torsdag 11. april 2013

«Kvil dykk litt!»

3. søndag i påsketida - 14.04.2013
Bibeltekst: Mark.6,30-44
(Denne andakten vert publisert i Askøyværingen og på heimesidene til
Askøy kirkelige fellesråd,
www.kirken-askoy.no framfor søndagen)

Åleine med Jesus.
Det er draumen for mange kristne det. Å vere åleine med Jesus.
Kvile i lag med Jesus. Ein god draum.
For om det innimellom var travle dagar for Jesus og hans næraste vener, så har det ikkje vorte mindre travelt om vi flytter oss inn i vår samtid.
Jesus og læresveinane fekk ikkje tid til å ete eingong.
Eg sit og skriv desse orda på mitt kontor midt i Bergen sentrum. Eg ser at til og med når det er vinter og kaldt ute, så står det folk som held til i andre kontor i dette svære bygget og et enkel mat på fortauet utanfor denne kontorbygningen. Det skjer når klokka er ein stad nær midt på dagen. Dei et mat i plast. Mat i papir. Mat i enkle beger som er kjøpt i næraste kiosk. Travle menneske. Fort og kjapt skal det vere.
Tenk om vi kunne nådd inn til alle desse travle menneska? Og tenk om vi også kunne nå inn til hjarta på dei som trur på Jesus, anten det er på Askøy eller inne i denne byen, eller kvar det måtte vere rundt om i landet.  Mange av oss hastar av garde. Frå kontor til barnehage. Frå supplybåten i hamna til hytta på fjellet. Jesus har noko å gje til dei travle; dei som skundar seg frå det eine til det andre. Dei som treng å kvile. Dei som treng å vere litt åleine med Jesus.
Denne søndagen vi no går i møte handlar om finne tid åleine med Jesus. Ikkje minst er dette ord til alle som er travle med å tene han. Travle menneske i Jesu kyrkje. Ordet i dag til oss alle er dette: «Kvil dykk litt!»
Men samstundes står det meir i evangeliet for søndagen. «De skal gje dei mat!» seier Jesus til læresveinar som kanskje berre fekk ei aldri så lita avkopling før folkemengda øydela alle planar om verkeleg ferie og fritid. For det var så mange svoltne der. Folk som kom springande dit Jesus var for å møte han.
Ein søndag med paradoks. Jesu læresveinar treng kvile. Men Jesu læresveinar skal også gje føde til andre som vil møte Jesus.
Kanskje ligg nøkkelen til å leve med paradokset i det vesle ordet «litt». Jesus sa altså: «Kvil dykk litt.» Litt, men ikkje meir enn det som trengst for ikkje å verte utsliten med det same.
Vi vil søkje nær til Jesus. Finne inn til hans kvile. Kvile oss litt. Men deretter går vegen vår ut til folket. Til dei svoltne. Dei som et i hast, direkte frå den billege plastemballasjen, men som ikkje har fått smaken på livsens brød. Den gode føda som kan mette på ein måte som stiller svolten og vekkjer trongen til å kvile hjå Jesus.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv