tirsdag 16. januar 2024

Gratis

3. s. i openberringstida. II. 21.01.2024
Johs. 4,4-26
Gulen kyrkje – Mjømna kyrkje

Det er gratis!
Betre salstrick finst ikkje. I alle fall ikkje om det faktisk er alvorleg meint. Gratis!

Tenk om straumen vår var gratis? Eller bensinen. Eller maten. Eller flyreisene.
Vi kan ikkje førestille oss det. I alle fall ikkje midt i ei dyrtid. Vi kan vanskeleg sjå for oss at eit samfunn kan fungere utan at saker og ting, varer og tenester, må kjøpast og seljast. Dei kallar det for «markedet» i massemedia. Det må fungere. Der er ingen ting gratis.

Men altså – i dag kom du til kyrkje, og eg kan love deg – vi leverer det beste frå oss til deg i dag: Gratis!

Høyrde du orda vi las for litt sidan?: «Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
(Jes. 55,1)

Eller Jesu ord, som vi også las, sagt via ein engel, og skrive ned i Johs. opb. :
«Kom! Den som trøstar skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.»

Det handlar om vatn i dag. Ikkje heilt det same vatnet som renn i røra til hus og verksemder her i Gulen. Det vi drikk av. Det vi vaskar oss i. Det som pøsar ned over oss i ein av dei mest nedbørrike kommunar i landet.

Men det handlar om vatn.

Jesus kallar det levande vatn. Og det er gratis. Det er ei gåve. Det utrettar uendeleg store ting.

I kyrka vår slår vi vanleg vatn i ei kanne, tømmer det i døypefonten, les Guds ord over vatnet, før vi auser det over eit barnehovud. Då er det ikkje vanleg vatn lenger. Då er det levande vatn. Himmelvatn. Vatn som reinsar. Som gjev nytt liv til eit barn som allereie fekk livet i gåve gjennom far og mor. 
Gjennom dåpsvatnet skjer ein ny fødsel. Ein åndeleg fødsel. Ein underets fødsel som opnar opp vegen til himmelen. Også dåpen er ei gåve. Heilt gratis.

I Bibelen handlar mykje om vatnet. Vi kan ikkje ta føre oss alt som kunne vore løfta fram. Men om att og om att kjem vi til passasjar der vatnet er eit hovudpoeng, gjerne med mykje djupare meining enn det ein først tenkjer, berre ved å lese orda som er trykt på bibelsidene.

På denne søndagen har vi landa i Johannesevangeliet, etter å ha vore innom profeten Jesaja og Johannes openberring, slik vi så vidt har stansa for.

Vi har høyrt om Jesu samtale med denne kvinna han møtte ved brønnen i byen Sykar.

Brønnen som vart kalla Jakobsbrønnen. Jakob frå GT. Barnebarnet til Abraham. Son til Isak. Bror til Esau.
Kvinna ved brønnen løfta fram Jakob då ho tok til å samtale med Jesus der ved brønnen.

Hugsar du Jakob fra GT?
Han hadde rota det til i livet sitt. Farens velsigning hadde han svindla til seg på broren Esau si bekostning. Han flykta frå ein hatefull bror og frå ei slekt han hadde svikta og lurt. Men han fann seg ein kvilstad der han sovna med ein stein til hovudpute. Og der fekk han den gode draumen. Draumen om himmelstigen der Guds englar steig opp og ned og der Gud Fader stod ved øvste trinn i stigen og talte gode ord til den svikefulle Jakob.  Jakob fekk ei himmelopenberring og eit møte med Gud der han sov i steinrøysa. Midt under si flukt frå den slekta han hadde gjort urett imot, møtte Gud han med sine veldige lovnader:

"Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg...." (1.Mos.28,15)

Utan at Jakob heilt var klar over kva som hende, kom Gud han i møte med sine nådige armar. Og heilt ufortent fekk han drikke av ei kjelde av nådevatn. Og det var først då han hadde drukke at han forstod kor tørst han hadde vore. Difor braut han også ut i undring då han vakna:

"Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!" (1.Mos.28,16)

Visste du at det var Herren som var her i kyrkja i dag? Du gjekk til kyrkje i dag utan nokon spesiell god grunn. Kan hende rett og slett fordi du vanlegvis gjer det når det er gudsteneste. Eller du kom fordi det var noko som dreiv deg hit; noko du ikkje heilt veit å setje ord på.  [Eller du kom til kyrkje i følgje med eit dåpsbarn.]
Men at du skulle møte Herren, var du kan hende ikkje heilt budd på.

Ho var heller ikkje budd på å møta Herren, samaritanarkvinna ved brønnen i Sykar. Ho med den rotete fortida og sine frynsete utskeiingar med menn. Ho hadde heilt sikkert eit dårleg rykte på seg blant andre der i Sykar. Difor gjekk ho til møteplassen, der folk vanlegvis treftest til ein liten triveleg prat medan dei henta opp vatn, på ei tid av døgnet då der var liten sjanse for å treffe alle desse med dei skeive blikk og dei underfundige kommentarane. Ingen av desse var heller ved brønnen. Men der var i staden Jesus.

Og det viste seg at det denne kvinna hadde lengta etter, og som ho hadde søkt hjå alle mennene ho hadde vore saman med, det var noko anna enn det vi kallar for livstørst.
Visst var ho tørst. Visst lengta ho etter liv. Men det var først når Jesus baud henne drikke av det levande vatnet at det gjekk opp for henne at ho hadde søkt å sløkkje tørsten sin i fullstendig feilaktige kjelder.

Det er dette vi skulle få augene våre opp for på denne søndagen, alle vi som tørstar.  
Har vi det slik inne i oss at vi kjenner at det skulle vore godt å møte Gud på ein slik måte at livet vart rikare, at lengsler vart fylte, så er kjelda vi kan drikka frå å finne her på denne møtestaden vi har funne fram til i dag; her i Guds hus.

Då Jakob vakna etter draumen om himmelstigen, og han hadde konstatert at Gud var på denne staden, sjølv om han ikkje visste det, så las vi at Jakob gav staden namnet Betel.
Det tyder Guds hus. No er vi i Guds hus på vår stad. Guds hus i vår bygd.
Betel. Møtestaden. Her er brønnen med det levande vatnet. Kjelda for nåde og for nytt og friskt liv.

Det er godt å vera prest i Gulen på ein slik dag, og få lov til å ause opp or denne kjelda til dykk som er her. Det er godt at eg sjølv får drikke av denne kjelda.

[Og bokstavleg tala skal vi ausa or nådekjelda i dag. Vi har allereie ausa levande vatn over eit barnehovud. Vaska barnet med nådevatn og gjort han rein for Guds rike og for eit liv i tru og teneste for han.]

Bokstavleg tala skal vi ause or ei anna nådekjelde i dag. Nattverdens vin. Jesu blod. Utrend til forlating for syndene dine. Og for syndene mine. Vi skal drikke. Meir enn levande vatn. Vi skal drikke dråpar av blod frå den levande og oppstadne Jesus Kristus.

Han som kjenner kvar og ein av oss. Han som kan seie meg alt eg har gjort, slik han sa det om den samaritanska kvinna; han vil trass i sin kjennskap til det vi helst ikkje vil skal verte kjend for våre næraste ein gong, møte tørstande sjeler som lengtar etter liv og nåde og etter vekking og endå meir liv; nettopp det vi treng i våre uttørka åndelege halsar.

I dag sit han ved brønnen. Han dreg sitt levande vatn opp or ei botnlaus kjelde. Ei kjelde som aldri tørkar inn.

Er du tørst?

Då er det berre ein ting som hjelper deg.
Drikk av det som vert bydd fram i dag. Det er Jesus sjølv som vartar opp.
Kjelda er full.
Og når vi er tørste, er det fordi vi ikkje har drukke nok.
Versågod! Drikk ut!
Alt er gratis.

AMEN


Bloggarkiv