torsdag 21. mars 2013

Som den gyldne sol…….

Alle håpar på sol i påska!
Folk valfartar til stader der dei håpar sola vil strekkje ut sine gode strålar. Sveipe seg rundt kroppane. Varme kinnet, smelte glattisen og mjukne sjokoladen i tursekken.


Vi håpar på sol over byen.
Vi håpar på sol over gardar og grend.
Vi drøymer om blanke bølgjer som speglar seg i lyset, og om kvite vidder der vi må smørje ski og hud for å få maksimal utnytting av det gode som sola vil gje oss.
Eg ber: Kjære Gud. Lat sola skine over oss i påska!
I gamal norrøn mytologi kjenner vi gudinna Sól som er søster til Måne. Også i dei fleste andre gamle religionar finn vi velkjende solgudar som for eksempel egyptiske Ra eller greske Helios. Dette er gamle gudar som i si tid var objekt for tilbeding.
Eg har aldri høyrt om moderne nordmenn som tilber sola. Likevel vågar eg å spørje om ikkje mange av oss, i alle fall av oss som har ein heim i ei kyrkje, til tider står i fare for å bokstavleg tala leggje oss flate for soldyrkinga. Ikkje minst i påska.
Eg spør: Er det ikkje råd at vi i sterkare grad kombinerer friluft, turar, utfart, familiehygge og timar i solveggen med høgtidsfeiring i Guds hus?
Jula er kommersialisert.
Påska gjort om til ei moderne solfest.
Eg ber for alle kristne: Kjære Gud lat ditt lys skine over oss i påska!
Skal det skje må vi gjere som når finvêret av og til overraskar vestlendingane. Då strøymer vi ut der lyset er. Der sola varmar.
Guds lys er særleg klårt og tydeleg i kyrkja. I di heimekyrkje her i Arna eller Åsane. I kyrkja der du besøkjer slektningane dine desse påskefridagane. Eller i kyrkja som står ein stad ikkje langt unna der du er på hyttetur eller båtferie.
Gjennom heile året har vi som er kristne ikkje noko større og viktigare å feire enn det som hende i påska. Utruleg nok avspeglar ikkje dette seg i fulle kyrkjer gjennom påskeveka.
I alt snakk om kva som i vår tid trugar vår kristne kultur i landet vårt er vi ved kjerna når vi peikar på nettopp dette. Det er ikkje andre religionar som trugar kristen kultur. Det er ikkje styringskåte politikarar. Det er ikkje ein gong kyrkja sin økonomi.
Det heile kokar ned til om det er viktig for dei som trur, og som ber, at vi tilber han som døydde, stod opp og som er levande mellom oss i dag. Då må vi finne vår plass mellom dei som trass alt samlar seg til gudstenester, bøn og lovsong i kyrkja si største høgtid.
Eg ber for vår kyrkje: Kjære Gud. Gjev oss nåde til  å halde ei heilag høgtid i kyrkja di denne påska.
AMEN
(Dette er tidlegare publisert under vignetten "Prostkassen" i kyrkjeblada i Arna og Åsane prosti)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar