onsdag 27. september 2017

Livets under


17. s. i treeiningstida. I. 01.10.2017
Johs. 11.17-29
Biskopshavn

Dåpssalmen som vi for litt sidan song her ved døypefonten er ein av dei salmane eg trur folk som kjem til kyrkje er aller mest glade for å vere med å syngje: «Fylt av glede over livets under»
Det største har hendt. Nytt liv kom til dykk som ei gåve. «Nyfødt barn i våre hender» syng vi om. I dag endåtil tre nyfødde.
Vi må her i kyrkja enno ein gong gratulere dykk som ville hit til kyrkja i dag med desse tre borna. For å leggje dei i Guds hender. Vere med i bøner for dei. Undre seg over det som skjer. Ei berøring frå det himmelske. Bortanfor det vi kan forstå. Men likevel ein realitet som kan smyge seg inn i ein krok av hjarta vårt, den delen av oss der trua på Gud har sin plass. Kanskje eit stort rom i hjarta ditt? Eller kanskje eit bortgøymt lite kott? Men uansett så pass verkeleg i ditt liv som far eller mor at du valde å gjere det: Bere barnet ditt fram for Gud i dåpen. I glede over livets under. Det er dette du ber med deg i dag i tru, stor eller lita.
Og nettopp denne trua skal vi setje fokus på denne søndagen. Den skal vi kome tilbake til. Den er utruleg viktig og konsekvensrik.

Fylt av glede - Ja visst! Og sjølvsagt.
Men likevel – kanskje også ein streng inne i oss som dirrar med ein litt ustemt tone på denne dagen. Omtrent slik vi også song om det: «Fylt av beven foran ukjent fremtid….»

Det er salmediktarens ordkunst som gjer desse versa så gode. Svein Ellingsen brukar det forsiktige ordet «beven» for å ordleggje det vi ikkje ein gong torer å nemne og som kan uttrykkjast med eit kvassare og skarpare ord som betyr nesten det same, men ikkje heilt: Ordet frykt.
Vi fryktar ikkje den ukjende framtida som knapt har starta for desse små.
Men «beven» - det er rette ordet.
Vi veit at ting kan skje. Ting vi ikkje likar å tale om eller setje ord på.

På denne søndagen skal vi våge nettopp det.
Tale om det vi stort sett teier om. Og stort sett skal vi gjere nettopp det. Teie om at døden faktisk er ein realitet, også når gleda over det nye livet boblar i oss. For vi skal ikkje, til dagleg, gå rundt og bekymre oss om død og liding og det som er vondt. Til det er heldigvis livet for godt. Vi skal glede oss over livet og leve utan frykt: «Fylt av glede over livets under»

Likevel: Framfor denne søndagen såg eg etter kva eg hadde tala om for tre år sidan då denne teksten sist var framme i kyrkjene våre. Forteljinga som handlar om at Jesus vakte den unge Lasarus tilbake til livet etter at han døydde.
Då vart eg minna om at eg eit par dagar før eg den gongen stod i kyrkja og tala om Jesu makt over døden, så hadde eg stått ved ei kiste i den same kyrkja. I den låg ein heilt ung mann som mista livet i bilulukke. Tilbake, i lag med ein stor flokk av sørgjande, sat ei ung enkje med eit barn som nett hadde begynt på skulen og eit anna barn som var ti dagar gammal då faren døydde.
Ei av dei sterkaste gravferdene eg har vore med på gjennom nesten 37 år som prest.
Ti dagar gammal vart barnet farlaust.
«Fylt av beven foran ukjent fremtid….» Det er realitetar bak desse orda også.

Vi veit ikkje akkurat kor gammal Lasarus var då han døydde av ein eller anna ukjend sjukdom. Men vi veit at Jesus var tidleg i trettiåra då han stod fram med sine store gjerningar (Luk.3,23). Og vi veit at Jesus var omgangsven med dei tre søskena Lasarus, Marta og Maria. Så det er vel ikkje urimeleg å anta at også Lasarus var i den alderen: I trettiåra.

Lasarus vart sjuk. Han døydde. Han vart gravlagd. Og søstrene Marta og Maria var i sorg då venen deira, Jesus, kom på besøk heime hjå dei.
Det er i korte trekk det bibelforteljinga til oss på denne søndagen har som ramme.

Vi høyrer korleis søster Marta nesten anklagar Jesus: «Herre, hadde du vært her, var ikke broren min død»
Marta kjente Jesus godt. Ho visste tydelegvis at Jesus var ein mann heilt ulik alle andre menn. Ho var klar over at han hadde gjort mange sjuke folk friske. Difor hadde ho større forventningar til Jesus enn at han skulle kome på ein trøystevisitt fire dagar etter gravferda til broren. «Herre, hadde du vært her, var ikke broren min død»

Dette utsegnet frå Marta gjev Jesus sjansen til å forkynne til henne, men også til alle andre menneske gjennom alle tider: Dette er mi hovudoppgåve! Dette er det eg er komen for: Eg er her for å bryte dødens makt og for å opne vegen inn til det evige.

Høyr enno ein gong orda til Jesus:
«Jeg er oppstandelsen og livet. Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø. Tror du dette?»

Marta trudde på Jesus.
Vi forstår at også søstera Maria gjorde det same.
Og Jesus gjekk saman med dei gråtande til ei grav som hadde vore lukka i dagevis. Og ved denne grava kan vi lese at han sjølv også var i sorg. Jesus gråt, stod det.
Men underet hende. På Jesu ord kom den døde ut or grava. Framleis ikledd likkleda, men levande.
Jesus hadde rett i det han hevda om seg sjølv: «Jeg er oppstandelsen og livet»

Ein gong til, ei tid seinare, skulle han understreke dette enno tydelegare.
Det var då han sjølv sleit seg laus frå grava dei la han i etter hans død på krossen.
Jesus er sterkare enn døden. Difor syng vi slik vi gjorde då gudstenesta starta i dag: «Deg være ære, Herre over dødens makt»

Eg sa tidlegare i denne preika, at det vi opplevde ved døypefonten i dag, det var ei berøring frå det himmelske.
I endå sterkare grad var det som hende med Lasarus ei himmelsk berøring av vanlege jordiske menneske.
Og kontakten, linken, mellom det jordiske og det himmelske, det er Jesus.

Han har makt over døden. «Jeg er oppstandelsen» seier han.
Det gjev grunn for å roe ned når vi bevande skjelv for ukjend framtid, vår eiga framtid, eller framtida for våre born, nydøypte, eller større born, eller unge vaksne.

Men kanskje viktigare akkurat i dag, på denne gledesdagen over nyfødd liv, er det å lytte når Jesus understrekar at han også er livet!
«Jeg er oppstandelsen og livet»

Livet er framfor alt ei gåve. Difor er det så viktig å leve. Leve ut alle livets beste sider.
Difor er det så viktig å verne om livet. Verne om fosteret som skal spire og vekse og bli til barnet vi legg i Jesu hender på slike dagar som i dag.
Verne om dei minste og veikaste. Gjennom trygge heimar og fullverdige barnehagar og skular.
Verne om unge konfirmantar på leit etter det dei skal tru på.
Her i Biskopshavn er prestane og andre leiarar på tur med konfirmantane nettopp denne helga. På tur for å vise dei Jesus. Han som er sterkare enn døden, men som også er herre over livet.

Til slutt: Det vi talar om no er store, store ting.
Noko av det av ein slik karakter at vi aldri får prov på sanninga før vi passerer dødens definitive grense. Difor er det å snakke om tru så viktig.

Jesu utfordrande ord til Marta var desse orda: "Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø. Tror du dette?"

Som sagt: Marta trudde. Lasarus fekk livet i gåve enno ein gong.
Men det evige livet er det ingen som har smaka på denne sida av døden. Vi eig eit håp, knytta til vår tru på at Jesus både gjev liv, og at han er sterkare enn døden.

«Tror du dette?»
Jesus utfordra Marta si tru.
Men også di og mi tru.
Han seier ikkje kor stor trua vår skal vere. Men ein stad (Matt.17,20) samanliknar han trua med ei sennepsfrø, det minste av alle frø. Ei tru på den storleiken kan flytte fjell, sa Jesus.

Kanskje er det ei slik tru som ligg gøymt i eit foreldrehjarte som legg barnet i Guds hender i den heilage dåpen? Det er ei stor tru. Ei viktig tru på Jesus som altså seier det slik: "Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø."

AMEN



torsdag 21. september 2017

Effata


16. s. i treeiningstida. I. 28.09.2014 – Haus
24.09.2017 – Eidsvåg (lett omarbeida)
Mark 7,31-37
Han var døv og hadde vondt for å tale.
Vi kjenner folk som har det slik den dag i dag. Vi kunne brukt mykje tid på å prøve å seie noko om korleis det er å leve med ei slik funksjonshemming.
Det vil eg ikkje gjere nett no.
Ikkje har eg spesielt gode føresetnader for å seie så mykje om det heller.
Ikkje meir enn at eg anar at dette er noko som er tungt å leve med for den som er ramma. Eg er takksam for at eg sjølv høyrer, og for at ingen av dei som står meg nær må leve med ei slik liding.
Derimot vil eg gjerne seie noko om det vi høyrer at Jesus gjer for denne mannen som var døv og hadde vondt for å tale.

Kort kan vi seie at han gjorde mannen frisk. Jesus gjorde eit under. Det skjedde eit himmelsk mirakel. På eit eller anna vis greip Gud inn.

Også i dag høyer vi om folk som står fram og fortel at dei har opplevd det dei forklarar er eit mirakel. At Jesus på ein eller annan måte kom inn i livet deira med lækjedom og oppreising etter tung liding.
Heller ikkje det vil eg seie så mykje om. Eg vil ikkje bortforklare vitnemåla vi høyrer om at slike ting skjer. Eller forklare det. Men lytte, og ta det til meg som vitnemål om trua på Jesus.

Det eg vil løfte fram i dag er noko eg fekk augene mine opp for ved å lese ei enkel andakt av ein som var min studiekamerat gjennom alle åra på MF.
Mange vil kjenne Knut Grønvik frå hans andakter i radioen eller frå det han har skrive i Vårt Land og i ei rekkje andaktsbøker. Han har bl.a skrive ei bok med ei kort andakt for kvar dag i året. Boka heiter «Alle dager. 366 enkle betraktninger»
På ein av dagane har han nokre tankar om det som er vår samlande tekst i dag.
Der peikar Knut Grønvik på tre viktige faktorar som vi skal sjå litt på. Faktorar som gjer at menneske får opne øyre for evangeliet, og at det vert naturleg for dei å lovprise Gud med si tunge.
Han peikar på det Jesus faktisk gjer med den døve og stumme mannen:
-nær berøring
-sterk medkjensle
-tillitsfull bøn


Nær berøring
Det står i tekstordet at folk førte den døve bort til Jesus og bad han leggje hendene sine på den døve.
Det Jesus gjorde var at han tok mannen med seg bort frå folket.Legg merke til det.
Hadde det vore i dag, ville ikkje Jesus stilt opp for ope kamera frå ei spektakulær scene i ei eller anna megakyrkje.
Han gjekk avsides med han. Han var åleine med han.Det er ikkje utan grunn at vi i kyrkja vår oppmuntrar til at sjelesorg og samtale skal skje i det stille. På tomannshand.Eg er lite begeistra for dei som reklamerer med møtearrangement der dei lovar lækjedom og helbreding i Jesu namn, like lett som om dei kan love innslag av ein musikar eller songartist i det same møtet.
Jesus var nær den døve. Så nær at han tok på han med hendene sine. Han rørte ved han. Det står til og med at han stakk fingrane inn i øyra han, og at han brukte spytt til å røre ved den stumme tunga hans.

Jesus vil gjerne være nær oss. Røre ved oss. Berøre hjarta vårt slik at vi kjenner at det er han som er der. Han vil tale til oss ved sin heilage ande. Når han talar, kan til og med døve høyre. For han talar ikkje berre gjennom trommehinner.

Slik var Jesus nær. Veldig nær. Over det vi for vår eigen del vil kalle ei intimgrense.
Jesus kjem òg veldig nær når forkynninga om Jesus lyder. Og Jesus talar til heile kroppen vår. Ved det vi ser, når vi les i Ordet hans. Ved det vi kjenner når dåpsvatnet væter hender og hovud, ved det vi smakar når vi et og drikk brød og vin der vi også får del i Jesus kropp og Jesu blod.

Mange gonger har vi opplevd dette. Vore vitne til dåp. Knela ved nattverdbordet. Ete og drukke. For eit par veker sidan var det konfirmantpresentasjon her i denne kyrkja. For år tilbake var det oss litt aldrande som var i ein liknande posisjon. Sjølv er eg komen så langt i livet at eg neste år kan feire 50-års jubileum som konfirmant. Den gongen handla det om at Jesus ville forme eit ungt liv ved å røre ved deg eller meg. Jesus ville være nær deg eller meg. Slik det var det ved konfirmasjonen her i Eidsvåg i vår, og slik han vil vere det med dei nye konfirmantane.

