fredag 25. desember 2020

Det sanne lyset

 

1.juledag 2020. 
Johs, 1,1-14
Åsane

Ordet, som var Gud, kom til oss i julenatta.
Dette er julemysteriet. Eit Ord. Eit skapande ord som omskaper seg sjølv til eit menneske. Gud vert menneske. Gud vert eit nyfødd barn.
Så uendeleg langt bortanfor det vi kan forstå med vår tanke.

Dette er for vår tru.
I dag kjem vi til kyrkje fordi vi trur. Vi kjem med tru. Vi kjem i trass. I trass mot ei verd som har vore gjennom eit år der vi møtte motbakken.
Eit år med frykt, for mange. Med redsel.
Nokre av oss opplevde kanskje også sorg i dette året.
Men vi trassar motbakkar. Vi strevar oss fram. Oppover mot ein topp der vi trur og håpar at det ikkje skal vere enno ein nedoverbakke, mot ein dalsøkk, før det kjem nok ein motbakke å forsere. For vi ser at det skin i ein blenkjande topp der framme. Dit vil vi.

Vi trur på Ordet. Vi trur på Gud, som var eit ord, som skapte gjennom eit ord, og som let Ordet verte menneske.
No lyttar vi, med tru, til orda om dette Ordet. Til det som er sagt om han som kom til oss frå Gud. Han som i julenatta, på ufatteleg vis steig ned mellom oss for å vere som oss. For å gå motbakkane saman med oss. For å føre oss dit det lyser.

I førebuingane til jula i år, gjennom heile adventstida, har det for meg vorte slik at Johannesevangeliet har ståla mot meg som om det var eit moderne julelys, av typen som blinkar. Dei har blinka til meg, alle orda om at han som kom, han kom til oss som lyset. Lyset i mørkret.
Kunne det passe betre?
Gjennom eit mørkt år, så er han der. Han som er lyset for oss alle.

På julaftan kan vi lese teksten frå profeten Jesaja: «Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram» (Jes.9.2)

Har vi i som er fødde etter 2.verdenskrig, og det er dei aller fleste av oss, opplevd eit år med så mange trugande, mørke skyer over oss som pandemiåret 2020? Neppe!

 Kor godt er det ikkje då å lytte til juleorda om det store lyset som skin inn i verda.

Guds velsignande lys over oss alle.
«Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.»
Slik talar Johannes i dagens evangelium om det veldige som hende i jula.
På Betlehemsmarkene veit vi at det står at Herrens herlegdom lyste frå englane som kom med gledesbod frå Gud. Bodet om frelsaren.

Difor: Det må handle om lyset på juledagen i år!

Lat oss flytte fokus frå mørkret som har lagt over, og som framleis kviler over vårt land, og over verda rundt oss gjennom 2020.

Lat oss flytte lyset inn til oss. lnn i heimane våre. Inn i kyrkjene våre. Gjere det til vårt.

Slik Jakob Sande har gjort det med Vestlandet sin julesong:
«Det lyser i stille grender, av tindrande ljos i kveld»

Korleis skal du og eg møte eit slikt lys? Guds lys. Himmellyset.

Mitt svar på den første juledagen, er at vi skal gle oss over han som kom til oss som eit lite barn, og som seinare sa om seg sjølv: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» (Johs.8,12)

Han som er livsens lys, han skal vi også bøya oss for og tilbe.

Slik vismennene gjorde då dei kom til Maria med Jesusbarnet og fall på kne og hylla barnet (Matt,2,11)
Vi skal tilbe lyset i verda. Ikkje sola. Ikkje månene eller stjernene. Ikkje andre gudebilete. Ikkje vår tids menneskelege mediastjerner. Men det vesle barnet. Han som kom frå Gud. Han som var Gud: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda»

Kunsthistoria fløymer over av altertavler og måleri, skapt av kunstnarar som har tenkt seg korleis det eigentleg var då kongane, eller vismennene, tilbad barnet. Ingen var der med fotoapparat eller mobiltelefon med eit godt kamera. Her har fantasien får leike seg. Fritt og usensurert. Ingen har fått til å skildra det slik det verkeleg hende. Men mange kunstnarar har likevel formidla djupe sanningar til oss.

I eit kunstgallleri i Firenze i Italia heng eit bilete som har fasinert meg gjennom heile adventstida i år, sidan eg fekk augene opp for det gjennom ein avisartikkel eg kom over. Kunstnaren, Gentile de Fabriano, er frå 1400-talet, og har måla biletet «Kongane som tilber»

I vår mørketid dette året kan det vere godt å feste augo våre på eit gullglitrande bilde. Totalt fjernt frå den verkeleg verda. Slik var det ikkje i stallen med Maria, Josef og Jesusbarnet. Dert kan vi vere trygge på. Ingen av dei tre vismennene, eller kongane, som dei også blir omtala som, var kledde slik som på bildet. 

Men her ser vi dei i audmjuk tilbeding. Rangert etter alder.

Det som forbløffar er grepet kunstnaren har gjort. Den eldste kongen kneler framfor barnet og tilber.
Men barnet bøyer seg fram frå Marias fang og legg handa på hovudet til kongen. Barnet velsignar den tilbedande kongen.

Kjære kyrkjelyd.
Måtte «lyset frå det høge gjesta oss som ei soloppgang» (Luk.1,78) dette året.

Må vi oppleve at barnet bøyer seg fram og velsignar oss med sitt nærvær og sitt lys. Frelseslyset.
Slik at vi gjennom vår tilbeding, ved vår lovsong i julehøgtida, ser og opplever at det skin i ein soloppgang no. I våre liv. I verda som er tyngd under åket frå viruset.

Vi trur ikkje at det er mørkret som har vunne.
Tvert om: Vi kjenner eit lys som er større enn alt mørke. Det lovar og priser og tilber vi på denne store juledagen.
Og så ser vi for våre indre augo for oss at barnet bøyer seg fram og bøyer seg ned. Det skin i lyset frå barnekroppen. Det velsignande og tilgjevande lyset som jagar bort mørkret frå alle krokar i våre liv.

Takk for at du kom til oss med lyset, kjære Jesus!
Takk for at du er lyset - Livsens lys som lyser i all verdens dødsskugge og frykt.

Det er er dette vi klamrar oss fast til denne jula: «- i han, var liv, og livet vart lyset for menneska.»
AMEN

Bloggarkiv