mandag 30. desember 2019

Det tidlause namnet


1.nyttårsdag / Jesu namnedag I. 01.01.20.
Åsane
Luk. 2,21

A-Magasinet er viktig i norsk presse. Ikkje minst fordi dette er det desidert største avismagasinet i landet, med eit opplag på over 750.000 kvar veke. Vi som abonnerer på BT får det i postkassa kvar fredag.
Fredag før jul sette magasinet fokus på årsskiftet vi no opplever. Ja, meir enn det – vi opplever å gå inn i eit nytt ti-år i dag. Det var verd å lese ein del av tankane som stod på trykk omkring dette temaet. Sju forteljingar frå tiåret bak oss; om klima – teknologi – flukt – terror – sosiale media - krenkingar – lukke.

Det er eigentleg ikkje oppsiktsvekkande at dei som styrer med media gjer noko slikt når vi byter kalender. Liknande saker har stått på trykk mange gonger før, og det kjem sikkert til å bli repetert.
Eg opplever at det er nyttig å få hjelp til å oppsummere tida vi har gjennomlevd. Det hjelper oss litt med å sortere viktig frå uviktig. Det kan vere med på å opne auger og å forme fornuftige tankar vi bør tenkje når tida sitt nyaste landskap skal rullast opp framfor oss.

Kva er viktig for deg og meg akkurat i dag?
Vel – sjølv vakna eg opp til ein splitter ny heimkommune denne nyårsdagen. Tre kommunar vart til ein der eg bur. Eg har forventning til at det er eit framsteg for meg og dei nesten 30.000 menneska som skal bu og byggje i nye Alver kommune. Vi fekk noko nytt i lag ved dette årsskiftet. Det spanande.

Og alle vi som høyrer heime i Åsane er i dag ein del av det store, nye Vestland fylke. Fjella i Hordaland er dei same i dag som i går. Hardangerfjorden og Sognefjorden i begge dei to gamle fylka ligg der dei alltid har lagt. Husa våre står på dei same tomtane som dei gjorde på julaftan. Men eit usynleg band knyter likevel i dag saman folk frå Røldal til Stadt; frå Sognefjellet til Fedje. Eg har budd i begge dei gamle fylka, og hatt gode år der. Det trur eg vi skal få i den nye tida med Vestland også.

Men vi som er samla i kyrkja, kan kanskje tenkje ein ekstra fin tanke på denne dagen.
Dei gamle fylka våre utgjorde til saman Bjørgvin bispedøme. I dag er bispedømet og det samla fylket samanfallande. Og som med alt anna vi har peika på: Kyrkja er den same. Kyrkjene står der dei har stått. Gravene som gøymer våre kjære ligg slik dei skal liggje til Jesus kjem igjen, og vi som tilber og trur, vi samlar oss i samsvar med det vårt bispedøme har formulert som sitt motto: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.»

Sju forteljingar frå tiåret bak oss; om klima – teknologi – flukt – terror – sosiale media - krenkingar – lukke. Det var det A-magasinet serverte som overgang til det nye tiåret.
Ingen kan vere i tvil om at det er viktige tema, kvart einaste av dei.

Men i møtet med alt dette viktige som veldig mange nordmenn kunne lese, så saknar eg som prest eit utblikk mot det som er større enn eit årsskifte, det som omfattar meir enn eit dramatisk ti-år. Det som rett og slett går utanpå tida, som vi måler med klokker og kalendrar, og som vert sett merkelappar på i viktige delar av pressa.
Større enn tida, er, så paradoksalt som det kan høyrast, det tidlause.
Det som går inn som ein del av den kristne trua under nemninga æva.

I dag bør kyrkja rette fokuset på det som ikkje berre er aktuelt når vi går inn i eit nytt
ti-år. Det finst noko tidlaust å snakke om. Noko som ber med seg det evige.
Det er dette bibeltekstane på Jesu namnedag, nyårsdagen innbyr til.

Det finst viktigare namn å snakke om enn ein president som passande nok heiter Donald.
Det finst viktigare saker enn bompengar. Til og med viktigare enn flyktningar og terror, eller å snakke om klima. 

På den åttande dagen etter at vi mintest Jesu fødsel, samlar vi oss for å feire minnet om at han vart boren fram i tempelet i Jerusalem for å omskjerast. Og då vart det stadfesta det engelen hadde sagt til Josef lenge før barnet vart fødd: «Dei kalla han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.»

Det tidlause namnet. Det evige namnet. Det som vil vere årets namn for kvar einaste truande kristen over heile verda i år etter år. Heilt til han kjem att. Han som er Kristus, Herren. Frelsaren. Messias. Den salvevigde. Guds eigen son. Ordet, som alt vart til ved.
Han har framfor alt eitt namn –  Jesus - det som betyr Frelsar. Men i Skrifta vert han omtala på ulikt vis, utan at vi nokon sinne treng å vere i tvil om kven det dreier seg.

Tenk om vår viktigaste og største presse kunne oppdage dette namnet ved eit årsskifte? Og slik gå eit stykke veg, hand i hand, med dei kristne og løfte fram dette namnet vi aldri vert ferdige med.

I meir enn tusen år har samfunnet vårt hatt namnet Jesus som ein grunnpilar.
Ikkje fordi kvar einaste nordmann til ei kvar tid har brydd seg så mykje om Jesus.  Nokre har fornekta han. Avvist å tru på han. Argumentert, til dels kraftig, mot oss som trur, tilber og lovsyng dette namnet.
Likevel samlast hans kyrkje kvar einaste søndag.
Likevel vert framleis fleirtalet av nordmenn døypte i Jesu namn.
Likevel vert 80-90 % av dei som døyr frå oss, senka i grava mens presten kastar jord på kista, «-i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage  ande»

I det nye tiåret, mens vi skal venje oss til med at vi no bur i Vestland fylke, skal vi som er med i kyrkja i det bispedømet som geografisk fell saman med det nye fylket, stadig halde fram med å etterleve vårt motto: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.»

Å forkynne Kristus, å løfte fram Jesu namn for alle som vil høyre, og som kanskje etter kvart også vil tru, det er nyårets fremste oppgåve for hans kyrkje på denne staden, her i Åsane.
Men skal vi oversjå det viktige som pressa har peika på nettopp no framfor den høgtida som eit årsskifte er? Er det faktisk like viktig å snakke om Jesu namn, som å snakke om flyktningar og terror, eller å snakke om klima?

Til det vil eg seie: Det er inga motsetning!
Visst skal kyrkja snakke om flyktningar. Det er det mange grunnar til. Ein av dei er at Jesus sjølv var ein flyktning då han og Josef og Maria måtte rømme til Egypt kort etter fødselen hans. Om den hendinga snakka vi i kyrkjene våre søndag for tre dagar sidan. Sjølv brukte eg desse orda i kyrkja i Arna om flyktningen Jesus:    
«Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som i årevis no har kjempa desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria, der landshovdingen Kvirinius i følgje juleevangeliet, styrde ved Jesu fødsel, har millionar framleis status som flyktningar. Flukt ut i det djupaste mørket.
Og her i vårt eige land, der pengar har runne som elvar gjennom kassaapparata i adventstida, så påstår politikarane våre hardnakka at vi ikkje kan ta mot meir enn ei ørlita handfull av alle desse. Vi har ikkje råd, vert det sagt. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.
Den 10.juli i år sa vår noverande justisminister, Jørgen Kallmyr, til NRK at han var bekymra for at private redningaksjonar av båtflyktningar i Middelhavet kan leie til auka flyktningestraum. Den lite vakre overskrifta på NRK sine heimesider lyder: «Advarer mot å redde båtflyktninger»

Kyrkja skal snakke om Jesus. Kyrkja skal snakke om flyktningar. I Bjørgvin har kyrkja som sitt motto at vi skal fremje rettferd. Då må kyrkja våge å konfrontere statleg urettferd  overfor flyktningane.

Kyrkja skal sjølvsagt snakke om terror. Ikkje minst fordi nettopp Jesus vart ein flyktning som ei følgje av hårreisande terror av kongen som regjerte då han vart fødd. Kong Herodes er berømt for si forferdelege framferd ved barnemordet i Betlehem. Ein terroraksjon han iverksette fordi ryktet om frelsarfødselen hadde nådd han. Messias, kongen, den salva var komen. Hen heitte Jesus. Herodes forstod ikkje å tyde teikna på himmelen. Men han hadde makt til å utføre terror ved å drepe alle guteborn i Betlehem som var under to år. Ein uhyrleg terrorist som jaga Jesus på flukt mens han enno var baby.

I gudstenesta for tre dagar sidan spurde eg:
«Ville vi i Norge ha opna grensene våre i 2019 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes?
Det finst parallellar til den mannen, Herodes, i lys levande live i vår tid!»
Terror er ikkje nytt i vår tid. Samfunnet må sjølvsagt konfrontere terroren. Kyrkja vil kanskje ha si største oppgåve i å trøyste. I å vise omsorg. I å vere diakonal. Men i alle fall kan ikkje vi som vedkjenner oss namnet Jesus vere likesæle neste gong ein eller annan Herodes går langt over streken i møte med oss og våre medmenneske.

Det er ikkje spesielt originalt at også ved dette årsskiftet, så løftar A-Magasinet fram klima som eit hovudtema i året som ligg bak, og for åra vi skal gå inn i.
Slik må det også vere for den kristne kyrkja. Det må vere slik, nettopp fordi vi vedkjenner oss Jesu namn. Det er han vi trur på. Det er han vi ber til. Det er han som er vårt lys når vi skal finne vegen ut i ei mørk verd. Denne verda synest å liggje i skuggen nettopp av klimakrisa  akkurat no. Difor treng denne verda å sjå  til han som kallar seg sjølv for lyset i verda.

I lyset frå dette namnet, lærer vi i jula at han som heiter Jesus, også kan kallast Ordet. Og på sjølvaste Jesus fødselsdag, juledag, lærte vi at Ordet var med då alt vart skapt, då alt vart til. Ved dette Ordet, ved Jesus, stod skaparverket fram i all si prakt: «Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til» (Johs 1,2) las vi på juledag.
I Jesu namn vart skaparverket fullført.

Ved dette namnet skal kyrkja vere med i klimakampen fordi vi anar alvorlege konsekvensar av at vi har vore med på å setje skaparverket i dramatisk ulage.
Som kristne fornektar vi ikkje menneskeskapte kriser når klima og miljø står på dagsorden.
Men vi fornektar heller ikkje det namnet som alt er skapt ved.

I tru og tillit til den treeinige Gud går vi framtida i møte. Vi forkynner Kristus, vi byggjer kyrkjelyden vår, og vi fremjar rettferd. Rettferd for flyktningar, for terrorofra, og i klima- og miljøkampen.
Vi trur på han som heiter Jesus – han har namnet som fortel oss at han er vår Frelsar.
Det er vårt lysande håp når vi ynskjer kvarandre eit godt og velsigna nytt år.

AMEN




lørdag 28. desember 2019

Kva hende?


Romsjulssøndag I. 29.12.2019
Arna
Matt 2,13-15
(Litt omarbeida frå 2013)
Juleinnkjøpa er unnagjort. Juleborda ligg bak oss. Pyntinga var mange ferdige med før vi gjekk inn i advent. Julehelsingane; julekorta og julebreva, har vi både sendt og lese. Pinnekjøtet smaka som vanleg nydeleg på julekvelden. Gåvene er pakka ut. Kanskje har vi til og med rukke ein tur innom kjøpesenteret for å bytte ei eller anna gåve som det følgde byttelapp med?
Julaftan var det smekkfullt her i kyrkja. Tynnare i rekkjene førstedagen. Og no er vi komne til dagen med det klangfulle namnet: Romjulssøndag.
Ettertankens dag i vår julefeiring.
Kva har vi vore med på? Kva hende eigentleg? Slik tenkjer vi ved eit årsoppgjer.

Eg er glad for at eg sjølv slepp å summere omsetning i ein butikk. Det ville passe veldig dårleg med slik eg er skrudd saman. Men for nokre mellom oss ventar nettopp det. Årsoppgjeret der juleomsetninga er heilt sentral.

Kva hende? I førjulsritualet inngjekk den tradisjonelle diskusjonen i media om borna skal få delta på julegudstenester i lag med skulen sin, eller ikkje. Var det teikn til ein meir roleg og balansert  debatt i år enn tidlegare år? Eg håpar det.
Her i bergenstraktene sette vår storavis, BT, fokus på det å vere fattig i eit elles rikt land. Mange viktige ord vart skrive. Mykje av dette må kyrkja her på staden ta til seg og integrere i sitt arbeid.
Likevel: Med tanke på jula vi er i ferd med å avrunde, spør eg, før vi er heilt ferdige med julefeiringa: Kva hende?

Svaret er ikkje enkelt. Svaret er ikkje eintydig. Vi kan svare på mange måtar.
Men eg opplever at vi får hjelp til å kome litt nærare eit svar om vi lyttar til det apostelen Paulus skriv i ein av tekstane vi har lese i dag: «Samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort.» (1.Tim 3,16)
I jula har vi våga oss inn i mysteriet. Det var det som hende!

Det som er større og vanskelegare å fatte med vår tanke, enn alt som handlar om gåver og mat og pynt og førsjulsstemning med gamle og nye juletradisjonar. Mysteriet i vår gudstru kallar Paulus det. I jula er det nettopp dette mysteriet vi har vore samla om.
Fordi Guds vegar og Guds tankar ikkje er til å begripe, er det at vi som kyrkje samlar oss i kvar ein krok over heile verda. Men vi samlar oss ikkje for å forstå når det er juledagen. Vi samlar oss i tru.

Det ufattelege og ubegripeleg går utanpå forstand og logikk. Det  handlar ikkje om å forstå det som hende. Men om å tru det.

Og seinare i dag, når vi nærmar oss noko anna uforståeleg i kyrkja sitt liv, nemleg nattverden, så brukar vi eit liturgisk uttrykk: ”Mysteriet i trua er stort”. Jula er ein del av dette ” Mysteriet i trua ”. Og nettopp trua vår er det som opnar augo våre for det uforståelege og ubegripelege. Trua kan hjelpe oss til å svare når vi spør: Kva hende?
Det uforståelege og det ubegripelege.

Vi er omgjevne av dette kvar dag, året igjennom. Slik vi som trur også rammar livet vårt inn i dette forunderlege mysterium som vi ikkje maktar å begripe, men som vi klamrar oss til, nettopp med trua vår.

På denne romjulssøndagen vert vi gjennom den korte preiketeksten konfronterte med fleire innslag av mysterium i samband med juleforteljingane.
”Då vismennene var farne…”

Slik vart tekstorda innleia. Det dreiar seg sjølvsagt om vismennene frå Austerland som kom til Betlehem for å hylle han dei trudde var ein nyfødd konge. Det handlar om vismennene som følgde stjerna. Stjerna viste veg for dei og stansa over den staden i Betlehem der barnet var.

Mysterium! Betlehemsstjerna er eit mysterium for trua. Korleis kunne det skje? Er det mogeleg at Gud set stjernene på himmelen i rørsle for å vise sine planar for å frelse menneskeslekta? Eller er det myter og oppspinn?
Det finst haugar av forklaringar på stjerna. Gode - dårlege. Konspiratoriske.
For meg kjem dette inn i kategorien ”Mysteriet i trua er stort”

Men forteljinga om vismennene og stjerna har også i seg ein annan figur. Ein verkeleg og historisk figur som gjer at det er råd å tidfeste fødselsforteljingane i Betlehem. Vi møter kong Herodes i denne forteljinga. Herodes den Store. Er du interessert i å vite meir om han, kan du gå heim og lese på nettet, f.eks i Wikipedia. Der ser vi at han døydde i året 4 f.Kr – altså eit bevis på det vi veit frå andre samanhangar, at vår tidsrekning ikkje stemmer heilt. Jesus vart nok fødd nokre år før det vi reknar som år 0.
I teksten vår står det Jesus og familien hans vart i Egypt til Herodes var død.
Vi skal ikkje seie særleg meir om Herodes, men han er framstilt i historia som uvanleg brutal og rå. Og i Bibelen les vi om det forferdelege barnemordet i Betlehem som gjorde at Josef og Maria vart drivne på flukt til Egypt.

Enno ein gong vert trua vår utfordra av det mysteriøse. Herrens engel talar til Josef i ein draum og fortel korleis dei skal forhalde seg til kongens grufulle gjerningar.
Men viktigare for deg og meg i dag enn å gruble over stjerne, draumar og forunderlege menn frå det store ukjende i aust, er det å konstatere at gleda i jula nokså snart gjekk over i frykt og redsel, flukt og store strabasar.

Barnet i krubba er no eit lite flyktningebarn.
Dermed er vi midt inne i jula sine veldige kontrastar. Kontrastar vi opplever på kroppen den dag i dag. Den eine dagen gler vi oss over familesamvær, gåver og overflod av god mat. Den neste har vi isingar langs ryggen over vonde overskrifter som fortel at alt elende ute i verda ikkje tek juleferie.

Ei stor glede, forkynte engelen.
Men for Maria skulle barnet ho hadde fødd gje henne mange tårer.
Dei første felte ho sikkert den dagen det gjekk opp for henne at sjølvaste kongen var ute etter å drepe barnet. Kanskje nådde ryktet henne, ryktet om at soldatar fòr rundt i den vesle byen og tok livet av småborn. Av gutar under to år. Det er så vi ikkje kan fatte rekkevidda av det.

Ein som hjelper oss å sjå julekontrasten er han som vart prestevigd i Bergen domkirke lag med meg og ei rekkje andre tilbake i 1979, altså for akkurat 40 år sidan. Eg tenkjer på Arnfinn Haram. Presten og prosten som til slutt valde paven framfor Den norske kyrkja. Det har gått 7 ½ år sidan han døydde. Mange sørgjer enno over han. Arnfinn var mykje meir enn ein prest. Han var også ein stor diktar, og salmen vi nettopp har sunge er ei av gåvene frå han som vil leve vidare etter han.

”Djupaste mørker ligg over jord,
frosthard er marka, stjerna står stor…”

Julesalmen om Maria som skulle oppleve dei store kontrastane. Gleda ved barnet. Men også flyktningemarerittet. Og endå verre: sverdet i sjela hennar då ho ein mannsalder seinare stod ved foten av ein kross og såg sonen Jesus verte torturert inn i døden.
I Anfinn Harams velvalde poesi høyer vi juleunderet skildra slik:

Tettast ved krubba, moderleg god
vaker Maria, glad er ho no.
Guten ved barmen, tvegen og fin;
Gudeson er han, sjå kor han skin.

Dette vesle barnet – gudsonen – var heilt frå spebarnstida eit mål for alle som ville han vondt. Herodes hadde aldri sett Jesus. Men berre ryktet om at eit barn som kunne verte kongens konkurrent, var nok til å setje despotiske krefter i sving.
Despotiet tok overhand då den vaksne Jesus vart krossfesta. Vondskapen i verda gjorde det naudsynt. Vondskapen i verda fullførte det som måtte gjerast. Med Maria som vitne:

Maria, Maria, visste du vel
alt som deg ventar: Sverd i di sjel,
naglar og tornar, blod på ein kross!
ofrast lyt Sonen, ofrast for oss.

Vegen frå mørke fødselsnatta der lyset frå himmelen skein, skulle gå vidare ut i ei mørk verd. Vegen gjekk langs ein flyktningesti. Til Egypt. Til landet som Jesu forfedrar hadde flykta frå.
Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som i årevis no har kjempa desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria, der landshovdingen Kvirinius i følgje juleevangeliet, styrde ved Jesu fødsel, har millionar framleis status som flyktningar. Flukt ut i det djupaste mørket.

Og her i vårt eige land, der pengar har runne som elvar gjennom kassaapparata i adventstida, så påstår politikarane våre hardnakka at vi ikkje kan ta mot meir enn ei ørlita handfull av alle desse. Vi har ikkje råd, vert det sagt. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.

Den 10.juli i år sa vår noverande justisminister, Jørgen Kallmyr, til NRK at han var bekymra for at private redningaksjonar av båtflyktningar i Middelhavet kan leie til auka flyktningestraum. Den lite vakre overskrifta på NRK sine heimesider lyder: «Advarer mot å redde båtflyktninger.»
https://www.nrk.no/norge/kallmyr-advarer-mot-a-redde-batflyktninger-1.14621900

Ville vi i Norge ha opna grensene våre i 2019 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes?
Det finst parallellar til den mannen, Herodes, i lys levande live i vår tid!

Jula er full av kontrastar. Jula er skinande lys. Jula er tungt mørke. Jula er ei påminning om undergangskrefter, men endå meir ei forkynning av frelse. Jula er framfor alt glede over barnet som splittar alt mørke og all vondskap og som tenner lys der sorg og hjelpeløyse tilsynelatande er uovervinnelege krefter.
Difor er det så godt for oss at vi på Romjulssøndagen kan få syngje og be med orda vi har arva frå broder Arnfinn:

Djupaste mørker ligg over jord,
alt fekk du prøva, Jesus, min bror.
Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed!
Ven frå det høge, du er min fred!

Amen

torsdag 5. desember 2019

Fars hus


2. s. i adventstida. 08.12.2019.
Åsane krk
Johs. 14,1-4
Kjære kyrkjefolk.
Kjære dåpsfølgje.
Kan du høyre Guds gode, trygge stemme i dag?
Vi song det nettopp saman: «Ingen er så trygg i fare som Guds lille barneskare»
Vi las det nettopp frå evangeliet. Vi las den gode bodskapen. Ordet frå Jesu eigen munn: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»
Vi ville så gjerne at alle dykk som tok tilflukt i dette kyrkjerommet på ein elles så hektisk og travel førjulssøndag nett no skulle få kjenne litt på det rolege. Det trygge. På dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud.

Vi vil så gjerne løfte dette fram til kvar einaste kyrkjegjest i dag. Ung eller gamal. Det er ord til oss alle. Ingen skal kjenne at dette er mynta på sidemannen. Dette er til meg. Til deg: Ordet frå Jesu eigen munn: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Likevel: Eit menneske vil vi på ein særleg måte setje i fokus nett no. Den vesle jenta vi har døypt. Vi vil enno ein gong sitere orda vi song i dåpssalmen. Kanskje ein ukjend salme for mange? Men med det varme og trygge innhaldet som er mynta på henne som i dag for første gong er boren til Gud.
Men det som hende med henne i dag, hende med meg ein gong. Og med deg, du som er døypt i den treeinige Guds namn: «Du lyser din fred over barnet. Du tek det i hendene dine». Måtte veslejenta og alle i hennar familie kjenne dette som eit ekstra handslag på ein stor høgtidsdag i familien: At Guds fred kviler over barnet, og over alt som no skjer.

Guds fred – den lengtar mange av oss etter. Guds fred – den forkynner vi til dykk her i kyrkja. Guds fred den ber vi om, som det siste vi gjer i gudstenesta når presten lyser velsigninga: «Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!»
Treng vi freden meir i adventstida, enn vi gjer elles i året?
Kanskje ikkje. Men adventstida er ei veldig kontrastfylt tid. Vi syng julesongar, litt for tidleg kanskje, i desse dagane. Om fred på jord. Om han som kom med fred og håp til oss. Vi førestiller oss kanskje litt i overkant mykje idyll rundt heimekos, brennande lys og juleførebuingar. Idyllen er ikkje alltid innlysande om vi skal være ærlege. Dei hektiske kvardagane tek snarare pusten frå oss, enn dei roar pulsen ned.
Vi som steller med kyrkja og alt som skjer her i tida fram mot 24., 25. og 26. desember, vi har det hektisk vi også. Både med kyrkjelivet og i privatlivet.
Også for alle oss, er det difor balsam for sjelene våre å puste godt ut, for deretter å puste inn; puste inn anden som kviler over Jesu ord i dag: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Tradisjonelt har denne andre adventssøndagen vore ein dag med fokus på at Jesus ein gong skal kome tilbake for å hente heim til himmelen alle som høyrer til der. Men bibeltekstane har gjerne vore tematiserte rundt det spektakulære, det voldsame, det som hender brått, og som skaper eit skarpt skilje mellom dei som får vere med inn til det himmelske og dei som vert ståande utanfor.

Men ved revidering av dei bibeltekstane som no vert lesne denne søndagen, har vi også fått med denne høgst verdifulle vinklinga som evangelieorda i dag gjerne vil vise oss: Det ligg noko forventningsfullt og fredfullt over det å skulle gjere seg klar til å møte Jesus.

Meir enn at det er eg og du som skal skikke oss slik at vi står klare til å møte han, så handlar det like mykje om han som enno ei tid er oppteken med å gjere alt klart til at du og eg skal flytte inn i Fars hus. Få ei ny adresse i huset med dei mange rom.

Vi må snakke litt om det huset.
Kvar for oss har vi alle eit hus der vi i dag høyrer heime. Eit hus ein eller anna stad i Åsane, eller i Bergen, eller som eg, ute i Knarvik. Vi er glade i heimen vår. Vi vil helst sleppe å flytte ut. Vi gror fort fast. Men vi veit at ein gong er det slutt. Vi skal ut heimanfrå til slutt. Men då ventar altså ein ny heim.
Jesus brukar i dag desse orda: «- eg går for å gjere klar ein stad for dykk» Og så talar han om Fars hus. Huset med dei mange rom.

