sandefjord.

Raag har eg lært å kjenne gjennom mitt engasjement i misjonsorganisasjonen Areopagos. Der var Raag Rolfsen tidlegare direktør, og vi skal seie litt meir om organisasjonen Areopagos etter kvart. Men den nye prosten i Sandefjord sa altså dette i ei preike over denne teksten for ei tid tilbake:

Jesus er Guds ansikt i vår verden. Det viser oss at det ukjente ikke er noe mystisk som befinner seg et eller annet sted jeg ikke kan nå. Det ukjente er det jeg ikke kan kjenne, ikke kan gripe eller bruke fordi det møter meg ansikt til ansikt som noe hellig og ukrenkelig, som noen som er atskilt og som jeg nettopp derfor kan være sammen med.
I barnets, den fattiges, og vår nestes ansikt ser vi Jesus, møter vi den ukjente Gud.

Så langt prost Raag Rolfsen sin ord.
Den ukjente Gud – han kjenner vi som Jesus Kristus.
Den ukjente Gud er ikkje ukjent i den kristne kyrkja. Jesu stig oss i møte når vi kjem saman, og han gjev seg til kjenne for oss gjennom sitt ord. Når vi speglar eit barn i dåpsvatnet, og når vi et og drikk Jesu kropp og blod i form av nattverdelementa brød og vin.
Og ikkje minst i ansiktet til vår neste, slik Raag Rolfsen minna oss på det; der kjenner vi igjen Jesus Kristus.

Paulus var misjonær. Paulus var visjonær.
Paulus, så lenge før vår tid, men samstundes så tilpassa vår tid.
Han gjorde det vi er kalla til i kyrkja: Han forkynte den levande og oppstadne Kristus.
Men han gjorde det med respekt for tilhøyrarar.
Han gjorde det med innsikt i andre sin måte å tenkje på.
Han omtalte Gud med orda «-i han er det vi lever og rører oss og er til»
Dei orda var ikkje tilfeldige, men sitat av det han sa var noko «som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt» Desse diktarane var i flg. noteapparatet i våre NT, Aratos og Kleantes, frå det tredje hundreåret f.Kr.

Kva er det Paulus gjer når han på denne måten forkynner til atenarane?

Han tek dei på alvor! Han går i dialog med dei. Han viser at han kjenner til kva dei trur på. Kva som er viktig for dei han talar til, og snakkar med.
Respekt, heiter dette.
Slik både veit eg, og trur eg, mange misjonærar og kyrkjeleg arbeidarar i ulike samanhengar tenkjer og arbeider den dag i dag. Slik arbeider misjonærar av mange slag. Også norske.

Sjølv har eg lært mykje om misjon, og om dialog, gjennom den organisasjonen som har vald å kalle seg nettopp Areopagos. I sitt arbeid her i landet, og i Hong Kong og Kina, har eg personleg fått sterke impulsar og lært mykje om dialog, og om respekt, gjennom det misjonsorganisasjonen Areopagos står for. Eg er glad for at kyrkjelyden her i Åsane har valt å inngå eit formelt samarbeid med Areopagos, og at vi i dag skal få gje vår offergåve til denne organisasjonen.

Når eg om eit lite øyeblikk har avslutta denne preika, og vi har sagt fram vår felles truvedkjenning til den treeinige Gud på denne treeiningssøndagen, så skal vi synge ein velkjent misjonssalme, kanskje den mest kjende av alle misjonssalmar: «Din rikssak, Jesus, være skal». Forfattaren av denne salmen er Karl Ludvig Reichelt, og han blir gjerne rekna som grunnleggjaren av Areopgaos, og av det viktige misjonssenteret Tao Fung Shan i Hong Kong, der eg har vore så mange gonger og fått inspirasjon og påfyll.

Ei av strofene i salmen lyder slik:
«Gi meg ditt ømme frelsersinn for slektens sorg og harm!»

Kjære Åsane menighet. Kjære kollegaer, og gode vener.
Det er mitt håp og mi bøn for oss alle at vi kan ha eit slikt «frelsarsinn» for dei vi møter. Slik at vi ser dei som er på leit og på søk etter ein ukjend Gud. Slik at vi lærer dei å kjenne, og at vi møter dei med respekt og med innsikt i deira tankar og veremåte.
Om Paulus står det: «Det var somme som spotta, men andre sa: -Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong. Så gjekk Paulus frå dei. Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru.»

Desse orda tek vi til oss som kyrkjelyd og som kyrkje. Det gjev oss lærdom og inspirasjon til å møte menneska som kjem i vår veg med eit frimodig vitnemål. Eit vitnemål i respekt, med forstand, men med håp om at nye skal kome til tru på den oppstadne og levande Jesus Kristus.                                                  AMEN

fredag 21. mai 2021

Pinsekunst

 

1. pinsedag. 23.05.2021. II
Eidsvåg kirke
Johs. 14, 15-21

Kjære Eidsvåg menighet.
Vi feirar alle saman jubileum i dag. Ikkje eit rundt jubileum, men likevel. Den 23.mai 1982 vart dette kyrkjehuset vigsla av biskop Thor With. Kyrkja var smekkfull av folk. Og smekkfull av forventning. Kanskje var eg ein av dei aller mest forventingsfulle. For eg var nyutnemnd res.kap i Eidsvåg. Enno var eg feltprest på Andøya, men eg var invitert til å vere med på høgtida, og gjekk inn i prosesjonen i lag med mange andre prestar, bl.a. sokneprest Arne Brekke. Vi to var dei første prestane i den nye kyrkja.

Og så har det altså laga seg slik at eg får mi siste offisielle gudsteneste i Eidsvåg før eg blir pensjonist, nettopp på jubileumsdagen. Sant å seie er det ikkje så mange dagane sidan eg forstod at slik vart det, og det synest eg passar fint.
Mange av dei som var her for 39 år sidan er ikkje lenger mellom oss. Men det er likevel godt å sjå velkjende ansikt også frå den tida her inne, den dag i dag.

Eg er veldig glad i Eidsvåg menighet og i Eidsvåg kyrkje. Så lenge eg lever og har minne og forstand på plass, vil eg hugse den første prestetida mi her.

Og noko som sit godt festa, er det som hende mot slutten av vigslingsåret 1982, og litt inn i året 1983. Hendingar som det passar veldig godt å ta fram i dag, på denne pinsedagen.

Vi fekk noko så sjeldan som ein opprivande debatt rundt kyrkjekunst.
I avisene her i byen, i Osloaviser, og rundt i heile landet nærast kokte det. I ein kunstdebatt.


I veka som gjekk tok eg meg tid til å leite i gamle, gulna arkiv som eg har gøymt på i årevis.
Og jammen dukka det opp ei tjukk mappe med avisutklipp. Alle stader var det svart-kvitt foto av Kristusfiguren i kyrkja vår. Eit kunstverk av den store kunstnaren Gunnar Torvund.
Blasfemi, sa nokre. Jesus framstilt på uverdig måte. Ein naken Kristus, men likevel kjønnslaus. Menighetsrådet forlanga kunsten fjerna.
Det var lange underskriftslister. Og ein rasande debatt.
Eg tenkjer at det sannleg var godt at Facebook var mange tiår inn i framtida. For der kunne det verkeleg vore rom for nettrolla til å utfalde seg.

Det heile toppa seg ved årssskiftet 1982/83.
Og forløysinga på striden kan vi kanskje finne i ein stor artikkel i BT på nyårsaftan 1982.

Dåverande dosent, seinare professor, ved Kunsthistorisk institutt ved Universitetet i Bergen, Gunnar Danbolt, skreiv ein lang, innsiktsfull artikkel om kyrkjekunsten i Eidsvåg. Han opna augene på mange. Ikkje minst mine auge, og mitt sinn. Eg fekk den store aha-opplevinga.

For Danbolt viste oss at kunsten i Eidsvåg er meir enn Kristusfiguren. Kunsten omfattar også den vakre dua i gjennomsiktig akrylplast, laga av Halvdan Ljøsne.

Og dermed er vi midt inne i kyrkjeåret.
Vi har lagt bak oss Kristi Himmelfartsdag for ti dagar sidan. Og no er det pinse.
Vi har strålande pinsekunst i Eidsvåg!
Kan du sjå kva det handlar om?

Vi vender oss til pinseevangeliet vi har fått å grunne på i dag. Vi lyttar til Jesu eigne ord:
Johs.14,16-18: «Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.  Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk.» 

Desse orda har aldri vore enkle å forstå.
Men nettopp kyrkjekunsten i Eidsvåg kan hjelpe oss til å skjøna kva Jesus talar om. Til å forstå pinse. Og til å sjå samanhangen mellom pinse og Kristi Himmelfartsdag.

Gunnar Danbolt har forklart oss om Kristusfiguren, som ikkje er Jesus på krossen.

Vi ser ein gul strek bak Kristus. Som antyder ein kross. Men armane heng ned. Ikkje i krosstilling.  Danbolt seier dette: «Utsmykningen viser den lidende og døde, men samtidig levende og oppstandne  Jesus på korset, eller snarere, foran korset …. Han er allerede kommet over korsbalken med skuldrene. En enkel og virkningsfull hentydning til himmelfarten. …
I én figur har han kombinert Jesu offerdød, oppstandelse og himmelfart»
(BT 31.12.82)

Og så tar kunsteksperten Gunnar Danbolt oss inn i det som på pinsedag er mest avgjerande: Han viser oss at her i Eidsvåg kyrkje må Kristus i form av Torvunds treskulptur lesast i samanhang  med Ljøsne si due som symboliserer Den heilage ande.

Jesus, han som leid, døydde, og stod opp frå himmelen, er midt mellom oss i form av eit omdiskutert kunstverk. Vi festar augo våre på denne skulpturen nett no. Vi har sett det så mange gonger før. Tenk no at du ser himmelfarten, det vi var samla om torsdag for halvannan veke sida. Du ser Kristus som er løyst frå krossen, peikande med si venstre hand mot altaret der disken og kalken med brød og vin står klar for oss.

Men ned frå høgre kjem Anden dalande. Dua er der. Pinseunderet skjer på nytt og på nytt mellom oss kvar einaste søndag. For å sitere Gunnar Danbolt som skreiv for nesten 40 år sidan: «I det Jesus forlater sin menighet, kommer Talsmannen, Den hellige ånd, i en dues skikkelse, ned mot alteret for å gjøre Ordet levende og Sakramentet virksomt. …. Det forteller i en sum hva den kristne gudstjeneste dreier seg om.»

Igjen seier eg: Kjære Eidsvåg menighet.
Vi møter det levande Ordet når det er pinse. Vi møter den levande Gud som har sendt oss sin Ande for å vitne om den levande Frelsar og Herre, Jesus Kristus.

Det vi les frå Skrifta er Ordet som skal leve i oss. Slik at vi lever for Kristus, for kyrkja og for kvarandre.

Høyr kva som kjem frå munnen til den oppstadne og levande Kristus, han som peikar med handa si inn mot det sentrale som skjer her i kyrkja – forkynninga av ordet, samlinga rundt sakramenta.
I dag lyder det til oss: «Elskar de meg, så held de boda mine. … Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. … Ja, den som elskar meg skal eg òg elska og openberra meg for.»

Som det veldig ofte er når Jesus forkynner sitt evangelium for oss, så handlar det om kjærleiken.
Det handlar om å elske.
Elske Gud.
Elske kvarandre.

Det handlar om å gjere det som er rett. Om å halde Guds gode bod. Slik Jesus også har lært oss gjennom samtalen med den lovkunnige (Matt.22, 36-40): «Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: ‘ Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’  Dette er det største og første bodet.  Men det andre er like stort: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ På desse to boda kviler heile lova og profetane.»
Dette er ordet som skal leve i oss når det er pinse.
For dette er Guds gode vilje for våre liv. Mitt liv. Ditt liv. Kyrkja sitt liv.

Vi feirar pinse på ein jubileumsdag for kyrkjehuset vårt.
Vi feirar pinse ved å feste augo våre på pinsekunsten som prydar fontveggen i kyrkja vår.
Vi ser Anden, i form av ei due i plast, som senkar seg inn mot altar og preikestol.
Også kunsten er Guds gåve til oss på denne dagen.

Kunsten kan gjere levande. Men kunst er meir enn det vi ser på museum og i vakre kyrkjer og katedralar rundt om i verda.

I dag har vi sett kunsten som viser oss Anden i funksjon. Anden som spelar på lag med Kristus. Men korkje Kristus eller Den heilage ande er museumsgjenstandar.
 
Den Heilage Ande er levande og verksam i vår kyrkje i dag. Den Heilage Ande er Jesu talsmann inn i vår tid. Anden lever, og han viser at Jesus lever midt mellom oss.
Denne Jesu Talsmann teier aldri. Han set i gang ein himmelsk kjedereaksjon.  Ein kjedereaksjon som har kjærleiken som utløysande kraft.
Den som sjølv elskar, vert elska tilbake. Den som elskar Jesus, vert elska av Gud.

Talsmannen, Anden, han teier ikkje om kjærleiken, og om han som har synt mest kjærleik av alle, nemleg Jesus sjølv. Han som vi kan sjå framstilt for augo våre i dag, som det var for nesten 40 år sidan då kunstnaren skapte dette verket av han som leid, døydde, stod opp att som levande og til slutt fòr opp til himmelen,

Den Heilage Ande vekkjer liv i si kyrkje. Liv og kraft. Slik det har vore liv og kraft her i Eidsvåg menighet gjennom dei 39 åra vi har kunne samla oss i dette kyrkjehuset som jubilerer i dag.
Den Heilage Ande skaper kjærleik og lovsong hjå oss.
Vi er glade over å høyre til i den kristne kyrkja på jorda, den som vart fødd på pinsedagen.

AMEN

Bloggarkiv