torsdag 27. september 2018

Lat oss prise Herren


Høsttakkefest II. 30.09.2018
Biskopshavn
Luk. 17, 11-19
Det var ein underleg vår, sommar og haust i år. Hugsar du den fantastisk flotte våren? Og den endå varmare og tørrare sommaren? Knapt nokon av oss har opplevd noko slikt. Og så går vi i dag ut or september. Klissblaute. Det har regna så mykje at til og med regnbyen Bergen er imponert over seg sjølv.

Varme og tørke gjorde mange bønder fortvila i år. For når det er tørt, veks ikkje det som skal vekse slik ein ynskjer.
Vi feirar hausttakkefest. Vi skal takke Gud for det han gav oss å hauste inn frå hagar og åkrar. Frå grasenger med mat til dyra. Frå kornåkrar som skal gje oss alle mat.
Eg trur mange bønder tenkjer at i år er det ikkje så mykje å takke for.
Sjølv om eple- og plommetrea i hagane våre her i Bergen har bugna av frukt no når hausten kom, så vart det ikkje særleg store avlingar tilsaman i Norge, etter det som for dei fleste vart ein supersommar.
Likevel skal vi takke i dag. Hausttakkefest.

Det stod ein fin setning i det vi har lese frå Bibelen i dag:
«Guds bekk er full av vann, du sørger for kornet, ja, slik sørger du for jorden» (Salme 65,10b)
Bekker fulle av vatn. Vi har sett rikeleg av det rundt oss. Kanskje kan det vi har lese, minne oss om at heile naturen har med Gud å gjere. Det er dette han har skapt.
Vi kan gle oss over det, sjølv i byen som er berømt for paraplyar og mykje vatn.
Vi kan takke Gud for det han gjev oss å ete.
Noko av det har vi bore inn i kyrkja. Noko får vi frå andre stader.
Og vi kan takke for at vi har det vi treng sjølv om vi må kjøpe det frå langt unna ein stad: «-du sørger for kornet, ja, slik sørger du for jorden,»  seier vi til Gud i dag.
No skal vi halde fram med det å snakke om å vere takknemleg. Om det å gje ære til Gud. For i dag har vi også lese forteljinga om då Jesus møtte ti spedalske. Ti alvorleg sjuke menneske. Dei ropa alle til Jesus i fortviling, for livet hadde fare forferdeleg ille med dei. Spedalskesykja var ei forbanning, verre enn det aller meste eit menneske kunne koma bort i. Dei hadde i sanning grunn til å vera botnlaust fortvila, for dei var sette totalt ut av alt sosialt samkvem med andre menneske. Dei var isolerte, bortjaga og uønska av alle andre. Sjukdomen deira var forferdeleg smittsam. Alle var livredde for å kome nær dei, for at dei skulle bli ramma på same måte som desse som allereie var sjuke og utstøytte. Det var ikkje berre sjukdomen som var så forferdeleg ved å verte spedalsk. Det var i minst like stor grad utstøytinga av samfunnet. Isolasjonen. Det å verte rekna som urein. Difor deira hjarteskjerande rop: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!»

Også vi ropar i gudstenestene våre nesten akkurat dei same orda som dei spedalske: Kyrie eleison! Herre, miskunna deg over oss, betyr det. Orda frå dei spedalske var: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!»

Kjære Biskopshavn menighet! Dette er ropet som aldri må forstumme i hjarta ditt og frå munnen din. Kyrie eleison. Eller som dei spedalske ropa ut: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!»
For som del av ei syndig menneskeslekt er vi alle smitta. Vi er alle ureine.
Men langs vår veg møter vi Jesus. Han har vist seg for oss. Han har stogga opp ved den enkelte av oss. I dåpens vatn vart vi for første gong reinsa for det ureine vi bar med oss.
I nattverdens sakrament møter han oss på nytt og på nytt til oppreising etter fall og nederlag som flekka oss til. Skitna oss ut. Gjorde oss ureine.
Han ser oss. Tek oss i handa, Talar til oss. Og sender oss hit. Hit vi er no. I hans hus. I kyrkja.
Han så dem og sa: «Gå og vis dere for prestene!» Og mens de var på vei dit, ble de rene.

Prestane var å finne i templet. Eller i synagoga.
Der gudstenesta vart forretta. Det var der, i fellesskapet som prestane leia, fellesskapet av dei som kom saman til skriftlesing, forkynning, undervisning, bøn og lovsong, der var det at dei spedalske skulle samle seg. Og vi les at allereie mens dei var på veg mot synagoga eller templet, der prestane var, på veg inn i dette fellesskapet, så hende underet. Dei vart reine. Friske.

Difor handlar det om meir enn at ein prest skal få god sjølvkjensle ved at mange møter opp i kyrkja og til gudsteneste på søndagane. Det handlar om at der, i fellesskapet rundt nådemidla, Guds ord, sakramenta dåp og nattverd, der finst ein stad der vi kan verte reine frå synda sin ureinskap.
Difor lyttar også vi som er her i Guds hus i dag når Jesus seier til oss: «Gå og vis dere for prestene!»
For dei spedalske hende altså det ubegripelege underet: Dei vart reine. Alle dei ti vart friske. Fordi Jesus sende dei i veg. Til prestane. Til Guds hus, templet. Synagoga. Fordi han tala til dei så dei i tru tok i veg dit han peika. Fordi han med sine guddommelege krefter kunne gjere underet. Reinse. Setje dei fri. La dei få tilbake livskvalitet. Eit liv i fellesskap med slekt og vener.
Halleluja, ville karismatikarane mellom oss sagt som reaksjon på underet. Og det bør vi seie alle.

Men det 90% av desse spedalske altså ikkje sa, det var takk.
Det er aldeles utruleg. Men lat oss ikkje dvele meir ved det. Jesus undra seg han òg. Men det var ikkje sjølve takken som var det viktigaste for han.
Vitigare er det å ære Gud. Lovprise Gud. Han som gjer rein når vi er ureine. Han som reiser opp når vi har falle. Han som har nåde i byte mot nederlag.
Det handlar om å ære Gud. Lovprise Gud.

”La oss prise Herren”, seier presten heilt mot slutten av kvar einaste gudsteneste.
Gud være lovet. Halleluja. Halleluja. Halleluja. Slik svarar kyrkjelyden.
Lat desse orda også uttrykkje at dei kjem frå hjarta ditt. At det er det du vil ære Gud med for at han har møtt deg i gudstenesta.

Han har minna oss om sine gåve som vi haustar frå naturen, Han har minna oss om at regnet og sola og kornet og maten er hans gode gåver som vi takkar for i hausttakkefesten.
Men endå meir vil vi gje Gud ære for at han er her i dag. For at han høyrde oss då vi i fellesskap ropa: Kyrie eleison. For at han ser at vi som er ureine, kan verte reine Når han møter oss gjennom orda han talar i Bibelen. I badet som skjer i dåpen. Og i nattverden vi snart skal samle oss rundt.
Må Gud få oppleve at vi takkar og tilber. Lovsyng og ærar han som åleine er verd all takk og ære. Lov og pris.
Amen.


fredag 21. september 2018

Bak dialogen opnar misjonen seg.


(Innlegg i Vårt Land 21.sept)
Teolog Ivar Bu Larssen meiner at kyrkja ikkje etterlever Jesu misjonsbefaling i møte med muslimar. (Vårt Land 18.september)
Han har eit poeng.
Eg er av dei som har engasjert meg i dialogarbeid. Eg har tru på det. Difor er eg styreleiar i Kirkelig Dialogsenter Bergen. Men eg har også tru på misjon. Eg meiner at kyrkja må ta Jesu bod om å gå – døype og lære på alvor. Dialog skal etter mi oppfatning ha eit mål der framme ein stad om at mi tru også skal bli trua til dei eg er i dialog med.
Men nettopp i møte med det Ivar Bu Larssen set fingeren på, dialogmøtet mellom kristne og muslimar, tenkjer eg at dialogen er eit verktøy der ein er veldig tydeleg på at vegen til konvertering eller omvending er ein lang og kronglete veg. Difor må og skal dialogen skje i djup respekt for at andre menneske har ei overtyding. Ei overtyding eg ikkje kan dele, men som eg kan lytte til, observere og kjenne igjen når eg sjølv er overtydd om at Jesus faktisk er vegen, sanninga og livet. Den einaste vegen. Den einaste sanninga. Og sjølve livet. Det evige.
Larssen viser til boka av Sunniva Gylver og Bushra Ishaq. Eg har ikkje lese boka, og det er sjølvsagt meiningslaust å kommentere den då. Men om det er rett at Gylver berre finn positive sider ved Islam, slik Larssen hevdar, så må han ha rett i at vi ikkje skal oversjå det han kallar for «dokumenterte  problem med æreskultur, homfobi og antisemittisme i muslimske miljøer i Norge». Sjølvsagt ser vi alle desse problema. Det finst fleire problem også, som ikkje er nemnde. Men nettopp i møte med desse problema, er dialogen viktig. Respektfull tilnærming er utelukkande eit gode, sjølv om vår respekt ikkje alltid vert returnert eller forstått slik vi som kristne gjerne skulle ynskje. Utan dialog handlar det fort om konfrontasjon. Det kan lett verte farleg.
Men så er det faktisk også slik at eit fleirtal av muslimar som bur i landet vårt ikkje er eit problem for nokon av oss. Dei tilpassar seg til norsk kultur over tid, samstundes som dei held på trua si og tilber Allah i moskeen. Dei utdannar seg og tilfører samfunnet vårt ein rikdom av arbeidskraft, naboskap og eit fleirkulturelt levesett som nordmenn kan lære mykje av. Ikkje minst i møte med den vennlege og fredfulle varianten av islam er dialog viktig.
Og her må vi som kristne og som kyrkje også våge å ha to tankar i hovudet på same tid.
Dialog først. Varsam tilnærming. Respektfull lytting. Tileigning av kunnskap om det som er framand.
Misjon dinest. Trygge på vår ståstad og uredd for konflikt, kan vi etter kvart by inn til både kyrkjeleg fellesskap med udøypte muslimar, og til reelle religionssamtalar der vi kan vitne om vår tru, og kanskje til og med seie rett ut at mi tru er dette: At Jesus faktisk er vegen, sanninga og livet. Den einaste vegen. Den einaste sanninga. Og sjølve livet. Det evige.
Men det må gjerast samstundes som vi har opne øyrer for ei anna tru, for ein anna veg. Vi kan ikkje fylgje gjennom Ramadan og bønetider. Vi kan ikkje likestille Bibelen og Koranen. Men vi kan lytte. Lære. Forstå.
Muslimane trur på ein gud, Allah.
Kristne trur på ein treeinig Gud. Fader, Son og Heilag ande.
Ikkje minst det at trua vår inneber tillit til den tredje personen i guddommen, Den heilage ande, gjer at vi kan gå inn i frimodig dialog med dei som trur på andre måtar enn vi gjer i den kristne kyrkja. Anden er den fremste garantist for at det er meiningsfullt å drive dialog med eit mål om at Jesu misjonsbefaling kan oppfyllast i møte med andre religionar.
Ivar Bu Larssen hevdar at vår kyrkje ikkje etterlever Jesu misjonsbefaling.
Eg skulle ynskje at fleire av dei mest sentrale leiarane innan dialogarbeidet i kyrkja vår kunne tilbakevise hans påstand ved å vere endå tydelegare på at bak dialogen opnar misjonen seg.



torsdag 6. september 2018

Priviligert?


16. s. i treeiningstida. II. 09.09.2018
Hamre kyrkje
1.Pet 4,12-19
Eg er privilegert.
Eg har jobba som prest i snart fire ti-år. Eg har aldri opplevd noko som liknar på forfølging og trakassering fordi eg er kristen eller fordi eg jobbar som prest. Eg har fått nokre sure telefonar med ganske lange mellomrom. Nokre få gonger negative, anonyme brev. Ein gong for lenge sidan, eit ubehageleg trugsmål. Men det er alt i hop bagatellar. For eg er framfor alt privilegert som har ei teneste og eit arbeid som eg er veldig glad i, og som betyr mykje for meg. Eg er med i ei kyrkje som eg kjenner som den andre heimen min. Den betyr mest i livet mitt, når eg ser bort frå mine næraste i familien.

Det er ikkje alle kristne som har det slik.

Eit av mine privilegium er at eg har fått lov å reise mykje, og eg har fått glimt av innsida i kyrkjer i andre land. Mykje av det eg har sett der har vore til å gle seg over. Ikkje minst å få kjenne fellesskapet med andre som trur, ber og lovsyng den same Frelsar og Herre som vi gjer på Osterøy og i resten av landet vårt. Det er til å bli glad av å sjå kyrkjer som veks. Nokre av dei i ein fart vi ikkje kan forestille oss. For vi er festa i ein arv av litt seig, tradisjonell statskyrkje. No leitar vi alle etter ein ny, tidsmessig måte å stå fram som eit kyrkjesamfunn som ikkje vert styrt frå regjeringskvartalet i Oslo.
 Men nokre av dei kyrkjene eg har fått vere gjest i, har få eller ingen av våre privilegium som vi lener oss tilbake på i vår kyrkjekvardag.
Eg kunne nemnd fleire ulike kyrkjer som har sitt å stri med, og som eg har fått eit lite glimt av. Eg vil dra fram ei oppleving.


I programarket ser du eit foto i svart/kvitt. Det er teke av ein profesjonell kinesisk fotograf. Eg såg det på opninga av ei stor kunstutstilling i Beijing for nokre få år sidan. Vi var inviterte dit, ei gruppe nordmenn som var på tur i regi av den norsk/danske misjonsorganisasjonen Areopagos. Dei har eit kunst- og kulturprosjekt i samarbeid med kinesiske kristne. Mykje kunne vore sagt om denne spanande måten å nærme seg kristne i ein annan kultur enn vår eigen. Det har vi ikkje tid til no.

Men altså: Vi var på opninga av denne kunstutstillinga i en ny, kjempestor kunsthall i Beijing. Det var kristne kinesiske kunstnarar og intellektuelle som hadde invitert oss. Omtrent på same tid, eller litt før vi kom dit, hadde vi høyrt om eit fenomen som tok til å ramme kyrkjelydar i delar av Kina. Kyrkjelydar som dei siste åra har opplevd ein ufatteleg stor vekst av nye truande. Så sterkt veks kyrkja, at styresmaktene der i landet har teke til med det vi i beste fall kan kalle trakassering. Kanskje til og med forfølging.

Den aktuelle fotografen hadde dokumentert det vi allereie hadde høyrt om, nemleg at styresmaktene gjekk laus på kyrkjebygg og reiv ned alt som på yttersida viste at det handla om ei kyrkje. Sjå på fotoet. Der ser vi at krossane på toppen av kyrkja er rivne bort. Tittelen på biletet ser vi mellom kinesiske teikn, heilt nede til venstre: «Corrected church» eller «Korrigert kyrkje».
Mens vi alle sat i kunsthallen og venta på at programmet skulle starte, gjekk leiaren av det heile på talarstolen og sa på engelsk til oss som var der: «Ver varsame. Legg bort og gøym i vesker og innerlommer, alt de har fått utdelt frå oss av adresser, kontaktar, informasjon om oss som er her som utstillarar. For nett no går sivilkledd politi rundt i utstillingshallen for å kontrollere det som skjer…»

For meg vart dette ei lita aha-oppleving.
Slik er det når privilegia vert ribba. Når motstanden møter meg. Når ein tenkjer at neste omdreiing av denne skruen fører kyrkja nærare det vi rett og slett må kalle forfølging.

Apostelen Peter skreiv brev til dei han kallar for «-dei utvalde som lever som framande, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia» (1.Pet 1,1) Dette er altså utvalde, kristne, som budde i det området vi i dag kjenner som Tyrkia.
Eit lite avsnitt frå dette brevet har vi lese opp i denne gudstenestesta. Og vi skal sjå at det Peter skriv om, handlar nettopp om forfølging, om lidingar, fordi desse menneska, dei utvalde, lever som kristne.
Peter seier dei ikkje må verte forundra om dei må gjennomgå ei eldprøve.

Peter kallar dei altså for utvalde når han heilt i starten innleier brevet han skriv.
Å vere utvald, er kanskje noko som har tilnærma same tyding som å vere privilegert?
Men desse utvalde er utvalde på ein noko spesiell måte. Vi går tilbake til innleiinga av Peters brev, der står vidare i 1,2: «De er utvalde slik Gud, vår Far, på førehand hadde fastsett, og ved Anden vigde til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod.»
Privilegiet dei hadde, dei som fekk dette brevet første gongen, var at dei var utvalde «til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod».

Dei som høyrer Kristus til skal vere lydige, og dei skal gle seg over å vere reinsa i Jesu Kristi blod.
Det er ikkje akkurat søndagsskulepensum det vi no kjem inn på.
Dette er kronglete språk som handlar om dei innerste sanningane ved det å vere kristen.
Og vi lærer altså i dag at det å vere ein kristen, det å kunne gle seg over å bli reinsa for synd, nederlag og det vi ikkje får til i våre liv, det kan ha ein pris som for mange er veldig høg.

Difor gjev Peter tydeleg beskjed. Dei som er utvalde, dei som har det privilegium å høyre Jesus til, å kunne kalle seg ein kristen – dei får denne klare meldinga: «Mine kjære. Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa.»
Og så held apostelen, ein av dei aller næraste medarbeidarane til Jesus, Peter, fram med å tale om å få del i Kristi lidingar, om å bli spotta for Kristi namn skuld.

Eg sa at eg er privilegert.
For eg veit at eg aldri, så langt i mitt liv, har opplevd denne type motstand fordi eg er kristen, eller fordi eg er prest. Samstundes les eg først det Peter talar om i brevet sitt. Og så, ikkje minst, det Jesus sjølv sa i evangelieteksten på denne dagen: «Sæle er dei som blir forfølgde..»
Matt.5,10

Eg har sloppe unna. Eg har aldri hatt politiet i hælane i kyrkjene eg vore i. Og slett ikkje opplevd rasering av kyrkjebygga rundt meg. Landet vårt synest trygt tufta på verdiar som enno er så forankra i folket eg er ein del av, at det også verkar utenkjeleg at det skal bli endringar.

Eller?
Kan det endra seg? Om ti år? Om femti år?
I så fall tenkjer eg at det må vi som er døypte inn i vår kyrkje sjølve ta ansvar for.
Mange viftar med slagord at det er dei framande som kjem til landet vårt som er dei farlege. Som trugar kulturen vår, eller trua vår.

Ærleg tala – kva om vi stod opp og viste vår takk for arven vi er tiltrudd?
Her på denne staden har vi ein diamant av eit kyrkjehus som har prega tru og kultur i hundrevis av år. Berre ein ting kan få dette til å vakle. At vi sjølve, vi som bur her, ikkje støttar opp. Ikkje bryr oss. Ikkje lærer borna som skal vekse opp om kva kyrkja betyr. Om kven vi møter der. Og av den grunn også sluttar å gå her. Her møter ein ikkje først og fremst ein prest og ein organist og ein kyrkjetenar. Heller ikkje er det ei forsamling av meir eller mindre gråhåra menneske med litt sære interesser.
Her i dette huset møter vi den treeinige Gud. Han som også vil vere Gud for komande slekter. Han vil vere Gud for nye landsmenn.

Vi er alle utvalde av Gud. Men nokre lever enno som framande – kanskje ikkje for Gud. Men framande for oss.
Potensiell, framtidig motstand og forfølging eller trakassering, kan ingen utelukke her hjå oss. Våre privilegium som statskyrkje er borte. Andre privilegium kan også falle bort.
Men ved sjølvsyn har eg sett at nettopp under slike forhold veks det fram ei kyrkje med rekordfart i det veldige Kina. Ikkje utan motstand. Likevel under velsigning fordi dei som trur står saman.

Kanskje ventar det ei eldprøve på vår kyrkje også?
Det skal ikkje få oss til å gje opp. Til å vende oss bort frå han vi trur på.
Det er ikkje sikkert at eg ville uttrykt meg på same måte om kva det vil seie å vere privilegert, dersom eg hadde møtt motstand og forfølging i min kvardag som kristen og som prest.
Men eg ser kva Peter skriv. Eg trur at kristne i mange land som lever under forhold vi ikkje kan forstille oss her i det trygge Norge, dei har lese dette og teke det til hjarta: «-lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet»
I dag skal du og eg våge å be om at vi alle med frimot kan løfte opp det vi trur på, sjølv om det kan koste. Kanskje vil eit og anna privilegium smuldre bort. Men vi har apostelen Peters sterke lovnad å støtte trua vår på: «Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk»
Amen



Bloggarkiv