14.s. i
treeiningstida. Vingardssøndagen. III. 11.09.2022
Eidsvåg krk
Matt.19,27-30
«Vi er et folk på vandring»
song vi til innleiing i denne gudstenesta.
Vi har eit mål for livet
vårt.
Det vesle dåpsbarnet vi har presentert her i kyrkja i dag kvilte i trygge,
vaksne hender då vi høgtideleg bar han inn i prosesjon.
På denne dagen var målet ein heilag stad her i kyrkjerommet. Det var å lese dei
heilage orda frå Bibelen, og det var å ause det vigsla dåpsvatnet over barnehovudet
slik at fellesskapet med Kristus og med den verdensvide kyrkja vart etablert og
konstituert.
Ei vandring har starta for
den vesle guten vi døypte. Vandring mot eit mål. Vi håpar og trur at målet enno
er langt unna. At mange år skal levast. Eit liv skal formast. Vaksne skal visa
vegen, fram til guten er stor og forstandig nok til sjølv å velje, til sjølv å
tenkje, til sjølv å ta ansvar for sitt eige liv.
For tre dagar sidan ebba
eit langt og forstandig liv ut på eit slott i Skottland. Det mest berømte
menneske på jorda sovna stille inn, i veldig høg alder. Ingen i vårt land kan i
desse dagane unngå å høyre om dronninga, anten vi er rojalistar eller republikanarar.
Vi får tallause påminningar om det eventyrlege livet dronning Elisabeth har
gjennomlevd. Eg skal gå veldig lett forbi det aller meste.
Men ein ting vil eg minne om, og dette vert veldig lett hoppa bukk over når
pressa i desse dagane kan fylle alle plattformar med kongeleg stoff.
Kvar 1.juledag heldt Elisabeth ein kort tale til folket sitt på engelsk
fjernsyn, BBC. Desse talane har ein fantastisk profil. Ingen prest i Church of
England, som ho var overhovud for, kunne vore meir personleg og meir presis i å
forkynne den kristne julebodskapen enn dronninga. Talane kan vi framleis sjå og
lese på nettet.
I 2014 sa ho bl.a.: For
me, the life of Jesus Christ, the Prince of Peace, whose birth we celebrate
today, is an inspiration and an anchor in my life. A role-model of
reconciliation and forgiveness, he stretched out his hands in love, acceptance
and healing.
Heilt personleg seier ho altså om Jesus: «For meg er livet til Jesus Kristus,
Fredsfyrsten, som vi i dag feirar fødselsdagen til, ein inspirasjon og eit
anker i livet mitt. Ein rollemodell for forsoning og tilgjeving. Han retta ut
hendene sine i kjærleik, anerkjenning og med lækjedom.»
Frå Bibelen har vi i dag
lese ord av Paulus. Ord om eit mål han har i sikte ein stad der framme.
Han lengtar etter oppstoda
frå dei døde: «-om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde! Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg
jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer
eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har
kalla oss til i Kristus Jesus.» (Fil. 3,11-14)
Paulus var gripen av Jesus
Kristus. Han såg fram mot målet, oppstoda, det å verte eitt med han.
Dronninga som døydde var også gripen av Jesus Kristus.
Ho har tala krystallklår om det ved mange anledningar, som f.eks då ho sa: «For
meg er livet til Jesus Kristus, Fredsfyrsten, … ein inspirasjon og eit anker i
livet mitt.»
Kjære alle dykk i Eidsvåg
menighet:
Tenk om vi alle hadde eit ankerfeste for livet vårt. Eit anker som knytta oss
fast til Jesus slik at målet var klårt for augo våre heile tida: Å nå fram til
oppstoda og evig liv.
No kunne vi kanskje sagt amen,
og lagt Bibelen til side.
Men då tek vi for lettvint på det vi les i evangeliet til oss på denne dagen.
For noko skal skje på vegen mot målet.
Kva var det vi song?
Vi er et folk på
vandring.
I uro, bekymring og nød,
da søker vi styrke og stillhet,
og samles om vin og brød,
Uro, bekymring og nød.
Målet der framme er stort og lysande og innbydande.
Men vegen dit kan
vere kanta med «uro, bekymring og nød.»
Den døde dronninga fekk smake sitt av alt slikt, midt i det ufattelege
luksuslivet ho levde, kanskje avskjerma frå folket ho på sin måte tente. Men
likevel vitnar ho for oss at ankerfestet hennar i det livet som no er over, var
Jesus Kristus, Fredsfyrsten.
Også
læresveinane til Jesus var urolege. Dei
hadde forlate alt, seier Peter. Så mykje at til og med desse aller næraste
venene til Jesus forventa å få noko att, noko som kunne bøte for det som Jesus
sjølv omtalar som å «forlate hus eller brør eller systrer eller far eller
mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld»
Når eg ser utover denne
forsamlinga som er i Eidsvåg ved inngangen til eit nytt haustsemester, når eg
inkluderer meg sjølv og mine næraste, og spør om dette er ord som passar på oss,
så vert eg forlegen.
«-forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller
åkrar»
Har nokon av oss gjort det for Jesu namn skuld?
Det finst nok menneske som
vi i dag kan peike på at dei har forlate uendeleg mykje. Nettopp dette: «hus
eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar»
Men dei som gjorde det er vel helst flyktningar. Frå Ukraina. Frå Syria.
Frå land i Afrika der det mest kollapsar rundt det som er bygd opp. Det var
krigen som tvinga dei til å forlate. Eller klimaet. Flommane. Tørken. Heten.
Det finst nok også kristne som er på flukt fordi dei trur på Jesus. I Kina, for
eksempel.
Jesus vil at vi skal halde
oppe motet på vandringa gjennom livet. Han lovar ikkje at vi, på vår veg mot
målet vi håpar på for livet vårt, skal sleppe unna det å forlate. Det å
forsake. Det å måtte seie nei til seg sjølv og det ein mest av alt lystar.
Men han fortel at ein gong
skal vi få att i goder, mangedobbelt, for det vi måtte forsake.
Dette mangedoble ligg gøymt i det evige. I håpet i det som gjer at vi kan løfte
hovudet i fortrøystning.
Juledag 1980 sa dronning
Elisabeth til folket sitt i sin tale: «Vi veit at verda aldri kan verte fri for
konflikt og smerte. Men jula viser oss alt som er håpefullt og godt i ei verd i
endring. Den talar om verdiar og kvalitetar som er sanne og varige, og minner
oss om at den verda vi ynskjer å sjå, berre kan kome frå godleiken i hjartet.»
Vi er på veg. Livet er
sjølve vegen.
Det nyfødde livet vert bore dei første stega mot målet. Etter kvart flyttar vi
våre eigne føter. Steg for steg. Kanskje får vi trong til å jage fram, strekkje
hender mot målet, slik Paulus skriv om det.
Men om vi kan lære av dronninga, så skal vi sleppe å stresse. Vi skal kvile i
dette at vi er festa til Kristus; til hans liv og gjerning. Vi fekk ankeret festa til han i dåpen. Han
vil føre oss fram. Kristus vil vere vår inspirasjon og vårt ankerfeste, slik
han var det for henne som gjekk over målstreken for tre dagar sidan.
AMEN