Eg håpar at det må vere slik at vi i dag, i kvile under den freden Gud vil sende over oss, også kan rette blikket vårt framover mot denne staden. Mot den staden der Gud er klar med eit nytt rom for kvar einaste ein av oss. Eit hus med lyse festsalar, med god mat, perlande drikke og vakker musikk. Der er det vår håp at vi som kristne, som menneske som trur på Jesu død og oppstode for våre synder, ein gong skal møtast att sjølv om vi her vart skilde av ei grav.

Vi er alle vel kjende med at livet vårt her på jorda har heilt avgrensa tid. Nokre får leve lenge, målt med våre mål for tid, kalender og klokke. Andre får langt kortare tid.
Men om både husa vi i dag bur i, og menneska i huset ein gong vert borte, så vonar vi at det reiser seg ein ny heim, og at eit nytt og nyskapt menneske ein gong skal stå opp att or grava i krafta frå den oppstoda Jesus sjølv har vunne for oss då han sigra over døden påskedagen.

I evangelieordet vi har lese, så sa altså Jesus:
- eg går og vil gjere klar ein stad til dykk. Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg så de skal vera der eg er.
Høyrer du den undertonen av forventning som slike ord frå Jesu munn kan skape?
Eg veit ikkje heilt kva for bilete du får for ditt indre auga når du les slikt, men sjølv ser eg Jesus for meg når han går rundt i det store huset til Far og tenkjer: 
- I det rommet skal Øystein bu! Lenger borte i gangen bur far hans. Det er nærmar seg 40 år sidan faren flytta inn. Men ein dag skal dei på nytt få tid i lag, far og son. Uendeleg med tid. Og eg skal lage eit festbord, berre for dei to. Eller kanskje heller – for heile den store familien deira.
Slik trur eg Jesus tenkjer.

Så trur eg Jesu går inn i nokre andre korridorar. Der står det enno ledige rom. Han veit kven dei er reserverte for. Og eg trur at han sender bøner til sin Far om at dei som skal flytte inn der må finne vegen fram, at dei ikkje skal rote seg bort  på vegen gjennom livet slik at romma blir ståande tomme når den verkeleg store festen i Fars hus ein gong tek til, når det ikkje lenger er bruk for klokke og kalender; når tida på jorda er brukt opp og vi går inn i den store eva.

Vi legg slike fantasiar til side.
Slik vågar eg å tenkje for meg sjølv. Eg veit ikkje om eg tenkjer rett, men bileta i mitt indre av huset til Far let seg ikkje viske bort.

Uansett er det slik at på denne andre adventssøndagen, lar Jesus oss få høyre hans eigne håpefulle og trøystefulle ord. Ord som kallar oss til kvile. Til ro og til tru.
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Eg har invitert deg til å finne kvile i ein hektisk kvardag med aukande julestri, og på ein hektisk søndag i adventstida. Kvila ligg i desse vakre orda frå Jesu munn om det han nett no er i ferd må gjere. Han held på å gjer at klart for å møte oss. Eit møte i Fars hus.

Eg har eit inderleg ynskje om at du allereie i dag, i dette kyrkjerommet kan få ei aning av at det er godt å vere i Fars hus. I Guds hus.
Vi kallar kyrkja vår for Guds hus på vår stad.
Det er mange slike gudshus rundt om. Kvar kyrkje, kvart gudshus, er eit slik rom som vil vere ein kvilestad for Guds born som lever saman i hans familie på kvar stad, i kvar einaste kyrkjelyd, verda over. Måtte Guds fred kvile over hans kyrkje på alle desse stadene.

Men på denne dagen må vi også invitere, vi må kalle, til å tru på han som talar til oss i dag. «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg» seier Jesus.
Mange av oss har kanskje ei ureflektert tilslutning til at kyrkje og kristendom, det er greitt nok. Det er eit passande uttrykk for norsk kultur og historie i møte med folk som trur annleis enn vi har gjort, og som kanskje opplevast som framande for nokre av oss.

Å våge steget ut av det ureflekterte, og inn i dette som handlar om tru, om det vi aldri heilt kan vere trygge på verkeleg er sant, det kan vere eit vaklande steg.

Eg inviterer deg til å prøve, om du kjenner at slik har du det på denne dagen. Eit første steg for denne trua kan kanskje vere å ta del når vi innbyr til nattverd i dag.
Nettopp då nærmar vi oss alle dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud. Nettopp då tek trua over. Jesus seier at det er ikkje noko å vere uroleg for.
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»
Og om du allereie kviler fast i trua på det vi har snakka om i dag, så kan du no få leggje hjarta ditt og tilsvaret ditt i det fantastiske håpet som vi skal syngje om, og som er sjølve framtidshåpet på denne andre søndagen i adventstida: «Ja, engang mine øyne skal se Kongen i hans prakt; …»
AMEN


søndag 1. desember 2019

Lysets rustning


Innsetjing av Kristin Hjertaker som sokneprest i Arna.
Arna kyrkje, 01. desember 2019

Kjære Kristin.
Det er mykje som er nytt i dag. Vi har gått inn i eit nytt år. Eit nytt kyrkjeår. Vi har lagt det gamle bak oss. Ikkje fordi det var ubrukeleg. Men tida rann ut. Slik det er ved kvar einaste årsskifte.
Vi har takka for det som var her i Arna. Vi har takka han som var her og som gjekk. Og så vi har snudd om eit blad. Ei skinande blank side lyser mot oss. Og når vi stirer mot lyset, stig det nye fram.

Vi som er her i Arna kyrkje ser ein ny prest som kjem i lag med eit nytt kyrkjeår. Ut or lyset stig du. For det var ikkje noko mørke i det som slokna med det gamle kyrkjeåret.

Lyset i kyrkja sloknar heldigvis aldri. Lyset i kyrkja fornyar seg. Det er ikkje noko batteri som må bytast. Det er eit evig lys som skal vere med oss kvar ny dag som vi får oppleve. Det er ikkje vi menneske som i oss sjølve lyser. Men vi er reflektorar frå det himmelske lyset. Vi skin, fordi han skin på oss, han som seier om seg sjølv: «Eg er lyset i verda.» (Johs.8,12)

Jesus skal skine for oss alle i kyrkjeåret som startar i dag. Kvar dag skal han skine. Kvar natt skal han også lyse, mens vi kviler. Mens vi gjennom natta ventar på at mørkret som løyner verda rundt oss desse timane skal vike for nytt morgonlys, for ein ny dag, for nye oppgåver. Alltid skin han som er «lyset i verda».

Kjære Kristin – du kjem til oss i lyset. I morgonlyset på den aller første dagen i det nye kyrkjeåret. På den første søndagen i adventstida. Du kjem til oss i ei gudsteneste der vi om litt skal lese bibeltekstane for denne dagen. Ein av dei er henta frå Romarbrevet, kap. 13. Der står det:
«Det stundar mot dag. Lat oss difor … - kle oss i den rustning som høyrer lyset til.» (Rom. 13,12)
Du kjem med lyset, for du skal vere henne som reflekterer alt det skinande og gode som verdens lys står for.
Du skal vere presten for denne kyrkjelyden, ikledd «- den rustning som høyrer lyset til.»

Prest på dei lyse og gode festdagane, som denne søndagen. Men du skal også vere presten vår når mørkret senkar seg. Over livet til einskildmenneske, eller kanskje til eit heilt samfunn.

Vi har venta på deg i denne kyrkja. I denne kyrkjelyden. Vi visste du skulle kome når ein annan gjekk.
No er vi så glade for å sjå deg. Vi tek i mot deg med forventning som har rot i det vi har høyrt om deg frå før. Du har ein betydeleg yrkeskarriere bak deg. Den er variert. Den er delvis kyrkjeleg.
Men presteansienniteten din er kort. Dette er di første faste stilling som prest som du går inn i når du har komen i ein godt vaksen alder. Vi trur du vil stå fram med alle dine sterke sider og verte til velsigning i Arna kyrkjelyd.

No stig vi inn i den nye dagen. I det nye kyrkjeåret. I lag med deg som er vår nye prest. Måtte det verte ei verkeleg lystid vi går inn i saman med deg, midt i vår vinterlege mørketid.
No vil eg be deg om å knele på altarringen, slik at vi kan få leggje deg og tenesta di fram for Gud i bøn.




Bloggarkiv