Stadig byr Han inn til å kome litt avsides med han frå tid til anna. Vere stille for han i bøn og lytte til det han vil seie deg. Andre gonger inviterer Jesus deg til å møte han i fellesskapet med andre som trur, for å tilbe og lovsyngje han.

Eg ser Jesus for meg i dag. Eg trur hans auge er fokuserte på Eidsvåg kirke og alle oss som er her no. Faste kyrkjegjestar, eller ein som er meir tilfeldig innom Guds hus denne søndagen.

Sterk medkjensle
Eg trur han ser oss, kjenner oss, og vil røre ved oss alle som ein.Det er som eg kan høyre sukket hans mellom kyrkjeveggene her i Eidsvåg denne haustsøndagen: Effata, lyder det frå Jesu munn. Lat deg opp!Lat opp øyra ditt og lytt. Lat opp hjarta ditt og tru. Lat opp munnen din til takk og lov.For framleis ser han. Framleis kjenner han deg og meg og oss alle.Han ikkje berre kjenner oss. Han har også medkjensle med oss. For han veit om det som er vanskeleg i livet til deg og meg.

Det er ikkje sikkert det er så mange stumme og døve mellom oss. Men han ser oss med det som er vår bør. Det som er vanskeleg i ditt og mitt liv.

Han vil ta deg ut or flokken som driv rundt i i velstandslandet Norge og er forblinda av løn og status, hus og bil, ferieturar til eksotiske stader eller av at born og barneborn skal gjere endå betre karriere i livet enn det vi sjølve fekk til. Så vil han være nær deg. Kanskje vil han bruke eit anna menneske, ein av prestane her i Eidsvåg for eksempel, til å formidle sin nærleik? Han vil fortelje deg at du er kjent av han. Og at han ikkje vil late att sine varme augo for det du måtte kjenne på av kald motgang i livet ditt.

Tillitsfull bøn
Effata. Lat deg opp – lyder det frå Jesus når han ser deg og meg.Lat opp livet ditt for han som tok deg ut or kvardagsmaset og sette deg på kyrkjebenken denne søndagen. Her møter han deg og legg armen på skuldra di og seier: «Her er eg». Han vil vere her. Nær deg. Røre ved deg. Vere god på ein annan måte enn det er råd for familie eller samfunn å vere god.Framleis ser Jesus mot himmelen og ber for oss. Tillitsfullt går Jesu bøn til hans Far i himmelen. For alle oss som ha teke ut på kyrkjeveg gjennom tiår etter tiår. For dei av dykk som har det travelt med småborn heime. For ungdomar som vert dregne mot spanande utfordringar der viktige vegval ventar bak kvar sving. Han ber for deg som er gammal og veit at enden på livsvegen kanskje nærmar seg.

Han som er god, han som vil hjelpe, han som i det stille vil ta oss ved handa, føre oss ut og gjennom tunge eller vonde dagar, han løfter blikket mot himmelen i denne stund. Han har sett deg.Og du? Måtte du sjå Jesus i dag. Lytte til han. Høyre på han.Måtte di tunge verte løyst så du kan takke Jesus. Lovprise han. Gå han i møte når han i dag byd deg til bords. Der er han nær deg. Det er ikkje berre hans finger som rører ved øyra ditt, der ved altarbordet.

Der er Jesus kropp og blod i brødet og vinen. Det er gjeve for deg. Så synder vert tilgjevne.«-de har smaka at Herren er god» (1.Pet 2,3) Eg unner deg også, å kjenne denne smaken.
AMEN.

torsdag 7. september 2017

Arbeid i vingarden


Vingardssøndagen. Prostikonvent, Knarvik kyrkje 07.09.2017

Nokre tankar på vegen mot preika vi kvar for oss skal jobbe oss inn mot komande søndag.

Først det som no er dagens bøn i flg kyrkja sin liturgi der det heiter:
Livsens Gud, Herre for kyrkja, du har kalla oss til å vera arbeidarar i vingarden. Vi bed deg: Bygg di kyrkje og styrk oss i tenesta, så vi arbeider for deg og nesten vår med glede, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Ei bøn som er særleg aktuell å be for oss som er prestar: -du har kalla oss til å vera arbeidarar i vingarden….
Kanskje er denne søndagen den fremste i kyrkjeåret med tanke på å løfte fram kallet til etterfølging?
Han sende dei bort i vingarden, står det.Gå bort i vingarden, de òg, står det også.
Tekstordet og bøna må vere til internt bruk for oss prestar før vi stig fram i kyrkja på Vingardssøndagen.Ikkje minst skal vi reflektere over dette: Kva er drivkrafta mi i dag til å stå i prestetenesta?
Løna? Arbeidsplassen? Sosial aksept? Rutine?Eller er det kallet?
«Det er navnet ditt jeg roper, vil du følge meg?» skal vi syngje etter denne vesle tekstutlegginga.Mange av oss som er her i dag har jobba lenge som prestar. Vi er snart i den 11.timen i vår teneste.Andre er blodferske.Nokre står enno på sidelinja, men er snart klare til å stå for Gud og biskopen og avleggje lovnad om å vere tenarar som kjenner kallet frå Livsens Gud, Herre for kyrkja.
Kjære kollega.Bruk søndagen som snart kjem til å reflektere over kallet ditt.Men stans ikkje med det.

Større enn dine motiv og det kallet du har fått, er han som ropar på oss.
Han som heile tida går ut. Tidleg om morgonen. I den tredje timen, i den sjette timen, i den niande timen og i den ellevte timen. Heile tida søkjer han medarbeidarar. Heile tida spør han.
Men merkeleg nok ber han ikkje om attestar. Om eksamenspapir. Han leitar ikkje i bakgrunnen og fortida til dei som står der. Berre dette: Gå bort i vingarden, de òg.
Reflekter over dette også. At Gud tilsynelatande kan bruke alt og alle.Korleis passar det med vår måte å sile folk på?
Men aller mest: Reflekter over at han som kallar er fullstendig annleis enn andre arbeidsgjevarar.
Er Gud urettferdig?Det kan vere verd å drøfte det frå preikestolen.For oss som vaks opp med Gerhardsen & Co, er måten å avløne arbeidarar som teksten legg fram heilt uråd å begripe. Folk flest vert snart opphengde i avløninga.
Vi må ikkje bli verande der.
Vi må sjå på Gud som er vår arbeidsgjevar som ein som utelukkande er god.«Har ikkje eg lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?»
Skal vi våge oss på å ta fram det betente omgrepet «Godheitstyrrani» dagen før valet?
Dette er ei gåvepakke til kyrkja for å plukke frå kvarandre det eg personleg meiner er eit politisk overtramp som ikkje står seg i møte med teologi og kritikk få kyrkja.
Her er teologien servert. Om vi skal dandere den for vår kyrkjelyd må den enkelte av oss vurdere.
Vi må også ta inn over oss at denne teksten handlar om løn.Kva er løna for den som tener i Herrens vingard?Er det rimeleg med lønsskilnader i presteskapet. Og mellom biskop og kyrkjetenar?Er det skilnad på oss som har gudsrikearbeid som levebrød og dei som har andre kjelder til Mammon?
Korleis skal vi ta innover oss dette: «Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar?»?Kanskje skal vi fokusere på ordet ven.
Det ligg noko inkluderande i dette ordet. Greskleksikonet nemner omsetjinga kompanjong når det greske hetaire skal omsetjast. Eller kamerat.
Arbeidarane i vingarden er vener. Ikkje først og fremst med kvarandre. Men jordeigaren kallar dei vener. Og han er god. Og han betalar løn i samsvar med inngått avtale.
Ikkje fordi han er urettferdig. Men fordi han er god. Han gjer med sitt som han vil. Og han vil gje alt det gode han har til alle. Like mykje til alle.
Vi går tilbake der vi starta. Til det som er vår kyrkje si spesielle «Dagens bøn» for komande søndag.
Som prestar skulle vi be den om att og om att framfor denne helga, og elles i vår daglege teneste og i refleksjon over vårt kall:
Livsens Gud, Herre for kyrkja, du har kalla oss til å vera arbeidarar i vingarden. Vi bed deg: Bygg di kyrkje og styrk oss i tenesta, så vi arbeider for deg og nesten vår med glede…

Bloggarkiv