søndag 17. februar 2013

Lovsong på ein fastesøndag


1.s. i faste III – 17.02.2013
Salhus - Lovsongsgudsteneste
Matt. 26,36-46

I bokhylla mi står ei bok som heiter ”Lovsang på en blåmandag”. Den kom ut for godt over 30 år sidan (1979), og er skriven av ein litt eldre kollega av meg, Harald Bekken. Tittelen på boka er henta frå overskrifta på ei preike han heldt 1. s. e. påske, søndagen der vi møter dei desillusjonerte læresveinane som har gjeve opp alt og vil gå tilbake til fiskebåtane. For dei har opplevd påske, men dei har enno ikkje møtt den levande Jesus etter oppstoda. Dei har ein blåmandag. Det er så mykje som ikkje heng i hop. Heilt til dei får sjå Jesus. Levande. Då kan alt snu til lovsong.

Vi er samla til lovsongsgudsteneste i dag. Vi kjem til kyrkja i Salhus og syng glade songar. Tilbedande songar. ”Vi tilber deg vår konge” runga nettopp under kyrkjetaket. ”Vi tilber for din fot” skal vi stemme i når mi stemme stilnar etter preika.
Men så er det samstundes fastetid. 1.s. i faste. Lovsong på ein fastsøndag. Heng det i hop?

Det er fastetid. Ei tid folk flest i beste fall brukar for å faste seg til ein sunn kropp. Det stod i alle fall å lese i Vårt Land sist torsdag at 99 av 100 nordmenn ser ingen religiøse grunnar til  faste. Heller ikkje ser dei noko solidaritetsaspekt ved fastetida, slik for eksempel Kirkens Nødhjelp vil vise oss med sin fasteaksjon. Skulle nordmenn faste, var kun for å få ei betre helse fortel avisa oss.

Her i kyrkja har vi samla oss på denne søndagen. Vi vil syngje lovsongar.
Det er eit godt innsteg i ei viktig tid i kyrkjeåret.
I alle fall om det kan føre oss tettare inn til Jesus. Opne augo våre slik at vi anar litt av dramaet som utspelar seg rundt han.

I Getsemane. Der er vi i lag med han i dag.
I denne hagen som etter kvar vert åstad for å mykje fortetta dramatikk. Gode fortsett som ramlar i hop. Sorg. Bøn, sveitte og blodig bønekamp. Eit kyss som betyr svik. Eit sverd som høgg til og eit øyre som fell i bakken.

Men endå meir ser Getsemane ser ut til å vere ein stad for søvn. For søvnige læresveinar som eigentleg ville være med Jesus inn i den djupe natta der han kjempa mot alle mørke krefter. Det skulle vise seg å vere for djupe avgrunnar og for mørke sinnsstemningar til å dei makta å fylgja Jesus dit. Dei slokna som utblåste lys. Dei klara ikkje å vake med Jesus.

Kjære kyrkjelyd her i Salhus. Eg veit at det mellom dykk er mange som vil vere tett inn på Jesus til ei kvar tid. Du startar dagen med han. Du les din Bibel eller di andaktsbok. Du sluttar dagen med han. Du faldar hender og ber for dine og deg sjølv og det som er viktig i livet ditt. Du ber Herrens bøn og du sovnar trygt i Herrens hender.
Takk for at du er ein av desse trufaste.
Men skal du og eg vere ærlege mot oss sjølve, så bur det mykje i oss av det som budde i Peter og dei andre som sovna medan Jesus bad.Jesus ropa til sin far i himmelen: ”Er det mulig, så la dette begeret gå meg forbi. Men ikke som jeg vil, bare som du vil” Han bad. Læresveinane sov.
I si mørkaste stund, mens soldatar og svikaren Judas tusla rundt hagen for å leite Jesus opp, fange han og gå i gang med den parodiske rettssaka som enda opp dagen etter på krossen, så kjempar Jesus. Men hans næraste søv. Hans mest trufaste sov.
 Er det slik det fakstisk er, også i Salhus?


Høyrer du smerten i Jesu utbrot: ”Så klarte dere ikke å våke…”?Tre gongar snakka han med dei og til dei. Kvar gong sovna dei igjen.

Det er fastetid.
Eg
skulle så gjerne vake med Jesus. I dag. I natt. Fram mot påske.
Men augo mine er så tunge.
Korleis er det for deg?

Eg trur i alle fall ikkje at vi vert søvnigare av å syngje lovsongar i fastetida. Eg trur det er godt at vi lovprisar han som kjempa i mørket, gjennom natta, djupt inne i skuggane. Han kjempa din og min kamp.

Og heile tida, mens den eine etter den andre lena seg tilbake og drog teppet tettare rundt seg og seig inn i det behagelege draumelandet, så var Jesus der – overlaten til seg sjølv. Einsam. Men vaken. I bøn. I kamp. Han bad for påskehendingane. Han kjempa. Kampen som eigentleg er vår. Vi som søv.

Det er godt at vi har den årleg fastetida før påske. Det er godt at vi vert minna så tydeleg om kampen det er for Jesus å gå i møte påskehendingane.
Fastetida kan vere til hjelp for deg å meg til å forstå verdien av å bevege seg tettare inn til han som vil ta oss med bort frå den store flokken av menneske som hastar til kjøpesenter med gule kyllingar, til stress på motorveg, hyttepåske på fjellet eller båtpåske ved fjorden . Jesus vil i fastetida ha oss med inn i Getsemane. Vere der i lag med han som kjempar og ber, han som vert overlaten i syndarhender.

Vere der i Getsemane, slik at augo og hjarto våre opnar seg for dramaet rundt Jesus. Då kan tungene våre med full rett uttrykkje seg i lovsong. Lovsong på ein fastesøndag.

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv