søndag 31. mars 2013

Dei såg og trudde


1.påskedag. III. 31.03.2013.
Åsane
Johs. 20,1-10

Påske har med Gud og menneske å gjere. Påske er Guds veldige redningsaksjon for kvart einaste menneske. Difor er påske noko eg må ta til meg. Det er noko du må ta til deg. Gud retter handa til deg på denne fantastiske dagen. Det er ei hand med liv. Det er ei hand der livets krefter helsar deg.
Men samstundes som påske er liv til meg og liv til menneske rundt om i ei heil verd som lever i skuggane av sorg og død og tårer, så sluttar eg ikkje å undre meg over at påska faktisk dreg heile skapningen inn i dramaet rundt døden og  i feiringa av oppstoda.
Frå langfredagen hugsar vi det vi kan lese i Matt. om at det kvilte eit mørke over heile landet mellom den sjette og den niande time. I Jesu dødsstund les vi at jorda skalv og at berget slo sprekker. Det står til og med at graver måtte  gje frå seg sine døde som stod lekamleg opp.


Det er som om sjølve naturen dunkar neven i bakken for å understreke: Mannen på krossen – han er sanneleg Guds son.
Så kjem påskedagen. Då er det den heilage treeininga som er verksam. Det er som i opphavet. Den gongen alt liv vart skapt.
Det skjer noko i gravmørket som ingen er vitne til. Livet vert nyskapt. Det er Faderen  som vekkjer opp Sonen frå døden. I følgje Rom.8,11 er det Den heilage ande som gjer Jesus levande, men det er Jesus sjølv som står opp att. (1.Kor. 15,12.20). I det som skjer når påskemorgonen renn, er heile treeininga verksam, men der er ingen menneske med. Slik det var i opphavet, då livet vart til ved at Faderen talte, Sonen var ved hans side og Anden sveiv over vatnet. I opphavet vart lyset først til. Så kom alt det skapte, før mennesket fekk liv og ande og ei sjel som kunne får eit forhold til Gud Fader.

Og etter det vi kan lese om påskehendinga, anar vi at det tek si tid før menneska vert dregne inn i nyskapinga av livet. Igjen forstår vi at her får først resten av skaparverket del i påskeunderet. Dei første som fekk oppleve den levande og oppstadne Jesus var fuglane i trea i hagen, det var dyra som gøymde seg i nattemørket, det vart stjernene på himmelen og sola som kasta dei første lysstrålane på den levande. Skaparverket kunne tilbe den levande før menneska etter kvart kom tumlande og fekk del i det fantastiske som var hendt – framfor alt for å berge menneska for det evige livet, men også for å gjenopprette eit skaparverk som ber med seg  arr etter syndefallet.


No vil vi lytte til korleis dei første vitna til underet opplevde påskedagen. Vi skal lese evangelistens Johannes sitt påskeevangelium, men først reiser vi oss og syng vårt høgtidsvers:

NoS nr. 177
Tekstlesing: Johs. 20,1-10
Den svenske presten Bo Brander har halde ei påskepreike som vi kan lese i bnd 2 av bøkene han har kalla ”Ett år med Jesus”. På sin underfundige måte uttrykkjer Bo Brander seg på denne måten:

Ein kan spørje seg kvifor Jesus skulle stå opp på denne diskré måten? Han kunne ha bydd inn til ein presse- eller prestekonferanse, fått ein haug med mikrofonar framfor seg og talt til alle satelittkanalar og alle små og store aviser over heile jorda og erklært: Eg har stått opp! Han kunne i det minste hatt eit lite kyrkjemøte, eller så kunne han heimsøkt Pilatus og sagt: BØØ! Her er eg igjen!
Men Jesus er ute etter noko heilt anna. Han er ikkje ute etter revansje. Han er ute etter noko mykje djupare som angår oss i dag. Når Jesus står opp, startar også våre liv. Så tek kyrkja sitt liv til.”
Når Jesus står opp, startar også våre liv. Så tek kyrkja sitt liv til, seier Bo Brander.
Slik var det også for dei næraste venene til Jesus. Når Faderen hadde vakt opp Sonen frå døden og Den heilage ande hadde gjort  Jesus levande, og  Jesus sjølv hadde står opp att, slik at den tomme grava låg der som eit ordlaus vitne om verdshistoria si viktigaste hending, då starta eit nytt liv for Maria Magdalena. Då tok kyrkja sitt liv til for alvor. Han som Jesus hadde peika ut til å vere berget, klippen, som kyrkja skulle byggjast på, læresveinen Peter, han la ut på tur, ein skikkeleg løpetur. Han sprang om kapp med den læresveinen som fortel om hendinga, Johannes.


Maria Magdalena er altså den første vi høyrer om. Det var grytidleg morgon. Ho var ved grava. Ho hadde trong for å sørgje. For å gråte. Men ho fekk anna å tenkje på. For ho kom til ei tom grav. Gravsteinen var borte. Vi kan lese  korleis ho var den første som la på sprang. Inne i henne brann det sikkert av fortviling og forvirring.  Men ho sprang av garde stod det å lese. Når eg les om dette, høyrer eg ekkoet frå profeten Jesaia: (Jes. 52.7)
        Hvor fagert det er
        når den som bringer gledesbud,
        kommer løpende over fjell,
        melder fred og bærer godt budskap


Maria tok kortaste vegen tilbake til Peter og Johannes. Ho kom med gledebod, men ho skjøna det ikkje heilt sjølv: ”De har tatt Herren bort frå graven, og vi vet ikke hvor de har lagt ham”
Slik lyder det aller første vitnemålet om Jesu oppstode. Maria sine ord til to av Jesu aller næraste læresvinar. Det var viktige ord. Men ikkje heilt presise ord. For ingen hadde teke Jesus ut or grava. Og han låg ingen annan stad. Jesus hadde sjølv stått opp. Livskreftene kom tilbake i ein død og gravlagd kropp. Han var ikkje lagd til sides i ei anonym grav av likrøvarar. Jesus hadde stått opp og han levde.

Maria sine ord fekk fart på Peter og Johannes. Vi kan i tankane sjå for oss korleis også dei spring av garde for å finne ut kva Maria snakkar om. Og vi kan enno ein gong tenkje på ordet vi kan lese i Jes. 52,7:
        Hvor fagert det er
        når den som bringer gledesbud,
        kommer løpende over fjell,
        melder fred og bærer godt budskap,
        forkynner frelse og sier til Sion:
        «Din Gud er konge!»


Her var det verkeleg snakk om gledebod. Her sprang dei over fjell. Og dei fekk snart bodskap å forkynne: Jesu grav var verkeleg tom. Det einaste som minna om at det som hadde hendt på langfredag, var likkleda som låg att i grava. Slik evangelisten Johannes framstiller påskemorgonen, møter ikkje desse tre nokon engel som talar til dei ved grava. Det fortel dei andre evangelistane om.
Men det er nesten endå meir gripande å lese det slik det er framstilt i bibelteksten vi har lese i dag:
For her står det berre at dei såg den tomme grava; at dei såg likkleda, og det er nok: ”- han så og trodde!”
Tenk at Peter var i stand til å tru! Eg tvilar på om eg hadde gjort det. Kanskje ikkje du heller? Det var grunnar nok til å tvile på at Jesus var oppstått. I alle fall så tidleg på påskedagen. Etter kvart som det lei lenger ut på dagen, så veit vi at Jesus viste seg for læresveinane sine. Dei fekk snakka med den oppstadne. Dei fekk  ta på han. Han hadde ting å fortelje dei. Men der - tidleg om morgonen - der gjekk sola opp, for Johannes og for Maria og sikkert også for Peter. Mørkret hadde pakka dei inn. Sorga hadde vore i ferd med å kvela dei. Sola var borte. Jesus var borte. Så bryt lyset fram. Det er som då livet vart skapt første gongen. ”La det bli lys. Og det ble lys” (1.Mos 1,3) No er lyset og livet skapt på nytt.
Det var ein som trudde fordi han såg den tomme grava; fordi han såg kleda som den døde var sveipt i. Desse kleda skulle aldri meir brukast. Dei var brukt til å pakka døden inn i. Men no hadde døden tapt. Jesus var stått opp.


Det som skjedde denne tidlege morgonen, utan andre vitne til korleis det heile gjekk føre seg enn fuglane i buskane og dyra i nattemørket, det fekk konsekvensar som angår deg og meg som lever i dag.
Jesu oppstode, det var Guds  godkjennande stempel på det som hende langfredag.
Og påskedagens aller mest fantastiske bodskap, er at Jesu oppstode, den skal verte oss til del. Gud retter handa til deg på denne fantastiske dagen. Det er ei hand med liv. Det er ei hand der livets krefter helsar deg.

Slik Jesus braut seg laus or det iskalde grepet som døden hadde teke i han, slik skal krafta frå hans oppstode også dra alle døde ut or gravene på den store, siste oppstandelsesdagen. Til og med naturen streka under sorga ved Jesu død. Slik også naturen med sitt strålande påskemorgonlys boblar over i jubel over at sorga er sløkt.
Eg er ikkje av dei som har sett den tomme grava. Eg var ikkje i Jerusalem denne vidgjetne påskehelga. Men eg har høyrt vitnemålet om ei tom grav. Orda har spreidd seg. Dei har nådd fram til meg. Mi tru har gripe tak i desse orda.

For meg er dette viktigare ord enn noko anna. For det tek brodden bort av døden. Framleis må eg og alle andre slite med døden. Framleis må vi sørgje når ein av våre døyr frå oss. Enno er det mange som må døy i landet der Jesus døydde. Kanskje på denne påskedagen også. Krig og terrror er meir velkjend der en knapt nokon anna stad på jorda vår. Sorga er velkjend der. Og framleis har vi grunn til å vere redde for at også livet vårt kan få ein brå og uventa slutt. Det er aldri godt å tenkje på.
Men med døden som ei reell kraft som trugar oss alle, skin det likevel i von frå det vi har lese om i dag. Jesus er sterkare enn døden. Han makta å vinne der alle vi andre har tapt.
I dette ligg noko heilt grensesprengjande. I dette ligg det gøymd ei levande von om at hans makt over døden ein gong skal demonstrerast ved alle graver.


Slik han stod opp, slik skal alle menneske stå opp når den siste dagen kjem. Og fordi hans død var ein soningsdød for syndene våre, så er det no grunnlag for fred mellom Gud og oss. Det er von om at når vi får del i Jesu siger over døden, så får vi samstundes del i evig liv.
Noko større å forkynne dykk, kjenner ikkje eg til! Om ikkje dette skulle vere grunn god nok til å ta på seg dei lettaste joggesko for å springe av garde med viktig gledesbodskap, så veit ikkje eg!.

Det er skapt fred. Det er skapt liv. Det er skapt von. Dette skal spire og gro i ditt liv. Dette skal du eige i di tru. Dette skal du leve på. Dette kan du døy på.
Med tru og i takk for Jesu død og oppstode ynskjer vi kvarandre ei velsigna påske!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar