fredag 18. august 2023

Søk først Guds rike

 

12. s. i treeiningstida. 20.08.2023
Brekke kyrkje
Matt.6,24-34

No er det sommar. Men la oss ta eit steg tilbake og tenkje på det som var då det var vinter. Vi ser for oss nokre born som leikar i snøen. Det var våt og kram snø, og dei laga seg ein snøball som dei tok til å trilla rundt og rundt på bakken.

Då veit vi alle kva som skjer. Snøballen veks. Og for borna som leika, hende det som vi ikkje har vanskeleg for å førestille oss: Den vesle snøballen som dei starta med, vart etter kvart så stor at dei ikkje greidde å rikke han. 

Kan dette enkle biletet gje deg eit innblikk i korleis det ofte er med dine og mine suter? Med alt det vi går rundt og gneg på inne i oss. Mykje av det kan vere smått og ubetydeleg, men dersom vi får tumle rundt med det i våre sinn og i våre tankar lenge nok, så vert det til noko svært og digert og urikkande.

Slik er det veldig ofte med suter. Med bekymringar. Dei kan vekse seg så store at vi ikkje hanskast med dei lenger. Då vert dei til bører som kan bryte oss sund.

 I dag vil Jesus lære oss noko om våre suter. Om at dei skal vi gløyme og i staden lite på Gud.

Men lett er det neimen ikkje!
Det er ikkje så mange av oss som treng tenkje på kva vi skal ete eller kva vi skal kle oss med. Det var det Jesus snakka om i si Bergpreike. Og han snakka med så vakre ord at dei har rissa seg inn i språket vårt for all framtid:

Matt 6:26-29

Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?  Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?  Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

Fuglane under himmelen. Liljene på marka. Dei er så vakre. Dei lever så fritt. Dei er utan vonde minne frå gårsdagen, dei har det dei treng i dag, og dei tenkjer ikkje på morgondagen.

Men morgondagen tenkjer Gud på! 

Slik var det du og eg skulle ha det. Vi som slepp å uroe oss for mat og klede, men som har skaffa oss så mange andre suter og sorger i staden for. Vi hugsar kor redde mange var då pandemien tak tak i oss. Vi høyrer dagleg om krig ikkje så langt unna. Vi synest straum og mat er altfor dyrt. Og vi tenkjer på avdraga vi skuldar banken for lånet, vi uroar oss for arbeidet vårt, vi har problem med helsa eller vi er redde for korleis det skal gå med borna våre der dei ferdast på kveldstid eller nattestid. Sutene står i kø. Og vi kan ikkje nekte for at i alle fall ein del av oss er veldig flinke til å gjere som borna som laga snøball: Vi tumlar rundt med dei til dei veks oss over hovudet; til vi kjem til det stadiet der dei ikkje er til å rikke. Vi går oss til slutt fast i våre eigne suter og sorger.

Og på legekontora veks køane av menneske som treng hjelp til å meistre kvardagen; til å leve med  angsten for morgondagen.

Jesus seier: Syt ikkje! Ver ikkje urolege for morgondagen.

Men er det berre å opne munnen på denne måte med ei formaning til å gløyme alt som er vanskeleg?Sjølvsagt måtte det vere herleg å kunne leggja av all angst og uro for korleis det skal gå med oss vidare.

Men er det verkeleg mogeleg?

Er ikkje dette berre store ord av Jesus som ikkje passar inn i ein norsk kvardag, prega av oppjaga stress frå borna som går i barnehagen til overarbeida helsepersonell som strevar det dei kan for å gje best mogeleg omsut til den eldste generasjonen på sjukeheimen? 

Det er store ord av Jesus!
Samstundes er det ord med eit fabelaktig innhald og med ei veldig rekkevidde, om vi berre greidde å ta tak i kva det er Jesus vil ha sagt.

Jesu poeng er ikkje at nokon av oss skal la tilfeldige innfall og utfall styre vår framtid. Jesus vil ikkje at vi skal leve uansvarleg - at vi skal blåse i skulegang og utdanning eller at vi skal satse på at kjende eller ukjende skal gje oss pengar eller mat til livets opphald utan at vi sjølve treng å bry oss med arbeid og innsats. Jesus vil ikkje at eit menneske som vert ramma av sjukdom, skal vere så utan tankar på framtida at det ikkje oppsøkjer lege eller hoppar bukk over medisinar.

Ein slik livsstil kallar vi svermeri. Det har ikkje noko med kristendom å gjere. 

«Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der.  Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.»
Slik talar Jesus ein annan stad i Matt; i kap.10,29-31
 

Ver ikkje redde! seier Jesus.
Syt ikkje for morgondagen! Morgondagen og dei dagane du og eg har fått, dei kviler Herrens hender. Der kan du og eg søkje ro og kvile.

For Gud bryr seg om oss. Slik han bryr seg om fuglane under himmelen og om liljene på marka. Ja, han bryr seg langt, langt meir om deg og meg enn han gjer om resten av skaparverket. Han kler blomster i vakker drakt og flotte fargar. Han gjev himlens fuglar eit luftig liv i fabelaktig fridom.

Slik, ja endå meir enn det, vil han kle deg med det som er godt og det som er vakkert. Slik, ja enda meir enn det, vil han gje deg fridom til å  leve livet ditt i glad teneste for han som er Herre  over  livet ditt, over morgondagen og over framtida, ja, også over døden når den ein gong kjem. 

Men eit vilkår set Jesus for at du og eg skal finne denne store fridom, denne gode kvile og ei framtid vi kan gå inn i utan sut. Jesus seier:
"Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt.” 

Guds rike, og hans rettferd. Dit styrer vi tankane våre på denne søndagen.

Eigentleg er det vi har tala om i dag, ein tale om å leve i samsvar med det første av dei ti boda: ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”

Det handlar om å setje Gud først. Om å søkje Guds rike framfor mitt eige, framfor alt det viktige i mitt liv. Tekstordet vårt vart innleia med dei kjende orda om at det ikkje går an å tene både Gud og Mammon. Kan hende har dei aller fleste av våre suter og sorger si rot i nettopp det at vi alle saman er Mammons tenarar. Vi er så opphengde i pengar og eigedom og det som tilsynelatande set farge og glans på livet vårt, at det rett og slett ikkje er plass for Gud der. Vi har ikkje tid til, og rom for, Guds omsut. Då skal det ikkje mykje til før sutene vert som den vidgjetne snøballen. Dei veks oss over hovudet og vi maktar ikkje å rikke dei.

 Men det første bodet lyder altså: ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”

Det betyr at Gud skal ha førsteplassen. Det betyr at Mammon og heile hans velde, skal vike for Gud i mitt hjarta og i mitt sinn. Gud skal vekse, i staden for sutene. Gud skal vere som snøballen. Han kan vi sleppe til i tankane våre. I bønene våre. I kvardagen vår. Også då kan det verte som med snøballen. Gud kan vekse seg så stor for oss at han ikkje er til å rikke.

Men Gud vert ikkje ei bør, slik sutene vert det. Gud er i staden den som ber!
Gud kan bere deg og meg gjennom kvardagar der motgang og otte for framtida ikkje får maktstele oss.

For det er ein lovnad knytt til det å først søkje Gud og hans rike; til å halde det første bodet:
”Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.”

Det er veldig mange menneske som kan vitne om dette. Som kan fortelje korleis Gud gjev oss langt meir enn vi forstår å be om. Nøkkelen ligg i det å leggje seg til kvile i dei hendene som kan bere, i staden for at vi sjølve freista å bere det som har vakse oss over hovudet. Gud vil gje oss alt det andre attåt. 

I staden for sut og bekymring,  vil Gud gje oss det vi treng, ja meir enn det. Slik han pyntar liljene med form og farge og lukt så dei vert til noko av det vakraste vi kjenner, slik vil Gud ”pynte” livet ditt med godleik og velsigning.

Slik Gud mettar himmelens fuglar utan at dei treng korkje å hauste eller så, slik vil Gud mette deg og ditt liv med godleik og miskunn.

Ikkje ved å gjere livet ditt til eit lettvint og sorglaust liv, men ved at du får kjenne at han er ved sida di; at det er han som ber deg og ditt liv, i staden for at du må bere alt det som kan tårne seg opp når det skyar over.

 

 

Bloggarkiv